mandag 11. februar 2013

Dei vil leggje ned skulen vår!

Château d'Argenteuil - skulen vår frå framsida
Utdanningsdirektoratet har vedteke å leggje ned skulen vår. Eg har skrive om den før, skulen vår som er i eit slott, og eg seier det ein gong til: 

 Er det nokon betre måte å bruka eit slott på enn å gjera skule av det?


 SSB tyder Scandinavian school of Brussels. Skulen var opprinneleg svensk, den heiter også École Reine Astrid og fyller 40 år i år. Vi fekk opp ei norsk line der etterkvart, og så blei skulen skandinavisk. Det er også danske, finske og inn i mellom islandske barn som går der.
SSB er den einaste skandinaviske skulen som finst, andre skular i utlandet er norske. Privatskuleloven i Sverige og Noreg er totalt forskjellige og står ofte i opposisjon til kvarandre. I følgje svensk privatskulelov er det mellom anna greitt og heilt ønskjeleg  å tena pengar på skule, norsk privatskulelov seier at skulen skal vera non-profit.
Som om ikkje dette er vanskeleg nok skal skulen, i tillegg til å følgje det einskilde landet sin privatskulelov ,  sjølvsagt følgje belgisk lovverk når det gjeld tilsettingar og arbeidstilhøve og slikt.

Både den svenske og den norske staten har gitt tilskot til skulen. Den svenske skulen trekte sitt tilskot tilbake då dei fann ut at rekneskap og økonomistyring ikkje var tilfredstillande for ei tid sidan. Og det har verkeleg vore mykje økonomisk rot tidlegare. Det norske utdanningsdirektoratet hadde tilsyn med skulen hausten 2012 og i rapporten var  dei  svært misnøgde sjølv om mykje var gjort av rektor og det nye styret for å retta opp att gamle feil.
Skulen har etter dette retta opp mange av punkta som blei påpeikte, dei har mellom anna delt opp skulen i ein norsk skule, ein svensk skule og ein global skule for å kunne styra etter dei forskjellige nasjonale lovverka. Styret har også lagt ein detaljert og fullstendig tidsplan for å retta opp resten av feila punkt for punkt, mellom anna skal for mykje statstilskot betalast tilbake.
Etter det har den svenske skuleinspeksjonen sagt seg nøgde med endringane.
Så kva kan skulen gjera meir då? Dei retter då opp alle punkta dei er blitt kritiserte for?

 Utdanningsdirektoratet er nådelaust.

Det er også viktig å merka seg at ikkje ein kjeft har hatt noko  å utsetje på undervisninga, på det faglege pedagogiske innhaldet og på resultata til elevane her på skulen. Dotter vår har aldri hatt så gode lærarar seier ho,  og har vakse svært mykje fagleg.
Men Utdanningsdirektoratet er nådelaust. Dei har nå vedteke at den norske delen av skulen skal leggjast ned. Og då er det jo ikkje slik at vi kan  ta bussen til nabobygda og gå på skule der.
 Grunnen til at vi drog ned var at det var ein skandinavisk skule her som tilbaud norsk vidaregåande skule, elles hadde vi halde oss heime. Internasjonal skule høver ikkje for alle, IB  (International Baccalaureat) høver heller ikkje for alle. Vi tykkjer norsk skule er god, og vil gjerne ha barnet vårt innanfor det norske systemet.

Frå sida - slottet er også internat

Dramatisk forverra situasjon for familiar med barn i skulepliktig alder.

Dette går ut over 73 barn og familiane deira. Dei mindre barna kan fortsetje i den svenske skulen på SSB, for der det ikkje finst norsk skule gir staten tilskot slik at norske barn kan få gå på svensk skule(!). For eldre barn er det meir kronglete med skriftleg svensk, og vi ser ikkje det som eit alternativ for tenåringen.
Det kjem ganske mange norske ned her nå til hausten, mange er statstenestemenn og -kvinner. Dei skulle i alle fall koma - mange av dei har sjølvsagt trudd at dei hadde eit norsk skuletilbod her. Slik det er nå kan det bli vanskeleg for staten å rekruttera folk til Brussel.  
Anke på vedtaket er sjølvsagt sendt Kunnskapsdepartementet.

2 kommentarer:

  1. Forferdelig situasjon for Elin og dokke alle!
    Det var ett skikkelig rot.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er så kronglete. Tykkjer Utdanningsdirektoratet er veldig lite fleksible.Det gamle styret og den gamle rektoren rota fælt. Den nye rektoren og styret er veldig ryddige og arbeider hardt for å setje ting på plass att. Vi veit ikkje kva meir dei kan gjera. Vi venter på behandling av anken, veit ikkje når KD ha frist. Lite optimistiske.

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.