mandag 11. mars 2013

Sjåfasjen er i stykker og nå vert det kaldt!

Sjåfasjen (lydskrift for chauffagen) vår har stønna og bore seg i det siste. Sidan vi ikkje har nokon erfaring med sjåfasjar, har vi tenkt at han må nå få lov til å bråka litt han også. Nokre gonger har radiatorane vore litt kalde, og av og til har det ikkje vore varmt vatn når tenåringen skulle vaska håret. (Tenåringen har mykje meir hår enn oss andre).

Kaldt og kaldare

Chauffagen - den grøne dingsen nede
skal bytast
På torsdag kveld var det kaldt, men fredag morgon var det varmt att og alle var glade. Fredag kveld blei ein kald  kveld igjen og det same blei laurdagen. Vi hadde tenkt oss til Lille i Frankrike, bare ein biltur unna, og tenkte at vi skulle få la sjåfasjen furta i fred ei stund. Men laurdag kveld og søndag morgon var det framleis kaldt og vi ringde til technicien.
Vi har ingen ekstra omnar, vi har ikkje peis, vi har bare radiatorar her i huset. Heldigvis har vi straum og kan varma vatn på komfyren. Dessutan har vi mange, nydelege heimestrikka (for ikkje å seia sjølvstrikka) genserar og kofter som var gode å ha på seg når temperaturen i stova gjekk ned.
Fin fasade i jugendstil - Lille
Teknikaren kom, han drog i leidningar, stakk skrujernet inn i kontakten for å kjenna om det var straum der (det var det - sikring også!),  og fortalde om alt han gjorde.  Dette er ting som eg knapt nok skjønar på norsk -  noko om å skifta fasar ( nei, dette har ingen ting med astrologi å gjera), men det høyrest jo som alt anna mykje finare ut på fransk. Han snakka dessutan lenge om alle dei forskjelliga fabrikata som finst av sjåfasjar, og at ein derfor ikkje kunne ha så mange delar på lager. Han konkluderte med at det var ein del som var i stykker og måtte skiftast ut, den måtte bestillast og det skulle han gjera grytidleg  måndag morgon.
Mannen og eg fekk trent og dusja på helsestudioet vårt. Vi blei alle inviterte på middag og peis av nokre gilde folk som også lånte oss elektrisk omn.
Så nå sit vi her og har det varmt i stova og på kjøkenet, temperert på badet og kaldt elles. 
Vi håper delen kjem og blir skifta i morgon. Utover i veka skal det bli jysla kaldt. Ifølgje yr.no vert det ned mot minus 7 på onsdag og på fredag bikkar det ned mot minus 14.

Eg vil bare ha sagt at eg flytta ikkje til Belgia for å få det like kaldt som heime på austlandet - nokon har misforstått noko her.

Men Lille

Bruktbokmarknad i den gamle Lille
er ein fin by. Tenåringen hadde med ei veninne, dei skulle shoppa. 
Mannen og eg skulle vandra i byen og sjå oss i kring. Charles de Gaulle er fødd i Lille, mor hans kom der i frå. Det var også eit fint kulturhistorisk museum der, med fleire måleri av Brueghel. Mange fine og spesielle motebutikkar,  eit morosamt bruktbokmarknad i l'Ancienne Bourse - ein stasbygning, og ein koseleg gamleby som er godt teken vare på. Dette er ein by som, som  så mange i Flandern, har ei historie med veveri og tøyproduksjon.

 Det er vondt å sjå barn tigga ved innkjørselsvegane til byen, men det såg vi her, som så mange andre stader - også i Brussel.

I parken rundt citadellet var det ganske mange dumdristige krokus som trudde på vår. Citadellet frå 1600-talet, ligg på øya  i elva som gav byen namn l'ile(tyder øya på fransk), men det var ikkje ope for besøk.

Og på heimvegen leidde dama som bur under panseret på "den store fine bilen", oss rundt halve Belgia på tulletur før vi endeleg kom heim til det kalde huset - rare greier.

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du noko å leggje til? Gjer det her.