fredag 5. april 2013

Ein påske på Tenerife

Her ser de lavasteinen og den svarte sanden lenger ute
Litt kort påske då, bare skjærtorsdag til tysdag.
Det har vore den kaldaste mars i manns minne. Då snakkar vi om menn som har godt minne. Vi må tilbake til 1845 for å frysa like mykje her i Belgia som i år.
Vi tok ingen sjansar nå i påsken. Ikkje noko slikt at "det er sikkert fint langs middelhavet" "det er jo så vakkert på Mallorca", denne gongen reiste vi tilstrekkeleg langt sør.

Hotellet

 Skjærtorsdag grytidleg gjekk flyet til Tenerife - det tok bare tre timar og tre kvarter. På sørsida av øya er det solsikkert og der hadde vi bestilt hotell - H10 Las Palmeras  - med halvpensjon (fordi det  kosta så lite ekstra) som låg omtrent på stranda. Firestjerners var det. Det rare er at alle hotella i området
Mann og strand
var firestjerners .....


Herleg var det med sol og varme. Fine joggeturar langs strandpromenaden før frokosten som var overdådig og langvarig.  På hotellet var det mykje engelskmenn, nederlendarar, tyskarar og russarar. Også nordmenn sjølvsagt - alle stader.

Stranda og havet
Tenåringen og eg

Tusleturar til stranda der den største bekymringa var å få smurt seg tilstrekkeleg med solkrem
Må smørja føtene også
faktor 30 så vi ikkje blei brende. 

På strendene der vi solte oss var det kjørt på lass med sand frå Sahara. Sanden på Tenerife er svart. 

"Fiskespa" tok vi også. Tenåringen har snakka om det lenge og vi slo til alle saman. Ein tank med  små fisk som åt den harde huda på føtene våre, det kitla litt, men ikkje ubehageleg. Etterpå fekk vi mjuke babyføter.

Ein kafe med havutsikt der vi beundra dei
fantastiske surfarane som dansa på bølgjene, det var mange surfarar der. 

Fargerike og altfor kortvarige solnedgangangar. 
Mannen, eg og havet

El Tejde

Vi var på El Tejde også - skikkeleg vulkan. Det siste store utbrotet var i king 1790. Imponerande klippeformasjonar i landskapet, og så låg det snø der oppe. 
Vi tok banen opp til 3550 m. Dei siste 200 metrane opp til krateret må du ha spesielt løyve for å gå.
 Eg har aldri vore så høgt oppe før, Galdhøpiggen er bare 2469 m, og eg fekk beint fram vondt i hovudet. Eg vert nok ingen tindebestiger.
I området rundt El Tejde er landskapet  audsleg, tørt og ørkenaktig  med ein og annan kaktus. Mange av dei såkalla spaghettiwesternfilmane skal vera spelte inn i området, og vi hadde ingen problem med å sjå for oss Clint Eastwood her.



 Også tjukke slekta då

Clint'ern bak klippa til venstre.
Det aller raraste var at vi møtte onkelen og tanten til mannen på stranda på Tenerife. Vi gjekk bortover og såg ein mann som likna sånn på onkel Gunnar. Og så var det han, og tante Hildur låg borti høgget på ein solseng, det same gjorde søskenbarnet med mann og lita dotter. 

Veldig koseleg og svært overraskande. Vi visste at dei likte seg godt på Tenerife, men ikkje at dei var der då,  og heller ikkje kvar  på øya dei pla halda seg.


Heim igjen

Tysdag morgon var det heimatt. Vi hadde bare fem dagar og skulle gjerne hatt eit par til. Framleis kaldt heime, men spirene mine har overlevd, dei trur i alle fall på vår.

Litterær spørjekonkurranse (quiz)

 Bok utgitt for meir enn 150 år sidan. Tittel omsett til norsk "Ein vinter på (kjent middelhavsøy)"

Litt grumsetet solnedgang - så prøv sjølv å ta
bilete av solnedgangar med eit billeg digitalkamera
med automatblitz - bare prøv , sjå kor lett det er!

  
1. Kva for ei middelhavsøy talar vi om her?

2. Psevdonymet til forfattaren
3. Det verkelege namnet  til forfattaren av boka

4. Namn og yrke på kjærasten til forfattaren som også var med
5. Har øya verkeleg vore eit kongedømme (før Svein)?
6. I ein kjent nåtidig bestseljarroman frå mellomalderen er dette eventuelle monarkiet årsak til mykje uro.
Namn på roman  og forfattar.

Svar i kommentarfeltet  s'il vous plaît







10 kommentarer:

  1. 1. Mallorca
    2.George Sand
    3. Amandine-Aurore-Lucile Dupin
    4. Frédéric Chopin, komponist??
    5. Ja
    6. Dæ va for vanskeligt....

    MVH


    Marvin

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra Marvin, det siste er vanskeleg ja. Ho heitte Dudevant då ho gifta seg, men eg godtek Dupin. Du kan gjerne koma på besøk sjølv om du ikkje greidde alle, men eg håper jo nokon gjer det. Idun

      Slett

    2. Fra Wikipedia:
      Amandine-Aurore-Lucile Dupin, senere baronesse Dudevant (født 1. juli 1804, død 8. juni 1876) var en fransk forfatter og en av de tidlige feministene (hun var regnet som feminist selv før ordet ble oppfunnet). Hun skrev bøker under pseudonymet George Sand.

      Marvin

      Slett
    3. Ja, uttrykte meg klønete, ho heitte Dupin fram til ho gifta seg skulle det vore
      Vi har vore i Valdemosa der dei budde.
      Her har du opplysningar om kongedømmet Mallorca(før Svein) dersom det skulle vera av interesse.
      http://en.wikipedia.org/wiki/Kingdom_of_Majorca

      Slett
  2. Jeg prøvde ikke en gang å svare. Men til Belgia vil jeg og le gjorde jeg. Åsså tante og onkel da.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kan skjøna du skal på besøk Siw.

      Slett
  3. Kan svaret på siste spørsmål være 'Havets katedral' av Ildefonso Falcones? Boka handler riktignok om Barcelona, men mener at det var noe om Mallorca og uroligheter.. Tar en sjanse her!

    An-Magritt

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heilt rett An-Magritt Gratulerer!Kongen av Mallorca var eit stort problem for han som var konge av den delen (hugsar ikkje heilt ) av Spania

      Slett
  4. Då løyste Marvin dei fem første og An-Magritt det siste. Dersom du ikkje skal til Waterloo med det første An-Magritt kan eg kanskje få spandera eit glas på deg ved neste korsveg - når det måtte vera?

    SvarSlett
  5. hallo Idun og familien, fint å få se fine bilder og høre fra turen til Tenerife. Dere hadde det godt og varmt der. Hilsen Marit

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.