lørdag 8. desember 2012

Saint Nicolas Sinterklaas

Saint Nicolas på nærbutikken  - Coca-Cola er sterkt inn her også
6. desember dagen til Saint Nicolas, då kjem han ridande inn i byen på eit esel. Han er saman med Père Fouettard som plar vera ein kvit mann med svart sminke i fjeset.
Då vi budde i Nederland heitte han Sinterklaas og reid på ein staseleg kvit hest, følgjesveinen hans heitte Svarte Piet. Til Nederland kom han med ein stoomboot uit Spanje, altså ein dampbåt frå Spania.
Han rid altså inn i byen og slengjer i kring seg med pepperkaker, sjokoladepengar  og allslags godt.
Her i Belgia kjem han visst frå Nederland, han har skifta ridedyr til esel, men elles er mykje likt. Han skal opp på alle tak (med hest eller esel) og ned gjenom alle piper med gåver til alle snille og lydige barn "les enfants sages". Derfor set alle snille, lydige og smarte barn ut ein sko - tresko i Nederland  - med litt høy og ei gulrot til eselet/hesten.

Til Waterloo kom han den 5, altså ein dag før tida, men vi er ikkje smålege. Han sat livs levande på Carrefour- butikken vår og tok i mot små barn som ville fortelje kva dei ønskte seg til jul. Han såg veldig snill ut og hadde med seg ein Père Fouettard som var ein vaskeekte svart mann.


Alle desse spørsmåla

Men kjem han eigentleg frå Spania? Og kvifor i all verda tar han dampbåt? Kven er Père Fouettard? Og har Saint Nicoals alltid vore så snill?


Snø i gata vår
Når vi dyk ned i historia sitt tussmørke finn vi Sankt Nikolaus i Tyrkia på 300-talet. Han var ein biskop - så mykje er klart, det ser vi også av mitraen han er utstyrt med. Legendene fortel at det var stor hungersnaud i landet. Tre barn hadde gått seg vill og blei fanga av ein skikkeleg innvond slaktar som drap dei, salta dei ned og skulle selja dei som skinke eller kjøtpai (her er kjeldene usikre). Sankt Nikolaus fann dei og fekk dei tilbake til livet med bønene sine. Nokre seier at Père Fouettard er denne slaktaren som må følgje Sankt Nikolaus til evig tid i skam.
Ei anna legende fortel om ein mann som har tre døtre, men inga medgift. Sankt Nikolaus sørgjer for medgift  - han slengde inn posar med gullmyntar til dei - slik at jentene vart gifte og forsørgja, elles hadde dei måtta prostituera seg ... ( måtte vel vera noko anna dei kunne gjera vel? snakk om begrensa yrkesval.)
Som tilfelle ofte er  med helgenar, vart restane av Sankt Nikolaus frakta både hit og dit og spreidde omkring. På 1000-talet då Tyrkia var muslimsk, frakta italienske sjømenn halvparten av levningane  til Bari i Italia. Resten tok venesianske sjøfolk med seg til Venezia der det er bygd ei kyrkje for han på Lidoen utanfor Venezia.
Nokre restar fann vegen heilt til Nikolausberg ved Göttingen i Tyskland. Men mesteparten liggi Bari og der vert det utskilt eit slags manna frå sarkofagen den 6. desember kvart år.
Sankt Nikolaus er skytshelgen for alle sjøfolk, og er sjølvsagt også grei å ha for barn.
Frå gammalt av var 6. desember verkeleg julafta for barn i Nederland og Belgia. Sjølve jula var mest ei religiøs høgtid. Dette har sjølvsagt endra seg, og nå får dei gåver i jula i tillegg. Sankt Nikolaus var i si tid temmeleg streng, og hadde barna ikkje vore snille kunne dei risikera at Père Fouettard putta dei i en sekk og tok dei med tilbake til Spania.
Akkurat det snakkar dei ikkje så mykje om nå. 
Saint Nicolas var  på radioen her om dagen,  og song eigne songar og svarte på spørsmål frå lydarane. Han ytra ingen ønskje om å ta med seg belgiske barn til Spania, det var heller ingen som gjekk inn på dette med dampbåt som framkomstmiddel. Det var nokre spørsmål om farene  med å kliva rundt på hustak for ein mann i hans alder, men han var tydeleg på at det er viktig å halda seg i form.

 

1 kommentar:

Har du noko å leggje til? Gjer det her.