mandag 24. desember 2012

Jouyeux noël då, alle saman.

Tønnes griller
Graset er grønt og Tønnes grilla biff ute på gassgrillen på ørvesle julafta. Det gjer ingenting at det ikkje er snøkaos her, tykkjer eg.
Bare ein pakke att på julekalenderen på veggen,og nå skøyter vi inkje og kjører tre stk praliner. Alle barna er heime og får kvar sin når dei omsider står opp i dag. Praliner som de lærte om i førre blogginnlegg, vart oppfunne av Neuhaus, som opprinneleg var frå Sveits, og opna butikken sin i Brussel i 1857. Han var også apoteker og laga medisinar, drops, og bitter sjokolade. Barnebarnet hans oppfann i 1912 den første pralinen - sjokoladekonfekt med mjukt fyll, og resten er historie.
Vi har kjøpt marsipansnømann frå Neuhaus til den som får mandelen i år, grisen var utseld.
Pinnekjøtet er flybore frå Ultra i Sandvika. Kålrabien er rapportert om tidlegare i detalj, storparten er flyboren frå Trondheim og Bergen. Poteter og anna greier vi her. Første dag vert det hjortesteik i raudvin og pærer i raudvin til dessert, kjekt med matlaging med vin med slike vinprisar. Andre dag jul er butikken open. 
Juletreet bar vi heim frå skogen for ei veke sidan.
Ungane er heime og poserer ved treet, før første velt.
(Altså vi kjøpte det frå ein fyr som stod og selde juletre i skogkanten sånn ti minutt frå der vi bur, fekk det i plaststrømpe og bar det heim fordi Tønnes har så fin bil at den ikkje kan kjøra juletre, men den første varianten høyrest betre ut - n'est ce pas?)
Juletrefoten har tolt flyttinga dårleg og var ikkje heilt i balanse synte det seg, skruene passa dårleg i gjengene, beina var feil etc. Tønnes har fått ny handøks for å hogga til til stomnen på treet, så med litt hjelp av nokre golvfliser og murstein som vi fann i garasjen fekk vi det opp, balanserte det, pynta og stæsja -  og så velta det. Nokon var borti det i samband med fotografering. Etter det ville det liksom ikkje meir, begynte å miste nåler også. Vi sleit fælt med å få det oppatt på fot, kravla, kraup og skrudde på desse skruene som ikkje passa. Då det omsider stod igjen var det ikkje i lodd, eg meiner vi hadde eit avvik på nærare 20 grader. Utpå kvelden orka eg ikkje meir og prøvde å retta på det,  og dermed ramla det igjen....
Ok - det står nå då.  I løpet av eit temmeleg langt liv har eg nå opplevd to  juletrevelt på ein kveld, og eg likar det ikkje.
Juletre Brussel


I Brussel har dei eit litt meir futuristisk juletre. Det er tøft om kvelden, men på dagtid er det litt stussleg.

I dag er det julafta. Pinnekjøtet ligg i bløyt, hjorten ligg i bløyt, juletreet står (nesten) i lodd, Tønnes er på jobb, barna står snart opp, dei har nokre julepresangar som må kjøpast, det skal støvsugast i stova (barnåler!). Eg vurderer å laga peanøttkjeks, og det vert graut (med mandel) når mannen kjem heim. Etterpå vert det tur - vi går alltid tur etter grauten på julafta, slik er det med den saken. Og nå er det  12 varmegrader, litt sol og eg har utmerka julestemning.
Ønskjer dykk alle ei god jul, veit mange kjem på besøk til våren og det gler vi oss til.




2 kommentarer:

  1. hallo Idun. Jeg leste netopp bloggen din. Fint å se og høre fra dere.Godt nyttår. Savner dere. Hilsen Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår til deg og dine, Marit. Vi saknar dykk også.

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.