onsdag 2. januar 2013

Et une bonne année tous le monde!

Nå har vi vore her i fire månader, og eit nytt år er høve til å sjå seg bakover, framover og gjerne litt til sidene også.
Dotter mi har det bra på skulen, mannen min har det bra på jobben, vi bur i eit tett hus.
Eg har det bra på franskkurset mitt, skal ha eksamen i modul 6 den 8. januar. Så går eg rett på modul 7 og 8. Fransken min er sånn passe instrumentell nå, eg greier meg, og skjønar kva folk vil. Likevel er det langt att - målet mitt er å meistra fransk på same nivå som eg meistrer engelsk. 

Nyttårsforsett?

Vi snakka litt om  nyttårsforsetta våre vi tre, og vi vil alle gjerne bli betre i språk.
Juleduken
Eg har elles brodert ferdig ein juleduk med dansenissar på. Grå baskerlin med mønster i raudt, stilkesting, plattsaum, mille-fleur og franske knutar. Duken kjøpte eg i Lyngdal ein sommar det regna heile tida. Den var på tebud (prisbevisst er eg!), og det må då vera ti år sidan? Nå ligg duken her på bordet og er veldig fin. Eg skal sy på eit skråband rundt kanten nede, men må først vaske både skråband og duk slik at ingen av dei kryp (råd frå mi kunnskapsrike veninne Reidun). Det vi kan læra av dette er at det aldri er for seint! (I alle fall ikkje for juledukar.)
Eg bør sikkert leggje til noko om meir trening, men eg tykkjer vi er passe flinke alle saman.


Jula

Butte de Lion - eit minnesmerke ved
slagmarkene ved Waterloo
Vi har hatt besøk av gutane i jula, og Elin har hatt besøk av ei veninne i romjula.
God mat og presangar, jula har vart litt kort tykkjer eg, kanskje fordi det er så pass roleg i butikkane, og 2.juledag er vanleg arbeidsdag her.
Juletreet står (!) framleis, det ryk ut til helga.
Vi har vore på slagmarkene ved Waterloo med gjestene, rundt i kring i butikkar i  Waterloo og sight seeing i Brussel og mellom anna  helst på Manneken Pis  - første gongen for min del, ein liten tass på alle måtar...

Framover

Folk spør meg ofte korleis det er å "gjera ingen ting" om det er keisamt? Eg har jo alltid jobba, og eg saknar sjølvsagt kollegaene mine frå jobben, i tillegg til vener og familie. .
Eg tykkjer det har gått  bra hittil, lite lediggang og få røter til alt vondt. Eg får lese mykje - har så mange bøker eg skal lesa, laga ordentleg og morosam mat - belgiske oppskrifter, jobba med  fransken, strikka, skrive blogg. 

Eg har til nå altså korkje gått i hundane eller i frø,  så de kan så langt ta det med ro. Vi får ta hundane og frøa når dei kjem.
Ønskjer dykk alle eit godt nytt år.


Tur i skogen med alle barna



11 kommentarer:

  1. Godt Nytt År til Dykk og!!!!!

    Marvin

    SvarSlett
  2. Godt nytt år til dere alle sammen :) Juleduken ble veldig fin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, du ser du er sitert - det er sjølvsagt ingen annan som er mi kunnskapsrike veninne?
      Duken blei kjempefin tykte eg. Nå er duk og band vaska, skal strykast og så skal skråbandet syast på, mogleg det tar litt tid, for nå treng eg jo ikkje juleduk før til neste jul! Det hadde vore veldig fint med raude linserviettar til, dei på biletet er damaskvovne og halvsyntetiske, men lin hadde vore fint.

      Slett
    2. Og veldgi godt nytt år til deg også Reidun!

      Slett
  3. Hallo Idun. Godt nyttår til deg og dine. Fine bilder og fin juleduk. Du er flink til å sy. Lykke til med eksamen. Takk for presanger. Hilsen Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for presangen sjølv! Den du fekk var kjøpt i museumsbutikken ved Villiers -La ville - klosterruinen eg har skrive om her før, veldig fin plass.

      Slett
  4. Flott juleduk. Føler meg faktisk litt fornærma og forbigått når det gjelder kommentarer om håndarbeid, bare så du vett det. Eg som har 3 bunader på cv'en!
    Godt nytt år til alle dokke og :)

    SvarSlett
  5. Jammen du har jo'kje reklamert for dei på internett.! Eg kjem aldri til tre bunader. ( kan eg rekna med den 4- 12 versjonen eg laga til Elin?

    SvarSlett
  6. Eg ser den. Du har ett forsprang der. Me jærbuar er litt forsiktige og blyge, og du har jo vore så mange på austøve. Hehe..

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.