søndag 27. januar 2013

Den litle bilen

Lat meg presentera "Den litle bilen".
Den litle bilen med snø på
Frå før har vi  presentert dykk for "Den store fine bilen". Volvoen er veldig elektronisk, har automatgir  og ei sånn dame som sit under panseret og fortel kor vi skal kjøre hen, kamera bak og pipesensorar på alle kantar. Den pip også forferdeleg dersom du er treg med sikkerhetsbeltet, bruker nesten ikkje diesel, har varme i setet og er mørkeblå.

Den litle bilen er stutt og grei, svinger på ein femøring, fargen er djup ametyst, den har ingen sensorar eller kamera, men masse kollisjonsputer. Den mangler dame og har plass til tre vaksne og eitt barn -  akkurat fin til oss.
Det er ein Toyota IQ som var på tebud. Vi har fått med  vinterdekk og allslags.
Manuelt gir fordi Elin kanskje kan ta sertifikatet her i Belgia. 

Les chauffeurs belges

Det aller beste: Ingen tuter på han! Han er liksom så liten at ingen blir provosert, trur vi. Det er ikkje verst fordi folk stort sett tuter på kvarandre heile tida - i alle fall på volvoen,  og som trafikkpingle vert eg jysla stressa av det.
For å ta det på folkemålet : J'aime les Belges bien, mais je déteste les chauffeurs belges.
Den litle bilen utan snø.
Å ta lappen her er elles ikkje så lett, du må ta heile teoriprøven før du kan begynna å øvelseskjøra. Eg lurer på om det er slik at belgiarane då har gløymt teorien når dei skal begynna å kjøra? Det er mange som gløymer å blinke når dei tar av, og endå færre som gidd å blinka når dei skifter fil.

Veret

Elles er vi leie av snø og vinter her i Waterloo. Vi vil gjerne ha litt mildver slik at Tønnes kan stå ute og grilla igjen.  
Kjøkenvifta er slik laga at den bles steikeosen inn i håret på den som lagar mat ser de - det vert mykje omnsrettar her for å seia det slik..
Snøskuffa har eg også hatt tilstrekkeleg nytte av, legg merke til det bare fortauet over her, det er vårt, og naboen sitt. Snøen i gata får liggje.
Waterloo i snø
I tida frametter skal det bli plussgrader og sol og forhåpentlegvis sykkeltid att -  vi gler oss.  Ei veke snøvinter er nok for meg.


2 kommentarer:

  1. Å så fin liten bil!
    Når det gjeld snømåking har en jo sine erfaringer.
    Den er stort sett borte dagen etterpå, men ikkje alltid...
    Dei to siste vintrane "lava" det ned i begynnelsen av desember. Eg måkte halve gardsrommet, og tenkte at dette går nok øve.
    I mars såg eg andre halvparten av gardsrommet igjen...
    Og nå, i dag, 2. februar snøer det jammen igjen. Eg vil ha grønt gras og snøklokker!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja er ikkje den bilen fin? Det ideelle for meg hadde vore elektrisk bil, men det er ikkje gir i slikt. Snøen er borte hos oss nå, men her er det heilt uvanleg at han ligg så lenge - 13 dagar. Skulle skrive noko irriterande nå om ti grader og sol, men det er bare tre - fire grader og kald vind. Tulipanane har såvidt kikka opp, men dei tar det nok med ro,

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.