tirsdag 8. januar 2013

Garnsituasjonen

 Eg er svært glad i å strikka, det gir meg ro og retning, og så lagar eg nyttige og varme og nokre gonger ganske fine ting.

Garnfangst Namur og København
Eg ELSKAR garnbutikkar. Å få lov til å gå å tafse på alle dei mjuke nøstene, kjenne på kvalitetar av ull, silke, alpakka, kasjmir...sjå på alle fargane.
Når eg dreg til utlandet prøver eg alltid å finna garnbutikkar. Eg har vandra gjennom basarane i Istanbul på leit etter garn, gjennomsøkt bakgatene i London, og gått etter kart  i København og Gøteborg.
Garnsituasjonen her i Waterloo er langt frå tilfredstillande.
Det var lettare å finna anstendig ullgarn i Istanbul då eg var der ( du går gjennom basarane, ut den nordaustre porten, nedover gata til du kjem Kurkcu Han )-  mykje acryl og glitter der, men  også mykje fint ullgarn til låg pris.

Acryhyyyyyyyyyyl!

Tynne ullsokkar, strikka tå-opp
mønster gotisk vindu
Her i Waterloo er det to butikkar som melom anna sel  garn, men mykje inneheld kunstfiber. Det kallar seg ull (laine på folkemålet fransk), men det er som oftast minst halvparten acryl, eller nylon eller andre kunstfiber. 
Babygarn er gjerne 100 % acryl - men du kan då'kje pakka ungen din inn plast! Det som elles er av akseptabelt garn - fibermessig -  er for dyrt. 
Då eg så endeleg fann ein anstendig  garnbutikk i Namur, blei eg handlingslamma og klarte så vidt å kjøpa 5 nøster med ei deilig ull/alpakka blanding. 
I København der eg var på venindetur endte eg opp med to buntar grisedyrt Isager-garn som eg er usikker på kva eg skal bruke til.
Fine fingervantane!
Mønster frå knitty.com
Sokkegarn har dei her, det SKAL vera forsterka med nylon, og eg har strikka fleire par tynne ullsokkar med kunststrikk - fine om eg så skal seia det sjølv (pinne nr 2 1/2). Eg held også på med nokre rasande elegante fingervantar til tenåringen i det same tynne sokkegarnet.

Men elles er det ringt. Og sauer har dei, har sett dei sjølv eg, lammesteik på butikken, fårikål ordna vi, men kva i all verda gjer dei med ulla?

Tricoter altså

Eg har nå kjøpt meg magasinet  Burda tricoter (ticoter=strikke). Bladet kosta det same som ei flaske Valdepenas Gran Reserva - nå skal ein sjølvsagt ikkje måle alt i vinflasker, men det er ofte ganske freistande.
Vottar og lue med selburoser til ein lita jente som kjem i
februar, babyull sjølvsagt - restegarn.
Vottemønster frå Ravelry, luemønster har eg laga sjølv
Målet er  å prøva å læra meg å strikka på fransk. Eg kan strikka på norsk og engelsk, både amerikansk engelsk og britisk engelsk - forskjell på det ser de - og tildels på tysk. Fransk vert noko nytt. 
Så langt veit eg at monter tyder leggje opp endroit tyder rett, envers tyder vrang og maille tyder maske. Så då får vi sjå om det vil hæla seg som ho sa kona  - ho skulle spøta sokkar.
Ja, for eg har jo litt garn liggjande.

4 kommentarer:

  1. Hei Idun. Nå er det lenge sidan eg har lese bloggen din, men i kveld er eg oppdatert. Kjekt å lese. Og morsomt! Fekk nesten lyst til å begynne med handarbeid. Ha det bra og hels Tønnes og Elin. Klem frå Tone som lever på suppe denne veka!

    SvarSlett
  2. Nydelig strikk! Særlig fingervottene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jysla kjekt å strikka også, kjekt mønster.

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.