mandag 5. november 2012

Badeliv

Spa, Belgium
Badet - Spa bilde frå Pinterest.com
Vi var i Spa  i helga. Det ligg sånn sør for Liége og er ein ærverdig badeanstalt.
Vi hadde ikkje tenkt på at det var haustferie her, Toussaints, og at alle andre også ville masserast i ferien, så vi fekk ingen massasje.
Toussaints tyder rett og slett allehelgenar - i eitt ord- svært  flaut at eg faktisk ikkje kom på  tydinga av ordet før ei natt eg låg og tenkte på franske verb. Eg gjer ofte det, tenkjer på franske verb.

Bada altså - det gjorde vi. Bildet til høgre er frå badet som ligg oppi åsen ovanfor hotellet vi budde på. Vi tok på badedrakt, og blå hotellmorgonkåpe, blå tøfler og blått handkle og tassa ut til den ubetjente  funicularen som gjekk borti gangen frå rommet vårt og oppi åsen. Og så bada vi, og les bok, og sumde ut heilt ut under open himmel, og sumde inn att, og sat i boblebad, og sumde litt att og fram og les bok og såg på folk. Litt tilfeldig rekkefølgje her og veldig deilig. 
.Casino, Spa, Belgium
Casino Spa - Pinterest.com
Spa har vore badeanstalt for dei kondisjonerte. Det er nokre  kjelder her, med svært mineralrikt vatn, spesielt mykje jern. Dette vatnet vart rekna for å vera svært helsebringande, og staden var svært populær frå 1500-talet og frametter. Peter den store var her  i 1717 og bygde eit flott byggverk rundt denne kjelda.Le Poudhon de Pierre le Grand står det dersom eg hugsar rett.
Men det var ein haug med andre folk også: Casanova, Gustaf III , Kristina av Sverige, fleire Leopoldar av Belgia, Victor Hugo, målaren Turner, filosofen Descartes  - også oss då, har smakt på vatnet eg.
Det er malt eit fabelaktig bilete av gjestene, det heiter Le livre d'or som betyr gjestebok. Biletet er 9 meter breidt og her er det 92 historiske personar som har besøkt Spa.De finn meir om det her: 
http://www.sparealites.com/pa079301.html
Spa har også ein mineralvassfabrikk, du får kjøpt både raud og blå Spa og nokre nymotens variantar med fruktsaft

Vi prøvde å koma inn på kasinoet, men ein av oss var for ung, så vi droppa det. Det skal vera Belgias eldste, og er ein flott bygning. Har aldri vore på kasino eg, men ikkje hadde vi tuxedo heller nokon av oss så det hadde vel ikkje passa.
Elva i Namur
Spa er ein fin liten by og naturen i kring er vakker. Då vi var der var det så vått ute, at det var heilt greitt å vera våte inne, men ved tørrare ver må det vera fint å gå tur i terrenget der.

På heimvegen var vi innom Namur, nydeleg by med elv og fort. Dei hadde til og med ein  anstendig garnbutikk, og det har eg ikkje sett før her i Belgia.


3 kommentarer:

  1. Har blitt litt slapp i det tospråklege og skal bøta på det nå. Liége der Simenon blei fødd, han som skreiv om Maigret, heiter Luik på néerlandais, Namur heiter Namen. Spa heiter visst bare Spa - det er nesten litt stussleg.
    Har begynt på ei ny Maigret-bok, men leiter stadig etter La neige etait sale, den skal vera veldig bra, og så er tittelen så kul.

    SvarSlett
  2. Så mykje om Spa og ikkje eit ord om at her arrangeras det kvart å eit Formel 1 løp for bilar!!!

    Marvin

    SvarSlett
    Svar
    1. Ræserbilar er ikkje heilt mi greie Marvin, har aldri vore på Formel 1-løp dessverre. Såg ikkje banen heller,men har høyrt om han, om sommaren det er løp det

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.