onsdag 14. november 2012

Internett, telefoni og mobil à la Kafka

Dei første fjorten dagane etter vi var komne i hus i august venta vi på internett, TV og telefon.
Dette etter at eg hadde stått i ein time og tre kvarter på herverande internett /telefon/mobiloperatør (heretter kalla OPERATØREN) sin butikk og kasta bort tida.
Det tok fjorten dager å få opp TV, internett og fasttelefon og folk sa vi var heldige. Dei to vekene gjekk dotter mi og eg  på bar i Waterloo og drakk te og hadde med PC'en for å vera oppdaterte på Facebook, e-post, betala rekningar  og anna som er viktig.
Vi kjøpte belgiske mobiltelefonar  etterkvart, og  butikken selde oss også mobilabonnement til same OPERATØREN slik at vi skulle få ein rimelegare pakke. Vi venta på å bli kopla opp, fjernsyn og internet kom, men mobilen virka ikkje. Den skulle ha virka etter 24 timar.
Eg gjekk til butikken som sa at SIM-korta ikkje var rett registrerte, og dei hadde ikkje lenger tilgang til basen. Eg måtte gå til OPERATØREN  igjen.
Eg gjorde så,  trass i  lågt blodsukker, det var ettermiddag og lenge sidan mat, men eg prøver å finna ein slags indre balanse. Då eg kom til OPERATØREN, venta eg bare tre kvarter - kjempeheldig!!!
OPERATØREN sa då at  han kunne ikkje registra desse SIM-korta det måtte butikken gjera, og det var feil at basen var stengt, butikken hadde gjort feilen og dei plikta å retta opp.
 I slike tilfelle bør ein vera perfekt i framandspråket ein skal tala, slik at ein på ein subtil, men likevel glasklar, høfleg, drepande og uimotståeleg sjarmerande måte kan få fortalt OPERATØREN at han må gjera nettopp dette nettopp nå.
Eg var bare fortvila og rasande, men OPERATØREN registrerte SIM-korta etterkvart - det tok tid, og alt virka.
Nå har dotter mi mista mobilen og eg har prøvd  å ringje til OPERATØREN for å sperre SIM-kortet. Lyden er lågt innspelt på bandet eg kjem fram til når eg ringjer, dei snakker fort på fransk, og bed meg taste nr til dotter mi og avslutte med firkant. Første gongen braut dei bare etter at eg hadde tasta.  
Andre gongen trudde eg eg hadde kome gjennom , fekk fleire val som eg tasta på og så blei det heilt stilt lenge og så braut dei.
Nå - og dette er det mest fantastiske - har dei ring meg opp, det var ei ein sånn lybånddame, og spurt korleis eg var nøgd med kundebehandlinga for di OPERATØREN er så oppteken av kundene. Er ikkje det fantastisk?
Tyder dette at eg må gå til OPERATØREN og stå der i timevis igjen? Har prøvde nettsidene som oppgir direktenummer som ikkje virker. Min erfaring er også at folk ikkje svarer på e-post  her.
Er norske operatørar like ille? Mobiloperatørar plar vera raske for dei skal jo tena pengar, men Telenor og Nextgentel har vel ikkje verdas beste rykte som internettleverandørar? Kjør debatt!
Bileta er frå ein søndagstur her i Waterloo for ei dryg veke sidan, trur dei formidlar meir harmoni enn det eg føler nå. 

Hadde Kafka skrive Prosessen i dag hadde den handla om OPERATØREN - det er eg viss på.

Avsluttar med ein you-tube video som eg tykkjer er hylande morosam, legg merke til musikken. Dette er ein annan operatør då.
http://www.youtube.com/watch?v=kgjKY1VBHTA
 


7 kommentarer:

  1. Du må sende en sms med mobilnummeret ditt. Mitt nr er +4799255994. Jarle

    SvarSlett
    Svar
    1. Har sendt det nå, men du har fått d før. Idun

      Slett
  2. Må melda at på femte forsøk fekk eg kontakt med ein mann som skulle stengje Sim-kortet. Då eg prøvde å spørje om vi kunne få overført nr til d nye sim-kortet kunne han ikkje svara, og sette på musikk.La på eg.

    SvarSlett
  3. Fiiin fiine Blogg, men best av alt likte eg You Tube videoen.
    Eg har heller ikkje ditt nye mobilnummer... heller ikkje mailadressen....
    Marvin

    SvarSlett
    Svar
    1. Den er verkeleg morosam den videoen - slutten er til å gråta over. Også musikken "Hello ? Is there anybody there?" Nå skal du ha fått alle e-postar og nummer og sånn.

      Slett
  4. Ha ha ha! Herlig!! Hvorfor skal det være enklere for dere enn for oss andre?? :)
    Kafka hadde ikke bare skrevet om OPERATØREN...tenk deg alt han kunne skrive om søppelinnsamling, registrering i kommunen, bilskilter, huseiere mm. Han hadde fått fullstendig skrivekrampe!
    Det rare er at vi liker dette landet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja vi liker dette landet.
      Eg har sluppe å registrera meg i kommunen, men kjenner ei som er registrert og som blei fråstolen ID-kortet.... Søppelinnsamlinga irriterer meg fordi eg ikkje får sortert ut så mykje plast eg vil, bilskilt tar minst eit par dager, og på måndag skal eg bruka ein dag hos OPERATØREN for å vidareføra abonnementet til dotter mi. (Skal ta med bok.)
      Vi har så langt ein grei huseigar, heldige der.

      Nå veit ikkje eg heilt kven du er?

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.