torsdag 22. november 2012

Budsjett og ruinar

I dag skal det handla om budsjett og ruinar. 
Oversikt over Villers-la-Ville
henta frå Pinterest.com
Men aller først vil eg gjerne leggje til noko om OPERATØREN.
Sist gong eg var i nærkontakt med han for å vidareføra nummeret på mobilen til dotter mi, venta eg bare 28 minutt i butikken  - tjueåtte minutt - og etterpå virka det  akkurat som mannen sa. 
Er ikkje det fint? 
Tyder dette at det  er: 
A eislags rettferd i verda som gjer at eg får igjen nå sidan eg har lidd så mykje vondt hos OPERATØREN?  
B: At OPERATØREN er blitt mykje meir serviceorientert? Eller 
C: at eg har hatt flaks? 
 For dei språkinteresserte kan det vera interessant  at dama på lydbandet til OPERATØREN bruker konjunktiv heile vegen:
Dersom du skulle ha ønskje å stengje telefonen din trykk 1 Dersom du skulle ville ønskje å snakka med nokon om fakturaen din trykk 2 og så vidare  - hypotetisk konjunktiv er vanskeleg å uttrykkje på norsk, men ein må altså kunna det.

 Budsjettet

Fine haustfargar framleis
Belgia er omsider ferdige med sitt budsjett og EU presenterer sitt store budsjett for heile unionen. I EU går det mykje pengar til jordbruksstøtte dvs til Frankrike, og veldig mykje til dei nye EU-landa i Aust-Europa. Stor- Britannia syt og klager fordi dei må betala, medan Tyskland som vanleg ser ut til å betala det EU kostar utan å bera seg for mykje.
Budsjettet her i Belgia har teke ekstra lang tid. Det er ei koalisjonsregjering, og dei måtte finna ein masse milliardar som dei ikkje hadde. 
I samband med budsjettdebatten har det blant anna vore diskusjon om desse emna: 
Pensjonsalderen som er 65 år, men offentlege tenestemenn kan gå av med fylte 60 dersom dei har noke års oppteningstid - minst fem. 
Kyrkja må ha vore storslagen
Indeksregulering av  løn og trygdeytingar slik at kjøpekrafta skal bli den same. Det er jo kjekt for lønsmottakar, men det tykkjest vanskeleg å spare pengar med ein slik modell.
Innføring av formueskatt. Det finst ikkje her. Noko som har ført til ein liten eksklusiv invasjon frå sør. Gerard Depardieu er ein av dei som har skaffa seg eit lite krypinn i Belgia, rett over grensa til Belgia med eigen helikopterlandingsplass. Frankrike har gjort mannen rik og berømt så det held, men han er ikkje interessert i å gje noko særleg tilbake.
Inntil ganske nyleg hadde dei også forskjellig pensjonsalder på kvinner og menn. Kvinner fekk gå av fem år før...
Slike ting undrar meg, dersom ein tar skikkeleg vare på kvinnfolka, sørgjer for at jenter får tilgang til utdanning , sørgjer for at det finst gode omsorgstilbod til barna, at det  vert hevda eit visst ideal om likestilling, og at det finst jobbar så varer jo eit kvinnfolk jysla lenge? Vi vert jo hauggamle! Kan det rett og slett  vera for at dei ikkje liker å sjå slike gamle røyer som meg på mange-og-femti ute i arbeidslivet? Kan det vera det?

Ruinen

Detalj frå kyrkjekoret
Og så til ruinen: Villers-la-Ville er ein ruin av eit svært kloster. Det vart grunnlagt i 1146 av,  av  12 cistersiensermunkar og nokre lekbrør. På 1300-talet var det ca 100 munkar der, og meir enn tre gonger så mange lekbrør. Dei åtte ti-tusenvis hektar jord mellom Namur i sør og Anvers/Antwerpen i nord. Dei hadde gjestehus - forløpar for vår tids hotell, allslags verkstader og stor produksjon, idealet var å vera sjølvforsynte.
 Ora et labora   - be og arbeid var det dei levde etter. Lekbrørne kunne ikkje latin og fortsette i dei vanleg jobbane sine inne i klosteret. Dei levde adskilt frå munkane og hadde eigne dormitorie - sovesalar.
Eit tøft liv må det ha vore. Det var bare refektoriet , der munkane åt - som var oppvarma. Når ein ser størrelsen på romma  må folk ha frose forferdeleg om vinteren i dei store steinbygningane.
Dette klosteret blei beskytta av dei mektige fyrstane av Brabant.
Nedgangstider kom, og etter ei kort oppblomstring på 1700-talet blei klosteret rasert under den franske revolusjonen 1797, og steinen blei seld som bygningsmateriale.
Vi var her på søndagstur, ein slik stille dag med skodde som gjer alt litt trolsk og uverkeleg. Ein heilt spesiell stad som også er svært vakker vår og sommar.


Fann fram denne videoen her som de sikkert hugsar mange av dykk, men det er eit morosamt gjensyn litt samanheng har det med bloggen - ruindelen då!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du noko å leggje til? Gjer det her.