mandag 13. mai 2013

Mauvaise herbes - ugras!

De hugsar


La pelouse -cherie?

for at  la pelouse skal vera ein pryd i bygda må han vera tett, grøn  og fin utan ugras og mose.
Iallefall  nokså einsfarga grøn..

Dette - gode vener - er ikkje så lett. Noko som trivst veldig godt i leira vår er løvetann. Gul og fin står han der og struttar midt på plenen. Når mannen kjem med grasklypparen dukkar han og legg seg flat. Når så mannen er ferdig  med å klyppa plenen reiser han  stolt og uovervinneleg det gule bustehovudet sitt.


Kill kill

Dei ler av meg - de ser det?
tenkjer eg. Ut med løvetannstikka og reinskar heile forhagen for gule blomar. Den eine naboen sprøyter med gift, men eg meiner vi må passe på biene våre, og bruker heller nokre timar med stikka. 
Han der fyren i gresk mytologi som rulla stein opp på ein haug hadde vel for så vidt ein grei jobb i forhold til meg.
 Ein halvtime etter at eg  meiner forhagen er grei, har dritvondt i ryggen og knapt kan reisa meg, står dei der igjen. Gule og frekke - dei gliiiiser av meg.



Fransk då

På fransk heiter løvetann rett og slett "Pissenlit" - de kan kanskje gissa dykk til tydinga av dette ordet sjølv om de ikkje har hatt fransk på skulen?  Det  tyder rett og slett "tisse i senga".
Då viser det til korleis planten virker medisinsk, nemleg urindrivande eller diuretisk.


Løvetann - rart namn då.

 På latin heiter planten Taraxacum officinale, på engelsk dandelion. I følgje min engelske dictionary viser namnet til gammal engelsk innlån frå fransk dent -de-lion,  frå latin dens leonis - som tyder løvetenner. Dette skulle visa til dei taggete løvetannblada. Mitt franske leksikon frå 1930-talet nemner også eit slikt namn: dent-de-lion, men det er lite brukt trur eg.

If you can't beat it  - eat it?

Nye, spede blad kan brukast i salat. Litt bitter smak, men den kan kanskje erstatta ruccola.
Blada inneheld vitamin A og C, niacin og ei rekkje mineral. Dei lange pælerøtene kan tørkast og malast til kaffierstatning, det er røtene som verkar urindrivande.
 I følgje urteboka mi skal dei  også stimulera galleproduksjonen og vera bra  ved revmatiske plager, mot urinsyregikt, eksem, forstoppelse og svevnløyse. Tørka løvetannrot "Radix Taraxicum" får du kjøpt på apotek som har slikt.
Elller de kan koma hit til meg og dra dei opp sjølv!
Bustehovene kan de leggja vin av.
 Løvetannvin har eg ganske god, for ikkje å seia inngåande erfaring med frå ungdommen.

Pent ugras 

Pent ugras
Finst sjølvsagt også. Og hadde hagen min vore full av desse blå,  vakre blomane  her ville eg ikkje løfta ein finger.





Kviss - spørjekonkurranse

1. Kva heiter løvetann på jærsk? I alle fall då eg var liten. Nokon forklaring på dette namnet?

2. Han mannen i gresk mytologi som dytta ein diger stein opp ein bakke, og så rulla steinen ned att, kva heitte han? Og kvifor i all verda gjorde han dette?

3.Kva heiter  den pene blå ugraset på biletet til venstre? Er det ein nyttevekst, kan det brukast til noko?



4. Namn på anna forhatt ugras som det er svært vanskeleg å bli kvitt, men som også kan etast. Planten blei sannsynlegvis innført til landet som medisinplante i middelalderen, men blir svært lite bruk i urtemedisin nå. Gjerne namn både på norsk og latin, planten har mange namn på norsk.

5. Namn på anna vanleg ugras som kan etast, brukast til gjødsel og som du også kan laga tråd av?

Svara legg de inn i kommentarfeltet.








 

15 kommentarer:

  1. 1. Hestablom
    2. Sisyfos, Straff for røpet gudenes hemmeligheter
    3. Dårlig bilde, vanskelig å sei Men Forglem meg ei. Kan bare brukast til liten blomster bukett
    4. Skvalderkål (Aegopodium podagraria)
    5. Brennesle

    MVH


    Marvin

    SvarSlett
  2. 1) er ikkje jærbu, så stiller med handicap. Lenger sør kallar dei den for Fandens mælkebøtte
    2) Sisyfos. Og me rullar dagleg vår stein oppover, og etter meir enn femti år skjønar eg enno ikkje kvifor
    3) Pass
    4) Skvalderkål
    5) må vel vera brennesle det

    Ny kviss: so kan du Idun kanskje gissa kven som svarar. Eg trur eg deler fornamn med ein bror av deg (litt usikker her), gjekk eitt år saman med deg på skule, og har fødselsdag ei veke etter deg

    SvarSlett
    Svar
    1. Tykkjer du greier deg godt med handicapet ditt Jarle, sjølv om det sjølvsagt alltid er ein fordel å vera jærbu. Du deler fornamn med eldste bror min ja, og eg hugsar veldig godt kor kjekt det var å møta deg att på jubileet på Søgne. Var du/er du på besøk hos Øyvind i Andalucia kanskje? Det må jo vera strålande.

      Slett
    2. Takk for sist til deg også, Idun. Du skriv veldig levande og ledigt om løvetannen (ja, om det meste du gjev deg i kast med). Men skulle kampen mot bustehovudet verta for strid, så kan ein kanskje innta ein annan posisjon, slik Harald Sverdrup gjer:

      Løvetannens bønn

      Blås på meg barn!
      Fang mine stigende stjerner
      og kikk på min gule sol
      - som brenner i gressets grønne himmel -
      med alle de undrende øyne.

      La de små barn komme til meg
      for de vet ikke hva ugress er

      Elles: nei, eg er ikkje under Spanias sol, men i ein kald vestnorsk vårvind. Det er litt for travel tid dette. Held enno på med litt sauer, og lyt sjå til at ikkje rev og sjukdom og vonde vette fer av garde med dei små nyfødde. Ømskjer alt godt (og meire kviss). Jarle (F. får eg vel leggja til no ettekvart)

      Slett
    3. Ja diktaren syner vel ei meir fruktbar haldning til ugraset. Takk for gilde ord og dikt, kvissar skal eg prøva å laga meir av, det er moro.
      Små nyfødde ulldottar likar vi, dei gir oss både fårikål og pinnakjøt og ullgarn og alt som er godt og fint og nyttig når dei veks til. Så det er fint at du og andre held fram med det i sure vestlandsvårar.

      Slett
  3. Dette er veldig bra. Er denne kvissen for lett kanskje?
    Marvin du har alt rett, men eg vil gjerne peika på nokre småting.
    Sisyfos vart straffa fordi han var ein luring. Han lurte både Thanatos og Hades slik at han vende tilbake til livet, det der med å røpa gudane sine hemmelighet skjønar eg ikkje heilt.
    Vanleg forglemmegei Myotis stricta kan ikkje brukast til nokon ting nei.
    Skvallerkål heiter også Tyskerkål, tysskål, grisekål, svenskekål, embetsmannskål, gåselabb, hanefot, bygrass, skaldergrass.
    Du veit ikkje kvifor det heiter hestablom?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein annan ting Marvin. Som premie vil eg gjerne få spnadera opp til fleire forskjellige typar belgisk øl på deg dersom du kjem ned på besøk.

      Slett
  4. jeg syntes denne var vanskelig!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Reidun!
      Du har nok ikkje så mykje ugras omkring deg som eg har inn i mellom. Neslesuppe er forresten veldig godt, men eg gidd ikkje eta løvetann og skvallerkål.

      Slett
  5. Eg kunne jo ha kopiert inn heile Wikipedia, men dette var kva eg les:
    Som straff for alle triks, ugjerninger eller at han hadde røpet gudenes hemmeligheter

    Altså både triks og ugjerninger ELLER røpet gudenes ugjerniger.
    I og med det at det står ELLER og ikkje OG meiner eg mitt svar er fullgodt!!!!
    MVH


    Marvin

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg såg også den Wikipediasida. Store norske leksikon held seg til at han er ein luring og lurer både Hades og Thanatos, samstundes som han finn på mykje godt for sine medmenneske. Dei seier også at det er mange forskjellige kjelder til myten som kanskje ikkje er samstemte. Eg tykte den Wikipediasida var uklar. Kva som er det einaste rette endelege svaret veit vi ikkje. Det finst også feil i Wikipedia, du er jysla flink Marvin. Når kjem du ned og får ølet ditt?

      Slett
  6. Det er så mykje som skjer, men me skal ta oss ein tur til Brussel ein gong mens de er der!!!

    MVH


    marvin

    SvarSlett
  7. Du skriver godt, morsomt og lærerikt, liker bloggen din.
    1: Ka farsken?
    2: Sisyfos fordi han røpte gudenes hemmeligheter lærte jeg på Smolensk.
    3: Sjekka med å forstørre et av mine regnet. Navn??? Bruk: Se pen ut
    4+5: Jeg suger på navn sånn generelt inkl. planter

    SvarSlett
    Svar
    1. Smolensk = skolen (Kindelen retter rart)

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.