søndag 26. mai 2013

Paris er romantisk i regn

Dei seier så, også i den der Woody Allen filmen de veit.
Det vert aldri nok Paris for oss, så 18. mai om morgonen var vi på plass på Thalys att mot Paris.

Montmartre

Vi kom inn på Gare du Nord tidleg på morgonen, sette frå oss kofferten og vandra oppover mot
Sacre Coeur
Sacre Coeur og Montmartre i solskinet.

Vakkert var det, og haugar med turistar på alle kantar. Utsikten er ogå storslegen.
Vi sette oss på ein kafé, drakk kaffi  og såg på folk. Tusla vidare rundt og såg på kunstnarane som arbeidde.
Utsikta frå Sacre Coeur












Frå ein koseleg kafe på baksida av Sacre Coeur

La Defense 

 til La Defense med La Grande Arche
bilete frå Pinterest
Smarte som vi var, hadde vi kjøpt billettar til Louvre  på førehand på nettet. Eg har vore mange gonger  i Paris, men aldri vore i Louvre fordi museet er så digert, og eg aldri har sett av tid til det, men nå skulle vi gå.
 Er van med å få billettar på e-post med strekkodar som eg kan skrive ut sjølv på skrivaren, men slik var det ikkje her. Denne kunne bare hentast i obskure varehus utanfor by'n synte det seg, pluss Virgin Mega store på Champs Elysées. Resepsjonistdama på hotellet var veldig hjelpsam med å finna ut kor vi kunne henta desse billettane. Då vi kom til Champs Elysees og fann Virgin Mega store, synte det seg at dei skulle leggjast ned, og slett ikkje kunne gi oss billettane våre, men vi kunne jo bare ta metroen til La Defense, sa Virgin-dama, rett borti høgget her (ho sa det på  fransk då). 
Vi vurderte litt fram og tilbake, men drog opp - det var eit godt stykke med metroen.....

La Defense er hypermoderne arkitektur, glas og stål og fantastiske, storslegne linjer. Dei kliner til desse franskmennene, det skal dei ha. Vi er eigentleg glade for at vi drog, det var så annleis og imponerande. Europas største kjøpesenter på 80-talet,  les Quatre Temps, var der, vi tykte det var ganske stort nå også. La Grande Arche de la Fraternité - brorskapsbogen, kan vi kalla den, var imponerande. Det er ein slik akse frå La Defense der du ser Trumfbogen og vidare mot obelisken på Place de Concorde.
Blomstermarknad
Tenåringen fann sminkebutikken ho var ute etter med ein gong, eg fann butikken der eg kunne henta billettane til Louvre etterkvart. 


 

 

 

 

 

 

 

Louvre

Louvre sett gjennom pyramiden
Då vi kom dit, var vi jo for så vidt glade for at vi hadde desse billettane då.
 Det var kø langt rundt hjørnet, og vi sklei rett forbi. Ja, vi såg  La Joconde, saman med alle dei andre. Og då det var gjort var det nok av annan kunst å sjå. Mykje vakkert, men ein bør setja av mykje  tid der.
Kontrasten mellom den moderne glaspyramiden der inngangen er, og dei gamle bygningane ikring er også spennande.




Le Marais

- er eit dønn sjarmerande strok i Paris med små butikkar, små kafear, spennande klede, vintagebutikkar og allslags.
Veldig kult då - er det hipster det heiter?
Her kom paraplyane fram, for vel aldri å bli slått heilt saman att. 



Notre Dame

Rett ved Notre Dame er det fuglemarknad og blomstermarknad om søndagen. Fuglar i ale slags fargar som kvitra og song, og så blomstene då.
 Det var også kjempekø av besøkande framfor Notre  Dame, men vi bestemte ganske raskt at vi ville på på pinsemesse, og  sidan vi skulle på messe var det slett ingen kø og vi fekk koma rett inn.
Veldig fin korsong, og ein sopran som vekselsong med kor og kyrkjelyd, ho hadde ein fantastisk stemme. Vi fekk tekst og liturgi utdelt på fransk og engelsk, og det var moro å samanlikna med den norske bibelteksten tykte eg.



Le Train Bleu


er ein restaurant som ligg på Gare de Lyon med eit  overdådig interiør. Her var det vi bestemte oss for å feira 24-års bryllaupsdagen vår. Vi har vore her før for ca 15 år sidan
Champagnemeny valde vi med ein haug med små og store rettar og champagne til.  Jysla godt, det tykte tenåringen også, (ho fekk eit halvt glas i høve dagen).




Litt interiør fra Le Train Bleu

Etterpå regna det endå meir. Det var vel romantikken som slo inn for fullt, tenkte vi, men vi kunne kanskje greidd oss med litt mindre vatn.

Veldig fin tur, og vi kjem att til sommaren!













Kviss- eller spørjekonkurranse

1. Woody Allen har laga ein film om Paris? Tittel? Kven -tidlegare fotomodell nå frue til (kven?) - spelar ein viktig birolle her?

2. Woody Allen har laga minst to filmar til der byar er viktige "medspelarar",om dei ikkje alltid er nemnde i tittelen. Namn på to av dei?

3. Meir film. Ein fransk film frå nyare tid (2001) utspelar seg på Montmartre. Kva heiter hovudpersonen i filmen (vil ha førenamn og etternamn)? Arbeidsplassen til hovudpersonen er også viktig i filmen. Namnet på den?

4. Kven sa i si tid "Paris er vel ei messe verdt"? Når og  kvifor i all verda sa vedkomande det?

5. Verset 
"På en gris  på en gris 
vil jeg ride til Paris.
Det vil ta noen år
men jeg tror nok at det går"


er del av  ei samling rim og songar for barn.  Norsk tittel? Det er gjendikta frå eit anna språk, kva for eitt? Kven har gjendikta desse versa til norsk?

6. Gastronomisk. Kva kallar ein på fransk slike smårettar som ikkje vert rekna som forrettar, men er ennå mindre? Morosamt namn.

Svar kan de leggje inn i kommentarfeltet.

12 kommentarer:

  1. Her oppdagar eg at Idun har lagt ut kviss og ingen svar enno! Vel må prøva ta ansvar, sjølv om store hol i allmenndanninga nok vert avdekka. Og som heiderleg vestlending vil eg ikkje googla.
    1) Midnatt i Paris. Og frua til Sarkozy veit eg er med (Brunei?). Har ikkje fått sett denne filmen
    2 Den ein heite Vicky Christina Barcelona, og er frå .. ja B. (den har eg sett!) Den andre er frå Roma, men hugsa ikkje tittel. Og so det jo alle frå Manhatten, men usikker på om Idun meiner dei.
    3) Det må vel vera den som på norsk heitte Amelie frå Montmartre. Den har eg faktisk sett, men kan ikkje ha festa seg så veldig ettersom eg ikkje lenger hugsar etternamn eller arbeidsplassen.
    4) Kan det vera Henrik 8? Meiner i alle fall det var ein engelsk konge som gifte seg fransk for å vinna makt, og at han då måtte syna velvilje overfor katolisismen. Paris var ei messe verd.
    5)nei her må eg melda pass. Ordet ride i staden for ri, tyder på at det er nokre år attende, for rytmisk vil det fungera like godt med einstavingsforma - men må kasta inn handkledet her
    6) og her også. Spanjolane har jo sine tapas, men er vel neppe det som er meint her.
    - Fin Paris-skildring! Usikker på om eg kjem dit igjen, - vonar det
    helsing Jarle F

    SvarSlett
    Svar
    1. Jarle F. er guten som tar ansvar.
      1. Midnatt i Paris er heilt rett. Dama heiter Carla Bruni og er gift med Sarkozy.
      2.Eg tenkte også på Vicky Christina Barcelona, han har laga ein film som heiter To Rome with love, meneg tenkte faktisk mest på meisterverket Annie Hall som mest er ein film om New York
      3.Aelie er rett men arbeidsplassen og etternamnet (det siste er med i origialtittelen)
      4. er vanskeleg, Men det var ein Henrik
      5. Folkekjær norsk diktar
      6. Her må vi få ninn nokre frankofone
      Kan skjøna du skal tilParis Jarle - før du veit ordet av det
      helsing Idun

      Slett
  2. Eia var vi der igjen! Second honeymoon gikk til Paris (januar 2006). Vi bodde på hotell i Marais og hadde seks utrolig flotte dager. Dette var inspirerende.
    Kvissen må vente - lager middag.
    Kari

    SvarSlett
  3. 4. Henrik av Navarra da han gikk over til katolisismen.
    5. Kan det være Alf Prøysen? Han oversatte "Gåsemorboka" og formen kan tyde på at verset er hentet fra den.

    SvarSlett
    Svar
    1. Strålande Jarle
      4.Det var Henrik av Navarra seinare Henrik den IV av Frankrike som let seg døype i 1593
      http://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_IV_av_Frankrike
      5. Gåsemorvers er omsett frå engelsk av Alf Prøysen, eg lurer på om ikkje Inger Hagerup også er med, men det er eg ikkje hundre prosent sikker på. På fransk har dei ei samling eventyr som heiter Racontes de ma mere l'oie, (Perrault) men det er eventyr - ikkje vers og var meint som forvanskande element i kvissen.
      Mange takk for innsatsen
      Idun

      Slett
    2. Og verset om griseriding til Paris er henta frå Gåsemorvers, ja

      Slett
  4. 3. Le fabuleux destin d'Amélie Poulain og hun var servitør på Café des Deux Moulins

    SvarSlett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  6. 6. Vet ikke helt hva du er ute etter, men kan det være enten hors d´oevere eller verine?

    SvarSlett
  7. Spm 6: casse-croûte ? Låg vaken i natt, og her legg eg meg langflat: vill søking på nettet kom opp med dette forslaget. Kva seier sensor ?
    Jarle F

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Wenche - ikkje heilt et eg hadde i tankane og du Jarle F skal då ikkje liggje vaken for noko slikt!
      Eg gir meg - det eg tenkte på var noko som heilet amuse-gueule, det tyder "noko som morer kjeften"!
      Bittesmå jysla gode munnfullar som vi også fekk mellom rettane på Le Train Bleu.

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.