torsdag 13. september 2012

La pelouse chéri, la pelouse...

 .. eller plenen kjære plenen! Plen er ein alvorleg sak, kanskje spesielt her i nabolaget, ikkje veit eg. Det durer og går plenklypparar seint og tidleg. Og det er MENN som klypper, bare MENN. 

(Unntaket er naboen vår som er skilt og ikkje har nokon mann, og klypper med elektrisk grasklyppar, men ho bråker ikkje, så henne reknar vi ikkje med.)

Det var vel stort sett menn som klypte plen heime i muhlegrenda også når eg tenkjer meg om, men det var liksom ikkje hovudfunksjonen deira. Her er det det dei gjer og dei gjer det fleire gonger i veka. Vi har ein bensingrasklyppar - la tondeuse - som brukar meir diesel enn bilen vår, men slik er det og a man's gotta do what a man's gotta do.
Her er eit bilete av plenen:

Plenen, vi har 800 kvm av den

Den må vi visst klyppa snart seier Tønnes.

Til Paris til Paris 

vil jeg ride på en gris
Det vil ta noen år,
 men jeg tror nok at det går.

Hugsar de barnerimet i Gåsemorvers?
Vi skal ta toget til Paris i morgon kveld, Tønnes, Elin og eg, det tar ein time og tjue minutt.

Eg har laga ein variant av verset:

Til Paris til Paris
skal vi reisa med Thalys,
det går kjapt det går fort
på ein time er det gjort.

Også på fransk - passeleg stolt nå:

À Paris àParis
nous irons avec Thalys
c'est vite, mais c'est chèr
avec le chemin de fer

Sikkert nokre feil her, men det får gå. Var ute og kjøpte guide til Paris i bokhandelen. Vi ha ein liten frå før, vi var der for 13-14 år sidan,  men den ligg i ei øskje einkvan staden - kjellaren?
Vi gler oss.

5 kommentarer:

  1. Veldig flott vers altså! Også så stor plen! Der har du i hvert fall plass til noen rosebusker, men det er kanskje ikke lov når man leier hus?

    God tur til Paris!

    SvarSlett
  2. Takk! Joa - vi har visst lov til det meste, bare vi klypper plenen... Jorda her derimot innbyd ikkje til hagearbeid. Det er tett leire, kan skaffe meg dreieskive og lage nytt servise av den jorda når det skal vere. Prøver meg med nokre tulipanar til hausten, dei hater leirjord, og så får vi sjå.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Har dokke, altså Tønnes, vurdert traktorklypper? Det er alle med store plener på Jæren har.
    Ellers syns eg hagen med bare gras er litt kjedelig. Kjenner eg deg rett har du allerede noen planer!

    SvarSlett
  5. Tønnes har jysla lyst på traktor! Men eg trur han ønskjer å vera litt konform i alle fall i byrjinga og då er bråkete bensinklyppar tingen. Eg har/hadde planar med hagen, men mister motet av jordsmonnet, den tette leira er omtrent umogleg å spa i, dessutan er ho næringsfattig. Det meste av planter mistrivst i slik leire. Har planta ein klematis og sådd nokre stokkroser (som har spirt - det første eg gjorde her).
    Skal setje lauk, men jorda må bearbeidast så mykje at eg vert matt.

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.