mandag 24. september 2012

Paris - troisième partie - parfums

Parfymeflasker porselen, gull, sølv og edelsteinar
De må bare få sjå nokre bilete frå parfymemuseet vi var på før vi vender heim att til Waterloo.
Parfymemuseet Fragonard er gratis, og det ligg i nærleiken av operaen Palais Garnier i Rue Scribe 9

Korleis vi oppfatter lukter eller dufter  - (kvifor tykkjer eg det er vanskeleg å seia lukt om parfyme? ) - er grunnleggjande hos oss menneskje, tidlege barndomsminne minner oss om forskjellige lukter. Parfyme også, hugsar far min nybarbert med Old Spice, og så var det sånn 4711 Eau de cologne? Fårikållukt (duft?)ner eit definitivt haustteikn.

I tider med dårlegare tilgang på dusj og varmt vatn var også godlukt naudsynt.
Her ovanfor ser de eit utval vakre parfymeflasker frå gamle dager . Fragonard museet  er eit lite museum, men ein lærer då litt om korleis ein får ut luktelementa av forskjellige blomar og planter. Det var kjekt å prøva å bestemma forskjellige lukter i forhold til bileta av planten.

Litt kosmetikk var det også plass til, her ser de messingformer til leppestift,  nokre fine hylser og leppestift så klart
Former til leppestift og ferdige leppestifter
 Reklameplakaten er fin tykkjer eg. Kan de sjå namna på leppestiftane? Cancan, Caresse, Charme ? Eg kom i frå det med ei flaska Violette - fiolparfyme, litt frisk sitrus i den så eg trur den passar på meg.


Elin ved Seinen
Men vi var altså mest ute i det herlege veret, vi var over store delar av byen: Montmartre, Eiffeltårnet, Champs Elysées, Trocadero, Rive Gauche. Vi var også inne på ein nydeleg konsert i den nydelege kyrkja Sainte Chappelle som ligg i nærleiken av Notre Dame og hadde ein hyggeleg middag saman med ein kollega av Tønnes laurdagskvelden.


Vi avslutter med Elin ved Seinen. Vi hadde ei fantastisk helg i Paris, og vi skal veldig snart tilbake dit,  Elin og eg.



6 kommentarer:

  1. Det såg eneståande ut!!! Det er mykje for lang tid sidan eg var i Paris... Må nok gjre noke med det.

    Marvin

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har nok vore der oftare enn eg, fjorten år sidan sist for min del. De hadde det fint i Nice såg det ut til?

      Slett
  2. Der hadde eg kost meg ja. Var i Paris for sånn ca. 15 år si. LT vaR rundt 140 cm, for i Disneyland måtte han innom alle kontrollmålingerpå veg til berg og dal-baner, måneraketter og sånt.
    Det er ein heilt annerledes tur å reise med sånne Elin-jenter!

    SvarSlett
    Svar
    1. Strålande å reisa med sånne Elin-jenter når dei forstår at det er OK å bare sjå på , og ikkje ventar at mor kan kjøpa alt. Men det sig inn

      Slett
  3. Følelse og lukt henger faktisk sammen. Dette er fordi at nervefibrene fra sansecellene i nesa sender impulset opp til samme området som følelsene, i hjernebarken. Derfor man kan få en spesiell følelse ofte av en type lukt.
    mvh sønn

    SvarSlett
  4. Njål dette? Du lærer omslikt nå? Imponerande.

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.