onsdag 26. september 2012

Waterloo Wives - shopping

Tittelen er meint å virka litt sånn pirrande - minner litt om Hollywod wives - hæ? Var meininga det.

Femme de maison heiter det på fransk det som tilsvarer husmor på norsk . Må ikkje blandast saman med femme de chambre som er det same som stuepike. 

Kvar dag skal mann og barn ha variert,  rett samansett og helst heimelaga mat (her kjører vi stort sett mat laga frå botnen, med unntak for bruk av buljong) . 
Eg handlar på Carrefour. Dette er ein kjempediger burikk med fantastisk utval av frukt, grønsaker, kjøt og fisk. Fisk er litt smådyrt her, men elles er resten mykje billegare enn heime, og då meiner eg verkeleg mykje billegare
.
Men alt er jo annleis då. Kjøpa mjøl for eksempel: det er mjøl som er tilsett hevemiddel, og mjøl som bare skal brukast i sausar, og så er det vanleg sikta kveitemjøl (men det heiter jo ikkje det då). Mjølk fins i alle variantar. Det mest vanlege er kokt, hermetisert mjølk som vi ikkje tykkjer er så god å drikke, men den kan brukast i matlaging. Du finn også vanleg frisk mjølk demi ecrémé eller half voll (sjå språkstriden),  surmjølk, og hundrevis (?- har ikkje telt) forskjellige yoghurt og kvarktypar. Hylle opp og hylle ned med kjeks og frokostblandingar, dyrefor, og hermetikk, ein vegg med pasta. 
Eg tenkjer vel av og til at ingen kan då ha bruk for slikt utval?
Min Carrefour er nokså normalstor sånn to gonger Ultra - det er eit digert hypermarked borti høgget også , men der vert eg redd...

Også vin då, alle slag, billeg også i forhold til heime- god vin for 40-50 kr. Reolar med vin, nå er det ein slags aksjon på gong også "Kjøp fire få den femte gratis" og så vidare.  Chablis på tilbud også i går, ein anstendig enkel chablis nedsett til 6 euro og noko. 

Den hadde nok passa fint til fiskemiddagen vår:

På ei seng av lettsurra frisk spinat  (surra i ein wok med olivenolje til den fell saman), legg du  torskefilet presser sitron over og salt og pepar, inn i omnen 200 grader. Du har kokt  poteter i bitar, så det er lett å laga potetstappe av dei med smør og mjølk, ei teskei fransk sennep er alltid godt i potetstappe, puttar oppi litt riven ost som du har i kjøleskåpet Eit par gulerøter i stavar vert kokt i lettsalta vatn. Tar ut forma frå omnen danderer gulrotstavar over og potetmos med ost på toppen. Inn i omnen att, og det vert servert når far kjem frå arbeid. Pass på tida, det kan fort bli litt tørt.  Bruk gjerne andre fiskeslag, med sei t.d. kan du kjøra på med meir krydder.
Ei av ølhyllene på butikken, det er mange fleire

Men  ein  bør ikkje drikka vin så ofte, så det blei vatn i går.


Belgiarane er glade i øl også, og lagar mykje godt øl og mykje rart øl.  Mange øltypar har mykje høgare alkoholprosent enn vi er vane med.
Her er eit bilete frå ei ølhylle på butikken:

  I tillegg til "vanleg" øl som liknar på vanleg pilsnerøl, og mørkt øl heime,  har dei ei mengd øltypar med tilsette frukt og bærsmakar.

Mort subite og ferskenøl
Eg har fått sans for Bellevue som er kirsbærøl, det smaker godt og har ein nydeleg farge.
Kva seier det om ferskenøl? Eller kva med Mort Subite? Namnet tyder plutsleg og brå død, og eg trur eg held meg unna det.


9 kommentarer:

  1. hei, har lest bloggen. Jeg kommer til å følge med. Savner dere. Hilsen Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt Marit. Bloggen er for alle dykk som kjenner oss slik at de får vita litt om korleis vi har det her. helsing Idun

      Slett
  2. Hei Idun. Har akkurat landa i sofaen etter ei veke på rek i Oslo og Porsgrunn. Og då er det kjekt å ta fram eipadden og lese siste nytt frå waterloo,. Ha ei kjempefin helg. Me skal lade opp till den store skalldyrfesten. Som er på lørdag. Hels maen og Elin. Helsing Tone

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
    2. Så kjekt. Skal helsa frå mine, møtest i november, gler meg.

      Slett
  3. Vil det sei at det er akseptert å være husmor i Belgia. Her heime er det jo en utdødd rase.
    By the way - siste om likestilling frå heimlandet: Det vart oppretta to køer på Sola Flyplass, fordi det er mindre bry med menn gjennom sikkerhetskontroll. Dei har bl.a. ikke bh med metallspiler.... For å sei det sånn: Det var ikkje så mange dagane det varte!

    SvarSlett
    Svar
    1. Akseptert og akseptert, når du er medfølgjande er det ikkje så greitt å få jobb, sjølv om mange mannlege medfølgjarar greier å ha jobb heime i Noreg samstundes om dei bur her. Blant belgiarar er det nok meir aksept sidan det vel ikkje finst så mykje barnepass.
      Har lese om den saka på Sola, hadde også blitt dritirritert dersom kjønn definerte kø.

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.