onsdag 19. september 2012

Paris med Thalys deuxième partie

Grand escalier Palais Garnier
Denne trappa er det du skal du vandre langsamt ned medan du drøymer deg inn i førnemnde kjole med fem meter slep, dei upraktiske skoa og pudderparykken. Vi kan gjerne ha litt bakgrunnsmusikk td. Saint Saëns Svanen (frå dyras karneval - den går ikkje så fort). Nedst i trappa kan det  stå ein kjekk mann i pent tøy og venta på deg - dersom du ikkje har nokon sjølv kan det til dømes vera George Clooney, Gahr Støre eller einkvan annan du tykkjer er staseleg. ( Han MÅ ikkje ha pudderparykk.).


Taket i ein del av Galeries Lafayette


Dette er den gamle operaen i Paris i Palais Garnier, den nye ved Bastillen besøkte vi ikkje denne gongen.
http://www.operadeparis.fr/en/L_Opera/Palais_Garnier/
Det er elles her han der fantomet heldt på i den musikalen de sikkert har høyrt/sett.

Galeries Lafayette er eit av dei enorme grands magazins i Paris. Vi var så vidt innom (alt for kort tid tykte Elin), for å snusa litt på parfymar og tafsa på grisedyre moteklede. Det opna i 1893 i ein fantastisk Art Noveau bygning. Det er verdt å gå der for å sjå taket.

Den kule baren på Pompidousenteret

 Pompidousenteret besøkte eg i 1974, det er veldig fint endå. Det var ope hus der denne helga , og vi fann ein veldig tøff bar heilt øvst som vi måtte henga litt i for å få tatt dette  bilete. Nå er det ikkje slik at vi  tar med døtre på 16 år på bar, men her var det det reint arkitektoniske vi var interesserte i, og det var heller ikkje servering her.

Ikkje heilt ferdige med Paris, meir seinare.

5 kommentarer:

  1. Det var virkelig en fantastisk trapp. Jeg gleder meg til Olav blir gammel nok til å ville til Disneyland, da har jeg en unnskyldning til å reise til Paris :)

    SvarSlett
  2. Må du venta heilt til då? Då vi var i Euro-Disney med småbarn kom vi aldri til Paris. Men eg var forsåvidt positivt overraska over euro-Disney, mykje plast, men den var pen og ryddig.

    SvarSlett
  3. Mens du tar med småjenter på bar i Frankrike tar vi med unger på coffe shop i Amsterdam. Ble vennlig nektet adgang heldigvis...

    Morsomt og interessant skrevet.

    SvarSlett
    Svar
    1. De trudde kankjse de fekk kaffi på coffeeshop i Amsterdam? KJekt å blogga tykkjer eg, takk for at du les og kommenterer.

      Slett
    2. Ja, ennå jeg visste jo akkurat hva coffeeshop er, men klarte å glemme det i forvirringen. Kjekt å følge med dere - og gleder meg til mai

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.