tirsdag 18. september 2012

Til Paris med Thalys

går fykande fort. Det som går jammerleg seint er å koma frå Waterloo til Bruxelles Midi for å nå Thalys. Denne gongen skulle vi ta bussen fann eg ut, sidan det har vore så mange forseinkingar med toget (pga språkstriden?), og bussen kjem jo alltid fram? En halvtime skulle vi ha til å slentra i kring på stasjonen, møta Tønnes og kosa oss. Det var ikkje heilt sånn.
Elin og Tønnes på bussen i Paris
Trafikken i Belgia er tett. Dette er det fleire grunnar til: Belgia er eit billand, dei lagar bilar sjølv og tykkjer alle burde ha ein. I gamle dagar fekk du sertifikat når du kjøpte bil (altså utan førarprøve). Det er mange gratis parkeringsplassar, det er ikkje alltid heilt lett å sykla fordi det står bilar på sykkelstien, bussen har ikkje eiga bussfil.
 Dette er ein ekstrem kontrast til sykkellandet Nederland, der dei har tatt konsekvensen av at dei er mange.
 Men det  fører  til at det er tett trafikk heile tida, nesten alltid. Folk er ofte høflige og greie, men dei kjefter og tuter også mykje meir enn eg trivst med, men så er eg også nokså sart. og kjenslevar på det området - eg veit det.

Men vi nådde Thalys,  kom til Paris om kvelden, og starta dagen etterpå med frokost og ny triveleg busstur for å få oversyn over byen.

Det var strålande vakkert ver, køar til alle kjende stader. Og de har jo vore der sjølv?
Notre Dame, Eiffeltårnet, Triumfbuen, Louvre, Sacre Coeur, Montmartre?
Det finst  mange fine bilete av dette, eg tenkte eg skulle ha med litt andre ting her.
Som de ser har Tønnes fått gulerot
Mat for eksempel - vi hadde noko veldig dyrt og forseggjort på den moderne og  elegante restauranten på operaen.Operaen var forresten fantastisk vakker, der har de kanskje ikkje vore? Gå dit.
(Og gå seint ned trappa i den fantastiske hallen og lat som du har på deg ein lang kjole med fem meter slep, upraktiske sko og pudderparykk).
Pelouse au repos
 Vi fann også litt plen som trengte kvile ein stad bortanfor Eiffeltårnet. Tønnes følte sjølvsagt omsorg for den.
Har de forresten reflektert over at det franske ordet tondeuse som tyder grasklyppar også kan tyda barbermaskin?

Det er litt å tenkje på det der.
 Vi er sjølvsagt ikkje ferdige med Paris, det kjem meir seinare

4 kommentarer:

  1. Morsomt å lese for meg også! Foresten må jeg klippe plenen snart for den begynner å bli vel høg etter belgisk standad,men imorgen har jeg ikke tid for da skal jeg spille boccia i det norske mesterskapet her i Waterloo. Petter og Alf, da skal jeg slå dere i Kragerømesterskapet i boccia til sommeren. Ha det bra! Tønnes

    SvarSlett
  2. Hei igjen. Fin stemning og fine bilde. Det hadde ikkje vore dumt med ein tur til Paris igjen....

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var det Tone som skreiv

      Slett
    2. Det er sannsynlegvis aldri dumt med ein tur til Paris, byen er så innmari stor. Det kjem meir tekst og bilete seinare, eg held meg til litt ukurante ting tenkjer eg.

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.