tirsdag 23. oktober 2012

Le chauffage madame?

Chauffage tyder bare oppvarming, men alt er då så vakkert på fransk!
Zeeland i august - 35 varmegrader
Hos oss er det sentralfyr. Vi er slett ikkje vane med sentralfyrar, hadde varmepumpe, elektrisk og peis heime, men her er det altså sentralfyr og radiator.

Det kom ein mann og dreiv vanleg vedlikehald på sentralfyren rett etter vi hadde flytta inn, og då trengte vi jo ingen varme.  Han synte meg at eg bare skulle trykka DER på termostaten, og så kom ein liten flamme HER på displayet og då var vi i gang.
Vi har hatt  fint ver og mykje varme  stort sett heile tida etter at vi kom hit, men uti september blei det småkaldt på badet om morgonen, og då fekk vi ikkje varme på radiatorane, sjølv om vi trykka DER og det kom flamme HER.
Termostaten har manual på fransk, neerlandais og anglais, men den skjønte vi ikkje bæret av sjølv etter å ha nærstudert den, eg er eigentleg flink med bruksanvisningar.
Var borte hos naboen som har same type chauffage, og studerte systemet deira (likt vårt), men det hjalp ikkje
To parasollar måtte vi ha
Eg ringte til firmaet og snakka så fransk eg kunne, jysla vanskeleg på telefon, dei ser ikkje hendene mine. Vi gjekk over til anglais etter ei stund då vi ikkje forstod kvarandre meir, og då snakka ho ein masse om eating, og eg skjønte ikkje kva eting og mat hadde med dette å gjera, heilt til eg forstod at ho meinte heating - frankofone greier ikkje h i begynnelsen av ord. Då fekk vi oppklart ein del, og ho sendte bort ein technicien. 
Mannen fann ein obstruction i den runde dingsen mellom sjølve hovudgreia og røyra som går ut med det varme vatnet til radiatorane rundt i huset , det varme vatnet kjem ikkje vidare altså, vous comprenez?
På veg heim
 Han skrudde på ei skrue slik at det kom ut noko skit pluss varmt vatn pluss varm luft, og så suste  det i radiatorane igjen. Dette er eit vanleg problem med slike system som det vi har, og eg meiner vel at han som hadde vanleg vedlikehald i august burde ha sjekka det. Denne teknikaren fann ut at termostaten faktisk var øydelagt, og i dag kom det ein ny mann og skifta. Denne termostaten er  heilt enkel  med bare dag- og nattinstilling. 
Men han oppdaga i tillegg ein lekkasje "une fuite" i chauffagen i kjellaren, og reparerte den.
 Har tru på han siste mannen eg, likte han best.
Men nå har vi ny termostat, ingen lekkasje, varme i radiatoren, og meteorologisk har spådd 22 varmegrader og solskin i dag, ikkje synd på oss.
Bileta har ingen ting med chauffagen vår  å gjera, dei er frå ein tur til stranda då det var så varmt i august, så tematisk er det vel ein samanheng.

7 kommentarer:

  1. Oj - eg har kjempeerfaring med sentralfyrer i kjellaren, lekkasjer, for høgt trykk og for lite trykk. Du all verden! Nå vil eg ikkje fiksa meir på galskapet. Den leverer fortsatt varmt vatn. Venter på at den skal kollapse heil. Det blir nok i juleferien!!!

    SvarSlett
  2. Oi, oljefyr du har? Vår går på gass. Huset er bygd i 2003 så vi håper jo den held vår tid. Har då'kje radiator du Gøril?

    SvarSlett
    Svar
    1. Jo fullt av radiatorer i heile huset. Anlegget kan brukes både på olje og straum. Dei siste 20 åra har eg brukt straum.
      Det gode med det at me aldri har gått tomme for varmt vatn, uansett kor mange som dusja.
      Så flotte bilder av dokke!

      Slett
  3. Dæ va litt av kvært å læra hær!!!!

    Marvin

    SvarSlett
  4. Prøver alltid å læra frå meg Marvin

    SvarSlett
  5. Hallo Idun og Tønnes, fine bilder fra turen til badestranda i
    sommer. Det var ei kjempefin strand dere var på.Det er fint at dere har fått fikset gassfyren deres. Så slipper dere å fryse når det blir vinter snart. Fint å høre fra deg Tønnes, hils Elin. Hilsen Marit

    SvarSlett
  6. Stranda er rett over grensa til Nederland .Rart å bu så langt frå sjøen som det vi gjer nå

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.