mandag 1. oktober 2012

Waterloo Wives - the wines

Vin på tebud på nærbutikken
Det er vintilbod på butikken for tida, og her er det ikkje bare kjøp fire få fem. 
Det er endå betre:  kjøp fire få to gratuite.
Jysla billeg  i forhold til norske prisar også.  Her ser de litt av utvalet. Det er mest fransk vin, vi saknar kanskje litt italiensk og spansk, men har funne nokre greie økologiske.

På veg ut av butikken  kom eg forbi ein sånn prøvedisk de veit, der de får smaka ein ny type pastasaus, eller iskrem eller juice.

Prøvesmaking

Her var det spansk brandy av eitkvart slaget, 43  heitte det .

Eg sykla så eg kunne vel prøvd meg, men flesteparten elles kjører bil så ikkje veit eg kor lurt dette er.

Eg bad pent om å få ta eit bilete og sa at eg laga blogg for "mes amis en Norvège", og at slikt var svært uvanleg i Noreg. 
Då smilte han breidt og eg kunne bare knipsa.

Carrefour er ein stor kjede. Dei har ei mengd aksjonar, tilbud, klistremerke å samla på, 
klistre inn i bøker og spare til eitkvart. 
Eg HAR skaffa meg Carrefour-kort, eg har det, men er noko usikker på kva eg skal gjera med alle poenga ein får. Men "on verra" (og det er futurum).


Butikken er open til kl. 20.00 på kvardagar. Nokre butikkar har ope nokre timar søndag føremiddag så du får kjøpt ferske croissantar til frokost.Men har du gløymt å kjøpe mjølk klokka 20.05 kan du bare gløyme å stikke ned på Shell'en eller Statoil'en eller 7-11 og kjøpe. Slikt finst ikkje her i Waterloo, bensinstasjonen sel bensin. (punktum).

Bare for å ha det  helt klart: Eg stod altså over den prøvesmakinga, vi går ikkje heilt i hundane her nede, vi klypper plenen slik vi skal og kan føra oss så langt.

5 kommentarer:

  1. Like veldig godt tittelen din! En duft av den store verden. Her i høstregnværet er gastronomien fårikål og eplekake for tiden – trygt og godt og dessverre uten chablis! Bjørg

    SvarSlett
  2. Eg tykte det var feigt å ikkje prøva ein brandy.... Du kunne jo ha leid sykkelen!!!
    Marvin

    SvarSlett
  3. Skal gjera det neste gong Marvin. Vi planlegg også fårikålfest med nye vener. Har funne rett kål chou blanc - Tønnes kan det der md kål- manglar bare gimmer og den rette akevitten.

    SvarSlett
  4. Enig med Marvin! Du er jo husmor på heiltid nå, og at du drikk litt innimødlå er vel bare å forventa.
    Syns det måtte vore kanskje kjekt å prøvesmakt sånn mellom brød og melk. Så neste gong Idun er det bare å køyra på...

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.