søndag 21. oktober 2012

Waterloo Wives - the parties

Arbeider med borddekorasjonane
Fårikålfesten med naboane  i muhlegrenda var noko vi gledde oss til kvar haust. Det var alltid kjekt!  Kva er vel betre enn godt lag og  god mat og drikke?  Vi har vore inviterte på fest til fleire i Waterloo og hadde lyst til å invitera nye vener på eit ekte fårikållag hos oss.
Øl til maten er det lettaste, så mykje godt øl å velja i mellom til det vesle lammet, alkoholfritt også sjølvsagt. 
Akevitten blei Løitens linie sjølv om vi er svorne tilhengjarar av Gammel Opland - den er litt rundare og mildare, men vanskeleg å få tak i. Sidan  vi ikkje kjenner fårikålvanane til gjestene våre,  fann vi ut at vi burde ha eit vinalternativ til fårikål.

Eg forska  i materien - og her slåst dei lærde  - nokon seier raud kraftig: Côtes du Rhône, andre seier raud lett: Valpolicella. Atter andre seier kvit - og då tysk kvit: Riesling eller Grüne Veltliner. Dei hadde ingen av dei anbefalte merka på butikken så eg kjøpte nokre flasker tørr riesling og valpolicella.
Vi droppa sitron og tok dill i staden
Kål var det greitt å få tak i. Chou blanc heiter vinterkålet på fransk, digre kålhovud kjøpte vi. Eg hugsar vi hadde problem med å få tak i vanleg kvit kål i Nederland, der var det dyrefor.
Kjøtet var ikkje det enklaste. Til fårikål skal ein ha skikkelege kjøtstykke som toler to-tre timars kok. Det dei kalla ragout-kjøt var for smått og feil skore opp. Vi bestilte fem kilo kjøt blanding av  ragout, størrelse plus gros, og epaule - epaule tyder skulder på fransk og på det vesla lammet vårt  er det bogen.
 Og ja - det er greitt å både  kunna litt fransk og elles bruka kroppsspråk når ein skal forklara kor på lammet ein er og korleis stykka skal vera skorne. Vi fann ut av det.


Slik blei dei - hadde 24 stykke,
nydeleg blomsterbukett ikkje sant?
Vi skal ha litt å bita i før middagen så vi serverer litt lodderogn eller røykelaks i sånne små butterdeigsskjell, med rømme, finhakka sjalottlauk og litt dill. Desse kan eg ikkje fylla før rett før gjestene kjem, og til denne får dei eit glass champagne - ( som var på tebud på butikken!)
Eplekake  og litt god sjokolade til kaffien etterpå. Fann ei ny oppskrift på detsoteliv.no som er yndlingsnettstaden min når det kjem til kaker, denne var det nellik, kardemomme og ingefær i - jysla god blei ho.
Blomar på bordet må vi ha. Eg kjøpte Calla, noko astersaktig og ein rar tilstelaktig blom til i haustfargar hos ein blomsterhandlar og henta eføy i hagen. og laga tre små dekorasjonar som blei sett etter kvarandre på bordet.Slikt tykkjer eg er kjekt.
Vi hadde tenkt å fortelja gjestene om det nydelege vesle lammet som gjekk på beite heile sommaren blant lyngtuene på høgjæren, og dei staselege hovudkåla som vaks i den næringsrike jorda i Lyngdal. Eg skulle simultanoversetje til fransk, ein av gjestene våre er fransktalande, og så skulle Tønnes mima der fransken min ikkje strekte til. Men Tønnes trekte seg - feigingen!

Ferdige borddekorasjonar

Det blei eit hyggeleg fårikållag likevel, vi får gjera det omatt til neste år..

4 kommentarer:

  1. hallo Idun'
    hyggelig å se blomsterbildene og høre fra festmiddagen med fårikål i lag med venner iden nye heimen deres. Vi har det bra. hils Tønnes og Elin. Hilsen Marit

    SvarSlett
  2. Alle helser tilbake. I dag skal vi få tjue grader og sol, ikkje mykje haust nei.

    SvarSlett
  3. Vakre bilder og gode historier Idun. Hyggelig på en sur og travel fredags morgen! Det er vakkert å se Europa, nå når snøen har lagt seg i Bergen og vinterens slaps er begynt. I går måtte jeg flykte hjem mellom snøbyene på sommerdekk - i dag har jeg vinterdekkene på. Her er kaldt og surt. I helgen er det Nynorsk dagar i Auland - kanskje vi kan delta der et år? Flott program! Bjørg

    SvarSlett
  4. Høyres bra ut. Eg må melda at kaldveret har kome her også, 4 grader i kveld og maks 9 i morgon, men det var godt med den vesle varmen .

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.