Køane er også i gang. I Waterloo har dei venta med asfaltering og steinlegging til dei er sikre på at alle er på hjul - det vert mykje finare og lengre køar då. Men bevares - fint med ny asfalt.
Mange "nye" er komne hit til det skandinaviske miljøet, men så reiste mange heim att i sommar også. Det er det som er så trist. Du blir kjent med folk, og glad i dei, og så flytter dei frå deg.
Vi har vore her eit år, det er skummelt kor fort tida, det er så mykje vi skal sjå og gjera. Vi har vore litt omkring i grannebygdene, både Paris, London og Amsterdam. Men vi har framleis ikkje vore i Ardennene eller vore på den heilt grunnleggjande seriøse studieturen til Champagne, vi har heller ikkje besøkt slottet til Godtfred av Bouillon (han med buljongen veit de), slottet hans ligg nedi hjørnet med Luxembourg og skal vera veldig flott.
Ferien har vore fin, veldig mykje fransk og ei lita hektisk veke i Noreg på slutten. Tenåringen og eg var først på språkkurs i to veker i La Rochelle, som er ein nydeleg by nord for Bordeaux på Atlanterhavskysten. Her finn du etter mi meining ALT, i alle fall det som er viktig.
Så kom mannen og yngstesonen ned og vi var saman ei veke.
Vi kjørte til Paris og leverte ein son på Orly og henta ein annan på Charles de Gaulle. Ei veke i saman i Paris før vi drog til Waterloo, og så til Noreg, sørvestlandet og Oslo. Bileta er frå La Rochelle, Paris og Versailles
Hamna i La Rochelle Tour de Chaîne og Tour Saint-Nicolas |
Hamna frå litt annan vinkel |
Kafé i La Rochelle (ja det var her vi venta så innmari lenge på maten...) |
Sykkeltur på Ile de Ré |
Paris med eldsteguten |
Versailles - jysla mykje informasjon, mykje dekorasjonar og prakt, mange rom...Må jo bli revolusjon av slikt |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Har du noko å leggje til? Gjer det her.