søndag 27. januar 2013

Den litle bilen

Lat meg presentera "Den litle bilen".
Den litle bilen med snø på
Frå før har vi  presentert dykk for "Den store fine bilen". Volvoen er veldig elektronisk, har automatgir  og ei sånn dame som sit under panseret og fortel kor vi skal kjøre hen, kamera bak og pipesensorar på alle kantar. Den pip også forferdeleg dersom du er treg med sikkerhetsbeltet, bruker nesten ikkje diesel, har varme i setet og er mørkeblå.

Den litle bilen er stutt og grei, svinger på ein femøring, fargen er djup ametyst, den har ingen sensorar eller kamera, men masse kollisjonsputer. Den mangler dame og har plass til tre vaksne og eitt barn -  akkurat fin til oss.
Det er ein Toyota IQ som var på tebud. Vi har fått med  vinterdekk og allslags.
Manuelt gir fordi Elin kanskje kan ta sertifikatet her i Belgia. 

Les chauffeurs belges

Det aller beste: Ingen tuter på han! Han er liksom så liten at ingen blir provosert, trur vi. Det er ikkje verst fordi folk stort sett tuter på kvarandre heile tida - i alle fall på volvoen,  og som trafikkpingle vert eg jysla stressa av det.
For å ta det på folkemålet : J'aime les Belges bien, mais je déteste les chauffeurs belges.
Den litle bilen utan snø.
Å ta lappen her er elles ikkje så lett, du må ta heile teoriprøven før du kan begynna å øvelseskjøra. Eg lurer på om det er slik at belgiarane då har gløymt teorien når dei skal begynna å kjøra? Det er mange som gløymer å blinke når dei tar av, og endå færre som gidd å blinka når dei skifter fil.

Veret

Elles er vi leie av snø og vinter her i Waterloo. Vi vil gjerne ha litt mildver slik at Tønnes kan stå ute og grilla igjen.  
Kjøkenvifta er slik laga at den bles steikeosen inn i håret på den som lagar mat ser de - det vert mykje omnsrettar her for å seia det slik..
Snøskuffa har eg også hatt tilstrekkeleg nytte av, legg merke til det bare fortauet over her, det er vårt, og naboen sitt. Snøen i gata får liggje.
Waterloo i snø
I tida frametter skal det bli plussgrader og sol og forhåpentlegvis sykkeltid att -  vi gler oss.  Ei veke snøvinter er nok for meg.


onsdag 23. januar 2013

Waterloo Wives - Serious Shopping

 Då  dei norske damene her i Waterloo skulle på tur til London (Londres/Londen) ville eg sjølvsagt vera med.  Det norske miljøet her i Waterloo er sosialt og inkluderande, men sidan eg har vore mykje på franskkurs har eg ikkje blitt så veldig kjent med så mange av dei.

Eurostar

Frokost på toget
Vi skulle ta toget til London (Londres/Londen) -  toget  - tygg litt på det. Vatn i mellom -  sant? Mange liter - salt, vått og kaldt? I min ungdom tok eg båten til England eg, båt til Newcastle, billegaste billetten, sov på ein benk, seinare er det blitt fly. Men tog?
Toget til London (Londres /Londen - nok nå?)  kjører sør til Calais via Lille. Der går det ned i ein tunnell på det smalaste og kjem opp ca Dover. Eit par cm snø  sette både Belgia og England på ende. Vi som skulle dra grisetidleg måtte dra litt seinare, eigentleg ganske behageleg for oss. Sjølv hadde eg det så behageleg med fin frokost og hyggeleg prat på toget at eg knapt merka tunnellen og alle litrane med det kalde, mørke, salte vatnet over oss. Men snøen skapte såpass mykje kluss at gruppa med damer som skulle koma frå Noreg, blei veldig forseinka, nokre med opptil tolv timar.Dette er folk som har budd i Waterloo og Brussel tidlegare.

Byen

Trafalgar square
London var dekka med snø, det var kald vind, men vi fekk gjort det vi skulle. Musical - We will rock you - grei nok, men ikkje meir heller. Pubbesøk med fish and chips som vel er det ypperste engelsk kjøken kan by på, vi vert nok litt bortskjemde med mat her i Belgia.  Og sjølvsagt litt handling - det var  sal i London - aldri så mange prosent avslag på aldri så mykje pent og kledeleg.

Søndagen drog vi til Camden market, det var framleis sludd og snø. Mykje å sjå på.Seinare til National Gallery som er varmt og gratis. Det er ein eigen sal  med verk av Rubens og dei har mange flamske målarar frå 15-1700-talet. Fin samling med franske impresjonistar  også.


Heim då?

Camden market - utsikt over Themsen
Det var framleis snø på søndagen. Fleire fly var innstilt, folk booka og booka om , nokre måtte dra dagen etterpå. Fleire tog var også  innstilt, men ikkje vårt. Toga måtte kjøra med redusert fart og vi kom til Brussel kl 00.00, stod i drosjekø, og seilte heimetter på sommardekk på snøen med ein sjåfør som prøvde å lura oss.

Og den måndagen kjøpte eg snøskuffe. Fortauet vårt er i alle fall måkt sjølv om vegen ikkje er det.


tirsdag 15. januar 2013

Gand eller Gent eller Ghent

Bittelitt gotisk fasade - Gand
Eg insisterer på Gand og Tønnes held på Gent, Ghent er engelsk stavemåte. Slik går nå dagane her i heimen. I det siste har eg språkbada både på kjøkken og på badet i radiostasjonen La Première der dei snakkar ein del - ikkje musikk heile  tida. Eksamen i modul 6 er det det handlar om.
Fjernsynet er på La Deux med frukost-TV eller Tv5 Monde - prøver å forstå nyhetene. Gjer oppgåver på PC'en der det er masse gode gratisressurser på fransk.
Den skumle borga Gravensteen
(ja ho heiter så)
Frankrike kjemper verkeleg for den frankofone kulturen internasjonalt. RFI som tyder Radio France International er stort sett betalt av Frankrike, av budsjettet til utanriksdepartementet. Frankrike bruker mykje pengar på å spreia fransk språk og kultur, sjølv om det er dårlege tider, så dei må jo tykkja dette er viktig? Kultur og sånn?
Språkbading løner seg, for ifølgje læraren min var eg ein av dei få som hadde forstått og svart rett på lyttetesten på modul 6 eksamen.Nye ord har eg problem med å læra, vanskelegare å få gloser til å finne rett skuffe i hjernen nå enn det var før. ( Og når dei har funne rett skuffe finn ikkje eg skuffa att når eg leiter etter ordet.) Alder heiter dette fenomenet, men læring av språk skal vera veldig bra mot senilitet, så her er det bare å stå på.

Klokketårnet bilde frå Pinterest
Gand altså (eller Gent eller Ghent) - ein av Belgias mange vakre gamle byar. Overtok etter Brügge då dei måtte pakka ned veveria etter at elva blei slamma opp og dei tapte byprivilegia sine. Høgt imponerande klokketårn, veldig skummelt slott/festning, fantastisk katedral med altertavle av van Eyck, mange flotte gamle bygningar, og så så mange fine butikkar!
Vi var der ein dag i glitrande solskin og temmeleg kald vind. Hadde fiskegryte på den same rare studentkaféen ved Vrijdagmarkt, den var nesten like god som sist vi var der - bare litt meir bein. Var oppe i klokketårnet, inne i katedralen, innom mange fine butikkar. Ein av oss fekk seg ein stilig hatt, og ei anna ein paljettopp på tebud.
Gand er ein gammal by og ein ung by, det er 70 000 studentar der og det preger sjølvsagt gatelivet.

På brua
 Organisasjonen Vooruit held til her. Dette er ein organisasjon med djupe røter i sosialistiske tankar om kunst og kultur til folket. Samenwerkende Maatschappij Vooruit oppstod eingog før 1900, dei har eit flott bygg med teatersal og konsertsal der vi hadde forfattarmøte med Knausgård.  Fantastisk arkitektur, flotte salar, mykje krusedullar og forgyling i dekoren som i si tid blei kritisert for å vera borgarleg. Bygget blei påbegynt 1911 og hadde si stordomstid mellom 1. og  2. verdskrigen. Etter krigen forfall huset før det i 1982 oppstod som kunst og kultursentrum. Nå  blomstrar det veldig med   kultur- og kunstarrangement. Bygget  har hundreårsjubileum i år.

Gand eller kva det nå er, er ein fin by som vi sjølvsagt dreg tilbake til, den også .Alle var rørande begeistra då vi insisterte på å prata neerlandais, sjølv om det for nokon av oss går litt i badl av og til.

tirsdag 8. januar 2013

Garnsituasjonen

 Eg er svært glad i å strikka, det gir meg ro og retning, og så lagar eg nyttige og varme og nokre gonger ganske fine ting.

Garnfangst Namur og København
Eg ELSKAR garnbutikkar. Å få lov til å gå å tafse på alle dei mjuke nøstene, kjenne på kvalitetar av ull, silke, alpakka, kasjmir...sjå på alle fargane.
Når eg dreg til utlandet prøver eg alltid å finna garnbutikkar. Eg har vandra gjennom basarane i Istanbul på leit etter garn, gjennomsøkt bakgatene i London, og gått etter kart  i København og Gøteborg.
Garnsituasjonen her i Waterloo er langt frå tilfredstillande.
Det var lettare å finna anstendig ullgarn i Istanbul då eg var der ( du går gjennom basarane, ut den nordaustre porten, nedover gata til du kjem Kurkcu Han )-  mykje acryl og glitter der, men  også mykje fint ullgarn til låg pris.

Acryhyyyyyyyyyyl!

Tynne ullsokkar, strikka tå-opp
mønster gotisk vindu
Her i Waterloo er det to butikkar som melom anna sel  garn, men mykje inneheld kunstfiber. Det kallar seg ull (laine på folkemålet fransk), men det er som oftast minst halvparten acryl, eller nylon eller andre kunstfiber. 
Babygarn er gjerne 100 % acryl - men du kan då'kje pakka ungen din inn plast! Det som elles er av akseptabelt garn - fibermessig -  er for dyrt. 
Då eg så endeleg fann ein anstendig  garnbutikk i Namur, blei eg handlingslamma og klarte så vidt å kjøpa 5 nøster med ei deilig ull/alpakka blanding. 
I København der eg var på venindetur endte eg opp med to buntar grisedyrt Isager-garn som eg er usikker på kva eg skal bruke til.
Fine fingervantane!
Mønster frå knitty.com
Sokkegarn har dei her, det SKAL vera forsterka med nylon, og eg har strikka fleire par tynne ullsokkar med kunststrikk - fine om eg så skal seia det sjølv (pinne nr 2 1/2). Eg held også på med nokre rasande elegante fingervantar til tenåringen i det same tynne sokkegarnet.

Men elles er det ringt. Og sauer har dei, har sett dei sjølv eg, lammesteik på butikken, fårikål ordna vi, men kva i all verda gjer dei med ulla?

Tricoter altså

Eg har nå kjøpt meg magasinet  Burda tricoter (ticoter=strikke). Bladet kosta det same som ei flaske Valdepenas Gran Reserva - nå skal ein sjølvsagt ikkje måle alt i vinflasker, men det er ofte ganske freistande.
Vottar og lue med selburoser til ein lita jente som kjem i
februar, babyull sjølvsagt - restegarn.
Vottemønster frå Ravelry, luemønster har eg laga sjølv
Målet er  å prøva å læra meg å strikka på fransk. Eg kan strikka på norsk og engelsk, både amerikansk engelsk og britisk engelsk - forskjell på det ser de - og tildels på tysk. Fransk vert noko nytt. 
Så langt veit eg at monter tyder leggje opp endroit tyder rett, envers tyder vrang og maille tyder maske. Så då får vi sjå om det vil hæla seg som ho sa kona  - ho skulle spøta sokkar.
Ja, for eg har jo litt garn liggjande.

onsdag 2. januar 2013

Et une bonne année tous le monde!

Nå har vi vore her i fire månader, og eit nytt år er høve til å sjå seg bakover, framover og gjerne litt til sidene også.
Dotter mi har det bra på skulen, mannen min har det bra på jobben, vi bur i eit tett hus.
Eg har det bra på franskkurset mitt, skal ha eksamen i modul 6 den 8. januar. Så går eg rett på modul 7 og 8. Fransken min er sånn passe instrumentell nå, eg greier meg, og skjønar kva folk vil. Likevel er det langt att - målet mitt er å meistra fransk på same nivå som eg meistrer engelsk. 

Nyttårsforsett?

Vi snakka litt om  nyttårsforsetta våre vi tre, og vi vil alle gjerne bli betre i språk.
Juleduken
Eg har elles brodert ferdig ein juleduk med dansenissar på. Grå baskerlin med mønster i raudt, stilkesting, plattsaum, mille-fleur og franske knutar. Duken kjøpte eg i Lyngdal ein sommar det regna heile tida. Den var på tebud (prisbevisst er eg!), og det må då vera ti år sidan? Nå ligg duken her på bordet og er veldig fin. Eg skal sy på eit skråband rundt kanten nede, men må først vaske både skråband og duk slik at ingen av dei kryp (råd frå mi kunnskapsrike veninne Reidun). Det vi kan læra av dette er at det aldri er for seint! (I alle fall ikkje for juledukar.)
Eg bør sikkert leggje til noko om meir trening, men eg tykkjer vi er passe flinke alle saman.


Jula

Butte de Lion - eit minnesmerke ved
slagmarkene ved Waterloo
Vi har hatt besøk av gutane i jula, og Elin har hatt besøk av ei veninne i romjula.
God mat og presangar, jula har vart litt kort tykkjer eg, kanskje fordi det er så pass roleg i butikkane, og 2.juledag er vanleg arbeidsdag her.
Juletreet står (!) framleis, det ryk ut til helga.
Vi har vore på slagmarkene ved Waterloo med gjestene, rundt i kring i butikkar i  Waterloo og sight seeing i Brussel og mellom anna  helst på Manneken Pis  - første gongen for min del, ein liten tass på alle måtar...

Framover

Folk spør meg ofte korleis det er å "gjera ingen ting" om det er keisamt? Eg har jo alltid jobba, og eg saknar sjølvsagt kollegaene mine frå jobben, i tillegg til vener og familie. .
Eg tykkjer det har gått  bra hittil, lite lediggang og få røter til alt vondt. Eg får lese mykje - har så mange bøker eg skal lesa, laga ordentleg og morosam mat - belgiske oppskrifter, jobba med  fransken, strikka, skrive blogg. 

Eg har til nå altså korkje gått i hundane eller i frø,  så de kan så langt ta det med ro. Vi får ta hundane og frøa når dei kjem.
Ønskjer dykk alle eit godt nytt år.


Tur i skogen med alle barna