Viser innlegg med etiketten språkstrid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten språkstrid. Vis alle innlegg

onsdag 11. desember 2013

Haust? Snart jul jo!

Vi har gjort mykje i haust.

Slagmarka

Faktisk ganske sleipt å sykle også , i alle fall på stiane her.
Vi  har sklidd rundt i leira på champ de bataille i Waterloo. Vi har fått kart over området, ser de. Så nå har vi vore der Napoleon stod med troppene sine. Og sett for oss korleis den prøyssiske generalen Blücher kom skliande inn frå venstre, vi veit  kor Wellington stod med sine tropper. Han hadde plassert seg på eit høgdedrag og hadde full oversikt då dei franske soldatane kom oppover i leira. For det hadde regna heile natta før slaget,  og det var strålande sol og varmt den 18. juni då dei barka i hop. 
Men var eigentleg marechal Ney ein feiging? Og var det naudsynt å byggje ein slik diger pyramide for prinsen av Oranien?
Sjølve slagmarka er bare 3 kvadratkilometer, så det blei fort fullt når dei skaut ned nokre hestar og slikt.
Butte de Lion
 Det er blitt funne eit nesten intakt skjelett av ein engelsk soldat  då dei dreiv og laga ny parkeringsplass ved Butte de Lion i fjor. Han hadde litt pengar på seg, og ei skei til å eta med og slikt. Vanlegvis blei dei falne soldatane robba for alle verdisaker av bøndene i kring slagmarka, det var vel deira måte å få litt att på for øydelagt avling. Etterpå blei soldatane lagde i massegraver på staden. Denne soldaten var 5 fot 1 tomme, nok som tilsvarer ca 1 m og 55, altså mykje mindre enn Napoleon som faktisk var i kring 1,70 m fordi den franske foten var lenger enn den engelske på den tida.
Kan vi då etterkvart få slutt på den ufyselege baktalinga og ryktespreidinga om Napoleon? At han var så liten? Det er desse engelskmennene som står bak, vi veit det nok!


 Det vert skikkeleg jubileum her i 2015, då vil vi gjerne vera der.
Tenk på at diktet "Terje Vigen " (Ibsen - der bode en underlig graasprengt en...) hentar handlinga frå kornblokaden under napoleonskrigane. Noreg var ei del av verda den gongen også, og då var det vi som svalt.


Kastanjer

Heime har vi også kastanjer, hestekastanjer. Dei blomstrar regelmessig mellom anna i Bygdø allé, og då kan
Ordentlege kastanjer med dusk.
som kjent,  "mangt et under skje". 
Hestekastanjar kan ein ikkje bruka til så mykje. Dei er veldig gode å ha i lommen og kjenna på, også kan ein lima dei på sånne runde greier og laga nydelege dørkransar.
Ordentlege kastanjer Castanea sativa, blomstrar også her nede. Når det vert haust, kan ein henta dei, steikje dei i omnen og eta dei.
Skalet rundt er ikkje bare piggete som på hestekastanjane, men dei er så jysla mykje meir piggete, beint fram fiendtlege vil eg seia. Når dei kjem ut av skalet har dei ein liten dusk i enden.


Steikte og skrelte kastanjer.


Vi henta og steikte i omnen, alltid spennande å prøva noko nytt og å læra noko nytt. Ikkje veldig spennande smak, tykte eg, men ein kan sikkert gjera mykje med dei. Vi åt dei med smør og salt.











Mons eller Bergen

-ligg sør i Wallonia. Der hadde vi ikkje vore før vi drog der ein søndag for å gå på Warhol-utstilling og
Warhol i Mons
Norsk skulptur - spennande
norsk-belgisk kunstutstilling. Morsomt og ganske forvirrande med denne språkdelinga, Byen Mons heiter altså Bergen på neerlandais, det er ei direkte  omsetjing av det franske namnet. Brain l'Alleud heiter Eigenbrakel og det skjønar ikkje eingong mannen min som lærer seg neerlandais.  Ein må vita kor ein skal hen, for å seia det slik. 
Mons er ein sjarmerande by, nydeleg gamleby, Warholutstillinga var fin, kunstutstillinga gjorde inntrykk. Ein flott katedral var det også her.

Haust, snart jul.

Hausten har gått fort, den plar gjerne det? Vi har hatt mange vakre dagar med flotte haustfargar, men sjølvsagt mykje regn også. Eg er godt i gang (halvvegs) med årseining i fransk på école superieure d'Østfold. I tillegg til fransk på "skulen" ein sykkeltur unna, vert det fransk fire og ein halv gong i veka.
Ved La Hulpe
Tenåringen går på svensk gymnas og jobber heftig med leksene, og mannen gjer mykje spennade og interessant på sin jobb.
 Gutane kjem ned om ei dryg veke, og eg skal prøve å få skrive nokre julekort snart.
 Pinnekjøtet er sikra, kjøt og kårabi er komen par avion frå Mega på Kleppe. Dersom kålrabien  ikkje held seg til jul skal eg seia frå. 
Har elles kjøpt frø og satsar på storproduksjon av kålrabi til våren. Vi har absolutt ein marknad her!

tirsdag 15. januar 2013

Gand eller Gent eller Ghent

Bittelitt gotisk fasade - Gand
Eg insisterer på Gand og Tønnes held på Gent, Ghent er engelsk stavemåte. Slik går nå dagane her i heimen. I det siste har eg språkbada både på kjøkken og på badet i radiostasjonen La Première der dei snakkar ein del - ikkje musikk heile  tida. Eksamen i modul 6 er det det handlar om.
Fjernsynet er på La Deux med frukost-TV eller Tv5 Monde - prøver å forstå nyhetene. Gjer oppgåver på PC'en der det er masse gode gratisressurser på fransk.
Den skumle borga Gravensteen
(ja ho heiter så)
Frankrike kjemper verkeleg for den frankofone kulturen internasjonalt. RFI som tyder Radio France International er stort sett betalt av Frankrike, av budsjettet til utanriksdepartementet. Frankrike bruker mykje pengar på å spreia fransk språk og kultur, sjølv om det er dårlege tider, så dei må jo tykkja dette er viktig? Kultur og sånn?
Språkbading løner seg, for ifølgje læraren min var eg ein av dei få som hadde forstått og svart rett på lyttetesten på modul 6 eksamen.Nye ord har eg problem med å læra, vanskelegare å få gloser til å finne rett skuffe i hjernen nå enn det var før. ( Og når dei har funne rett skuffe finn ikkje eg skuffa att når eg leiter etter ordet.) Alder heiter dette fenomenet, men læring av språk skal vera veldig bra mot senilitet, så her er det bare å stå på.

Klokketårnet bilde frå Pinterest
Gand altså (eller Gent eller Ghent) - ein av Belgias mange vakre gamle byar. Overtok etter Brügge då dei måtte pakka ned veveria etter at elva blei slamma opp og dei tapte byprivilegia sine. Høgt imponerande klokketårn, veldig skummelt slott/festning, fantastisk katedral med altertavle av van Eyck, mange flotte gamle bygningar, og så så mange fine butikkar!
Vi var der ein dag i glitrande solskin og temmeleg kald vind. Hadde fiskegryte på den same rare studentkaféen ved Vrijdagmarkt, den var nesten like god som sist vi var der - bare litt meir bein. Var oppe i klokketårnet, inne i katedralen, innom mange fine butikkar. Ein av oss fekk seg ein stilig hatt, og ei anna ein paljettopp på tebud.
Gand er ein gammal by og ein ung by, det er 70 000 studentar der og det preger sjølvsagt gatelivet.

På brua
 Organisasjonen Vooruit held til her. Dette er ein organisasjon med djupe røter i sosialistiske tankar om kunst og kultur til folket. Samenwerkende Maatschappij Vooruit oppstod eingog før 1900, dei har eit flott bygg med teatersal og konsertsal der vi hadde forfattarmøte med Knausgård.  Fantastisk arkitektur, flotte salar, mykje krusedullar og forgyling i dekoren som i si tid blei kritisert for å vera borgarleg. Bygget blei påbegynt 1911 og hadde si stordomstid mellom 1. og  2. verdskrigen. Etter krigen forfall huset før det i 1982 oppstod som kunst og kultursentrum. Nå  blomstrar det veldig med   kultur- og kunstarrangement. Bygget  har hundreårsjubileum i år.

Gand eller kva det nå er, er ein fin by som vi sjølvsagt dreg tilbake til, den også .Alle var rørande begeistra då vi insisterte på å prata neerlandais, sjølv om det for nokon av oss går litt i badl av og til.

torsdag 4. oktober 2012

Leuven / Louvain - språkstriden

Vi var i Leuven her om dagen eller Louvain som det også heiter,  i helga. Leuven ligg i Flandern, ein halvtime med bil frå der vi bur i Vallonia. Universitetet her er det eldste universitetet i Belgia grunnlagt i 1425. (Eat your heart out Kongelige Frederiks.)
Byen er nydeleg, med fine gamle bygningar. Sidan studiefinasieringa er dårleg, reiser studentane heim til mor og far med skittentøy og tomme isboksar på fredag kveld, og kjem tilbake søndag kveld, med middagsmat og  nyvaska tøy

Detalj av Rådhuset Stadshuis Leuven
Det heiter Katholieke Universiteit de Leuven, og det er eit
flamsk/nederlandsk-språkleg universitet. I 1968 blei ein franskspråkleg del skilt ut og heile fransk-røkla blei flytta til Louvain -La -Neuve i Vallonia som tyder det nye Louvain, dei laga altså eit nytt Leuven med den franske delen  av universitetet.

Som de veit er Belgia delt i to (minst.)  I nord ligg Flandern der dei snakkar nederlandsk/flamsk, ikkje fullt så mange strupelydar som vi brukte då vi budde i Wassenaar, elles likt.


Rådhuset i Leuven - svært hus
I sør ligg Vallonia der dei snakkar fransk, der bur vi, men vi er heilt på grensa.  Franskkurset mitt ligg i Rhode St Genese ellet Sint Genesius Rode og der er det nederlandsk som gjeld, Det er nesten fem km på sykkel.Her er det forresten mange svært velståande fransktalande belgiarar som flytter inn fordi kommunen ligg så nær Brussel.
Brussel er tospråkleg, men fransken dominerer, mykje på grunn av at mange av EU-institusjonane ligg der. Det finst også ein tysk koloni i Belgia med tysk som administrasjonsspråk

Historia (littegrann): Overklassen/adelen i Belgia har vore franskspråkleg. Belgia har mellom anna vore underlagt hertugen av Burgund. Frå gammalt av var Vallonia det rikaste området. Tungindustrien låg her. I Flandern var det bare bønder, ( og vevarane gjekk det ut med på 1600-talet som vi veit).  Det økonomiske tyngdepunktet har nå skifta, og det er i nord det er mest økonomisk vekst, medan Vallonia ligg etter. Språkstriden har altså økonomiske og historiske røter, som dei fleste krigar, og det er mykje gammalt hat her, også eit streif av klassekamp kan ein seia.
Vakre gamle hus i Leuven


Elevane i Flandern lærer engelsk på skulen, dei dubbar ikkje fjernsynet. Elevane i franskspråkleg skule lærer lite engelsk, alt dei ser på fjernsyn er dubba, pluss 90 %av filmane på kino, dei har nett nå begynt å læra nederlandsk på skulen. Det vi seia at dei i praksis ikkje kan snakka med kvarandre.
Vanskeleg for andre er det også. Byen Mons - på fransk-  som ligg i Vallonia, heiter Bergen  - på nederlandsk.

Språkstriden fører mellom anna til at det er dobbelt av alle institusjonar, noko som leier oss inn på  belgisk politikk som er forferdeleg vanskeleg.
For å gje dykk ein liten ide om kor komplisert alt er i Belgia er legg eg ved ei lenke til ein You-tube-video sjå, le og lær (?)