torsdag 21. mars 2013

Visst skal våren koma

- men er det naudsynt å somla så fælt då?
Jord,frø planter, knolla og lauk.
Vi hadde vår i to dagar. Eg fauk ut i verda -
i yr lukke kjøpte eg  dahlia-knollar av ymse slag (georginer), eg kjøpte gladiollauk, frøposar - deriblant tre forskjellige typar duftande erteblomster og flittiglise til nordsida, to sekker jord til leira, og eit lite brett blå stemor.

Lurte litt på kvifor det bare var stemor på hagesenteret, men det er liksom ikkje så mykje fart i det hagesenteret så eg tenkte det var vel greitt.

Ut og spa i det herlege vårveret - nærare 17 varmegrader. Spavende leira, spadde ned kompost og ny jord.  Stemødrene sette eg ned litt hist og pist. Dette er tøffe damer som toler nokre frostnetter. Eg la georgineknollane litt grunt og gladiolane litt djupt inntil husveggen. Georginene plar eg elles leggje i månadsskiftet april /mai heime i Sandvika. Då er det lite fare for hard frost, og georginene er smarte, dei held seg under jorda til dei skjønar det er greitt å koma opp.
Og eg er jo veldig langt sør då? Vert ikkje meir vinter her vel?

Kvitt og kaldt

Men det var då det verkeleg blei vinter. Eg fekk spadd ein halv sekk jord på georginene før det kom ein del snø att. Snøen kom  med vind frå nordaust - kald vind. Og temperaturen datt som ein stein. Minus 8 var det i periodar. Det var då vi ikkje hadde chauffage. Periodane med jysla kaldt varte heldigvis ikkje lenge, og eg spadde dobbelt lag med isolasjon(snø) oppå georginene. Så det kan vera det har gått bra. Stemødrene har elles greidd seg fint! Og eg krysser alt eg har for at dei fæle kuldegradene ikkje skal ha krope så langt ned i jorda at georginene er daude.

 Men det er ekstremvinter her dette. Har'kje vore så låge temperaturar  i mars sidan  1845. Faren til fransklæraren min fylte 81 år i første halvdel av mars og hadde aldri før opplevd snø på fødselsdagen sin.

Men erteblomstene

Erteblomster i plastbeger. Dei andre spirene er
Lavatera trimestris
spirer som bare det. Tre slag har eg kjøpt, ein kvit, ein mørk lilla nesten svart og nokre som ikkje vert så lange som eg skal ha i potte. Eg gler meg til en deilige lukta.
Lavatera trimestris er også ein grei sommarblomst som spirer godt. Det er verre med flittiglisene. Dei har hittil vore late og slett ikkje levd opp til namnet sitt, ikkje ei spire. Men eg veit at når dei eingong vert store fine planter ute i  hagen min så blomstrer dei heilt til frosten kjem.

Så du også vel !


Her får de mitt allerbeste tips for å få rask spiring på erteblomstfrø:
Ta eitt og eit erteblomstfrø og kutt bitteltt i skalet på frøet med ein kniv f.eks  Legg det så eit døger i vatn. Etterpå plasserer du frøa i fuktig papir, kaffifilter er fint. Pass på at kaffifilteret alltid er litt fuktig. Nå er det bare å følgja med. Du vil snart sjå at erteblomstfrøa sender ut forsiktige små røter Og så skal dei  plantast. Pass på å setja dei i ei djup potte dersom du sår inne. Erteblomstene har såkalla pælerøter som helst ikkje skal forstyrrast. Greitt å planta i mjølkekarti\ongar, då kan du bare riva opp pappen etterpå.
Lukke til!





mandag 11. mars 2013

Sjåfasjen er i stykker og nå vert det kaldt!

Sjåfasjen (lydskrift for chauffagen) vår har stønna og bore seg i det siste. Sidan vi ikkje har nokon erfaring med sjåfasjar, har vi tenkt at han må nå få lov til å bråka litt han også. Nokre gonger har radiatorane vore litt kalde, og av og til har det ikkje vore varmt vatn når tenåringen skulle vaska håret. (Tenåringen har mykje meir hår enn oss andre).

Kaldt og kaldare

Chauffagen - den grøne dingsen nede
skal bytast
På torsdag kveld var det kaldt, men fredag morgon var det varmt att og alle var glade. Fredag kveld blei ein kald  kveld igjen og det same blei laurdagen. Vi hadde tenkt oss til Lille i Frankrike, bare ein biltur unna, og tenkte at vi skulle få la sjåfasjen furta i fred ei stund. Men laurdag kveld og søndag morgon var det framleis kaldt og vi ringde til technicien.
Vi har ingen ekstra omnar, vi har ikkje peis, vi har bare radiatorar her i huset. Heldigvis har vi straum og kan varma vatn på komfyren. Dessutan har vi mange, nydelege heimestrikka (for ikkje å seia sjølvstrikka) genserar og kofter som var gode å ha på seg når temperaturen i stova gjekk ned.
Fin fasade i jugendstil - Lille
Teknikaren kom, han drog i leidningar, stakk skrujernet inn i kontakten for å kjenna om det var straum der (det var det - sikring også!),  og fortalde om alt han gjorde.  Dette er ting som eg knapt nok skjønar på norsk -  noko om å skifta fasar ( nei, dette har ingen ting med astrologi å gjera), men det høyrest jo som alt anna mykje finare ut på fransk. Han snakka dessutan lenge om alle dei forskjelliga fabrikata som finst av sjåfasjar, og at ein derfor ikkje kunne ha så mange delar på lager. Han konkluderte med at det var ein del som var i stykker og måtte skiftast ut, den måtte bestillast og det skulle han gjera grytidleg  måndag morgon.
Mannen og eg fekk trent og dusja på helsestudioet vårt. Vi blei alle inviterte på middag og peis av nokre gilde folk som også lånte oss elektrisk omn.
Så nå sit vi her og har det varmt i stova og på kjøkenet, temperert på badet og kaldt elles. 
Vi håper delen kjem og blir skifta i morgon. Utover i veka skal det bli jysla kaldt. Ifølgje yr.no vert det ned mot minus 7 på onsdag og på fredag bikkar det ned mot minus 14.

Eg vil bare ha sagt at eg flytta ikkje til Belgia for å få det like kaldt som heime på austlandet - nokon har misforstått noko her.

Men Lille

Bruktbokmarknad i den gamle Lille
er ein fin by. Tenåringen hadde med ei veninne, dei skulle shoppa. 
Mannen og eg skulle vandra i byen og sjå oss i kring. Charles de Gaulle er fødd i Lille, mor hans kom der i frå. Det var også eit fint kulturhistorisk museum der, med fleire måleri av Brueghel. Mange fine og spesielle motebutikkar,  eit morosamt bruktbokmarknad i l'Ancienne Bourse - ein stasbygning, og ein koseleg gamleby som er godt teken vare på. Dette er ein by som, som  så mange i Flandern, har ei historie med veveri og tøyproduksjon.

 Det er vondt å sjå barn tigga ved innkjørselsvegane til byen, men det såg vi her, som så mange andre stader - også i Brussel.

I parken rundt citadellet var det ganske mange dumdristige krokus som trudde på vår. Citadellet frå 1600-talet, ligg på øya  i elva som gav byen namn l'ile(tyder øya på fransk), men det var ikkje ope for besøk.

Og på heimvegen leidde dama som bur under panseret på "den store fine bilen", oss rundt halve Belgia på tulletur før vi endeleg kom heim til det kalde huset - rare greier.

 



onsdag 6. mars 2013

Å velja

Det er mange slags val, og  alle er ikkje like lette. Nokre kan synast vanskelege akkurat der og då, men resultatet får kanskje ikkje så alvorlege konsekvensar. 

Bollar for eksempel. Eg lagar som nokre av dykk veit,  gjerne Iduns beste bollar. Oppskrifta er ei blanding av ei bolleoppskrift eg fekk av ein kollega på biblioteket på Statens arbeidsmiljøinstitutt for lenge, lenge sidan, og nokre tips frå Ingrid Espelid Hovig.
I går laga eg dei med sjokolade og då går det sånn:

Under arbeid

Iduns beste bollar med sjokolade

500 g sikta kveitemjøl
3 dl mjølk 
100 g smør
1 dl sukker
1 snau ts hjortetakksalt
1 ts kardemomme (støyt kardemommefrø fint i ein liten mortar - det gir ein frisk kryddersmak - gjer nå det!)
50 g gjær eller 1 pose tørrgjær

100 g sjokolade mørk eller mjølke-
eventuelt samanvispa egg til pensling

Ta mesteparten av mjølet i ein bolle og bland inn sukker , krydder, hjortetakksalt og tørrgjær dersom du bruker det.
Smelt smøret i ei lita gryte, ha oppi mjølka, dersom du bruker tørrgjær kan du la denne væska få ein høgare temperatur enn dersom du bruker vanleg gjær. Ved vanleg fersk gjær rører du ut gjæren i noko av væska når den er fingervarm. Ved tørrgjær heller du væska oppi mjølblandinga når den er litt varmare  enn fingervarm.
Elt og knø - eg har'kje sånn stor kjøkenmaskin så eg bruker nevane. Du treng ikkje elta  like lenge som når du bakar grovbrød, men bruk gjerne litt tid. La heva til deigen har laga seg gassbobler og er blitt mykje større.
Ta deigen ut på bakebordet  og hiv på meir mjøl. Sjokoladen har du hatt liggjande i kjøleskapet så den er kald og lett å hakka opp med kniv, og blandar den i . Du kan også bruke matmølle/foodprocessor dersom du har slikt, men det er jo meir å vaska då.
Ferdig!
Av ein slik porsjon får du opp imot 20 bollar dersom du lagar dei små. Eg likar best små bollar for då orkar eg fleire. Pensle gjerne med samanvispa egg dersom du vil ha fin overflate og ikkje har eggeallergikarar i huset.
La etterheve ca 20minutt før du set dei inni midten på ein forvarma steikjeomn - ca 200-210 i 10-12-15 minutt.


Det vanskelege valet her er sjølvsagt om du skal ha mjølkesjokolade eller mørk sjokolade. Det kan bli for søtt med mjølkesjokolade og då tykkjest mørk sjokolade å vera eit godt alternativ. 
Det luraste er sjølvsagt å laga dobbel porsjon og la halvparten få mørk og den andre halvparten få mjølkesjokolade, eg plar gjera det.



Omsetjing  til fransk

Leksa mi til fredag er forresten å omsetja ei oppskrift til fransk og eg jobber hardt med bolleoppskrifta mi nå - utan sjokolade, men med rosiner - meir klassisk det. Første tenkte eg på å omsetje ei kransekakeoppskrift til fransk, men droppa det. Det finst faktisk fleire oppskrifter på kransekake eller kransekage på fransk på nettet, men dei manglar den der med å varme opp deigen til du svir knokane og eg anar ikkje korleis eg skal uttrykkje noko slikt på fransk..
Eg er nesten ferdig med oppskrifta mi, men finn ikkje hjortetakksalt i butikken og har tenkt å droppa det. Dei har ikkje noko heilt tilsvarande bollar her i Belgia så her snakkar vi eksport av matkultur.



Fargar, blomar og slikt

Tulipanar
Tulipanar også, velja farge på tulipanar kan vera skrekkeleg vanskeleg inn i mellom. I helga blei dei slik som på bildet sjølv om eg ikkje er kjempebegeistra for raudt og gult saman.






Dei vanskelege vala

-for oss nå handlar mykje om tenåringen og skuleval. Vi håper at anken til Utdanningsdirektoratet/Kunnskapsdepartementet skal gå gjennom slik at ho kan fortsetje på SSB på norsk vidaregåande skule.
  Alternativa vi har elles er vidaregåande skule i Noreg, internasjonal skule her (high school med nokre IB-fag) eller svensk gymnas, med svensk som framandspråk på SSB.

Vi veit ikkje heilt ennå, vi undersøkjer alternativa og må prøva å bestemma oss om ikkje så lenge.