tirsdag 30. oktober 2012

Bobla - økonomi og sånn

Sjevå var så løyen
Vi lever i ei boble, sjølvsagt gjer vi det. Norsk løn her i Belgia, billegare mat enn heime, ikkje stort andre sorger og bekymringar enn dei vi lagar oss sjølve. I høve til resten av Europa lever vel sånn sett heile Noreg i ei boble.

Verre for dei som  er ordentlege belgiarar. På Ford-fabrikken i Genk mister 10 000 jobben nå. Fabrikken vert flytta. Sjølv om det store biletet visstnok syner at Belgia er over den verste krisa skjer det stadig slike ting, veksemder legg ned, folk mister jobben.
General Motors la ned sin fabrikk utanfor Anvers Antwerpen for tre-fire år sidan. 
Interiør frå A  La Mort Subite i Brussel
Belgia har vore eit billand, dei har alltid skrudd bilar her - og kjørt dei sjølvsagt. Audi vert skrudd saman utanfor Brussel. Til bilen vår er delane laga i Kina, dei er skrudde saman til bil på fabrikken i Gent (Gand på fransk) og så sendt til Göteborg, der vi henta den. Men det er spørsmål om Volvo vil fortsetje å ha fabrikkar her,  når det er lågare lønsnivå andre stader.

A La mort subite interiøret er frå 1905 - originalt
Lønsnivå ja, for vaskehjelp i heimen betaler du  heilt lovleg og kvitt under 10 euro i timen. Går'kje an å leva av det , veit du, ikkje eingong med dei låge matprisane vi har. 

Inntektsskatten er elles  temmeleg  høg, og det er ingen skatt på formue. På grunn av dette siste, har Belgia for tida ein liten invasjon av rike franskmenn som flykter frå den nye skattepolitikken til Hollande. Vi får sjå korleis det går.
Landet slit. Eg les i Le Soir om vanskane i Vallonia, og Tønnes les i de Standard  om vanskane i Flandern, og så fortel vi kvarandre korleis landet har det.
Spennande bokhandel i Brussel
Eg forstår verkeleg  ikkje kvifor folk i Vallonia ikkje er interesserte i Flandern og vice versa. Men det er ikkje eitt land dette.

 Anvers (Antwerpen) var interessant for "oss" i Vallonia då det var val.
De hugsar den store thrilleren med Bart de Wever i Anvers (Antwerpen )? Nå er dette ingen thriller lenger fordi NVA med Wever vann stort.  Men nå må han altså begynna å samarbeida og laga koalisjon for bystyret, Det er stor forskjell på å vera Bourgmestre og å vera partileiar, kan du skjøna, og nå er vi i Vallonia vende tilbake til oss sjølve att.

Bileta denne gongen er frå byrundturen vi prøvde å vera med på på laurdag. På grunn av hagl, og surt regn måtte vi trekkje innandørs og fann ein nydeleg kafe og ein fin bokhandel.

lørdag 27. oktober 2012

Bare pélouse chérie?

Tønnes klypper
Første gong eg såg all den plenen tenkte eg 
 - blomsterbed,
 - kva med drivhus?
 - skikkeleg kjøkkenhage,
 - alle rosene eg ikkje har klima til å dyrka heime,
 - ferskentre,
 - druer, 
eg skulle rulla meg i blomar, velta meg i planter, i fargar og smak og lukt..Eg kom frå snaue 200 kvm tørr jord, grus og steinknaus i kalde Noreg ,  til 800 kvm jomfrueleg flat plen i milde Belgia.

plen, og klypper
Men det var før eg bokstaveleg talt stakk fingeren i jorda og skjøna kor eg var hen. Eg sit meir eller mindre i skyttergravene, vi snakkar tett leire her, tett GUL leire, heilt utan næring, utan luft. Vatnet vert liggjande  i små dammar på plenen når det har regna mykje, leira vert sleip, tung og kan sannsynlegvis slengjast rett  på dreieskiva og bli koppar og kar. (Hos vanlege folk renn vatnet etterpå inn i kjellaren, men vi er  svært heldige med huset).

plen, og
Jorda kan sjølvsagt bli betre. Då må det tilførast grus og torv og godt med gjødsel. Dette må spavendast ned  i leira minst 30-50 cm der eg vil planta noko, men først må eg sjølvsagt få hol på plenen og spa - jysla tungt.

Så kva gjer vi nå?
klypper plen.
 Eg bestemte meg for at eg ikkje orkar ein vår heilt utan  blomar, og samstundes makter eg ikkje jobba nok/tilstrekkeleg med jorda. Dermed brette eg opp det eg kunne, sette i gang med spada, fjerna litt pélouse, og grov opp to bed.
Der det altså nå planta eit utval av 160-70 forskjellige lauk, varierande frå muscari (perleblomst) via iris og narsisser til tulipanar. Vanlege påskeliljer pluss scilla er dei einaste som overlever i særleg grad i denne type jord, derfor var dei sjølvsagt utselde  for dei på hagesenteret då eg omsider kom for å kjøpa. Har spadd ned litt illeluktande kompost, (utruleg kor ringt det graset luktar når det rotnar,) pluss medbrakt Helgjødsel frå Sele som luktar ærleghønselort.

Planten på biletet er ein hortensia eg har fått
Det eine bedet, skal blomstra i blått, kvitt og litt raud
 i gåve, og sett ned i det eine bedet. Hortensia eller hydrangea på latin, trivst godt her og er vakre lenge, også nå blomane er visne.

Som de ser klypperTønnes framleis plenen, men bare ein gong i veka nå, og aldri på ein søndag, tullar ikkje med sånt, men det  haustar nå.


Det er forresten nesten  ikkje brunsniglar her, dei har sjølvsagt lite å leva av  på plenen vår, men vi kunne jo  invitert på litt løvetann?


.

tirsdag 23. oktober 2012

Le chauffage madame?

Chauffage tyder bare oppvarming, men alt er då så vakkert på fransk!
Zeeland i august - 35 varmegrader
Hos oss er det sentralfyr. Vi er slett ikkje vane med sentralfyrar, hadde varmepumpe, elektrisk og peis heime, men her er det altså sentralfyr og radiator.

Det kom ein mann og dreiv vanleg vedlikehald på sentralfyren rett etter vi hadde flytta inn, og då trengte vi jo ingen varme.  Han synte meg at eg bare skulle trykka DER på termostaten, og så kom ein liten flamme HER på displayet og då var vi i gang.
Vi har hatt  fint ver og mykje varme  stort sett heile tida etter at vi kom hit, men uti september blei det småkaldt på badet om morgonen, og då fekk vi ikkje varme på radiatorane, sjølv om vi trykka DER og det kom flamme HER.
Termostaten har manual på fransk, neerlandais og anglais, men den skjønte vi ikkje bæret av sjølv etter å ha nærstudert den, eg er eigentleg flink med bruksanvisningar.
Var borte hos naboen som har same type chauffage, og studerte systemet deira (likt vårt), men det hjalp ikkje
To parasollar måtte vi ha
Eg ringte til firmaet og snakka så fransk eg kunne, jysla vanskeleg på telefon, dei ser ikkje hendene mine. Vi gjekk over til anglais etter ei stund då vi ikkje forstod kvarandre meir, og då snakka ho ein masse om eating, og eg skjønte ikkje kva eting og mat hadde med dette å gjera, heilt til eg forstod at ho meinte heating - frankofone greier ikkje h i begynnelsen av ord. Då fekk vi oppklart ein del, og ho sendte bort ein technicien. 
Mannen fann ein obstruction i den runde dingsen mellom sjølve hovudgreia og røyra som går ut med det varme vatnet til radiatorane rundt i huset , det varme vatnet kjem ikkje vidare altså, vous comprenez?
På veg heim
 Han skrudde på ei skrue slik at det kom ut noko skit pluss varmt vatn pluss varm luft, og så suste  det i radiatorane igjen. Dette er eit vanleg problem med slike system som det vi har, og eg meiner vel at han som hadde vanleg vedlikehald i august burde ha sjekka det. Denne teknikaren fann ut at termostaten faktisk var øydelagt, og i dag kom det ein ny mann og skifta. Denne termostaten er  heilt enkel  med bare dag- og nattinstilling. 
Men han oppdaga i tillegg ein lekkasje "une fuite" i chauffagen i kjellaren, og reparerte den.
 Har tru på han siste mannen eg, likte han best.
Men nå har vi ny termostat, ingen lekkasje, varme i radiatoren, og meteorologisk har spådd 22 varmegrader og solskin i dag, ikkje synd på oss.
Bileta har ingen ting med chauffagen vår  å gjera, dei er frå ein tur til stranda då det var så varmt i august, så tematisk er det vel ein samanheng.

søndag 21. oktober 2012

Waterloo Wives - the parties

Arbeider med borddekorasjonane
Fårikålfesten med naboane  i muhlegrenda var noko vi gledde oss til kvar haust. Det var alltid kjekt!  Kva er vel betre enn godt lag og  god mat og drikke?  Vi har vore inviterte på fest til fleire i Waterloo og hadde lyst til å invitera nye vener på eit ekte fårikållag hos oss.
Øl til maten er det lettaste, så mykje godt øl å velja i mellom til det vesle lammet, alkoholfritt også sjølvsagt. 
Akevitten blei Løitens linie sjølv om vi er svorne tilhengjarar av Gammel Opland - den er litt rundare og mildare, men vanskeleg å få tak i. Sidan  vi ikkje kjenner fårikålvanane til gjestene våre,  fann vi ut at vi burde ha eit vinalternativ til fårikål.

Eg forska  i materien - og her slåst dei lærde  - nokon seier raud kraftig: Côtes du Rhône, andre seier raud lett: Valpolicella. Atter andre seier kvit - og då tysk kvit: Riesling eller Grüne Veltliner. Dei hadde ingen av dei anbefalte merka på butikken så eg kjøpte nokre flasker tørr riesling og valpolicella.
Vi droppa sitron og tok dill i staden
Kål var det greitt å få tak i. Chou blanc heiter vinterkålet på fransk, digre kålhovud kjøpte vi. Eg hugsar vi hadde problem med å få tak i vanleg kvit kål i Nederland, der var det dyrefor.
Kjøtet var ikkje det enklaste. Til fårikål skal ein ha skikkelege kjøtstykke som toler to-tre timars kok. Det dei kalla ragout-kjøt var for smått og feil skore opp. Vi bestilte fem kilo kjøt blanding av  ragout, størrelse plus gros, og epaule - epaule tyder skulder på fransk og på det vesla lammet vårt  er det bogen.
 Og ja - det er greitt å både  kunna litt fransk og elles bruka kroppsspråk når ein skal forklara kor på lammet ein er og korleis stykka skal vera skorne. Vi fann ut av det.


Slik blei dei - hadde 24 stykke,
nydeleg blomsterbukett ikkje sant?
Vi skal ha litt å bita i før middagen så vi serverer litt lodderogn eller røykelaks i sånne små butterdeigsskjell, med rømme, finhakka sjalottlauk og litt dill. Desse kan eg ikkje fylla før rett før gjestene kjem, og til denne får dei eit glass champagne - ( som var på tebud på butikken!)
Eplekake  og litt god sjokolade til kaffien etterpå. Fann ei ny oppskrift på detsoteliv.no som er yndlingsnettstaden min når det kjem til kaker, denne var det nellik, kardemomme og ingefær i - jysla god blei ho.
Blomar på bordet må vi ha. Eg kjøpte Calla, noko astersaktig og ein rar tilstelaktig blom til i haustfargar hos ein blomsterhandlar og henta eføy i hagen. og laga tre små dekorasjonar som blei sett etter kvarandre på bordet.Slikt tykkjer eg er kjekt.
Vi hadde tenkt å fortelja gjestene om det nydelege vesle lammet som gjekk på beite heile sommaren blant lyngtuene på høgjæren, og dei staselege hovudkåla som vaks i den næringsrike jorda i Lyngdal. Eg skulle simultanoversetje til fransk, ein av gjestene våre er fransktalande, og så skulle Tønnes mima der fransken min ikkje strekte til. Men Tønnes trekte seg - feigingen!

Ferdige borddekorasjonar

Det blei eit hyggeleg fårikållag likevel, vi får gjera det omatt til neste år..

mandag 15. oktober 2012

Politikk og sånn - val

Vi var på sykkeltur på valdagen
Det har vore kommune- og regionsval i Belgia. Det er 589 kommunar her og 10 regionar. Kommunar og regionar har mykje makt og sjølvråderett, noko som sjølvsagt er bra,men som også kan hindra utviklinga av gode føderale ordningar.

 Makt på lokalplanet gjer sjølvsagt desse vala veldig viktige, også fordi dei gir ein peikepinn om valresutatet ved det føderale valet -altså det belgiske "stortingsvalet"om to år,

Den store thrilleren i år har vore valet i Antwerpen /Anvers. Her er det partiet NVA Nieuw- Flaamse Alliantie som vart tippa som, og som også blei den store vinnaren. Dette partiet er nasjonalistisk - for eit uavhengig Flandern, det er også populistisk, samstundes som dei har sans for grøne verdiar, dei gir gjerne u-hjelp, og vil setje krav til innvandrarar. Bart de Wever er leiaren og etter denne sigeren vert han sannsynlegvis bourgmestre  i Anvers etter Jansens som er sosialdemokrat.  Ingen av dei sitjande regjeringspartia, vi snakkar absolutt  koalisjon her, fekk særleg støtte i Flandern.


Brunt storfe
N-V A ønskjer eit fritt Flandern. Den økonomiske veksten har dei siste åra vore nord i Belgia, og spesielt i Antwerpen/Anvers. Det bur 6 millionar flamlendarar i Flandern, som er leie av å dra på Vallonia. Høyrt det før?
Kva skjer då ved det føderale valet om to år?
Vert Belgia delt?
I kor mange delar då?
Kva skal dei gjera med Brussel?


Valet i Vallonia har ikkje vore så spennande. Her har regjeringspartia gjort det ganske greitt. Derfor har våre franskspråklege TV-kanalar også vore mest opptekne av valet i Flandern og Anvers/Antwerpen. Her i bygda Waterloo er det MR som har vunne trur eg, det er eit konservativt parti på line med Høgre heime.


Søt ponni
Men dei kan jo ikkje dela landet. Eller kan dei? Ser vi på kartet burde det vel vera greitt å gje Flandern til Nederland og Vallonia til Frankrike, (Brussel er eit problem sjølvsagt.) Også at Belgia er katolsk, og dette er vel grunnen til at dei blei skilt frå Nederland i 1830, etter å ha vore i union med dei sidan 1815 (Napoleon og alt det der veit de.)
Dessutan liker ikkje belgiarar nederlendarar fordi dei er firkanta og pripne, og dei liker heller ikkje franskmenn fordi dei er så høge på pæra. Problemet er jo som vi har sett at dei heller ikkje liker seg sjølv....

Kongen og fotballen er det einaste som held landet saman seier nokon. Og kongen hadde ein hard nok jobb då han skulle prøva å få til ei regjering. Fram til 6. desember 2011 hadde landet vore 540 dagar utan regjering, ganske lenge det? I den perioden hadde dei også formannskapet i EU og her gjorde dei godt arbeid, dei er dyktige byråkratar.


Lokale valkandidatar - etterpå
Fotballen - Les diables rouge/ Rode Duivels veit eg ingen ting om, og vil'kje vita det heller.

fredag 12. oktober 2012

Språkstriden - heimen

Morgonskodda lettar.
Tønnes lærer nederlandsk. Han får timar i dette og les  de Standard. 
Eg lærer fransk.  Syklar og går to gonger i veka til Rhode Saint Genese (fransk) Sint Genesius Rode (nederlandsk) der skulen min er. Det er eit vakkert landskap. Tidleg på morgonen når natteskodda lettar og sola bryt gjennom kan det sjå slik ut.

På vegen kjem eg forbi ein gard der dei sel nieuwe aardappels, dei har ein paard te koop og også konijnen te koop - paard tyder hest, men resten er jo lett å forstå for ein jærbu. Vi er i Flandern.
Eg syklar også gjennom villaområde  med verkeleg svære hus med digre parkanlegg i kring, der bur det mest sannsynleg rike fransktalande belgiarar som arbeider i Brussel. Ikkje bare enkelt dette nei. Læraren vår kjem frå ein nedelandsk familie, er fransklærar for oss, huset hennar ligg i Flandern, men hagen er i Vallonia. 



Harmoniske belgiske kvite kyr (Blanc belgique)
som sannsynlegvis drit i språkstriden
Dei som har budd litt både her og der seier det er meir orden på ting i Flandern. Meir system, fleire sykkelstiar, meir effektivitet, og meir reserverte folk. Vi som bur her i Vallonia tykkjer det hadde vore hyggeleg med meir effektivitet og system, men set veldig pris på at folk er så venlege og imøtekomande. Alle helser på kvarandre i gata vår.
 I samhandling med andre, døme Belgacom (internett telefon), døme firma som har med sentralvarmen å gjera,  vert den utilstrekkelege fransken min venleg motteken. Dette kan sjølvsagt ha noko med at deira engelsk er vel så dårleg, men eg har endå aldri møtt den franske språkarrogansen som eg hugsar så godt frå tidlegare besøk i det store nabolandet i sør. 

I Flandern er jo folk flinke i engelsk, men dei vert likevel svært glade når vi snakkar nederlandsk med dei. dei er absolutt vane med at utlendingar ikkje gidd læra seg nederlandsk, og vert begeistra når nokon prøver. I kveld (fredag) skal vi til  Anvers/Antwerpen på noko sånn militær tattoo, så då får vi vera litt frampå med nederlandsken
Morgonsol

I heimen er det slik at Tønnes set radioen på badet på ein nederlandsk kanal, og når eg kjem etter skrur eg over på ein fransktalande kanal. Det same gjentek seg på kjøkkenet litt seinare. Gratisavisa Metro (bra!) finst på begge språk. Eg har kjøpt Elle i fransk utgåve, les masse reklame som kjem i postkassa,  og les dessutan ein del bøker. Den siste er L'élégance du hérison (håper aksentane vart rette nå,) Pinnsvinets eleganse på norsk av Muriel Barbery, det var ein bestseljar  for eit par år sidan. Eg er med i ein lesesirkel (norsk) , men fekk ikkje boka på norsk eller engelsk. Absolutt for vanskeleg på fransk, men eg kom meg gjennom - god bok forresten, litt feelgood, men kan absolutt lesast.

Vi har belgisk fjernsyn og ser nok mest flamsk TV pluss BBC og CNN for nyheter. Eg leiter etter franske såpeserier, treng å få språket meir inn i øyret, auka auditiv forståing, men har ikkje funne nokon eg har lyst å sjå på ennå.
På søndag er det val her - då er vi over på belgisk politikk som er jysla komplisert. Eg har prøvd å lesa valprogramma til dei partia som har lister her i regionen, og det ser ut som dei meiner mykje godt.....
Ein kuriositet til slutt: I Belgia er valet ein plikt, dersom du ikkje røyster ved valet  må du betala bot -  løgne ting?

onsdag 10. oktober 2012

Slottet

Elin går på skule på eit slott. Det er mange slott her  ikring, så  det er fint at dei kan brukast til skule tykkjer eg.
Elevane samla framfor slottet
På slottet er det internat for dei elevane som bur heimanfrå, det er kantine, møterom og formingsrom, andre klasserom er i ei anna bygning ved sida av. 
Elevane på skulen er frå Sverige (majoriteten), frå Noreg (nestflest), Danmark og Finland. I år er det ingen frå Island her.
Det er 72 norske elevar på skulen, frå 1. klasse og ut vidaregåande. Dette er den einaste skandinaviske skulen i verda, og det er her mykje av problemet oppstår, trur eg.
Den norske og den svenske staten gir begge økonomiske tilskot til skulen.

Utdanningsdirektoratet har skrive ein førebels tilsynsrapport om skulen, den er offentleggjort og publisert,  og  den inneheld alvorleg kritikk av administrative tilhøve, økonomi og rekneskap.
Det tilsvarande tilsynet i Sverige har også hatt tilsyn med skulen og har også mykje å utsetje.
Begge tilsyna ser på skulen som anten ein norsk skule eller ein svensk skule. Den norske og den svenske privatskulelova er i konflikt på fleire punkt.  
Mykje av rotet er gammal moro, frå avgått rektor og avgått styre.Mange av dei kritiske punkta er alt retta opp, eller det er lagt ein plan for korleis dette skal gjerast.  Styringsform/rekneskap må endrast slik at tilskotskronene kan følgjast til den einskilde eleven.
Dette er det einaste skuletilbodet norske barn har i Belgia. EU-barn (!) har Europa-skulen.

Det pedagogiske tilbodet er godt. Elin seier ho aldri har hatt så gode lærarar. Elevane får ein framifrå kompetanse i å skjøna andre nordiske språk, trur til og med nokre av svenskane skjønar norsk eg.. Dei har undervisning på engelsk i tillegg til dei nordiske språka, og høyrer fransk omkring seg, pluss at gymlæraren snakkar fransk.
Eg håper verkeleg styret på skulen greier å rette opp det som er gale slik at SSB kan fortsetje, eg har tru på denne skulen.

torsdag 4. oktober 2012

Leuven / Louvain - språkstriden

Vi var i Leuven her om dagen eller Louvain som det også heiter,  i helga. Leuven ligg i Flandern, ein halvtime med bil frå der vi bur i Vallonia. Universitetet her er det eldste universitetet i Belgia grunnlagt i 1425. (Eat your heart out Kongelige Frederiks.)
Byen er nydeleg, med fine gamle bygningar. Sidan studiefinasieringa er dårleg, reiser studentane heim til mor og far med skittentøy og tomme isboksar på fredag kveld, og kjem tilbake søndag kveld, med middagsmat og  nyvaska tøy

Detalj av Rådhuset Stadshuis Leuven
Det heiter Katholieke Universiteit de Leuven, og det er eit
flamsk/nederlandsk-språkleg universitet. I 1968 blei ein franskspråkleg del skilt ut og heile fransk-røkla blei flytta til Louvain -La -Neuve i Vallonia som tyder det nye Louvain, dei laga altså eit nytt Leuven med den franske delen  av universitetet.

Som de veit er Belgia delt i to (minst.)  I nord ligg Flandern der dei snakkar nederlandsk/flamsk, ikkje fullt så mange strupelydar som vi brukte då vi budde i Wassenaar, elles likt.


Rådhuset i Leuven - svært hus
I sør ligg Vallonia der dei snakkar fransk, der bur vi, men vi er heilt på grensa.  Franskkurset mitt ligg i Rhode St Genese ellet Sint Genesius Rode og der er det nederlandsk som gjeld, Det er nesten fem km på sykkel.Her er det forresten mange svært velståande fransktalande belgiarar som flytter inn fordi kommunen ligg så nær Brussel.
Brussel er tospråkleg, men fransken dominerer, mykje på grunn av at mange av EU-institusjonane ligg der. Det finst også ein tysk koloni i Belgia med tysk som administrasjonsspråk

Historia (littegrann): Overklassen/adelen i Belgia har vore franskspråkleg. Belgia har mellom anna vore underlagt hertugen av Burgund. Frå gammalt av var Vallonia det rikaste området. Tungindustrien låg her. I Flandern var det bare bønder, ( og vevarane gjekk det ut med på 1600-talet som vi veit).  Det økonomiske tyngdepunktet har nå skifta, og det er i nord det er mest økonomisk vekst, medan Vallonia ligg etter. Språkstriden har altså økonomiske og historiske røter, som dei fleste krigar, og det er mykje gammalt hat her, også eit streif av klassekamp kan ein seia.
Vakre gamle hus i Leuven


Elevane i Flandern lærer engelsk på skulen, dei dubbar ikkje fjernsynet. Elevane i franskspråkleg skule lærer lite engelsk, alt dei ser på fjernsyn er dubba, pluss 90 %av filmane på kino, dei har nett nå begynt å læra nederlandsk på skulen. Det vi seia at dei i praksis ikkje kan snakka med kvarandre.
Vanskeleg for andre er det også. Byen Mons - på fransk-  som ligg i Vallonia, heiter Bergen  - på nederlandsk.

Språkstriden fører mellom anna til at det er dobbelt av alle institusjonar, noko som leier oss inn på  belgisk politikk som er forferdeleg vanskeleg.
For å gje dykk ein liten ide om kor komplisert alt er i Belgia er legg eg ved ei lenke til ein You-tube-video sjå, le og lær (?)



mandag 1. oktober 2012

Waterloo Wives - the wines

Vin på tebud på nærbutikken
Det er vintilbod på butikken for tida, og her er det ikkje bare kjøp fire få fem. 
Det er endå betre:  kjøp fire få to gratuite.
Jysla billeg  i forhold til norske prisar også.  Her ser de litt av utvalet. Det er mest fransk vin, vi saknar kanskje litt italiensk og spansk, men har funne nokre greie økologiske.

På veg ut av butikken  kom eg forbi ein sånn prøvedisk de veit, der de får smaka ein ny type pastasaus, eller iskrem eller juice.

Prøvesmaking

Her var det spansk brandy av eitkvart slaget, 43  heitte det .

Eg sykla så eg kunne vel prøvd meg, men flesteparten elles kjører bil så ikkje veit eg kor lurt dette er.

Eg bad pent om å få ta eit bilete og sa at eg laga blogg for "mes amis en Norvège", og at slikt var svært uvanleg i Noreg. 
Då smilte han breidt og eg kunne bare knipsa.

Carrefour er ein stor kjede. Dei har ei mengd aksjonar, tilbud, klistremerke å samla på, 
klistre inn i bøker og spare til eitkvart. 
Eg HAR skaffa meg Carrefour-kort, eg har det, men er noko usikker på kva eg skal gjera med alle poenga ein får. Men "on verra" (og det er futurum).


Butikken er open til kl. 20.00 på kvardagar. Nokre butikkar har ope nokre timar søndag føremiddag så du får kjøpt ferske croissantar til frokost.Men har du gløymt å kjøpe mjølk klokka 20.05 kan du bare gløyme å stikke ned på Shell'en eller Statoil'en eller 7-11 og kjøpe. Slikt finst ikkje her i Waterloo, bensinstasjonen sel bensin. (punktum).

Bare for å ha det  helt klart: Eg stod altså over den prøvesmakinga, vi går ikkje heilt i hundane her nede, vi klypper plenen slik vi skal og kan føra oss så langt.