Viser innlegg med etiketten vin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vin. Vis alle innlegg

torsdag 10. oktober 2013

Frå Cava til Champagne - ei kassereise

Endeleg tok vi den, studieturen til Champagne, 
Vinmark - vignoble
hadde fått gode råd av kolleger og vener både
her og der om kor det var lurt å dra, og kva det var lurt å sjå.
Er ikkje langt til Champagne, det er i grannelaget det også, nokre timar med den store, fine bilen og så er vi der.

Épernay 

Vi drog til den vesle byen Épernay sør for Reims (Reims skal uttalast Ræ:s - med nasal og uttalt s, det er eit unntak). Her hadde vi bestilt både hotell og middag på restaurant. Nydeleg liten by som altså har ei gate som heiter Avenue du Champagne. Dette er nok den dyraste gata i verda vert det sagt. For her - under gata - ligg det kjellar på kjellar i i mange etasjar langs heile vegen - med millionvis flasker champagne. Så Kirkegaten og Rådhusplassen i Monopol vert bare for eit usle smug å rekna i forhold til dette.
Meir vinmark
Som ein lekk i vaksenopplæringa blei vi
Vinkjellaren hos Moët &Chandon
med på omvisning i kjellaren til Moët & Chandon - skal uttalast Moett tydeleg t) og Sjangdong (nasal over vokalane) - og ja, uttalen av Moët  er også eit unntak.

Mange kilometer kjellar i fleire etasjar her.


Prosessen

Det tar tid å laga champagne. Druene må pressast forsiktig, slik at fargestoffa frå skalet ikkje kjem med i safta. Så vert det laga vin - vanleg kvit vin (eventuelt rosé for avvikarar som vil ha pink champagne...). Vinen vert tappa  på flasker etterkvart , og SÅ tilset dei ekstra gjær og sukker for å laga boblene. Flaskene vert kapsla med vanlege bruskapslar. Sidan tilsetjinga av gjær og sukker skapar grums og botnfall i champagnen, må flaskene vendast. Det er ein lang
Skilt frå Hautvilliers som syner heile prosessen
prosess det! Du må snu dei litt og litt og litt om gongen - til flaskene står på hovudet og  botnfallet ligg rett over kapselen. Det dei då gjer i Moett og Sjangdong (for at de skal hugsa uttalen!) er at dei frys flaskehalsen  med kapsel nokre centimeter opp. Når dei då fjerner kapselen vert botnfallet med, og så må dei vera jysla kjappe å få på skikkeleg kork med ståltråd før boblene fyk avgarde. Kvaliteten på boblene, korleis dei oppfører seg, seier noko om kvaliteten på champagnen. Akkurat det skjønar eg ikkje heilt, eg er mest oppteken av smaken, og det er heilt klart forskjell på gode og ikkje så gode champagnar. Slik som det er på vin.



Hautvilliers

Gate i Hautvilliers
-er ein vakker liten landsby som ligg på ein bakketopp nord for Épernay. Her er grava til Dom Perignon, han munken som visstnok oppfann champagnemetoden. Moët & Chandon har lånt namnet hans til sin årgangschampagne - den dei bare lagar av og til når kvaliteten på druene er spesielt god. Den siste er frå 2004 -det tar så mange år før champagnen er drikkeferdig.
Gamle nydelege hus, smale krokete gater, mange champagneprodusentar, og bølgjande vinmarker ikring. Innhaustinga - les vendanges - var i gang, og folk hadde det travelt, men vi fekk besøka eit lite champagnehus som bare lagar 30 000 flasker i året. Dei hadde ei gammaldags trepresse til druene sine og
Trepresse til druer
god champagne, og her blei ei kasse med oss heim.



Reims 

har også mange champagnehus, men sjølv tenkjer eg helst på katedralen når eg tenkjer på Reims (Ræ:s), også Jeanne D'Arc sjølvsagt. I denne praktfulle katedralen fekk ho kront
Den smilande
engelen - kvifor smiler
han?
dauphinen i 1429, og dermed kveikt folket til kamp mot dei engelske okkupantane -  vi snakkar hundreårskrig her, England hadde okkupert halve Frankrike.


Seinare var ho med på å føra den franske hæren i fleire vellukka slag mot engelskmennene.  Det var hundreårskrigen dette.
Ho vart seinare selt  for 10 000 livres (gammal fransk mynteining) til dei engelske okkupantane som fekk henne dømt for kjetteri og  brent levande på torget i Rouen. Ho vart helgen i 1920. På grunn av alle rettspapira frå saka mot henne, og at kyrkja rehabilterte henne alt i  1456 (saksbehandlingsfeil!),  veit vi mykje om korleis livet var i mellomalderen.
 Det var messe og korsong då vi var der, vi er heldige sånn, ein praktful katedral.





Frå cava til champagne og tilbake igjen

Katedralen i Reims
Elles er det foire du vin, vinmesse på nærbutikken, og dei har tilbud på ein god cava - tre for to. Den er grei når ein skal feira litt i det små. Noko av det vi lærte på vaksenopplæringa til Moët & Chandon er at det er viktig å feira og å gleda seg. Ein god champagne  kan gjerne lagrast  nokre år, men det viktigaste er  å ta vare på gleda og feira når ein kan, og då gjer gjerne ein cava same nytten.

onsdag 17. april 2013

Femmes au foyer - fidelité

Rett omsett er det om husmødre  og truskap, men nå er det truskap mot butikkane det handlar om. Eg har lagt ved nokre bilete av blomar og grasklypp - det vert etterkvart vår her.


Carte de fidelité - generelt

Eg har ein haug med kort. Kort hos Carrefour, Plus-kort hos DelHaize og Di, kort frå diverse
Mannen klypper plen - laurdag

parfymeri eg sjeldan bruker. Kort på apoteket der dei har så gode sjampoar og eg får så mange prøvar. Kort hos frisøren der eg går for sjeldan, og som farger håret mitt i rare raudfargar.

Ja, det vert definitivt veldig kort hår frametter, her snakkar vi om både språkvanskar og kulturforskjellar..


Carrefour - spesielt


 Det einaste eg alltid hugsar å bruke er Carrefour-kortet for der handlar eg daglegvarer, og eg er der ofte.
Der har dei også andre kort. Eg har brødkort som eg stemplar kvar gong eg kjøper brød.. Kvart ellevte brød er då gratis, men ikkje alle slag. Det gjeld dei små formbrøda. 
I tillegg har dei alle slags promotions og slikt. Fram til mai har eg eit kort eg stemplar kvar gong eg har handla for 25 euro, når kortet er fylt opp får eg ei flaske vin - en heilt grei bordvin. Eg har fått nokre slike - kjekt det for ein nordmann å FÅ vinflasker på butikken.

I tillegg  får eg poeng kvar gong eg handlar der. Nå har eg vel drygt 5000 poeng eller noko, men dei veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera med.

Men timbres derimot

Store og små handkle - 70% avslag -
vaskekluter følgjer også med
Timbres kjære vener, eller zegels på néerlandais, eller klistremerker på norsk, det er sånne du får når du har kjøpt for eit visst beløp. Så klistrer du dei på eit ark  -   "Noko må dei finna på"  - som svigermor mi ville ha sagt det. Her har eg full kontroll! 
Når arket er fullt kan du kjøpa ting til ein billig penge, for eksempel kasserollar eller fine handkle.
Eg har kjøpt både kasserolle og mange fine handkle.
Fargane -  krem og mørk grå er kanskje ikkje så livlege, men er resultat av eit kompromiss i heimen: mannen liker ikkje lilla og turkisfargen dei tilbaud var ikkje pen.






Tid tar det

Det å handla på butikken tar sjølvsagt ein del tid. Ein skjønar jo at dei forskjellige promotions
Ville påskeliljer i skogen
må vegast opp mot kvarandre og diskuterast - kva er det beste for meg? Mange har også einslags matsjekkar dei handlar med, alle desse lappane skal jo registrerast og leggjast ned i forskjellige lommar og poser. 

Kassadamene er ekspertar på alt dette, og tek seg i tillegg også alltid tid til å prata litt ekstra med folk dei kjenner, kyss på kinnet og ça va?
I byrjinga hadde eg det travelt og tykte det var ineffektivt, nå pusta eg med magen og tykkjer det er ganske hyggeleg. Vi helsar alltid på folk på butikken - bonjour med eit smil og au revoir når vi går med varene våre, kjekt det.


mandag 1. oktober 2012

Waterloo Wives - the wines

Vin på tebud på nærbutikken
Det er vintilbod på butikken for tida, og her er det ikkje bare kjøp fire få fem. 
Det er endå betre:  kjøp fire få to gratuite.
Jysla billeg  i forhold til norske prisar også.  Her ser de litt av utvalet. Det er mest fransk vin, vi saknar kanskje litt italiensk og spansk, men har funne nokre greie økologiske.

På veg ut av butikken  kom eg forbi ein sånn prøvedisk de veit, der de får smaka ein ny type pastasaus, eller iskrem eller juice.

Prøvesmaking

Her var det spansk brandy av eitkvart slaget, 43  heitte det .

Eg sykla så eg kunne vel prøvd meg, men flesteparten elles kjører bil så ikkje veit eg kor lurt dette er.

Eg bad pent om å få ta eit bilete og sa at eg laga blogg for "mes amis en Norvège", og at slikt var svært uvanleg i Noreg. 
Då smilte han breidt og eg kunne bare knipsa.

Carrefour er ein stor kjede. Dei har ei mengd aksjonar, tilbud, klistremerke å samla på, 
klistre inn i bøker og spare til eitkvart. 
Eg HAR skaffa meg Carrefour-kort, eg har det, men er noko usikker på kva eg skal gjera med alle poenga ein får. Men "on verra" (og det er futurum).


Butikken er open til kl. 20.00 på kvardagar. Nokre butikkar har ope nokre timar søndag føremiddag så du får kjøpt ferske croissantar til frokost.Men har du gløymt å kjøpe mjølk klokka 20.05 kan du bare gløyme å stikke ned på Shell'en eller Statoil'en eller 7-11 og kjøpe. Slikt finst ikkje her i Waterloo, bensinstasjonen sel bensin. (punktum).

Bare for å ha det  helt klart: Eg stod altså over den prøvesmakinga, vi går ikkje heilt i hundane her nede, vi klypper plenen slik vi skal og kan føra oss så langt.

onsdag 26. september 2012

Waterloo Wives - shopping

Tittelen er meint å virka litt sånn pirrande - minner litt om Hollywod wives - hæ? Var meininga det.

Femme de maison heiter det på fransk det som tilsvarer husmor på norsk . Må ikkje blandast saman med femme de chambre som er det same som stuepike. 

Kvar dag skal mann og barn ha variert,  rett samansett og helst heimelaga mat (her kjører vi stort sett mat laga frå botnen, med unntak for bruk av buljong) . 
Eg handlar på Carrefour. Dette er ein kjempediger burikk med fantastisk utval av frukt, grønsaker, kjøt og fisk. Fisk er litt smådyrt her, men elles er resten mykje billegare enn heime, og då meiner eg verkeleg mykje billegare
.
Men alt er jo annleis då. Kjøpa mjøl for eksempel: det er mjøl som er tilsett hevemiddel, og mjøl som bare skal brukast i sausar, og så er det vanleg sikta kveitemjøl (men det heiter jo ikkje det då). Mjølk fins i alle variantar. Det mest vanlege er kokt, hermetisert mjølk som vi ikkje tykkjer er så god å drikke, men den kan brukast i matlaging. Du finn også vanleg frisk mjølk demi ecrémé eller half voll (sjå språkstriden),  surmjølk, og hundrevis (?- har ikkje telt) forskjellige yoghurt og kvarktypar. Hylle opp og hylle ned med kjeks og frokostblandingar, dyrefor, og hermetikk, ein vegg med pasta. 
Eg tenkjer vel av og til at ingen kan då ha bruk for slikt utval?
Min Carrefour er nokså normalstor sånn to gonger Ultra - det er eit digert hypermarked borti høgget også , men der vert eg redd...

Også vin då, alle slag, billeg også i forhold til heime- god vin for 40-50 kr. Reolar med vin, nå er det ein slags aksjon på gong også "Kjøp fire få den femte gratis" og så vidare.  Chablis på tilbud også i går, ein anstendig enkel chablis nedsett til 6 euro og noko. 

Den hadde nok passa fint til fiskemiddagen vår:

På ei seng av lettsurra frisk spinat  (surra i ein wok med olivenolje til den fell saman), legg du  torskefilet presser sitron over og salt og pepar, inn i omnen 200 grader. Du har kokt  poteter i bitar, så det er lett å laga potetstappe av dei med smør og mjølk, ei teskei fransk sennep er alltid godt i potetstappe, puttar oppi litt riven ost som du har i kjøleskåpet Eit par gulerøter i stavar vert kokt i lettsalta vatn. Tar ut forma frå omnen danderer gulrotstavar over og potetmos med ost på toppen. Inn i omnen att, og det vert servert når far kjem frå arbeid. Pass på tida, det kan fort bli litt tørt.  Bruk gjerne andre fiskeslag, med sei t.d. kan du kjøra på med meir krydder.
Ei av ølhyllene på butikken, det er mange fleire

Men  ein  bør ikkje drikka vin så ofte, så det blei vatn i går.


Belgiarane er glade i øl også, og lagar mykje godt øl og mykje rart øl.  Mange øltypar har mykje høgare alkoholprosent enn vi er vane med.
Her er eit bilete frå ei ølhylle på butikken:

  I tillegg til "vanleg" øl som liknar på vanleg pilsnerøl, og mørkt øl heime,  har dei ei mengd øltypar med tilsette frukt og bærsmakar.

Mort subite og ferskenøl
Eg har fått sans for Bellevue som er kirsbærøl, det smaker godt og har ein nydeleg farge.
Kva seier det om ferskenøl? Eller kva med Mort Subite? Namnet tyder plutsleg og brå død, og eg trur eg held meg unna det.