Viser innlegg med etiketten butikkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten butikkar. Vis alle innlegg

onsdag 17. april 2013

Femmes au foyer - fidelité

Rett omsett er det om husmødre  og truskap, men nå er det truskap mot butikkane det handlar om. Eg har lagt ved nokre bilete av blomar og grasklypp - det vert etterkvart vår her.


Carte de fidelité - generelt

Eg har ein haug med kort. Kort hos Carrefour, Plus-kort hos DelHaize og Di, kort frå diverse
Mannen klypper plen - laurdag

parfymeri eg sjeldan bruker. Kort på apoteket der dei har så gode sjampoar og eg får så mange prøvar. Kort hos frisøren der eg går for sjeldan, og som farger håret mitt i rare raudfargar.

Ja, det vert definitivt veldig kort hår frametter, her snakkar vi om både språkvanskar og kulturforskjellar..


Carrefour - spesielt


 Det einaste eg alltid hugsar å bruke er Carrefour-kortet for der handlar eg daglegvarer, og eg er der ofte.
Der har dei også andre kort. Eg har brødkort som eg stemplar kvar gong eg kjøper brød.. Kvart ellevte brød er då gratis, men ikkje alle slag. Det gjeld dei små formbrøda. 
I tillegg har dei alle slags promotions og slikt. Fram til mai har eg eit kort eg stemplar kvar gong eg har handla for 25 euro, når kortet er fylt opp får eg ei flaske vin - en heilt grei bordvin. Eg har fått nokre slike - kjekt det for ein nordmann å FÅ vinflasker på butikken.

I tillegg  får eg poeng kvar gong eg handlar der. Nå har eg vel drygt 5000 poeng eller noko, men dei veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera med.

Men timbres derimot

Store og små handkle - 70% avslag -
vaskekluter følgjer også med
Timbres kjære vener, eller zegels på néerlandais, eller klistremerker på norsk, det er sånne du får når du har kjøpt for eit visst beløp. Så klistrer du dei på eit ark  -   "Noko må dei finna på"  - som svigermor mi ville ha sagt det. Her har eg full kontroll! 
Når arket er fullt kan du kjøpa ting til ein billig penge, for eksempel kasserollar eller fine handkle.
Eg har kjøpt både kasserolle og mange fine handkle.
Fargane -  krem og mørk grå er kanskje ikkje så livlege, men er resultat av eit kompromiss i heimen: mannen liker ikkje lilla og turkisfargen dei tilbaud var ikkje pen.






Tid tar det

Det å handla på butikken tar sjølvsagt ein del tid. Ein skjønar jo at dei forskjellige promotions
Ville påskeliljer i skogen
må vegast opp mot kvarandre og diskuterast - kva er det beste for meg? Mange har også einslags matsjekkar dei handlar med, alle desse lappane skal jo registrerast og leggjast ned i forskjellige lommar og poser. 

Kassadamene er ekspertar på alt dette, og tek seg i tillegg også alltid tid til å prata litt ekstra med folk dei kjenner, kyss på kinnet og ça va?
I byrjinga hadde eg det travelt og tykte det var ineffektivt, nå pusta eg med magen og tykkjer det er ganske hyggeleg. Vi helsar alltid på folk på butikken - bonjour med eit smil og au revoir når vi går med varene våre, kjekt det.


mandag 25. februar 2013

London igjen

Blomstring i parken
London er aldri feil. Vi reiste frå Waterloo i snø og kom til London i vårver.
Tok toget sjøvsagt, eg er jysla blasert  nå, og let meg ikkje merka med noko då vi gjekk ned i tunnellen, (med alt det våte, kalde, mørke, salte vatnet over oss).

Kommunikasjon og kultur

Vi hadde lånt eit par Oyster cards slik at vi kunne reisa rundt med offentleg kommunikasjon alle  saman, og det er ganske lurt. Ein taxi vert ofte ståande i Londontrafikken medan tuben freser avgarde under jorda, billegare er det også. Enkeltbillettar med T-bane er ganske dyrt i London så kortet løner seg.
Vi såg A chorus line på teatret, (eg nynna stille med - trur til og med eg hugsar tekstane). Den er sett opp att etter mange års fråver. Billettane kjøpte vi på Leicester square.
A fine day to die hard såg vi på kino - fullstendig innhaldslaus, usannsynleg og tåpeleg film, stort matkonsum på medtilskodarane - trur dei hadde tre-retters med ekstra popcorn alle saman.

Mat og natur

Snurt ekorn:
  koma her utan mat!
Elles handla det mykje om mat denne gongen: vi fann heilt tilfeldig ein god fiskerestaurant i nærleiken av Oxford street - Regent street - South African fish  market. Vi hadde Afternoon tea på The Orangery i Kensington gardens - det var etter ønskje frå tenåringen, men det blei eit høgdepunkt for alle. Vi vandra gjennom ein park i vårver, der vi mellom anna helste på ein gjeng med tamme ekorn.
The Orangery Kensington gardens
 Levande harpemusikk i Orangery, nydelege lokale, hyggelege serviørar, overdådig servering av sandwiches, scones og småkaker og te sjølvsagt (pluss rosa  champagne sidan det nett hadde vore Valentinsdagen). Clotted cream trudde vel eg var ein slags rømme, men det er vel ikkje det heller? Tilbehør til scones.
Østers på Harrods
På Harrods delte vi ein  østerstallerken  i østers-baren. Tenåringen hadde ikkje prøvd østers før.Vi gjekk litt rundt i matvareavdelinga der  - kjøpte blant anna belgisk sjokolade til laurdagsgodteri - tenåringen er skeptisk til engelsk sjokolade.
Harrods er nok litt mykje for meg - det var godt å koma ut!
 Albert Memorial
I Kensington park vis a vis Royal Albert Hall ligg det eit digert monument . Albert memorial heiter det. Firkanta sak med ein verdsdel i kvart hjørne, symbolisert ved forskjellige dyr, Asia er ein elefant, Afrika ei løve, Amerika ein bison, Europa ei ku. Masse gull og stas på det - fantastisk smaklaust - oppsøk det neste gong det er i London. Det skal symbolisera imperiet,  vi tok den vi altså, ikkje akkurat subtilt.
Japansk i Chinatown
Det var kinesisk nyttår, og Chinatown var pynta og stæsja til trengsel. Vi åt nydeleg mat på ein japansk restaurant der - der dei steikte maten på bordet framfor oss - veldig godt.

Allslags

Vi var inne på Foyle's sjølvsagt - ein bokhandel eg gjerne kan vera lenge i. Besøkte St. Pauls cathedral, som eg ikkje hadde vore inne i før. Og  fekk eit fint gjensyn med dei flamske meistrane i National Gallery.
Vi fekk  shoppa litt også - kjøpte nye gummistøvlar på tebud i nærleiken av Camden Market, veldig nøgd med dei. Mannen fekk kjøpt Ecco-sko som vi ikkje finn her. Tenåringen kjøpte lebestift. Fornuftig shopping etter nyttige ting kan vi seia.


Hotellet


Hotellet var vi nøgde med. Spesialtilbod på Hilton metropole nord for Hyde Park, Edgware road. Stort fint rom i 12. etasje med utsyn over heile byen. Stort og godt utstyrt  treningsrom - der eg strekte ein muskel i ryggen -  pluss badebasseng. Det einaste dei ikkje greidde var å organisera frukosten. Alle må då forstå at den oppskorne frukta skal vera i nærleiken av frukostblandingane - ikkje avleides gøymt bakom pålegget?
Godt å vera i ein by der ein ikkje bare skjønar alt folk seier, men til og med kan svara rimeleg frimodig utan å vera redd for å seia noko feil, jysla greitt med engelsk.
Og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild tur.

mandag 17. desember 2012

Julestemning?

Neimen om eg veit kor han kjem frå denne julestemninga. I går kjøpte vi juletre, pent lite tre, normannstre heitte det, ein siste presang, laga svært vellukka hardangerlefser, og høyrte på julemusikk. Vi dekorerte også heimen smakfullt med raude kuler og glitter, og svei av det tredje lyset på staken.
Men julestemning? Niks.
Den grøne plenen er grei, eg er jærbu og treng ikkje snø for å nynne julekveldsvisa.
Det har vore julesnop i butikken sidan slutten av oktober. Nå kjører dei opp stemninga med sløyfer og cellofan og champagne på tebud, men det virker ikkje heilt på meg det heller.
Neuhaus i Brussel

Neuhaus som de ser bilete av her, er dei som fann ut korleis ein skulle laga praliner som liksom er det Beligia har kome med på sjokoladefronten. 
Elles har dei vidunderleg kaker og marsipan - massepein heiter det på fransk.
Det er for lite kø i butikkane trur eg, for lite desperasjon og hysteri, og for lite julemusikk på radioen.

Og så saknar eg koret mitt, og øvinga på julesongar frå slutten av oktober. Korleis går det med dei tru? 
Kjørte gjennom julesongae på piano i føremiddag, dei sit i fingrane, og pianoet  er usedvanleg ustemt.
Eg finn heller  ikkje dei vakre glasenglane som pla hengje i vindauget, og er redd eg har lagt dei ein lur plass fordi dei er så fine. Kor ER alle desse lure plassane?

Vi laga som sagt hardangerlefser her om dagen. Vi laga dei etter svigermors eiga oppskrift  - betre kjent som

Svigermor Svanes himmelsk gode hardangerlefser

og her kjem oppskrifta:

250 g smør( meierismør sjølvsagt)
1/2 l lys sirup
2 kg kveitemjøl (skal halda til
utbaking også.

1 l kulturmjølk /kefir
4 ts natron.



La ingrediensane stå på kjøkenet så dei er romtempererte. Rør saman mjukt smør og sirup, ha i resten av ingrediensane, og mesteparten av mjølet.
Knø det saman og del opp i emner på storleik med små "bollar" som du kjevler ut til runde, temmeleg tynne lefser, dei hever seg. Det som kan vera litt vanskeleg er å halda igjen på mjølet. Bruker du for mykje vert lefsene tørre, bruker du for lite, vert det klissete etterkvart.


Steik på takke. Vi har sånn fin rund aluminiumsplate (kjøpt i Lyngdal), som vi legg på komfyren og steikjer på. Du kan også bruke ei tørr steikjepanne.
Dei er veldig, veldig gode med smør og sukker, jysla greie å frysa, slik at du har noko dersom folk kjem på kaffi. Et dei gjerne sjølv dersom folk ikkje har vit til å koma på kaffi.

Eg laga deig og kjevla, og mannen steikte - godt samarbeid. 

Seinare har eg også laga konfektkaker med sjokolade og mandler, og planlegg å laga Lailas streikepinnar, krumkaker og brente mandler. Det bør det vel bli julestemning av vel?

Gutane kjem i løpet av veka, dei har lova oss å ha med kålrabi i kofferten. Dei overprisa knollane eg fekk tak i sist veke er små og dumme, den eine har dessutan mygla.
Så vi slit, ja,

mandag 1. oktober 2012

Waterloo Wives - the wines

Vin på tebud på nærbutikken
Det er vintilbod på butikken for tida, og her er det ikkje bare kjøp fire få fem. 
Det er endå betre:  kjøp fire få to gratuite.
Jysla billeg  i forhold til norske prisar også.  Her ser de litt av utvalet. Det er mest fransk vin, vi saknar kanskje litt italiensk og spansk, men har funne nokre greie økologiske.

På veg ut av butikken  kom eg forbi ein sånn prøvedisk de veit, der de får smaka ein ny type pastasaus, eller iskrem eller juice.

Prøvesmaking

Her var det spansk brandy av eitkvart slaget, 43  heitte det .

Eg sykla så eg kunne vel prøvd meg, men flesteparten elles kjører bil så ikkje veit eg kor lurt dette er.

Eg bad pent om å få ta eit bilete og sa at eg laga blogg for "mes amis en Norvège", og at slikt var svært uvanleg i Noreg. 
Då smilte han breidt og eg kunne bare knipsa.

Carrefour er ein stor kjede. Dei har ei mengd aksjonar, tilbud, klistremerke å samla på, 
klistre inn i bøker og spare til eitkvart. 
Eg HAR skaffa meg Carrefour-kort, eg har det, men er noko usikker på kva eg skal gjera med alle poenga ein får. Men "on verra" (og det er futurum).


Butikken er open til kl. 20.00 på kvardagar. Nokre butikkar har ope nokre timar søndag føremiddag så du får kjøpt ferske croissantar til frokost.Men har du gløymt å kjøpe mjølk klokka 20.05 kan du bare gløyme å stikke ned på Shell'en eller Statoil'en eller 7-11 og kjøpe. Slikt finst ikkje her i Waterloo, bensinstasjonen sel bensin. (punktum).

Bare for å ha det  helt klart: Eg stod altså over den prøvesmakinga, vi går ikkje heilt i hundane her nede, vi klypper plenen slik vi skal og kan føra oss så langt.

onsdag 26. september 2012

Waterloo Wives - shopping

Tittelen er meint å virka litt sånn pirrande - minner litt om Hollywod wives - hæ? Var meininga det.

Femme de maison heiter det på fransk det som tilsvarer husmor på norsk . Må ikkje blandast saman med femme de chambre som er det same som stuepike. 

Kvar dag skal mann og barn ha variert,  rett samansett og helst heimelaga mat (her kjører vi stort sett mat laga frå botnen, med unntak for bruk av buljong) . 
Eg handlar på Carrefour. Dette er ein kjempediger burikk med fantastisk utval av frukt, grønsaker, kjøt og fisk. Fisk er litt smådyrt her, men elles er resten mykje billegare enn heime, og då meiner eg verkeleg mykje billegare
.
Men alt er jo annleis då. Kjøpa mjøl for eksempel: det er mjøl som er tilsett hevemiddel, og mjøl som bare skal brukast i sausar, og så er det vanleg sikta kveitemjøl (men det heiter jo ikkje det då). Mjølk fins i alle variantar. Det mest vanlege er kokt, hermetisert mjølk som vi ikkje tykkjer er så god å drikke, men den kan brukast i matlaging. Du finn også vanleg frisk mjølk demi ecrémé eller half voll (sjå språkstriden),  surmjølk, og hundrevis (?- har ikkje telt) forskjellige yoghurt og kvarktypar. Hylle opp og hylle ned med kjeks og frokostblandingar, dyrefor, og hermetikk, ein vegg med pasta. 
Eg tenkjer vel av og til at ingen kan då ha bruk for slikt utval?
Min Carrefour er nokså normalstor sånn to gonger Ultra - det er eit digert hypermarked borti høgget også , men der vert eg redd...

Også vin då, alle slag, billeg også i forhold til heime- god vin for 40-50 kr. Reolar med vin, nå er det ein slags aksjon på gong også "Kjøp fire få den femte gratis" og så vidare.  Chablis på tilbud også i går, ein anstendig enkel chablis nedsett til 6 euro og noko. 

Den hadde nok passa fint til fiskemiddagen vår:

På ei seng av lettsurra frisk spinat  (surra i ein wok med olivenolje til den fell saman), legg du  torskefilet presser sitron over og salt og pepar, inn i omnen 200 grader. Du har kokt  poteter i bitar, så det er lett å laga potetstappe av dei med smør og mjølk, ei teskei fransk sennep er alltid godt i potetstappe, puttar oppi litt riven ost som du har i kjøleskåpet Eit par gulerøter i stavar vert kokt i lettsalta vatn. Tar ut forma frå omnen danderer gulrotstavar over og potetmos med ost på toppen. Inn i omnen att, og det vert servert når far kjem frå arbeid. Pass på tida, det kan fort bli litt tørt.  Bruk gjerne andre fiskeslag, med sei t.d. kan du kjøra på med meir krydder.
Ei av ølhyllene på butikken, det er mange fleire

Men  ein  bør ikkje drikka vin så ofte, så det blei vatn i går.


Belgiarane er glade i øl også, og lagar mykje godt øl og mykje rart øl.  Mange øltypar har mykje høgare alkoholprosent enn vi er vane med.
Her er eit bilete frå ei ølhylle på butikken:

  I tillegg til "vanleg" øl som liknar på vanleg pilsnerøl, og mørkt øl heime,  har dei ei mengd øltypar med tilsette frukt og bærsmakar.

Mort subite og ferskenøl
Eg har fått sans for Bellevue som er kirsbærøl, det smaker godt og har ein nydeleg farge.
Kva seier det om ferskenøl? Eller kva med Mort Subite? Namnet tyder plutsleg og brå død, og eg trur eg held meg unna det.