Viser innlegg med etiketten London. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten London. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2013

London igjen

Blomstring i parken
London er aldri feil. Vi reiste frå Waterloo i snø og kom til London i vårver.
Tok toget sjøvsagt, eg er jysla blasert  nå, og let meg ikkje merka med noko då vi gjekk ned i tunnellen, (med alt det våte, kalde, mørke, salte vatnet over oss).

Kommunikasjon og kultur

Vi hadde lånt eit par Oyster cards slik at vi kunne reisa rundt med offentleg kommunikasjon alle  saman, og det er ganske lurt. Ein taxi vert ofte ståande i Londontrafikken medan tuben freser avgarde under jorda, billegare er det også. Enkeltbillettar med T-bane er ganske dyrt i London så kortet løner seg.
Vi såg A chorus line på teatret, (eg nynna stille med - trur til og med eg hugsar tekstane). Den er sett opp att etter mange års fråver. Billettane kjøpte vi på Leicester square.
A fine day to die hard såg vi på kino - fullstendig innhaldslaus, usannsynleg og tåpeleg film, stort matkonsum på medtilskodarane - trur dei hadde tre-retters med ekstra popcorn alle saman.

Mat og natur

Snurt ekorn:
  koma her utan mat!
Elles handla det mykje om mat denne gongen: vi fann heilt tilfeldig ein god fiskerestaurant i nærleiken av Oxford street - Regent street - South African fish  market. Vi hadde Afternoon tea på The Orangery i Kensington gardens - det var etter ønskje frå tenåringen, men det blei eit høgdepunkt for alle. Vi vandra gjennom ein park i vårver, der vi mellom anna helste på ein gjeng med tamme ekorn.
The Orangery Kensington gardens
 Levande harpemusikk i Orangery, nydelege lokale, hyggelege serviørar, overdådig servering av sandwiches, scones og småkaker og te sjølvsagt (pluss rosa  champagne sidan det nett hadde vore Valentinsdagen). Clotted cream trudde vel eg var ein slags rømme, men det er vel ikkje det heller? Tilbehør til scones.
Østers på Harrods
På Harrods delte vi ein  østerstallerken  i østers-baren. Tenåringen hadde ikkje prøvd østers før.Vi gjekk litt rundt i matvareavdelinga der  - kjøpte blant anna belgisk sjokolade til laurdagsgodteri - tenåringen er skeptisk til engelsk sjokolade.
Harrods er nok litt mykje for meg - det var godt å koma ut!
 Albert Memorial
I Kensington park vis a vis Royal Albert Hall ligg det eit digert monument . Albert memorial heiter det. Firkanta sak med ein verdsdel i kvart hjørne, symbolisert ved forskjellige dyr, Asia er ein elefant, Afrika ei løve, Amerika ein bison, Europa ei ku. Masse gull og stas på det - fantastisk smaklaust - oppsøk det neste gong det er i London. Det skal symbolisera imperiet,  vi tok den vi altså, ikkje akkurat subtilt.
Japansk i Chinatown
Det var kinesisk nyttår, og Chinatown var pynta og stæsja til trengsel. Vi åt nydeleg mat på ein japansk restaurant der - der dei steikte maten på bordet framfor oss - veldig godt.

Allslags

Vi var inne på Foyle's sjølvsagt - ein bokhandel eg gjerne kan vera lenge i. Besøkte St. Pauls cathedral, som eg ikkje hadde vore inne i før. Og  fekk eit fint gjensyn med dei flamske meistrane i National Gallery.
Vi fekk  shoppa litt også - kjøpte nye gummistøvlar på tebud i nærleiken av Camden Market, veldig nøgd med dei. Mannen fekk kjøpt Ecco-sko som vi ikkje finn her. Tenåringen kjøpte lebestift. Fornuftig shopping etter nyttige ting kan vi seia.


Hotellet


Hotellet var vi nøgde med. Spesialtilbod på Hilton metropole nord for Hyde Park, Edgware road. Stort fint rom i 12. etasje med utsyn over heile byen. Stort og godt utstyrt  treningsrom - der eg strekte ein muskel i ryggen -  pluss badebasseng. Det einaste dei ikkje greidde var å organisera frukosten. Alle må då forstå at den oppskorne frukta skal vera i nærleiken av frukostblandingane - ikkje avleides gøymt bakom pålegget?
Godt å vera i ein by der ein ikkje bare skjønar alt folk seier, men til og med kan svara rimeleg frimodig utan å vera redd for å seia noko feil, jysla greitt med engelsk.
Og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild tur.

onsdag 23. januar 2013

Waterloo Wives - Serious Shopping

 Då  dei norske damene her i Waterloo skulle på tur til London (Londres/Londen) ville eg sjølvsagt vera med.  Det norske miljøet her i Waterloo er sosialt og inkluderande, men sidan eg har vore mykje på franskkurs har eg ikkje blitt så veldig kjent med så mange av dei.

Eurostar

Frokost på toget
Vi skulle ta toget til London (Londres/Londen) -  toget  - tygg litt på det. Vatn i mellom -  sant? Mange liter - salt, vått og kaldt? I min ungdom tok eg båten til England eg, båt til Newcastle, billegaste billetten, sov på ein benk, seinare er det blitt fly. Men tog?
Toget til London (Londres /Londen - nok nå?)  kjører sør til Calais via Lille. Der går det ned i ein tunnell på det smalaste og kjem opp ca Dover. Eit par cm snø  sette både Belgia og England på ende. Vi som skulle dra grisetidleg måtte dra litt seinare, eigentleg ganske behageleg for oss. Sjølv hadde eg det så behageleg med fin frokost og hyggeleg prat på toget at eg knapt merka tunnellen og alle litrane med det kalde, mørke, salte vatnet over oss. Men snøen skapte såpass mykje kluss at gruppa med damer som skulle koma frå Noreg, blei veldig forseinka, nokre med opptil tolv timar.Dette er folk som har budd i Waterloo og Brussel tidlegare.

Byen

Trafalgar square
London var dekka med snø, det var kald vind, men vi fekk gjort det vi skulle. Musical - We will rock you - grei nok, men ikkje meir heller. Pubbesøk med fish and chips som vel er det ypperste engelsk kjøken kan by på, vi vert nok litt bortskjemde med mat her i Belgia.  Og sjølvsagt litt handling - det var  sal i London - aldri så mange prosent avslag på aldri så mykje pent og kledeleg.

Søndagen drog vi til Camden market, det var framleis sludd og snø. Mykje å sjå på.Seinare til National Gallery som er varmt og gratis. Det er ein eigen sal  med verk av Rubens og dei har mange flamske målarar frå 15-1700-talet. Fin samling med franske impresjonistar  også.


Heim då?

Camden market - utsikt over Themsen
Det var framleis snø på søndagen. Fleire fly var innstilt, folk booka og booka om , nokre måtte dra dagen etterpå. Fleire tog var også  innstilt, men ikkje vårt. Toga måtte kjøra med redusert fart og vi kom til Brussel kl 00.00, stod i drosjekø, og seilte heimetter på sommardekk på snøen med ein sjåfør som prøvde å lura oss.

Og den måndagen kjøpte eg snøskuffe. Fortauet vårt er i alle fall måkt sjølv om vegen ikkje er det.