mandag 25. februar 2013

London igjen

Blomstring i parken
London er aldri feil. Vi reiste frå Waterloo i snø og kom til London i vårver.
Tok toget sjøvsagt, eg er jysla blasert  nå, og let meg ikkje merka med noko då vi gjekk ned i tunnellen, (med alt det våte, kalde, mørke, salte vatnet over oss).

Kommunikasjon og kultur

Vi hadde lånt eit par Oyster cards slik at vi kunne reisa rundt med offentleg kommunikasjon alle  saman, og det er ganske lurt. Ein taxi vert ofte ståande i Londontrafikken medan tuben freser avgarde under jorda, billegare er det også. Enkeltbillettar med T-bane er ganske dyrt i London så kortet løner seg.
Vi såg A chorus line på teatret, (eg nynna stille med - trur til og med eg hugsar tekstane). Den er sett opp att etter mange års fråver. Billettane kjøpte vi på Leicester square.
A fine day to die hard såg vi på kino - fullstendig innhaldslaus, usannsynleg og tåpeleg film, stort matkonsum på medtilskodarane - trur dei hadde tre-retters med ekstra popcorn alle saman.

Mat og natur

Snurt ekorn:
  koma her utan mat!
Elles handla det mykje om mat denne gongen: vi fann heilt tilfeldig ein god fiskerestaurant i nærleiken av Oxford street - Regent street - South African fish  market. Vi hadde Afternoon tea på The Orangery i Kensington gardens - det var etter ønskje frå tenåringen, men det blei eit høgdepunkt for alle. Vi vandra gjennom ein park i vårver, der vi mellom anna helste på ein gjeng med tamme ekorn.
The Orangery Kensington gardens
 Levande harpemusikk i Orangery, nydelege lokale, hyggelege serviørar, overdådig servering av sandwiches, scones og småkaker og te sjølvsagt (pluss rosa  champagne sidan det nett hadde vore Valentinsdagen). Clotted cream trudde vel eg var ein slags rømme, men det er vel ikkje det heller? Tilbehør til scones.
Østers på Harrods
På Harrods delte vi ein  østerstallerken  i østers-baren. Tenåringen hadde ikkje prøvd østers før.Vi gjekk litt rundt i matvareavdelinga der  - kjøpte blant anna belgisk sjokolade til laurdagsgodteri - tenåringen er skeptisk til engelsk sjokolade.
Harrods er nok litt mykje for meg - det var godt å koma ut!
 Albert Memorial
I Kensington park vis a vis Royal Albert Hall ligg det eit digert monument . Albert memorial heiter det. Firkanta sak med ein verdsdel i kvart hjørne, symbolisert ved forskjellige dyr, Asia er ein elefant, Afrika ei løve, Amerika ein bison, Europa ei ku. Masse gull og stas på det - fantastisk smaklaust - oppsøk det neste gong det er i London. Det skal symbolisera imperiet,  vi tok den vi altså, ikkje akkurat subtilt.
Japansk i Chinatown
Det var kinesisk nyttår, og Chinatown var pynta og stæsja til trengsel. Vi åt nydeleg mat på ein japansk restaurant der - der dei steikte maten på bordet framfor oss - veldig godt.

Allslags

Vi var inne på Foyle's sjølvsagt - ein bokhandel eg gjerne kan vera lenge i. Besøkte St. Pauls cathedral, som eg ikkje hadde vore inne i før. Og  fekk eit fint gjensyn med dei flamske meistrane i National Gallery.
Vi fekk  shoppa litt også - kjøpte nye gummistøvlar på tebud i nærleiken av Camden Market, veldig nøgd med dei. Mannen fekk kjøpt Ecco-sko som vi ikkje finn her. Tenåringen kjøpte lebestift. Fornuftig shopping etter nyttige ting kan vi seia.


Hotellet


Hotellet var vi nøgde med. Spesialtilbod på Hilton metropole nord for Hyde Park, Edgware road. Stort fint rom i 12. etasje med utsyn over heile byen. Stort og godt utstyrt  treningsrom - der eg strekte ein muskel i ryggen -  pluss badebasseng. Det einaste dei ikkje greidde var å organisera frukosten. Alle må då forstå at den oppskorne frukta skal vera i nærleiken av frukostblandingane - ikkje avleides gøymt bakom pålegget?
Godt å vera i ein by der ein ikkje bare skjønar alt folk seier, men til og med kan svara rimeleg frimodig utan å vera redd for å seia noko feil, jysla greitt med engelsk.
Og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild tur.

mandag 11. februar 2013

Dei vil leggje ned skulen vår!

Château d'Argenteuil - skulen vår frå framsida
Utdanningsdirektoratet har vedteke å leggje ned skulen vår. Eg har skrive om den før, skulen vår som er i eit slott, og eg seier det ein gong til: 

 Er det nokon betre måte å bruka eit slott på enn å gjera skule av det?


 SSB tyder Scandinavian school of Brussels. Skulen var opprinneleg svensk, den heiter også École Reine Astrid og fyller 40 år i år. Vi fekk opp ei norsk line der etterkvart, og så blei skulen skandinavisk. Det er også danske, finske og inn i mellom islandske barn som går der.
SSB er den einaste skandinaviske skulen som finst, andre skular i utlandet er norske. Privatskuleloven i Sverige og Noreg er totalt forskjellige og står ofte i opposisjon til kvarandre. I følgje svensk privatskulelov er det mellom anna greitt og heilt ønskjeleg  å tena pengar på skule, norsk privatskulelov seier at skulen skal vera non-profit.
Som om ikkje dette er vanskeleg nok skal skulen, i tillegg til å følgje det einskilde landet sin privatskulelov ,  sjølvsagt følgje belgisk lovverk når det gjeld tilsettingar og arbeidstilhøve og slikt.

Både den svenske og den norske staten har gitt tilskot til skulen. Den svenske skulen trekte sitt tilskot tilbake då dei fann ut at rekneskap og økonomistyring ikkje var tilfredstillande for ei tid sidan. Og det har verkeleg vore mykje økonomisk rot tidlegare. Det norske utdanningsdirektoratet hadde tilsyn med skulen hausten 2012 og i rapporten var  dei  svært misnøgde sjølv om mykje var gjort av rektor og det nye styret for å retta opp att gamle feil.
Skulen har etter dette retta opp mange av punkta som blei påpeikte, dei har mellom anna delt opp skulen i ein norsk skule, ein svensk skule og ein global skule for å kunne styra etter dei forskjellige nasjonale lovverka. Styret har også lagt ein detaljert og fullstendig tidsplan for å retta opp resten av feila punkt for punkt, mellom anna skal for mykje statstilskot betalast tilbake.
Etter det har den svenske skuleinspeksjonen sagt seg nøgde med endringane.
Så kva kan skulen gjera meir då? Dei retter då opp alle punkta dei er blitt kritiserte for?

 Utdanningsdirektoratet er nådelaust.

Det er også viktig å merka seg at ikkje ein kjeft har hatt noko  å utsetje på undervisninga, på det faglege pedagogiske innhaldet og på resultata til elevane her på skulen. Dotter vår har aldri hatt så gode lærarar seier ho,  og har vakse svært mykje fagleg.
Men Utdanningsdirektoratet er nådelaust. Dei har nå vedteke at den norske delen av skulen skal leggjast ned. Og då er det jo ikkje slik at vi kan  ta bussen til nabobygda og gå på skule der.
 Grunnen til at vi drog ned var at det var ein skandinavisk skule her som tilbaud norsk vidaregåande skule, elles hadde vi halde oss heime. Internasjonal skule høver ikkje for alle, IB  (International Baccalaureat) høver heller ikkje for alle. Vi tykkjer norsk skule er god, og vil gjerne ha barnet vårt innanfor det norske systemet.

Frå sida - slottet er også internat

Dramatisk forverra situasjon for familiar med barn i skulepliktig alder.

Dette går ut over 73 barn og familiane deira. Dei mindre barna kan fortsetje i den svenske skulen på SSB, for der det ikkje finst norsk skule gir staten tilskot slik at norske barn kan få gå på svensk skule(!). For eldre barn er det meir kronglete med skriftleg svensk, og vi ser ikkje det som eit alternativ for tenåringen.
Det kjem ganske mange norske ned her nå til hausten, mange er statstenestemenn og -kvinner. Dei skulle i alle fall koma - mange av dei har sjølvsagt trudd at dei hadde eit norsk skuletilbod her. Slik det er nå kan det bli vanskeleg for staten å rekruttera folk til Brussel.  
Anke på vedtaket er sjølvsagt sendt Kunnskapsdepartementet.

mandag 4. februar 2013

Paradigmer og paraplyar

Caleidoscope - glass Vidar Koksvik
Constellation with Square Jens Erland

Blue Flower Marit Tingleff
- ca 1, 40 breidt
Monster Egg Irene Nordli
refleks i glaset her - men de ser?

Paradigme 

er ei utstilling med norsk kunsthandverk som ha vandra over store delar av Europa: Zagreb, Nuuk på Grønland, Budapest og Paris,  og nå er endt opp i Brussel. I Brussel har dei norske kunstverka fått selskap  av arbeid av belgiske kunsthandverkarar i Design Vlaanderens utstillingslokale i Brussel. Fleire av dei norske kunstnarane var inviterte hit, og det var tjukt av folk på opninga.

Det var mykje fint og spennande å sjå på, så vi drog inn ei dryg veke etter saman med tenåringen for  å sjå på arbeida i ro og fred. Det er så mykje spennande folk lagar, folk vrir røynda på ein måte som gjer at vi må vri hovudet for å følgja med, og det har vi sikkert godt av.

Bruktmarknader

Det kryr av bruktmarknader,  loppemarknader, og i det heile tatt marknader i Belgia. Her i Waterloo har vi ein diger bruktmarknad om søndagen på parkeringsplassen framfor den store Carrefouren.
Bruktmarknad Waterloo
Eg har vore der ein gong før, men denne gongen hadde mannen  og eg ein plan. Etter at ein av oss fekk ein jysla fin hatt i Gand/Gent/ Ghent er denne eine blitt veldig oppteken av at den jysla fine hatten skal ha heile hattehylla.
 Derfor må paraplyane bort, og vi må ha eit paraplystativ. Vi tok den litle bilen og kjørte avgarde. Det er alltid plass til den litle bilen skjønar de, sjølv om det er mange andre bilar der.

Krukke til paraplyar, poserande
med ein paraply.
 





Det er mykje rart på slike bruktmarknader, ser de dei stutaføtene framme på biletet ovanfor? Dei var uthula, skulle vera tobakk i dei sa mannen som selde. Litt makabert tykkjer nå eg.
Vi fann ei fin hollandsk krukke til ein grei pris til paraplyane våre. Så nå får hatten liggje i fred på hattehylla når han ikkje er i bruk. Håper de veit at hattar skal kvile på pullen og ikkje på bremmen? Viss ikkje veit de det nå.