Viser innlegg med etiketten økonomi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten økonomi. Vis alle innlegg

mandag 11. februar 2013

Dei vil leggje ned skulen vår!

Château d'Argenteuil - skulen vår frå framsida
Utdanningsdirektoratet har vedteke å leggje ned skulen vår. Eg har skrive om den før, skulen vår som er i eit slott, og eg seier det ein gong til: 

 Er det nokon betre måte å bruka eit slott på enn å gjera skule av det?


 SSB tyder Scandinavian school of Brussels. Skulen var opprinneleg svensk, den heiter også École Reine Astrid og fyller 40 år i år. Vi fekk opp ei norsk line der etterkvart, og så blei skulen skandinavisk. Det er også danske, finske og inn i mellom islandske barn som går der.
SSB er den einaste skandinaviske skulen som finst, andre skular i utlandet er norske. Privatskuleloven i Sverige og Noreg er totalt forskjellige og står ofte i opposisjon til kvarandre. I følgje svensk privatskulelov er det mellom anna greitt og heilt ønskjeleg  å tena pengar på skule, norsk privatskulelov seier at skulen skal vera non-profit.
Som om ikkje dette er vanskeleg nok skal skulen, i tillegg til å følgje det einskilde landet sin privatskulelov ,  sjølvsagt følgje belgisk lovverk når det gjeld tilsettingar og arbeidstilhøve og slikt.

Både den svenske og den norske staten har gitt tilskot til skulen. Den svenske skulen trekte sitt tilskot tilbake då dei fann ut at rekneskap og økonomistyring ikkje var tilfredstillande for ei tid sidan. Og det har verkeleg vore mykje økonomisk rot tidlegare. Det norske utdanningsdirektoratet hadde tilsyn med skulen hausten 2012 og i rapporten var  dei  svært misnøgde sjølv om mykje var gjort av rektor og det nye styret for å retta opp att gamle feil.
Skulen har etter dette retta opp mange av punkta som blei påpeikte, dei har mellom anna delt opp skulen i ein norsk skule, ein svensk skule og ein global skule for å kunne styra etter dei forskjellige nasjonale lovverka. Styret har også lagt ein detaljert og fullstendig tidsplan for å retta opp resten av feila punkt for punkt, mellom anna skal for mykje statstilskot betalast tilbake.
Etter det har den svenske skuleinspeksjonen sagt seg nøgde med endringane.
Så kva kan skulen gjera meir då? Dei retter då opp alle punkta dei er blitt kritiserte for?

 Utdanningsdirektoratet er nådelaust.

Det er også viktig å merka seg at ikkje ein kjeft har hatt noko  å utsetje på undervisninga, på det faglege pedagogiske innhaldet og på resultata til elevane her på skulen. Dotter vår har aldri hatt så gode lærarar seier ho,  og har vakse svært mykje fagleg.
Men Utdanningsdirektoratet er nådelaust. Dei har nå vedteke at den norske delen av skulen skal leggjast ned. Og då er det jo ikkje slik at vi kan  ta bussen til nabobygda og gå på skule der.
 Grunnen til at vi drog ned var at det var ein skandinavisk skule her som tilbaud norsk vidaregåande skule, elles hadde vi halde oss heime. Internasjonal skule høver ikkje for alle, IB  (International Baccalaureat) høver heller ikkje for alle. Vi tykkjer norsk skule er god, og vil gjerne ha barnet vårt innanfor det norske systemet.

Frå sida - slottet er også internat

Dramatisk forverra situasjon for familiar med barn i skulepliktig alder.

Dette går ut over 73 barn og familiane deira. Dei mindre barna kan fortsetje i den svenske skulen på SSB, for der det ikkje finst norsk skule gir staten tilskot slik at norske barn kan få gå på svensk skule(!). For eldre barn er det meir kronglete med skriftleg svensk, og vi ser ikkje det som eit alternativ for tenåringen.
Det kjem ganske mange norske ned her nå til hausten, mange er statstenestemenn og -kvinner. Dei skulle i alle fall koma - mange av dei har sjølvsagt trudd at dei hadde eit norsk skuletilbod her. Slik det er nå kan det bli vanskeleg for staten å rekruttera folk til Brussel.  
Anke på vedtaket er sjølvsagt sendt Kunnskapsdepartementet.

torsdag 22. november 2012

Budsjett og ruinar

I dag skal det handla om budsjett og ruinar. 
Oversikt over Villers-la-Ville
henta frå Pinterest.com
Men aller først vil eg gjerne leggje til noko om OPERATØREN.
Sist gong eg var i nærkontakt med han for å vidareføra nummeret på mobilen til dotter mi, venta eg bare 28 minutt i butikken  - tjueåtte minutt - og etterpå virka det  akkurat som mannen sa. 
Er ikkje det fint? 
Tyder dette at det  er: 
A eislags rettferd i verda som gjer at eg får igjen nå sidan eg har lidd så mykje vondt hos OPERATØREN?  
B: At OPERATØREN er blitt mykje meir serviceorientert? Eller 
C: at eg har hatt flaks? 
 For dei språkinteresserte kan det vera interessant  at dama på lydbandet til OPERATØREN bruker konjunktiv heile vegen:
Dersom du skulle ha ønskje å stengje telefonen din trykk 1 Dersom du skulle ville ønskje å snakka med nokon om fakturaen din trykk 2 og så vidare  - hypotetisk konjunktiv er vanskeleg å uttrykkje på norsk, men ein må altså kunna det.

 Budsjettet

Fine haustfargar framleis
Belgia er omsider ferdige med sitt budsjett og EU presenterer sitt store budsjett for heile unionen. I EU går det mykje pengar til jordbruksstøtte dvs til Frankrike, og veldig mykje til dei nye EU-landa i Aust-Europa. Stor- Britannia syt og klager fordi dei må betala, medan Tyskland som vanleg ser ut til å betala det EU kostar utan å bera seg for mykje.
Budsjettet her i Belgia har teke ekstra lang tid. Det er ei koalisjonsregjering, og dei måtte finna ein masse milliardar som dei ikkje hadde. 
I samband med budsjettdebatten har det blant anna vore diskusjon om desse emna: 
Pensjonsalderen som er 65 år, men offentlege tenestemenn kan gå av med fylte 60 dersom dei har noke års oppteningstid - minst fem. 
Kyrkja må ha vore storslagen
Indeksregulering av  løn og trygdeytingar slik at kjøpekrafta skal bli den same. Det er jo kjekt for lønsmottakar, men det tykkjest vanskeleg å spare pengar med ein slik modell.
Innføring av formueskatt. Det finst ikkje her. Noko som har ført til ein liten eksklusiv invasjon frå sør. Gerard Depardieu er ein av dei som har skaffa seg eit lite krypinn i Belgia, rett over grensa til Belgia med eigen helikopterlandingsplass. Frankrike har gjort mannen rik og berømt så det held, men han er ikkje interessert i å gje noko særleg tilbake.
Inntil ganske nyleg hadde dei også forskjellig pensjonsalder på kvinner og menn. Kvinner fekk gå av fem år før...
Slike ting undrar meg, dersom ein tar skikkeleg vare på kvinnfolka, sørgjer for at jenter får tilgang til utdanning , sørgjer for at det finst gode omsorgstilbod til barna, at det  vert hevda eit visst ideal om likestilling, og at det finst jobbar så varer jo eit kvinnfolk jysla lenge? Vi vert jo hauggamle! Kan det rett og slett  vera for at dei ikkje liker å sjå slike gamle røyer som meg på mange-og-femti ute i arbeidslivet? Kan det vera det?

Ruinen

Detalj frå kyrkjekoret
Og så til ruinen: Villers-la-Ville er ein ruin av eit svært kloster. Det vart grunnlagt i 1146 av,  av  12 cistersiensermunkar og nokre lekbrør. På 1300-talet var det ca 100 munkar der, og meir enn tre gonger så mange lekbrør. Dei åtte ti-tusenvis hektar jord mellom Namur i sør og Anvers/Antwerpen i nord. Dei hadde gjestehus - forløpar for vår tids hotell, allslags verkstader og stor produksjon, idealet var å vera sjølvforsynte.
 Ora et labora   - be og arbeid var det dei levde etter. Lekbrørne kunne ikkje latin og fortsette i dei vanleg jobbane sine inne i klosteret. Dei levde adskilt frå munkane og hadde eigne dormitorie - sovesalar.
Eit tøft liv må det ha vore. Det var bare refektoriet , der munkane åt - som var oppvarma. Når ein ser størrelsen på romma  må folk ha frose forferdeleg om vinteren i dei store steinbygningane.
Dette klosteret blei beskytta av dei mektige fyrstane av Brabant.
Nedgangstider kom, og etter ei kort oppblomstring på 1700-talet blei klosteret rasert under den franske revolusjonen 1797, og steinen blei seld som bygningsmateriale.
Vi var her på søndagstur, ein slik stille dag med skodde som gjer alt litt trolsk og uverkeleg. Ein heilt spesiell stad som også er svært vakker vår og sommar.


Fann fram denne videoen her som de sikkert hugsar mange av dykk, men det er eit morosamt gjensyn litt samanheng har det med bloggen - ruindelen då!

tirsdag 30. oktober 2012

Bobla - økonomi og sånn

Sjevå var så løyen
Vi lever i ei boble, sjølvsagt gjer vi det. Norsk løn her i Belgia, billegare mat enn heime, ikkje stort andre sorger og bekymringar enn dei vi lagar oss sjølve. I høve til resten av Europa lever vel sånn sett heile Noreg i ei boble.

Verre for dei som  er ordentlege belgiarar. På Ford-fabrikken i Genk mister 10 000 jobben nå. Fabrikken vert flytta. Sjølv om det store biletet visstnok syner at Belgia er over den verste krisa skjer det stadig slike ting, veksemder legg ned, folk mister jobben.
General Motors la ned sin fabrikk utanfor Anvers Antwerpen for tre-fire år sidan. 
Interiør frå A  La Mort Subite i Brussel
Belgia har vore eit billand, dei har alltid skrudd bilar her - og kjørt dei sjølvsagt. Audi vert skrudd saman utanfor Brussel. Til bilen vår er delane laga i Kina, dei er skrudde saman til bil på fabrikken i Gent (Gand på fransk) og så sendt til Göteborg, der vi henta den. Men det er spørsmål om Volvo vil fortsetje å ha fabrikkar her,  når det er lågare lønsnivå andre stader.

A La mort subite interiøret er frå 1905 - originalt
Lønsnivå ja, for vaskehjelp i heimen betaler du  heilt lovleg og kvitt under 10 euro i timen. Går'kje an å leva av det , veit du, ikkje eingong med dei låge matprisane vi har. 

Inntektsskatten er elles  temmeleg  høg, og det er ingen skatt på formue. På grunn av dette siste, har Belgia for tida ein liten invasjon av rike franskmenn som flykter frå den nye skattepolitikken til Hollande. Vi får sjå korleis det går.
Landet slit. Eg les i Le Soir om vanskane i Vallonia, og Tønnes les i de Standard  om vanskane i Flandern, og så fortel vi kvarandre korleis landet har det.
Spennande bokhandel i Brussel
Eg forstår verkeleg  ikkje kvifor folk i Vallonia ikkje er interesserte i Flandern og vice versa. Men det er ikkje eitt land dette.

 Anvers (Antwerpen) var interessant for "oss" i Vallonia då det var val.
De hugsar den store thrilleren med Bart de Wever i Anvers (Antwerpen )? Nå er dette ingen thriller lenger fordi NVA med Wever vann stort.  Men nå må han altså begynna å samarbeida og laga koalisjon for bystyret, Det er stor forskjell på å vera Bourgmestre og å vera partileiar, kan du skjøna, og nå er vi i Vallonia vende tilbake til oss sjølve att.

Bileta denne gongen er frå byrundturen vi prøvde å vera med på på laurdag. På grunn av hagl, og surt regn måtte vi trekkje innandørs og fann ein nydeleg kafe og ein fin bokhandel.