Viser innlegg med etiketten mobil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mobil. Vis alle innlegg

torsdag 22. november 2012

Budsjett og ruinar

I dag skal det handla om budsjett og ruinar. 
Oversikt over Villers-la-Ville
henta frå Pinterest.com
Men aller først vil eg gjerne leggje til noko om OPERATØREN.
Sist gong eg var i nærkontakt med han for å vidareføra nummeret på mobilen til dotter mi, venta eg bare 28 minutt i butikken  - tjueåtte minutt - og etterpå virka det  akkurat som mannen sa. 
Er ikkje det fint? 
Tyder dette at det  er: 
A eislags rettferd i verda som gjer at eg får igjen nå sidan eg har lidd så mykje vondt hos OPERATØREN?  
B: At OPERATØREN er blitt mykje meir serviceorientert? Eller 
C: at eg har hatt flaks? 
 For dei språkinteresserte kan det vera interessant  at dama på lydbandet til OPERATØREN bruker konjunktiv heile vegen:
Dersom du skulle ha ønskje å stengje telefonen din trykk 1 Dersom du skulle ville ønskje å snakka med nokon om fakturaen din trykk 2 og så vidare  - hypotetisk konjunktiv er vanskeleg å uttrykkje på norsk, men ein må altså kunna det.

 Budsjettet

Fine haustfargar framleis
Belgia er omsider ferdige med sitt budsjett og EU presenterer sitt store budsjett for heile unionen. I EU går det mykje pengar til jordbruksstøtte dvs til Frankrike, og veldig mykje til dei nye EU-landa i Aust-Europa. Stor- Britannia syt og klager fordi dei må betala, medan Tyskland som vanleg ser ut til å betala det EU kostar utan å bera seg for mykje.
Budsjettet her i Belgia har teke ekstra lang tid. Det er ei koalisjonsregjering, og dei måtte finna ein masse milliardar som dei ikkje hadde. 
I samband med budsjettdebatten har det blant anna vore diskusjon om desse emna: 
Pensjonsalderen som er 65 år, men offentlege tenestemenn kan gå av med fylte 60 dersom dei har noke års oppteningstid - minst fem. 
Kyrkja må ha vore storslagen
Indeksregulering av  løn og trygdeytingar slik at kjøpekrafta skal bli den same. Det er jo kjekt for lønsmottakar, men det tykkjest vanskeleg å spare pengar med ein slik modell.
Innføring av formueskatt. Det finst ikkje her. Noko som har ført til ein liten eksklusiv invasjon frå sør. Gerard Depardieu er ein av dei som har skaffa seg eit lite krypinn i Belgia, rett over grensa til Belgia med eigen helikopterlandingsplass. Frankrike har gjort mannen rik og berømt så det held, men han er ikkje interessert i å gje noko særleg tilbake.
Inntil ganske nyleg hadde dei også forskjellig pensjonsalder på kvinner og menn. Kvinner fekk gå av fem år før...
Slike ting undrar meg, dersom ein tar skikkeleg vare på kvinnfolka, sørgjer for at jenter får tilgang til utdanning , sørgjer for at det finst gode omsorgstilbod til barna, at det  vert hevda eit visst ideal om likestilling, og at det finst jobbar så varer jo eit kvinnfolk jysla lenge? Vi vert jo hauggamle! Kan det rett og slett  vera for at dei ikkje liker å sjå slike gamle røyer som meg på mange-og-femti ute i arbeidslivet? Kan det vera det?

Ruinen

Detalj frå kyrkjekoret
Og så til ruinen: Villers-la-Ville er ein ruin av eit svært kloster. Det vart grunnlagt i 1146 av,  av  12 cistersiensermunkar og nokre lekbrør. På 1300-talet var det ca 100 munkar der, og meir enn tre gonger så mange lekbrør. Dei åtte ti-tusenvis hektar jord mellom Namur i sør og Anvers/Antwerpen i nord. Dei hadde gjestehus - forløpar for vår tids hotell, allslags verkstader og stor produksjon, idealet var å vera sjølvforsynte.
 Ora et labora   - be og arbeid var det dei levde etter. Lekbrørne kunne ikkje latin og fortsette i dei vanleg jobbane sine inne i klosteret. Dei levde adskilt frå munkane og hadde eigne dormitorie - sovesalar.
Eit tøft liv må det ha vore. Det var bare refektoriet , der munkane åt - som var oppvarma. Når ein ser størrelsen på romma  må folk ha frose forferdeleg om vinteren i dei store steinbygningane.
Dette klosteret blei beskytta av dei mektige fyrstane av Brabant.
Nedgangstider kom, og etter ei kort oppblomstring på 1700-talet blei klosteret rasert under den franske revolusjonen 1797, og steinen blei seld som bygningsmateriale.
Vi var her på søndagstur, ein slik stille dag med skodde som gjer alt litt trolsk og uverkeleg. Ein heilt spesiell stad som også er svært vakker vår og sommar.


Fann fram denne videoen her som de sikkert hugsar mange av dykk, men det er eit morosamt gjensyn litt samanheng har det med bloggen - ruindelen då!

onsdag 14. november 2012

Internett, telefoni og mobil à la Kafka

Dei første fjorten dagane etter vi var komne i hus i august venta vi på internett, TV og telefon.
Dette etter at eg hadde stått i ein time og tre kvarter på herverande internett /telefon/mobiloperatør (heretter kalla OPERATØREN) sin butikk og kasta bort tida.
Det tok fjorten dager å få opp TV, internett og fasttelefon og folk sa vi var heldige. Dei to vekene gjekk dotter mi og eg  på bar i Waterloo og drakk te og hadde med PC'en for å vera oppdaterte på Facebook, e-post, betala rekningar  og anna som er viktig.
Vi kjøpte belgiske mobiltelefonar  etterkvart, og  butikken selde oss også mobilabonnement til same OPERATØREN slik at vi skulle få ein rimelegare pakke. Vi venta på å bli kopla opp, fjernsyn og internet kom, men mobilen virka ikkje. Den skulle ha virka etter 24 timar.
Eg gjekk til butikken som sa at SIM-korta ikkje var rett registrerte, og dei hadde ikkje lenger tilgang til basen. Eg måtte gå til OPERATØREN  igjen.
Eg gjorde så,  trass i  lågt blodsukker, det var ettermiddag og lenge sidan mat, men eg prøver å finna ein slags indre balanse. Då eg kom til OPERATØREN, venta eg bare tre kvarter - kjempeheldig!!!
OPERATØREN sa då at  han kunne ikkje registra desse SIM-korta det måtte butikken gjera, og det var feil at basen var stengt, butikken hadde gjort feilen og dei plikta å retta opp.
 I slike tilfelle bør ein vera perfekt i framandspråket ein skal tala, slik at ein på ein subtil, men likevel glasklar, høfleg, drepande og uimotståeleg sjarmerande måte kan få fortalt OPERATØREN at han må gjera nettopp dette nettopp nå.
Eg var bare fortvila og rasande, men OPERATØREN registrerte SIM-korta etterkvart - det tok tid, og alt virka.
Nå har dotter mi mista mobilen og eg har prøvd  å ringje til OPERATØREN for å sperre SIM-kortet. Lyden er lågt innspelt på bandet eg kjem fram til når eg ringjer, dei snakker fort på fransk, og bed meg taste nr til dotter mi og avslutte med firkant. Første gongen braut dei bare etter at eg hadde tasta.  
Andre gongen trudde eg eg hadde kome gjennom , fekk fleire val som eg tasta på og så blei det heilt stilt lenge og så braut dei.
Nå - og dette er det mest fantastiske - har dei ring meg opp, det var ei ein sånn lybånddame, og spurt korleis eg var nøgd med kundebehandlinga for di OPERATØREN er så oppteken av kundene. Er ikkje det fantastisk?
Tyder dette at eg må gå til OPERATØREN og stå der i timevis igjen? Har prøvde nettsidene som oppgir direktenummer som ikkje virker. Min erfaring er også at folk ikkje svarer på e-post  her.
Er norske operatørar like ille? Mobiloperatørar plar vera raske for dei skal jo tena pengar, men Telenor og Nextgentel har vel ikkje verdas beste rykte som internettleverandørar? Kjør debatt!
Bileta er frå ein søndagstur her i Waterloo for ei dryg veke sidan, trur dei formidlar meir harmoni enn det eg føler nå. 

Hadde Kafka skrive Prosessen i dag hadde den handla om OPERATØREN - det er eg viss på.

Avsluttar med ein you-tube video som eg tykkjer er hylande morosam, legg merke til musikken. Dette er ein annan operatør då.
http://www.youtube.com/watch?v=kgjKY1VBHTA