eller Bergen - Brussel i tillegg.
frå hotellverandaen ser de Kilimanjaro rett fram. |
Fjellet
Mange har spurt oss om vi skulle gå opp Kilimanjaro, og slik eg ser det nå skal eg ikkje det.Uhuru toppen er på 5895 m, ein vert ganske sjuk når ein er så høgt oppe, det er sagt at bare 25-30% kjem heilt til topps. Vi møtte ei gruppe på sju, to godt vaksne i 60 -åra og diverse barn frå 20-30 år som skulle gå opp saman, møtte dei både før og etter turen. I denne gruppa greidde seks av sju å nå toppen. Den som vart sjuk og måtte gje seg, var ein sprek, sterk ung mann i tjueåra, så slik sett veit ein aldri kven som greier seg. Vi snakka også med ein kjempetrent kanadier (sånn triathlonmann)som skulle prøve seg på Uhuru for andre gong, første gongen hadde han hatt det for travelt og blei sjuk. Eg har ikkje nokon voldsom trong til å prestere på slike område. Skulle gjerne gått lang tur i vegetasjonsbelta lenger nede, svært vakker natur. Kjem du opp er visst utsikten fantastisk.
Ben og bilen
Denne jeepen førte oss gjennom støv og over humpete vegar - "humpete veg" tyder nok anna for oss nå enn det gjorde før, og vi kjørte mange timar om dagen,omlag 20 000 km til saman. Sjåføren vår heitte Ben, han kunne mykje om dei forskjellige dyra og hjalp oss å finna the big five.Turen vår varte ni dagar og vi besøkte fire nasjonalparkar på denne tida: Tarangire, Serengeti, Ngorongorokrateret og Lake Manyara.
Vi overnatta på fire forskjellige hotell/teltleirar: ei natt på Springlands hotell, to netter på Karatu country logde, Ikoma wild camp og Ngorongoro wild camp. Dei to siste var såkalla teltleirar. Vi låg i telt, men det var toalett og dusjrom til kvart telt. Det som var spennande var alle dyrelydane om natta, masse insekter og fjerne løvebrøl.... Siste natta på Springlands hotell igjen, det ligg i nærleiken av flyplassen Kilimanjaro.
Vi gjorde jo ikkje det slag, blei kjørte rundt og blei serverte mat - god mat, men vi var svært trøytte kvar einaste kveld og gjerne i seng før ti...
Det raude støvet alle stader, når ein ikkje var høgt oppe, må vera slitsamt å leva med. Fint støv som kjem seg inn alle stader, og legg seg på alt du har, følte eg togg dette støvet inn i mellom.
Tarangire
Akasietre og baobabtre |
Serengeti
Serengeti er den største nasjonalparken. Her held også masaiane til. Eit nomadefolk som lever slik dei alltid har gjort.
Eit hardt liv.
Store mengder gnu (kryssorddyret veit de!) som har spesielle trekkruter der. Vi var to dagar i Serengeti
Ngorongoro-krateret
her finn du mellom anna nasehorn, og veldig mange andre dyr på eit konsentrert område, Skråninga ned mot kraterbotnen er dekka av regnskog.Candelabra tree, ser ut som ein fleirarma lysestake |
Lake Manyara
Vakkert, vakkert landskap, mange bavianar, mange elefantar og ein av dei var skikkeleg sur.The Big Five
Vi fekk sett alle dei fem store etterkvart. Føler absolutt ærefrykt for desse flotte dyra.Løve Serengeti poserte slik den skulle |
Elefantar er så store, og så luktar dei hest ganger ti |
Skjønar ikkje heilt kvifor bøffelen er ein av dei fem store, ser litt dum ut, stut liksom? |
Leopard Ngorongorokrateret, tassa forbi alle bilane utan å bry seg. |
Sebra Ngorongoro-krateret
Ser og hørtes ut som en knalltur.. Zebraer er vel så nære hester at de kan kryssparres mener jeg å ha lest
SvarSlettStemmer det Siw, sjekka det. Kallar dei Zorse på engelsk, må vel bli Sest på norsk vel? Om avkommet vert fruktbart veit eg ikkje, kanskje som muldyr og mulesel at dei vert sterile.
Sletteller hebra?
SlettHallo Idun. Kjempespennende å lese og se på de fine bildene fra Afrikaturen.Hils alle fra meg. Hilsen Marit
SvarSlettSå fine bilder og tekst du har lagt ut! Veldig kjekt å lese!
SvarSlettDet er vanskeleg å velja ut bilete, og så har eg heilt klart for dårleg kamera. Tønnes fekk tatt nokre flotte filmsnuttar, vi må få det over på eit anna medium.
SvarSlett