Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

onsdag 15. januar 2014

om dyrene i Afrika og alt de har å gjøre


Her ser det dung-beetlen
under den digre kula han har laga.

Dung beetle

Denne her for eksempel: brukar heile livet sitt på å laga digre kuler av ei blanding av jord og møkk.
Egyptarane kalla billa for skarabé, og for dei var ho hellig. Kula var symbolet på solguden Ra. 

Kvifor ho gjer det? It's what he's doing sa Ben, guiden vår. Men poenget er visstnok at dei legg egga sine inni desse digre kulene. Godt gjort då? perfekt kuleform
og mykje større enn billa.



Vortesvin

er koselege dyr. Dei har sentrale rollar i nokre sånne
Vortesvin
teiknefilmar som eg har for store barn til å ha sett, er det Istid tru? Her har vi eit eksemplar, dei har både partner og barn, et gras og koser seg. Er vel gjerne byttedyr for rovdyra, men dei kan absolutt forsvara seg meg hoggtennene.



Pene og stygge dyr?

Flodhestar gjer heller ikkje så mykje trur eg. Lever livet i eit eit evig badeland, koser seg i søla med heile familien, er såpass store og tunge at det skal litt til å gje seg på dei. Det var ein krokodille her i dammen, men den prøvde seg ikkje.
Flodhest

Flodhestar er vel ikkje akkurat så pene, men dei er jo sjarmerande då.
Eit dyr eg har problem med 

er hyena, ho er jysla stygg. Ofte vanskelege å få auga på, men denne her gjekk rett over vegen for oss.
Dei er heilt klart nyttige dyr, rydder opp etter dei store rovdyra, åtseletarar. 


Hyene i  Ngorongorokrateret

Fuglar

Gribbar er også åtseletarar. Vi såg nokre som venta på at ein gepard skulle bli ferdige med hovudretten. Vi møtte the Ground Hornbill ein fugl som spaserte sedat gjennom landskapet, og struts sjølvsagt. Eit vatn med ei sky av rosa flamingoar i Ngorongorokrateret var fantastisk vakkert. Og denne litt skumle Marabou-storken møtte vi på ein rasteplass.
Maraboustork

Vi pleidde få konfektøskjer av onkelen vår med sånn maraboustork på. Er det same storken Freia bruker trur de?

Meir løver

Løvinnene jakter i flokk, hanløvene tar seg ut.
Dei kan andre ting også, klatre i tre for eksempel som andre kattar.
Eller bare ta det med ro - som andre kattar...
Lurer på om dei kan mala?
Løver som slapper av  .  Ngorongorokrateret

Løve som klatrar Serengeti

Fleire løver som klatrar








men vi då?

Fimfotograf med nytt videokamera,
vi må få redigert det han filma.
Må lesa bruksanvisningen.

Vi hadde ein kjempetur, det var slitsamt, mykje kjøring, men vi opplevde mykje.
 Folk vi møtte var svært venlege og hyggelege.  Tanzania satsar på turisme, og folk verka optimistiske og hadde tru på framtida, sjølv om mange slett ikkje hadde det så bra materlt.

 Ikkje blei vi sjuke, god mat fekk vi, og blei tatt vare på på alle vis. Spelte kort om kvelden før vi kraup inn under myggnettingen. Fleire i familien fekk myggstikk trass i myggmiddel, men vi tok malariatablettar så det går vel bra.

Kortspelrepertoaret er ikkje overveldande: Casino og Spardame, vi må heilt klart utvida repertoaret etterkvart, men vi speler bare kort når vi er saman på ferie, og har liksom vakse frå vriåtter.
 Rart å vera utan mobil og PC så lenge, men det gjekk bra også.

Vi lærte oss fleire ord på swahili:

hei= djambo
tusen takk = a sante san

Familiebilete frå toppen av Serengeti 2300 m over havet
å jeg ber/de rien/please = karibu
farvel = kwaheri 
reise=safari

- har litt att før vi snakkar språket flytande, ja. 

Dei skriv nokså lydrett, så uttalen er ikkje vanskeleg. Swahili er eit bantuspråk som har utvikla seg med lånord frå arabisk, engelsk og portugisisk. Det er nasjonalspråk i Kenya og Tanzania, og blir forstått i store delar av søraust-afrika, eit særs nyttig språk altså.





Då vi kom heim  31. desember var det både nyttårsafta og julegåver same kveld.

Standsmessig meny også: vi starta med  champagne og foie gras, og følgde opp med pølser og potetstappe. Godt å koma heim også.
 Og eit siste farvel til  sjiraffane i Serengeti, og til ein liten sebra:






.

mandag 13. januar 2014

Ei lita dyrevise som du nå får høre

Reiseruta var Brussel - Amsterdam - Nairobi - Kilimanjaro. For gutane: Trondheim- Brussel
eller Bergen - Brussel i tillegg.
frå hotellverandaen ser de Kilimanjaro rett fram.
 Juletreet var pynta og vi hadde julemiddag med  flybore pinnekjøt og kålrabistappe (frå Mega på Kleppe)  21. desember, 23. desember drog vi - grise - grytidleg og kom til hotellet i nærleiken av Kilimanjaro i halv tolvtida om natta.


Fjellet

Mange har spurt oss om vi skulle gå opp Kilimanjaro, og slik eg ser det nå skal eg ikkje det.
Uhuru toppen er på 5895 m, ein vert ganske sjuk når ein er så høgt oppe, det er sagt at bare 25-30% kjem heilt til topps. Vi møtte ei gruppe på sju, to godt vaksne  i 60 -åra og diverse barn frå 20-30 år som skulle gå opp saman, møtte dei både før og etter turen. I denne gruppa greidde seks av sju å nå toppen. Den som vart sjuk og måtte gje seg,  var ein sprek, sterk ung mann i tjueåra, så slik sett veit ein aldri kven som greier seg. Vi snakka også med ein kjempetrent kanadier (sånn triathlonmann)som skulle prøve seg på Uhuru for andre gong, første gongen hadde han hatt det for travelt og blei sjuk. Eg har ikkje nokon voldsom trong til å prestere på slike område. Skulle gjerne gått lang tur i vegetasjonsbelta lenger nede, svært vakker natur.  Kjem du opp er visst utsikten fantastisk.


Ben og bilen

Denne jeepen førte oss gjennom støv og over humpete vegar - "humpete veg" tyder nok anna for oss nå enn det gjorde før, og vi kjørte mange timar om dagen,omlag 20 000 km til saman. Sjåføren vår heitte Ben, han kunne mykje om dei forskjellige dyra og hjalp oss å finna the big five. 
Turen vår varte ni dagar og vi besøkte fire nasjonalparkar på denne tida: Tarangire, Serengeti, Ngorongorokrateret og Lake Manyara.
 Vi overnatta på fire forskjellige hotell/teltleirar:  ei natt på Springlands hotell, to netter på Karatu country logde, Ikoma wild camp og Ngorongoro wild camp. Dei to siste var såkalla teltleirar. Vi låg i telt, men det var toalett og dusjrom til kvart telt. Det som var spennande var alle dyrelydane om natta, masse insekter og fjerne løvebrøl.... Siste natta på Springlands hotell igjen, det ligg i nærleiken av flyplassen Kilimanjaro.

Vi gjorde jo ikkje det slag, blei kjørte rundt og blei serverte mat - god mat, men vi var svært trøytte kvar einaste kveld og gjerne i seng før ti...
 Det raude støvet alle stader, når ein ikkje var høgt oppe, må vera slitsamt å leva med. Fint støv som kjem seg inn alle stader, og legg seg på alt du har, følte eg togg dette støvet inn i mellom.



Tarangire

Akasietre og baobabtre
I Tarangire møtte vi og vart  ovandotne av vår aller første impala. Den stod rett ved bilen og poserte. Seinare kjørte vi blaserte rett forbi Impala, Thompson gaseller, og Dik-dik (liten, veldig søt antilope) på jakt etter dei fem store.Mange elefantar her, og praktfulle baobabtre.


Serengeti


Serengeti er den største nasjonalparken. Her held også masaiane til. Eit nomadefolk som lever slik dei alltid har gjort.
Eit hardt liv.




Store mengder gnu (kryssorddyret veit de!) som har spesielle trekkruter der. Vi var to dagar i Serengeti


Ngorongoro-krateret

her finn du mellom anna nasehorn, og veldig mange andre dyr på eit konsentrert område, Skråninga ned mot kraterbotnen er dekka av regnskog.


Candelabra tree, ser ut som ein fleirarma lysestake

Lake Manyara

Vakkert, vakkert landskap, mange bavianar, mange elefantar og ein av dei var skikkeleg sur.










The Big Five

Vi fekk sett alle dei fem store etterkvart. Føler absolutt ærefrykt for desse flotte dyra.
Løve Serengeti poserte slik den skulle


Elefantar er så store, og så luktar dei hest ganger ti



Skjønar ikkje heilt kvifor bøffelen er ein  av dei fem store, ser litt dum ut, stut liksom?
Leopard Ngorongorokrateret, tassa forbi alle bilane utan å bry seg.


Nasehorn frå Ngorongorokrateret. Nesten utrydda og svært sky dyr, skulle hatt betre kamera her.

Men sjiraffar og sebra då...

 sjiraffar er uverkeleg vakre, og fantastisk elegante. Dei har usannsynlege, lange halsar, dei er så fine.

Sebraene er veldig søte, trur dei er yndlingsdyret mitt. Alle er visst forskjellige, mønsteret i skinneter ulikt.
Ser ut som litt mislukka hestar, for korte bein til å springa særleg fort. Interessert som eg er i mat spurte eg  Ben om dei åt sebra, men det gjorde dei visst ikkje.

Desse er  ikkje blant the big five, men det er bøffelen altså,

Sjiraffar Serengeti


Sebra Ngorongoro-krateret

torsdag 10. oktober 2013

Frå Cava til Champagne - ei kassereise

Endeleg tok vi den, studieturen til Champagne, 
Vinmark - vignoble
hadde fått gode råd av kolleger og vener både
her og der om kor det var lurt å dra, og kva det var lurt å sjå.
Er ikkje langt til Champagne, det er i grannelaget det også, nokre timar med den store, fine bilen og så er vi der.

Épernay 

Vi drog til den vesle byen Épernay sør for Reims (Reims skal uttalast Ræ:s - med nasal og uttalt s, det er eit unntak). Her hadde vi bestilt både hotell og middag på restaurant. Nydeleg liten by som altså har ei gate som heiter Avenue du Champagne. Dette er nok den dyraste gata i verda vert det sagt. For her - under gata - ligg det kjellar på kjellar i i mange etasjar langs heile vegen - med millionvis flasker champagne. Så Kirkegaten og Rådhusplassen i Monopol vert bare for eit usle smug å rekna i forhold til dette.
Meir vinmark
Som ein lekk i vaksenopplæringa blei vi
Vinkjellaren hos Moët &Chandon
med på omvisning i kjellaren til Moët & Chandon - skal uttalast Moett tydeleg t) og Sjangdong (nasal over vokalane) - og ja, uttalen av Moët  er også eit unntak.

Mange kilometer kjellar i fleire etasjar her.


Prosessen

Det tar tid å laga champagne. Druene må pressast forsiktig, slik at fargestoffa frå skalet ikkje kjem med i safta. Så vert det laga vin - vanleg kvit vin (eventuelt rosé for avvikarar som vil ha pink champagne...). Vinen vert tappa  på flasker etterkvart , og SÅ tilset dei ekstra gjær og sukker for å laga boblene. Flaskene vert kapsla med vanlege bruskapslar. Sidan tilsetjinga av gjær og sukker skapar grums og botnfall i champagnen, må flaskene vendast. Det er ein lang
Skilt frå Hautvilliers som syner heile prosessen
prosess det! Du må snu dei litt og litt og litt om gongen - til flaskene står på hovudet og  botnfallet ligg rett over kapselen. Det dei då gjer i Moett og Sjangdong (for at de skal hugsa uttalen!) er at dei frys flaskehalsen  med kapsel nokre centimeter opp. Når dei då fjerner kapselen vert botnfallet med, og så må dei vera jysla kjappe å få på skikkeleg kork med ståltråd før boblene fyk avgarde. Kvaliteten på boblene, korleis dei oppfører seg, seier noko om kvaliteten på champagnen. Akkurat det skjønar eg ikkje heilt, eg er mest oppteken av smaken, og det er heilt klart forskjell på gode og ikkje så gode champagnar. Slik som det er på vin.



Hautvilliers

Gate i Hautvilliers
-er ein vakker liten landsby som ligg på ein bakketopp nord for Épernay. Her er grava til Dom Perignon, han munken som visstnok oppfann champagnemetoden. Moët & Chandon har lånt namnet hans til sin årgangschampagne - den dei bare lagar av og til når kvaliteten på druene er spesielt god. Den siste er frå 2004 -det tar så mange år før champagnen er drikkeferdig.
Gamle nydelege hus, smale krokete gater, mange champagneprodusentar, og bølgjande vinmarker ikring. Innhaustinga - les vendanges - var i gang, og folk hadde det travelt, men vi fekk besøka eit lite champagnehus som bare lagar 30 000 flasker i året. Dei hadde ei gammaldags trepresse til druene sine og
Trepresse til druer
god champagne, og her blei ei kasse med oss heim.



Reims 

har også mange champagnehus, men sjølv tenkjer eg helst på katedralen når eg tenkjer på Reims (Ræ:s), også Jeanne D'Arc sjølvsagt. I denne praktfulle katedralen fekk ho kront
Den smilande
engelen - kvifor smiler
han?
dauphinen i 1429, og dermed kveikt folket til kamp mot dei engelske okkupantane -  vi snakkar hundreårskrig her, England hadde okkupert halve Frankrike.


Seinare var ho med på å føra den franske hæren i fleire vellukka slag mot engelskmennene.  Det var hundreårskrigen dette.
Ho vart seinare selt  for 10 000 livres (gammal fransk mynteining) til dei engelske okkupantane som fekk henne dømt for kjetteri og  brent levande på torget i Rouen. Ho vart helgen i 1920. På grunn av alle rettspapira frå saka mot henne, og at kyrkja rehabilterte henne alt i  1456 (saksbehandlingsfeil!),  veit vi mykje om korleis livet var i mellomalderen.
 Det var messe og korsong då vi var der, vi er heldige sånn, ein praktful katedral.





Frå cava til champagne og tilbake igjen

Katedralen i Reims
Elles er det foire du vin, vinmesse på nærbutikken, og dei har tilbud på ein god cava - tre for to. Den er grei når ein skal feira litt i det små. Noko av det vi lærte på vaksenopplæringa til Moët & Chandon er at det er viktig å feira og å gleda seg. Ein god champagne  kan gjerne lagrast  nokre år, men det viktigaste er  å ta vare på gleda og feira når ein kan, og då gjer gjerne ein cava same nytten.

fredag 27. september 2013

Utanlandsk!


Mykje utanlandsk i heimen nå. Mannen lærer nederlandsk, tenåringen går på svensk gymnas og puggar svenske gloser, eg lærer fransk. Skule i Rhode st Genese (Sint Genesius Rode) to gonger i veka, og så har eg førelesing på nett to til tre gonger i veka. Dei på nett er i regi av ´Ecole superieur d'Ostfold. Skulen i Rhode gir puggelekser, frå Høgskolen i Østfold er det fonetikk som gjeld  for tida, attaque, noyau, coda, liquide, obstruant og slikt - høyrest ut som skumle sjukdommar alt saman, av dei vi helst ikkje vil vita finst og slett ikkje vil ha.




Bilete frå Prenzlauer Berg lånt frå Pinterest.com

Deutsch bitte!

I helga var eg i Berlin. Byen er ikkje heilt i grannelaget, måtte ta fly. Rare små flyplassar der,  eg kom frå Brussel og er van med å gå milevis. På Tegel var eg ikkje før av flyet før eg hadde kofferten i handa, Schönefeld er ikkje mykje større.

Også var det språket då, tysk. Eg meiner ein SKAL prøva seg på språket der ein kjem. Engelsk er feigt,  bortsett frå i England  (og USA og eit par andre stader eg ikkje har vore, og sikkert ikkje kjem).

Tysk hadde vi på ungdomsskulen og på gymnaset. Eg kan alle preposisjonane som styrer akkusativ og dativ,(spør meg når som helst!) og alle versa på die Lorelei og litt av Erlkönig.
 Eg håpte jo sjølvsagt det kunne hjelpa dersom det kneip:" Ich weiss nicht was soll es bedeute  (Die Lorelei) = nå skjønar eg ingenting, "Mein Vater, mein Vater und hörest du nicht?"(Der Erlkönig)= Men fader heller, høyrer du ingen ting? 

Men nederlandsken..

Brandenburger Tor
Men nederlandsken grev seg opp til overflata og øydelegg. Eg lærte nederlandsk då vi budde der på slutten av nitti-talet, og det er såpass likt tysk at eg blandat språka. Können Sie mir hilfen? blir til  Kunnt U mij helpen? Bitte  blir til  Alstublieft, og kva heiter Mijnheer og Mevrouw på tysk? Ein vil jo gjerne vera høfleg.
Eg fekk i oppdrag å bestilla bord på restaurant, fordi eg var stor i kjeften, tenkjer eg. Eg kom gjennom det med hjartebank og til applaus frå reisefølgjet. Bomma på bord - bestilte tafel der eg skulle bestilt tisch. Tisch?(tafel høyrest då mykje betre ut..) Vi fekk bord.

Berlin

Potsdamer Platz
Berlin er ein spesiell by tykkjer eg. Alle bydelane er på eit vis eigne sentrum, ein går stadig rundt og lurer på kor alle folk er.  Det er lange avstander, så det er lurt med U-bahn og S-bahn,  U-bahn systemet er effektivt og presist. Vi kjøpte Visit Berlinkort, og fekk kjøre gratis U-bahm og  i tillegg rabattar på  tur med turistbuss og fleire  museum og restaurantar.
Drosje er  heller ikkje så dyrt. Eg blei kjørt til Tegel då eg skulle heim for 20€, av ein triveleg sjåfør som som eg diskuterte  politikk med på min seine og klønete nederlandsktysk. Det var snart val, og han heldt på die Känslerin Merkel,  han også. Noko han gjorde rett i, ho gjorde eit brakval nokre dagar seinare.

Museum og ting ein bør sjå

Historia kviler tungt over byen . Vi budde rett ved murmuseet som er verdt å sjå, veldige mengder informasjon. DDR-museet er eit relativt nytt, interaktivt museum som gav spennande innsikt i livet før muren fall. Minnesmerket for holocaust med alle dei rektangulære steinblokkene er gripande,  heile Museumsinsel med mellom anna dei egyptiske samlingane, er noko ein bør sjå.
Riksdagen kan du besøke om du bestiller billett lenge nok på førehand, vi var for seint ute. Potsdamer Platz har flott arkitektur, og lyssettinga er fantastisk om kvelden. 

Tysk mat

Maten er vel ikkje heilt det ein reiser dit for. Currywürst tykte eg ikkje var noko særleg godt, vi har mykje betre pølser i Belgia. Eisbein mit sauerkraut er godt, men det er liksom ikkje noko du et kvar dag. Mykje vegetarisk og sunn mat rundt omkring, og sjølvsagt mykje etnisk.
Godt øl har dei, det skal dei ha, og vi fann ein svært anstendig tørr (brut) sekt, som det absolutt gjekk an å drikka, namnet?  Noko med Rotkäpp???
Vi åt lunsj i fjernsynstårnet som du ser bilete av under her. Restauranten gjekk rundt så det var skummelt å sjå ut. Det var mi første og einaste Currywürst.
Elles bør ein unna seg ein tur på ein brun kafé og eta tysk mat, bør vera svolten då,
Fjernsynstårnet
bilde: Siv Rydén

rettane på menyen har slike namn at du skjønar det ikkje er for pingler: hoppel-poppel, rippenspeer, eisbein, for ikkje å snakka om sauerbrauten. Ein vert nesten mett av å lesa menyen.

Kjøpe?

Du finn det meste i Berlin. Eksklusive saker vest på Kurfürstendamm,
kjedebutikkane litt nærmare byen. I Häckische Höfe finn du design og kunsthandverk, i Prenzlauer Berg mange små butikkar,  brukt og antikk.
Prenzlauer Berg var veldig sjarmerande, ikkje veldig dyrt.


Kviss eller spørjeleik

Vi begynner litt forsiktig sidan det er lenge sidan sist.

1. Kven sang om ein koffert i Berlin, og når gjorde ho/han det?
(namn og omtrentleg årstal)

2. Kven hevda (på norsk) at han stod på Brandenburger Tor  ,
når song han det (årstal) og i kva samanheng? Vil gjerne ha første verset.

3. Film. Kjent, tysk filmskapar, har ordet Berlin i den tyske tittelen. Kva heiter filmen? Årstal? Namnet på filmskapar?

4. Kven har skrive dikta eg refererer til i teksten?

5. Når blei muren som delte Berlin bygd? Og når fall han?

Svaret legg du inn i kommentarfeltet her. Det vankar mykje ære og stor fagnad.


mandag 11. mars 2013

Sjåfasjen er i stykker og nå vert det kaldt!

Sjåfasjen (lydskrift for chauffagen) vår har stønna og bore seg i det siste. Sidan vi ikkje har nokon erfaring med sjåfasjar, har vi tenkt at han må nå få lov til å bråka litt han også. Nokre gonger har radiatorane vore litt kalde, og av og til har det ikkje vore varmt vatn når tenåringen skulle vaska håret. (Tenåringen har mykje meir hår enn oss andre).

Kaldt og kaldare

Chauffagen - den grøne dingsen nede
skal bytast
På torsdag kveld var det kaldt, men fredag morgon var det varmt att og alle var glade. Fredag kveld blei ein kald  kveld igjen og det same blei laurdagen. Vi hadde tenkt oss til Lille i Frankrike, bare ein biltur unna, og tenkte at vi skulle få la sjåfasjen furta i fred ei stund. Men laurdag kveld og søndag morgon var det framleis kaldt og vi ringde til technicien.
Vi har ingen ekstra omnar, vi har ikkje peis, vi har bare radiatorar her i huset. Heldigvis har vi straum og kan varma vatn på komfyren. Dessutan har vi mange, nydelege heimestrikka (for ikkje å seia sjølvstrikka) genserar og kofter som var gode å ha på seg når temperaturen i stova gjekk ned.
Fin fasade i jugendstil - Lille
Teknikaren kom, han drog i leidningar, stakk skrujernet inn i kontakten for å kjenna om det var straum der (det var det - sikring også!),  og fortalde om alt han gjorde.  Dette er ting som eg knapt nok skjønar på norsk -  noko om å skifta fasar ( nei, dette har ingen ting med astrologi å gjera), men det høyrest jo som alt anna mykje finare ut på fransk. Han snakka dessutan lenge om alle dei forskjelliga fabrikata som finst av sjåfasjar, og at ein derfor ikkje kunne ha så mange delar på lager. Han konkluderte med at det var ein del som var i stykker og måtte skiftast ut, den måtte bestillast og det skulle han gjera grytidleg  måndag morgon.
Mannen og eg fekk trent og dusja på helsestudioet vårt. Vi blei alle inviterte på middag og peis av nokre gilde folk som også lånte oss elektrisk omn.
Så nå sit vi her og har det varmt i stova og på kjøkenet, temperert på badet og kaldt elles. 
Vi håper delen kjem og blir skifta i morgon. Utover i veka skal det bli jysla kaldt. Ifølgje yr.no vert det ned mot minus 7 på onsdag og på fredag bikkar det ned mot minus 14.

Eg vil bare ha sagt at eg flytta ikkje til Belgia for å få det like kaldt som heime på austlandet - nokon har misforstått noko her.

Men Lille

Bruktbokmarknad i den gamle Lille
er ein fin by. Tenåringen hadde med ei veninne, dei skulle shoppa. 
Mannen og eg skulle vandra i byen og sjå oss i kring. Charles de Gaulle er fødd i Lille, mor hans kom der i frå. Det var også eit fint kulturhistorisk museum der, med fleire måleri av Brueghel. Mange fine og spesielle motebutikkar,  eit morosamt bruktbokmarknad i l'Ancienne Bourse - ein stasbygning, og ein koseleg gamleby som er godt teken vare på. Dette er ein by som, som  så mange i Flandern, har ei historie med veveri og tøyproduksjon.

 Det er vondt å sjå barn tigga ved innkjørselsvegane til byen, men det såg vi her, som så mange andre stader - også i Brussel.

I parken rundt citadellet var det ganske mange dumdristige krokus som trudde på vår. Citadellet frå 1600-talet, ligg på øya  i elva som gav byen namn l'ile(tyder øya på fransk), men det var ikkje ope for besøk.

Og på heimvegen leidde dama som bur under panseret på "den store fine bilen", oss rundt halve Belgia på tulletur før vi endeleg kom heim til det kalde huset - rare greier.

 



mandag 25. februar 2013

London igjen

Blomstring i parken
London er aldri feil. Vi reiste frå Waterloo i snø og kom til London i vårver.
Tok toget sjøvsagt, eg er jysla blasert  nå, og let meg ikkje merka med noko då vi gjekk ned i tunnellen, (med alt det våte, kalde, mørke, salte vatnet over oss).

Kommunikasjon og kultur

Vi hadde lånt eit par Oyster cards slik at vi kunne reisa rundt med offentleg kommunikasjon alle  saman, og det er ganske lurt. Ein taxi vert ofte ståande i Londontrafikken medan tuben freser avgarde under jorda, billegare er det også. Enkeltbillettar med T-bane er ganske dyrt i London så kortet løner seg.
Vi såg A chorus line på teatret, (eg nynna stille med - trur til og med eg hugsar tekstane). Den er sett opp att etter mange års fråver. Billettane kjøpte vi på Leicester square.
A fine day to die hard såg vi på kino - fullstendig innhaldslaus, usannsynleg og tåpeleg film, stort matkonsum på medtilskodarane - trur dei hadde tre-retters med ekstra popcorn alle saman.

Mat og natur

Snurt ekorn:
  koma her utan mat!
Elles handla det mykje om mat denne gongen: vi fann heilt tilfeldig ein god fiskerestaurant i nærleiken av Oxford street - Regent street - South African fish  market. Vi hadde Afternoon tea på The Orangery i Kensington gardens - det var etter ønskje frå tenåringen, men det blei eit høgdepunkt for alle. Vi vandra gjennom ein park i vårver, der vi mellom anna helste på ein gjeng med tamme ekorn.
The Orangery Kensington gardens
 Levande harpemusikk i Orangery, nydelege lokale, hyggelege serviørar, overdådig servering av sandwiches, scones og småkaker og te sjølvsagt (pluss rosa  champagne sidan det nett hadde vore Valentinsdagen). Clotted cream trudde vel eg var ein slags rømme, men det er vel ikkje det heller? Tilbehør til scones.
Østers på Harrods
På Harrods delte vi ein  østerstallerken  i østers-baren. Tenåringen hadde ikkje prøvd østers før.Vi gjekk litt rundt i matvareavdelinga der  - kjøpte blant anna belgisk sjokolade til laurdagsgodteri - tenåringen er skeptisk til engelsk sjokolade.
Harrods er nok litt mykje for meg - det var godt å koma ut!
 Albert Memorial
I Kensington park vis a vis Royal Albert Hall ligg det eit digert monument . Albert memorial heiter det. Firkanta sak med ein verdsdel i kvart hjørne, symbolisert ved forskjellige dyr, Asia er ein elefant, Afrika ei løve, Amerika ein bison, Europa ei ku. Masse gull og stas på det - fantastisk smaklaust - oppsøk det neste gong det er i London. Det skal symbolisera imperiet,  vi tok den vi altså, ikkje akkurat subtilt.
Japansk i Chinatown
Det var kinesisk nyttår, og Chinatown var pynta og stæsja til trengsel. Vi åt nydeleg mat på ein japansk restaurant der - der dei steikte maten på bordet framfor oss - veldig godt.

Allslags

Vi var inne på Foyle's sjølvsagt - ein bokhandel eg gjerne kan vera lenge i. Besøkte St. Pauls cathedral, som eg ikkje hadde vore inne i før. Og  fekk eit fint gjensyn med dei flamske meistrane i National Gallery.
Vi fekk  shoppa litt også - kjøpte nye gummistøvlar på tebud i nærleiken av Camden Market, veldig nøgd med dei. Mannen fekk kjøpt Ecco-sko som vi ikkje finn her. Tenåringen kjøpte lebestift. Fornuftig shopping etter nyttige ting kan vi seia.


Hotellet


Hotellet var vi nøgde med. Spesialtilbod på Hilton metropole nord for Hyde Park, Edgware road. Stort fint rom i 12. etasje med utsyn over heile byen. Stort og godt utstyrt  treningsrom - der eg strekte ein muskel i ryggen -  pluss badebasseng. Det einaste dei ikkje greidde var å organisera frukosten. Alle må då forstå at den oppskorne frukta skal vera i nærleiken av frukostblandingane - ikkje avleides gøymt bakom pålegget?
Godt å vera i ein by der ein ikkje bare skjønar alt folk seier, men til og med kan svara rimeleg frimodig utan å vera redd for å seia noko feil, jysla greitt med engelsk.
Og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild tur.

onsdag 23. januar 2013

Waterloo Wives - Serious Shopping

 Då  dei norske damene her i Waterloo skulle på tur til London (Londres/Londen) ville eg sjølvsagt vera med.  Det norske miljøet her i Waterloo er sosialt og inkluderande, men sidan eg har vore mykje på franskkurs har eg ikkje blitt så veldig kjent med så mange av dei.

Eurostar

Frokost på toget
Vi skulle ta toget til London (Londres/Londen) -  toget  - tygg litt på det. Vatn i mellom -  sant? Mange liter - salt, vått og kaldt? I min ungdom tok eg båten til England eg, båt til Newcastle, billegaste billetten, sov på ein benk, seinare er det blitt fly. Men tog?
Toget til London (Londres /Londen - nok nå?)  kjører sør til Calais via Lille. Der går det ned i ein tunnell på det smalaste og kjem opp ca Dover. Eit par cm snø  sette både Belgia og England på ende. Vi som skulle dra grisetidleg måtte dra litt seinare, eigentleg ganske behageleg for oss. Sjølv hadde eg det så behageleg med fin frokost og hyggeleg prat på toget at eg knapt merka tunnellen og alle litrane med det kalde, mørke, salte vatnet over oss. Men snøen skapte såpass mykje kluss at gruppa med damer som skulle koma frå Noreg, blei veldig forseinka, nokre med opptil tolv timar.Dette er folk som har budd i Waterloo og Brussel tidlegare.

Byen

Trafalgar square
London var dekka med snø, det var kald vind, men vi fekk gjort det vi skulle. Musical - We will rock you - grei nok, men ikkje meir heller. Pubbesøk med fish and chips som vel er det ypperste engelsk kjøken kan by på, vi vert nok litt bortskjemde med mat her i Belgia.  Og sjølvsagt litt handling - det var  sal i London - aldri så mange prosent avslag på aldri så mykje pent og kledeleg.

Søndagen drog vi til Camden market, det var framleis sludd og snø. Mykje å sjå på.Seinare til National Gallery som er varmt og gratis. Det er ein eigen sal  med verk av Rubens og dei har mange flamske målarar frå 15-1700-talet. Fin samling med franske impresjonistar  også.


Heim då?

Camden market - utsikt over Themsen
Det var framleis snø på søndagen. Fleire fly var innstilt, folk booka og booka om , nokre måtte dra dagen etterpå. Fleire tog var også  innstilt, men ikkje vårt. Toga måtte kjøra med redusert fart og vi kom til Brussel kl 00.00, stod i drosjekø, og seilte heimetter på sommardekk på snøen med ein sjåfør som prøvde å lura oss.

Og den måndagen kjøpte eg snøskuffe. Fortauet vårt er i alle fall måkt sjølv om vegen ikkje er det.