Viser innlegg med etiketten øl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten øl. Vis alle innlegg

fredag 27. september 2013

Utanlandsk!


Mykje utanlandsk i heimen nå. Mannen lærer nederlandsk, tenåringen går på svensk gymnas og puggar svenske gloser, eg lærer fransk. Skule i Rhode st Genese (Sint Genesius Rode) to gonger i veka, og så har eg førelesing på nett to til tre gonger i veka. Dei på nett er i regi av ´Ecole superieur d'Ostfold. Skulen i Rhode gir puggelekser, frå Høgskolen i Østfold er det fonetikk som gjeld  for tida, attaque, noyau, coda, liquide, obstruant og slikt - høyrest ut som skumle sjukdommar alt saman, av dei vi helst ikkje vil vita finst og slett ikkje vil ha.




Bilete frå Prenzlauer Berg lånt frå Pinterest.com

Deutsch bitte!

I helga var eg i Berlin. Byen er ikkje heilt i grannelaget, måtte ta fly. Rare små flyplassar der,  eg kom frå Brussel og er van med å gå milevis. På Tegel var eg ikkje før av flyet før eg hadde kofferten i handa, Schönefeld er ikkje mykje større.

Også var det språket då, tysk. Eg meiner ein SKAL prøva seg på språket der ein kjem. Engelsk er feigt,  bortsett frå i England  (og USA og eit par andre stader eg ikkje har vore, og sikkert ikkje kjem).

Tysk hadde vi på ungdomsskulen og på gymnaset. Eg kan alle preposisjonane som styrer akkusativ og dativ,(spør meg når som helst!) og alle versa på die Lorelei og litt av Erlkönig.
 Eg håpte jo sjølvsagt det kunne hjelpa dersom det kneip:" Ich weiss nicht was soll es bedeute  (Die Lorelei) = nå skjønar eg ingenting, "Mein Vater, mein Vater und hörest du nicht?"(Der Erlkönig)= Men fader heller, høyrer du ingen ting? 

Men nederlandsken..

Brandenburger Tor
Men nederlandsken grev seg opp til overflata og øydelegg. Eg lærte nederlandsk då vi budde der på slutten av nitti-talet, og det er såpass likt tysk at eg blandat språka. Können Sie mir hilfen? blir til  Kunnt U mij helpen? Bitte  blir til  Alstublieft, og kva heiter Mijnheer og Mevrouw på tysk? Ein vil jo gjerne vera høfleg.
Eg fekk i oppdrag å bestilla bord på restaurant, fordi eg var stor i kjeften, tenkjer eg. Eg kom gjennom det med hjartebank og til applaus frå reisefølgjet. Bomma på bord - bestilte tafel der eg skulle bestilt tisch. Tisch?(tafel høyrest då mykje betre ut..) Vi fekk bord.

Berlin

Potsdamer Platz
Berlin er ein spesiell by tykkjer eg. Alle bydelane er på eit vis eigne sentrum, ein går stadig rundt og lurer på kor alle folk er.  Det er lange avstander, så det er lurt med U-bahn og S-bahn,  U-bahn systemet er effektivt og presist. Vi kjøpte Visit Berlinkort, og fekk kjøre gratis U-bahm og  i tillegg rabattar på  tur med turistbuss og fleire  museum og restaurantar.
Drosje er  heller ikkje så dyrt. Eg blei kjørt til Tegel då eg skulle heim for 20€, av ein triveleg sjåfør som som eg diskuterte  politikk med på min seine og klønete nederlandsktysk. Det var snart val, og han heldt på die Känslerin Merkel,  han også. Noko han gjorde rett i, ho gjorde eit brakval nokre dagar seinare.

Museum og ting ein bør sjå

Historia kviler tungt over byen . Vi budde rett ved murmuseet som er verdt å sjå, veldige mengder informasjon. DDR-museet er eit relativt nytt, interaktivt museum som gav spennande innsikt i livet før muren fall. Minnesmerket for holocaust med alle dei rektangulære steinblokkene er gripande,  heile Museumsinsel med mellom anna dei egyptiske samlingane, er noko ein bør sjå.
Riksdagen kan du besøke om du bestiller billett lenge nok på førehand, vi var for seint ute. Potsdamer Platz har flott arkitektur, og lyssettinga er fantastisk om kvelden. 

Tysk mat

Maten er vel ikkje heilt det ein reiser dit for. Currywürst tykte eg ikkje var noko særleg godt, vi har mykje betre pølser i Belgia. Eisbein mit sauerkraut er godt, men det er liksom ikkje noko du et kvar dag. Mykje vegetarisk og sunn mat rundt omkring, og sjølvsagt mykje etnisk.
Godt øl har dei, det skal dei ha, og vi fann ein svært anstendig tørr (brut) sekt, som det absolutt gjekk an å drikka, namnet?  Noko med Rotkäpp???
Vi åt lunsj i fjernsynstårnet som du ser bilete av under her. Restauranten gjekk rundt så det var skummelt å sjå ut. Det var mi første og einaste Currywürst.
Elles bør ein unna seg ein tur på ein brun kafé og eta tysk mat, bør vera svolten då,
Fjernsynstårnet
bilde: Siv Rydén

rettane på menyen har slike namn at du skjønar det ikkje er for pingler: hoppel-poppel, rippenspeer, eisbein, for ikkje å snakka om sauerbrauten. Ein vert nesten mett av å lesa menyen.

Kjøpe?

Du finn det meste i Berlin. Eksklusive saker vest på Kurfürstendamm,
kjedebutikkane litt nærmare byen. I Häckische Höfe finn du design og kunsthandverk, i Prenzlauer Berg mange små butikkar,  brukt og antikk.
Prenzlauer Berg var veldig sjarmerande, ikkje veldig dyrt.


Kviss eller spørjeleik

Vi begynner litt forsiktig sidan det er lenge sidan sist.

1. Kven sang om ein koffert i Berlin, og når gjorde ho/han det?
(namn og omtrentleg årstal)

2. Kven hevda (på norsk) at han stod på Brandenburger Tor  ,
når song han det (årstal) og i kva samanheng? Vil gjerne ha første verset.

3. Film. Kjent, tysk filmskapar, har ordet Berlin i den tyske tittelen. Kva heiter filmen? Årstal? Namnet på filmskapar?

4. Kven har skrive dikta eg refererer til i teksten?

5. Når blei muren som delte Berlin bygd? Og når fall han?

Svaret legg du inn i kommentarfeltet her. Det vankar mykje ære og stor fagnad.


tirsdag 30. oktober 2012

Bobla - økonomi og sånn

Sjevå var så løyen
Vi lever i ei boble, sjølvsagt gjer vi det. Norsk løn her i Belgia, billegare mat enn heime, ikkje stort andre sorger og bekymringar enn dei vi lagar oss sjølve. I høve til resten av Europa lever vel sånn sett heile Noreg i ei boble.

Verre for dei som  er ordentlege belgiarar. På Ford-fabrikken i Genk mister 10 000 jobben nå. Fabrikken vert flytta. Sjølv om det store biletet visstnok syner at Belgia er over den verste krisa skjer det stadig slike ting, veksemder legg ned, folk mister jobben.
General Motors la ned sin fabrikk utanfor Anvers Antwerpen for tre-fire år sidan. 
Interiør frå A  La Mort Subite i Brussel
Belgia har vore eit billand, dei har alltid skrudd bilar her - og kjørt dei sjølvsagt. Audi vert skrudd saman utanfor Brussel. Til bilen vår er delane laga i Kina, dei er skrudde saman til bil på fabrikken i Gent (Gand på fransk) og så sendt til Göteborg, der vi henta den. Men det er spørsmål om Volvo vil fortsetje å ha fabrikkar her,  når det er lågare lønsnivå andre stader.

A La mort subite interiøret er frå 1905 - originalt
Lønsnivå ja, for vaskehjelp i heimen betaler du  heilt lovleg og kvitt under 10 euro i timen. Går'kje an å leva av det , veit du, ikkje eingong med dei låge matprisane vi har. 

Inntektsskatten er elles  temmeleg  høg, og det er ingen skatt på formue. På grunn av dette siste, har Belgia for tida ein liten invasjon av rike franskmenn som flykter frå den nye skattepolitikken til Hollande. Vi får sjå korleis det går.
Landet slit. Eg les i Le Soir om vanskane i Vallonia, og Tønnes les i de Standard  om vanskane i Flandern, og så fortel vi kvarandre korleis landet har det.
Spennande bokhandel i Brussel
Eg forstår verkeleg  ikkje kvifor folk i Vallonia ikkje er interesserte i Flandern og vice versa. Men det er ikkje eitt land dette.

 Anvers (Antwerpen) var interessant for "oss" i Vallonia då det var val.
De hugsar den store thrilleren med Bart de Wever i Anvers (Antwerpen )? Nå er dette ingen thriller lenger fordi NVA med Wever vann stort.  Men nå må han altså begynna å samarbeida og laga koalisjon for bystyret, Det er stor forskjell på å vera Bourgmestre og å vera partileiar, kan du skjøna, og nå er vi i Vallonia vende tilbake til oss sjølve att.

Bileta denne gongen er frå byrundturen vi prøvde å vera med på på laurdag. På grunn av hagl, og surt regn måtte vi trekkje innandørs og fann ein nydeleg kafe og ein fin bokhandel.

onsdag 26. september 2012

Waterloo Wives - shopping

Tittelen er meint å virka litt sånn pirrande - minner litt om Hollywod wives - hæ? Var meininga det.

Femme de maison heiter det på fransk det som tilsvarer husmor på norsk . Må ikkje blandast saman med femme de chambre som er det same som stuepike. 

Kvar dag skal mann og barn ha variert,  rett samansett og helst heimelaga mat (her kjører vi stort sett mat laga frå botnen, med unntak for bruk av buljong) . 
Eg handlar på Carrefour. Dette er ein kjempediger burikk med fantastisk utval av frukt, grønsaker, kjøt og fisk. Fisk er litt smådyrt her, men elles er resten mykje billegare enn heime, og då meiner eg verkeleg mykje billegare
.
Men alt er jo annleis då. Kjøpa mjøl for eksempel: det er mjøl som er tilsett hevemiddel, og mjøl som bare skal brukast i sausar, og så er det vanleg sikta kveitemjøl (men det heiter jo ikkje det då). Mjølk fins i alle variantar. Det mest vanlege er kokt, hermetisert mjølk som vi ikkje tykkjer er så god å drikke, men den kan brukast i matlaging. Du finn også vanleg frisk mjølk demi ecrémé eller half voll (sjå språkstriden),  surmjølk, og hundrevis (?- har ikkje telt) forskjellige yoghurt og kvarktypar. Hylle opp og hylle ned med kjeks og frokostblandingar, dyrefor, og hermetikk, ein vegg med pasta. 
Eg tenkjer vel av og til at ingen kan då ha bruk for slikt utval?
Min Carrefour er nokså normalstor sånn to gonger Ultra - det er eit digert hypermarked borti høgget også , men der vert eg redd...

Også vin då, alle slag, billeg også i forhold til heime- god vin for 40-50 kr. Reolar med vin, nå er det ein slags aksjon på gong også "Kjøp fire få den femte gratis" og så vidare.  Chablis på tilbud også i går, ein anstendig enkel chablis nedsett til 6 euro og noko. 

Den hadde nok passa fint til fiskemiddagen vår:

På ei seng av lettsurra frisk spinat  (surra i ein wok med olivenolje til den fell saman), legg du  torskefilet presser sitron over og salt og pepar, inn i omnen 200 grader. Du har kokt  poteter i bitar, så det er lett å laga potetstappe av dei med smør og mjølk, ei teskei fransk sennep er alltid godt i potetstappe, puttar oppi litt riven ost som du har i kjøleskåpet Eit par gulerøter i stavar vert kokt i lettsalta vatn. Tar ut forma frå omnen danderer gulrotstavar over og potetmos med ost på toppen. Inn i omnen att, og det vert servert når far kjem frå arbeid. Pass på tida, det kan fort bli litt tørt.  Bruk gjerne andre fiskeslag, med sei t.d. kan du kjøra på med meir krydder.
Ei av ølhyllene på butikken, det er mange fleire

Men  ein  bør ikkje drikka vin så ofte, så det blei vatn i går.


Belgiarane er glade i øl også, og lagar mykje godt øl og mykje rart øl.  Mange øltypar har mykje høgare alkoholprosent enn vi er vane med.
Her er eit bilete frå ei ølhylle på butikken:

  I tillegg til "vanleg" øl som liknar på vanleg pilsnerøl, og mørkt øl heime,  har dei ei mengd øltypar med tilsette frukt og bærsmakar.

Mort subite og ferskenøl
Eg har fått sans for Bellevue som er kirsbærøl, det smaker godt og har ein nydeleg farge.
Kva seier det om ferskenøl? Eller kva med Mort Subite? Namnet tyder plutsleg og brå død, og eg trur eg held meg unna det.