fredag 27. september 2013

Utanlandsk!


Mykje utanlandsk i heimen nå. Mannen lærer nederlandsk, tenåringen går på svensk gymnas og puggar svenske gloser, eg lærer fransk. Skule i Rhode st Genese (Sint Genesius Rode) to gonger i veka, og så har eg førelesing på nett to til tre gonger i veka. Dei på nett er i regi av ´Ecole superieur d'Ostfold. Skulen i Rhode gir puggelekser, frå Høgskolen i Østfold er det fonetikk som gjeld  for tida, attaque, noyau, coda, liquide, obstruant og slikt - høyrest ut som skumle sjukdommar alt saman, av dei vi helst ikkje vil vita finst og slett ikkje vil ha.




Bilete frå Prenzlauer Berg lånt frå Pinterest.com

Deutsch bitte!

I helga var eg i Berlin. Byen er ikkje heilt i grannelaget, måtte ta fly. Rare små flyplassar der,  eg kom frå Brussel og er van med å gå milevis. På Tegel var eg ikkje før av flyet før eg hadde kofferten i handa, Schönefeld er ikkje mykje større.

Også var det språket då, tysk. Eg meiner ein SKAL prøva seg på språket der ein kjem. Engelsk er feigt,  bortsett frå i England  (og USA og eit par andre stader eg ikkje har vore, og sikkert ikkje kjem).

Tysk hadde vi på ungdomsskulen og på gymnaset. Eg kan alle preposisjonane som styrer akkusativ og dativ,(spør meg når som helst!) og alle versa på die Lorelei og litt av Erlkönig.
 Eg håpte jo sjølvsagt det kunne hjelpa dersom det kneip:" Ich weiss nicht was soll es bedeute  (Die Lorelei) = nå skjønar eg ingenting, "Mein Vater, mein Vater und hörest du nicht?"(Der Erlkönig)= Men fader heller, høyrer du ingen ting? 

Men nederlandsken..

Brandenburger Tor
Men nederlandsken grev seg opp til overflata og øydelegg. Eg lærte nederlandsk då vi budde der på slutten av nitti-talet, og det er såpass likt tysk at eg blandat språka. Können Sie mir hilfen? blir til  Kunnt U mij helpen? Bitte  blir til  Alstublieft, og kva heiter Mijnheer og Mevrouw på tysk? Ein vil jo gjerne vera høfleg.
Eg fekk i oppdrag å bestilla bord på restaurant, fordi eg var stor i kjeften, tenkjer eg. Eg kom gjennom det med hjartebank og til applaus frå reisefølgjet. Bomma på bord - bestilte tafel der eg skulle bestilt tisch. Tisch?(tafel høyrest då mykje betre ut..) Vi fekk bord.

Berlin

Potsdamer Platz
Berlin er ein spesiell by tykkjer eg. Alle bydelane er på eit vis eigne sentrum, ein går stadig rundt og lurer på kor alle folk er.  Det er lange avstander, så det er lurt med U-bahn og S-bahn,  U-bahn systemet er effektivt og presist. Vi kjøpte Visit Berlinkort, og fekk kjøre gratis U-bahm og  i tillegg rabattar på  tur med turistbuss og fleire  museum og restaurantar.
Drosje er  heller ikkje så dyrt. Eg blei kjørt til Tegel då eg skulle heim for 20€, av ein triveleg sjåfør som som eg diskuterte  politikk med på min seine og klønete nederlandsktysk. Det var snart val, og han heldt på die Känslerin Merkel,  han også. Noko han gjorde rett i, ho gjorde eit brakval nokre dagar seinare.

Museum og ting ein bør sjå

Historia kviler tungt over byen . Vi budde rett ved murmuseet som er verdt å sjå, veldige mengder informasjon. DDR-museet er eit relativt nytt, interaktivt museum som gav spennande innsikt i livet før muren fall. Minnesmerket for holocaust med alle dei rektangulære steinblokkene er gripande,  heile Museumsinsel med mellom anna dei egyptiske samlingane, er noko ein bør sjå.
Riksdagen kan du besøke om du bestiller billett lenge nok på førehand, vi var for seint ute. Potsdamer Platz har flott arkitektur, og lyssettinga er fantastisk om kvelden. 

Tysk mat

Maten er vel ikkje heilt det ein reiser dit for. Currywürst tykte eg ikkje var noko særleg godt, vi har mykje betre pølser i Belgia. Eisbein mit sauerkraut er godt, men det er liksom ikkje noko du et kvar dag. Mykje vegetarisk og sunn mat rundt omkring, og sjølvsagt mykje etnisk.
Godt øl har dei, det skal dei ha, og vi fann ein svært anstendig tørr (brut) sekt, som det absolutt gjekk an å drikka, namnet?  Noko med Rotkäpp???
Vi åt lunsj i fjernsynstårnet som du ser bilete av under her. Restauranten gjekk rundt så det var skummelt å sjå ut. Det var mi første og einaste Currywürst.
Elles bør ein unna seg ein tur på ein brun kafé og eta tysk mat, bør vera svolten då,
Fjernsynstårnet
bilde: Siv Rydén

rettane på menyen har slike namn at du skjønar det ikkje er for pingler: hoppel-poppel, rippenspeer, eisbein, for ikkje å snakka om sauerbrauten. Ein vert nesten mett av å lesa menyen.

Kjøpe?

Du finn det meste i Berlin. Eksklusive saker vest på Kurfürstendamm,
kjedebutikkane litt nærmare byen. I Häckische Höfe finn du design og kunsthandverk, i Prenzlauer Berg mange små butikkar,  brukt og antikk.
Prenzlauer Berg var veldig sjarmerande, ikkje veldig dyrt.


Kviss eller spørjeleik

Vi begynner litt forsiktig sidan det er lenge sidan sist.

1. Kven sang om ein koffert i Berlin, og når gjorde ho/han det?
(namn og omtrentleg årstal)

2. Kven hevda (på norsk) at han stod på Brandenburger Tor  ,
når song han det (årstal) og i kva samanheng? Vil gjerne ha første verset.

3. Film. Kjent, tysk filmskapar, har ordet Berlin i den tyske tittelen. Kva heiter filmen? Årstal? Namnet på filmskapar?

4. Kven har skrive dikta eg refererer til i teksten?

5. Når blei muren som delte Berlin bygd? Og når fall han?

Svaret legg du inn i kommentarfeltet her. Det vankar mykje ære og stor fagnad.


6 kommentarer:

  1. Da prøver jeg meg :-)
    1. Bully Buhlan, 1951

    2. Kjetil Stokkan, Melodi Grand Prix I 1990
    En heil verden va' te' stede
    Førr å dele det som skjedde i høst
    Vi så menneska gråte av glede
    Og ei grense åpne mot øst
    Ingen kunne la vær, alle sammen va' der
    Og fick se Brandenburger Tor

    3. Anonyma − eine Frau in Berlin, fra 2008 av Max Färberböck

    4. Heinrich Heine?

    5. 1961 - 1989

    SvarSlett
  2. Ser at jeg glemte et av svarene på nr 4 - Goethe

    SvarSlett
  3. Ah! spyrjeleik - kan ikkje motstå. Med fåre for å blottstilla vankunna, -eg prøver likevel
    1) Marlene Dietrich ? vil eg tru. Men når levde ho ?.Det var jo før/etter krigen
    2) Det var ein nordlending, og det var i GrandPrix samanhang. Men år? 1990 (hofteskot). Og første vers: forget it, (vergessen Sie es alles)
    3) Her kjenner eg at eg er på tryggare grunn: Himmelen over Berlin. Wim Wenders, +/- midt 80-tal, Sjansar¨på 86. Ein nydeleg film. Såg den seinare i amerikansk versjon som ikkje rakk originalen til anklane. I originalen er der ei kjellar-scene med eit rocke-band med frontfigur som no er ein av mine store artistar: Nick Cave. Vakkert
    4) Veldig usikker på om det er Goethe, men har ikkje so mange alternativ.
    5) bygd tidleg 60-tal, 62? Og riven: der er eg sikker, det var i 89. Ein sensasjon! Hugsar overskrifta i Dagbladet, dagen etter, med krigstypar: "Barnepsykolog Magne Raundalen: La barna få banne". oh jeezez, som dei unge seier no

    Jarle F-

    SvarSlett
  4. Så flinke de er. Nr 1 er Marlene Dietrich, men her manglar eg tittel på songen og årstal
    nr 2 tykkjer eg Wenche svarer veldig godt på sjølv om eg må medgi at det er refrenget eg elskar:
    Her stå ræ på Brandenburger Tor
    hain i Hainn som om det var i går
    Du og æ på Brandenburger Tor
    Vi SEEER Bandenburger Tor
    (omtrent slik)
    3.Der Himmel über Berlin av Wim Wenders 1987 - veldig bra Jarle F

    4. Gothe og Heine er rette Göthe har Erlkönig og Hiene die Lorelei

    5. Muren 1961 til 1989 er rett - gratulerer begge to. Dei sørga for å bygga muren då det var sommarferie slik at det ikkje blei så mykje mas.

    SvarSlett
  5. Sangen heter vel 'Ich hab noch einen Koffer in Berlin' og Marlene sang den, men den første som sang den var vel Bully Buhlan?
    http://german.about.com/library/blmus_hknef_kofferE.htm

    SvarSlett
  6. Ja her har du rett tittel Wenche. Andre song den først, men Dietrich sin versjon er talfesta til 1951-53. Endå meir ære og fagnad til deg!

    SvarSlett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.