onsdag 28. november 2012

Chou-blanc? Chou-rave? Chou-navet? Chou-fleur? Chou-hæ?

Kålrot - kålrabi

Katedralen i Tongeren
Vi tar ikkje lett på stappe. Heimelaga potetstappe er veldig godt. Det som gjeld her er å bruka tilstrekkelege mengdar meierismør, mjølk, salt og pepar, og ei teskei dijonsennep, den hever smaken.
Nå handler det om om kålrotstappe. La det vera sagt med ein gong - her i huset er det pinnekjøt som gjeld julafta. Og pinnekjøtet greier vi å få inn i landet. Men kålrabien eller kålrota som skal bli til nydeleg gyllen kålrabistappe  - kor får vi den?
Carrefour ha reol på reol med dei lekraste grønsaker, mykje vi aldri ha sett før, men kålrabi har dei ikkje. Vi frykter at det kanskje går rett til dyrefor, men då seier mannen min som er odelsgut, at det er då ingen kyr som kan eta kålrabi, griser kan heller ikkje det sier han. I alle fall ikkje før han er kokt - kålrabien då.
Ei heftig syklande norvègienne i nettverket meiner å ha sett haugar av kålrot på nokre jorder i Lasne (vert uttalt Lann) desse aner vi ikkje kor blir av - kanskje det vert eksportert til Noreg? Til jul?



Tongeren

Bilete av beguinerkvinner
Pinterest
er Belgias eldste by. Dei har den største antikkmarknaden i landet, og det seier litt, i eit land der det er bruktmarknader absolutt alle stader heile tida. Tongeren er ein gamal romersk by som vart grunnlagt 149 før Kristus. Det er noko att av bymuren, og ein av dei gamle byportane står att. Katedralen er stor og fin, og det skal vera eit flott skattkammer der, men det er bare ope frå mai til september.
 Dei har også eit spennande historisk museum der.
Beguinhuset er noko av deg eg tykte var mest sjarmerande i byen. Beguinage var eit samfunn av kvinner som levde saman i eit kristeleg lekfellesskap utan å vera  nonner. Dei  avla aldri nokre endelege løfte, dei gav ikkje frå seg eigedomar dei hadde frå før, men dreiv gjerne sjukehus, og heldt på med forskjellige typar handverk for å livnære seg. Desse beguinagehusa finst i Belgia og Nederland. Rørsla oppstod i tidleg mellomalder - 12-1300-talet, då mange menn drog i korstog og gjorde konene sine til enkjer, i tillegg hadde ugifte kvinner ikkje mange val. Anten gifta du deg, eller så gjekk du i kloster, gifta du deg ikkje blei du gåande heime som uløna hushjelp eller var tenestejente hos andre dersom familien din ikkje kunne fø deg, og du ikkje hadde eigen eigedom. Kvinner var ikkje myndige må vita. 
Beguinage var ein slags tredje veg for å få litt sjølvstende. 
 Den katolske kyrkja såg i periodar med skepsis på rørsla og meinte den var kjettersk, men i andre periodar blømte beguinagene rikt. Den siste beguinage-kvinna døydde i 1986 i Anvers/Antwerpen.

I Belgia og i Nederland finn ein desse beguinagene. Små hus som er bygde saman som ei lita grend, med sjukehus og små grønsaks- og urtehagar i mellom. Fredfylte stader som er verdt å besøke.

 Meir kålrot

Kjellarrommet i beguinhuset i Tongeren
Vi såg også desse haugane med rotfrukter på jordene på vår veg til Tongeren. Tønnes - førnemnde odelsgut -  meinte det ikkje likna på kålrabi, og det er eg umiddelbart samd i. Dei var litt løgne. 
Ein annan norvègien i nettverket kunne seinare melda  at dette beint fram er sukkerroer, og det vert det ikkje særlrg til stappe av.
Språkdiskusjonen har også gått heftig. For å spørja om noko bør du vita kva det heiter, dette trur eg eg har funne ut av nå
 - les og lær:


Chou blanc - kvitkål
Chou de bruxelles - rosenkål
Chou-fleur - blomkål
Chou-frisé - grønkål
Chou-navet - knutekål

og endeleg (dempa trommevirvel)

 Chou-rave - kålrabi eller kålrot.

torsdag 22. november 2012

Budsjett og ruinar

I dag skal det handla om budsjett og ruinar. 
Oversikt over Villers-la-Ville
henta frå Pinterest.com
Men aller først vil eg gjerne leggje til noko om OPERATØREN.
Sist gong eg var i nærkontakt med han for å vidareføra nummeret på mobilen til dotter mi, venta eg bare 28 minutt i butikken  - tjueåtte minutt - og etterpå virka det  akkurat som mannen sa. 
Er ikkje det fint? 
Tyder dette at det  er: 
A eislags rettferd i verda som gjer at eg får igjen nå sidan eg har lidd så mykje vondt hos OPERATØREN?  
B: At OPERATØREN er blitt mykje meir serviceorientert? Eller 
C: at eg har hatt flaks? 
 For dei språkinteresserte kan det vera interessant  at dama på lydbandet til OPERATØREN bruker konjunktiv heile vegen:
Dersom du skulle ha ønskje å stengje telefonen din trykk 1 Dersom du skulle ville ønskje å snakka med nokon om fakturaen din trykk 2 og så vidare  - hypotetisk konjunktiv er vanskeleg å uttrykkje på norsk, men ein må altså kunna det.

 Budsjettet

Fine haustfargar framleis
Belgia er omsider ferdige med sitt budsjett og EU presenterer sitt store budsjett for heile unionen. I EU går det mykje pengar til jordbruksstøtte dvs til Frankrike, og veldig mykje til dei nye EU-landa i Aust-Europa. Stor- Britannia syt og klager fordi dei må betala, medan Tyskland som vanleg ser ut til å betala det EU kostar utan å bera seg for mykje.
Budsjettet her i Belgia har teke ekstra lang tid. Det er ei koalisjonsregjering, og dei måtte finna ein masse milliardar som dei ikkje hadde. 
I samband med budsjettdebatten har det blant anna vore diskusjon om desse emna: 
Pensjonsalderen som er 65 år, men offentlege tenestemenn kan gå av med fylte 60 dersom dei har noke års oppteningstid - minst fem. 
Kyrkja må ha vore storslagen
Indeksregulering av  løn og trygdeytingar slik at kjøpekrafta skal bli den same. Det er jo kjekt for lønsmottakar, men det tykkjest vanskeleg å spare pengar med ein slik modell.
Innføring av formueskatt. Det finst ikkje her. Noko som har ført til ein liten eksklusiv invasjon frå sør. Gerard Depardieu er ein av dei som har skaffa seg eit lite krypinn i Belgia, rett over grensa til Belgia med eigen helikopterlandingsplass. Frankrike har gjort mannen rik og berømt så det held, men han er ikkje interessert i å gje noko særleg tilbake.
Inntil ganske nyleg hadde dei også forskjellig pensjonsalder på kvinner og menn. Kvinner fekk gå av fem år før...
Slike ting undrar meg, dersom ein tar skikkeleg vare på kvinnfolka, sørgjer for at jenter får tilgang til utdanning , sørgjer for at det finst gode omsorgstilbod til barna, at det  vert hevda eit visst ideal om likestilling, og at det finst jobbar så varer jo eit kvinnfolk jysla lenge? Vi vert jo hauggamle! Kan det rett og slett  vera for at dei ikkje liker å sjå slike gamle røyer som meg på mange-og-femti ute i arbeidslivet? Kan det vera det?

Ruinen

Detalj frå kyrkjekoret
Og så til ruinen: Villers-la-Ville er ein ruin av eit svært kloster. Det vart grunnlagt i 1146 av,  av  12 cistersiensermunkar og nokre lekbrør. På 1300-talet var det ca 100 munkar der, og meir enn tre gonger så mange lekbrør. Dei åtte ti-tusenvis hektar jord mellom Namur i sør og Anvers/Antwerpen i nord. Dei hadde gjestehus - forløpar for vår tids hotell, allslags verkstader og stor produksjon, idealet var å vera sjølvforsynte.
 Ora et labora   - be og arbeid var det dei levde etter. Lekbrørne kunne ikkje latin og fortsette i dei vanleg jobbane sine inne i klosteret. Dei levde adskilt frå munkane og hadde eigne dormitorie - sovesalar.
Eit tøft liv må det ha vore. Det var bare refektoriet , der munkane åt - som var oppvarma. Når ein ser størrelsen på romma  må folk ha frose forferdeleg om vinteren i dei store steinbygningane.
Dette klosteret blei beskytta av dei mektige fyrstane av Brabant.
Nedgangstider kom, og etter ei kort oppblomstring på 1700-talet blei klosteret rasert under den franske revolusjonen 1797, og steinen blei seld som bygningsmateriale.
Vi var her på søndagstur, ein slik stille dag med skodde som gjer alt litt trolsk og uverkeleg. Ein heilt spesiell stad som også er svært vakker vår og sommar.


Fann fram denne videoen her som de sikkert hugsar mange av dykk, men det er eit morosamt gjensyn litt samanheng har det med bloggen - ruindelen då!

onsdag 14. november 2012

Internett, telefoni og mobil à la Kafka

Dei første fjorten dagane etter vi var komne i hus i august venta vi på internett, TV og telefon.
Dette etter at eg hadde stått i ein time og tre kvarter på herverande internett /telefon/mobiloperatør (heretter kalla OPERATØREN) sin butikk og kasta bort tida.
Det tok fjorten dager å få opp TV, internett og fasttelefon og folk sa vi var heldige. Dei to vekene gjekk dotter mi og eg  på bar i Waterloo og drakk te og hadde med PC'en for å vera oppdaterte på Facebook, e-post, betala rekningar  og anna som er viktig.
Vi kjøpte belgiske mobiltelefonar  etterkvart, og  butikken selde oss også mobilabonnement til same OPERATØREN slik at vi skulle få ein rimelegare pakke. Vi venta på å bli kopla opp, fjernsyn og internet kom, men mobilen virka ikkje. Den skulle ha virka etter 24 timar.
Eg gjekk til butikken som sa at SIM-korta ikkje var rett registrerte, og dei hadde ikkje lenger tilgang til basen. Eg måtte gå til OPERATØREN  igjen.
Eg gjorde så,  trass i  lågt blodsukker, det var ettermiddag og lenge sidan mat, men eg prøver å finna ein slags indre balanse. Då eg kom til OPERATØREN, venta eg bare tre kvarter - kjempeheldig!!!
OPERATØREN sa då at  han kunne ikkje registra desse SIM-korta det måtte butikken gjera, og det var feil at basen var stengt, butikken hadde gjort feilen og dei plikta å retta opp.
 I slike tilfelle bør ein vera perfekt i framandspråket ein skal tala, slik at ein på ein subtil, men likevel glasklar, høfleg, drepande og uimotståeleg sjarmerande måte kan få fortalt OPERATØREN at han må gjera nettopp dette nettopp nå.
Eg var bare fortvila og rasande, men OPERATØREN registrerte SIM-korta etterkvart - det tok tid, og alt virka.
Nå har dotter mi mista mobilen og eg har prøvd  å ringje til OPERATØREN for å sperre SIM-kortet. Lyden er lågt innspelt på bandet eg kjem fram til når eg ringjer, dei snakker fort på fransk, og bed meg taste nr til dotter mi og avslutte med firkant. Første gongen braut dei bare etter at eg hadde tasta.  
Andre gongen trudde eg eg hadde kome gjennom , fekk fleire val som eg tasta på og så blei det heilt stilt lenge og så braut dei.
Nå - og dette er det mest fantastiske - har dei ring meg opp, det var ei ein sånn lybånddame, og spurt korleis eg var nøgd med kundebehandlinga for di OPERATØREN er så oppteken av kundene. Er ikkje det fantastisk?
Tyder dette at eg må gå til OPERATØREN og stå der i timevis igjen? Har prøvde nettsidene som oppgir direktenummer som ikkje virker. Min erfaring er også at folk ikkje svarer på e-post  her.
Er norske operatørar like ille? Mobiloperatørar plar vera raske for dei skal jo tena pengar, men Telenor og Nextgentel har vel ikkje verdas beste rykte som internettleverandørar? Kjør debatt!
Bileta er frå ein søndagstur her i Waterloo for ei dryg veke sidan, trur dei formidlar meir harmoni enn det eg føler nå. 

Hadde Kafka skrive Prosessen i dag hadde den handla om OPERATØREN - det er eg viss på.

Avsluttar med ein you-tube video som eg tykkjer er hylande morosam, legg merke til musikken. Dette er ein annan operatør då.
http://www.youtube.com/watch?v=kgjKY1VBHTA
 


onsdag 7. november 2012

Knausgård i Gent - starstruck!

karl ove knausgård
Karl Ove Knausgård
bilde frå Pinterest.com

Karl Ove Knausgård har med romanserien Min kamp nærast gått gjennom lydmuren hos lesarane i flamsk del av Belgia. Han sel svært mykje, og nå er bok nr to i serien som på néerlandais heiter Mijn Strijd komen ut, Liefde heiter den,.

full sal
som tyder kjærleik.
Bokhandelen Standard, den største kjeden av bokhandlarar i Flandern, arrangerte eit forfattarmøte med han  i Gent /Gand, i samarbeid med verksemda Vooruit, forlaget De Geus og den norske ambassaden i Belgia, og over 600 personar melde seg på. 
Lenke til filmklypp:
youtube-video youtube-video
Det har aldri skjedd før at så mange har meldt seg å noko slikt, så representantane frå bokhandelen vi snakka med var øvejidde. Møtet måtte flyttast til større og større salar og ende opp i den digre kinosalen i Vooruit, ein vakker bygning med ein spennande historie, i Gent som er ein fin by, men dette tar vi ein annan gong.

Knausgård har vore omtalt i alle større aviser her, og hatt forsida på magasinet Knack som er det kulaste i Flandern. Det er bare rockemusikarar og filmstjerner som er der vanlegvis. Han har ein stjernestatus her som er uvanleg for ein forfattar, for å seia det forsiktig.
Samtale med Anna Luyten

Altså Knausgård kjem,  folk stiller i kø for å høyra på ein norsk forfattar. Det er drypstilt i kinosalen når han vert intervjua av Anna Luyten som er ein kjent kulturperson i Flandern.
Eg har lese debutromanen Ute av verden, bok nr to En tid for alt, og første boka i Min kamp-serien av Knausgård. Min personlege favoritt så langt er En tid for alt - les den folkens! Eg trudde elles eg hadde fått nok med første bind av Min kamp, men er ikkje sikker lenger, det vert kanskje fleire av dei. Ein kan lika, eller mislika prosjektet hans, men han er verkeleg ein dyktig forfattar. 
Opplesing, - om babygymnastikk, hylande morosam
Som formidlar virkar han djupt ærleg, Anna Luyten stilte spørsmål som eg oppfatta som svært personlege, ho gjekk over grensa i høve til intimsfære, slik eg ser det, men han svarte veldig skikkeleg for seg. Nå kan ein seia at ein forfattar som utleverer så mykje om seg sjølv og dei omkring seg slik han har gjort i bøkene sine, bør kunna svara på alt, men det tykkjer ikkje eg. Grensa forfattar -privatperson er uklar i dette tilfellet, men likevel. 
Ho var svært oppteken av hans refleksjonar i kring Breiviksaka. Dette relatert til utviklinga av nasjonalisme, og ubehagelege problemstillingar omkring dette fenomenet. Det blei brukt tid på å reflektera og utdjupa resonnement, eit godt intervju.
Knausgård les sjølvsagt opp frå boka si. Teksten gjekk bak på storskjerm omsett til néerlandais medan forfattaren og  stod på scenen les på norsk, svært vellukka teknisk tykte eg. Han har ein musikalsk måte å framføra tekstane sine på, og  han liksom dansar medan han les. Kanskje bakgrunnen hans som trommis i band på slutten av 80-talet som kjem fram her?
Etterpå var det mottakelse for alle som ville. Folk fekk eit lite glas, dei kunne kjøpa bøkene hans og få dei signerte. Og DÅ blei det kø, nokre påstod det var flest damer, han dreg damer denne mannen, og det kan gjerne vera. Det er nå flest kvinner som les skjønnlitteratur uansett.
Knausgård signerer flttig
 
Damene frå Standard bokhandel var spennande å snakka med. Dei fortalde at salet av Min kamp var eit flamsk fenomen, boka slo ikkje så godt i Nederland. Dei ante ikkje korleis det gjekk med den franske omsettinga i bokhandlane i Valonia. Folk i Vallonia les ikkje så mykje bøker sa dei, kan vi ana litt fordommar her? Merkeleg med denne språkdelinga.
Fansen krev sitt

Det var ei stor glede å få vera med på dette, eit svært vellukka evenement. Vi håper bokhandelen greier å lokka Knausgård ned i mars igjen når omsettinga av bind tre er ferdig, blodfansen er her, og dei vil ha meir!

mandag 5. november 2012

Badeliv

Spa, Belgium
Badet - Spa bilde frå Pinterest.com
Vi var i Spa  i helga. Det ligg sånn sør for Liége og er ein ærverdig badeanstalt.
Vi hadde ikkje tenkt på at det var haustferie her, Toussaints, og at alle andre også ville masserast i ferien, så vi fekk ingen massasje.
Toussaints tyder rett og slett allehelgenar - i eitt ord- svært  flaut at eg faktisk ikkje kom på  tydinga av ordet før ei natt eg låg og tenkte på franske verb. Eg gjer ofte det, tenkjer på franske verb.

Bada altså - det gjorde vi. Bildet til høgre er frå badet som ligg oppi åsen ovanfor hotellet vi budde på. Vi tok på badedrakt, og blå hotellmorgonkåpe, blå tøfler og blått handkle og tassa ut til den ubetjente  funicularen som gjekk borti gangen frå rommet vårt og oppi åsen. Og så bada vi, og les bok, og sumde ut heilt ut under open himmel, og sumde inn att, og sat i boblebad, og sumde litt att og fram og les bok og såg på folk. Litt tilfeldig rekkefølgje her og veldig deilig. 
.Casino, Spa, Belgium
Casino Spa - Pinterest.com
Spa har vore badeanstalt for dei kondisjonerte. Det er nokre  kjelder her, med svært mineralrikt vatn, spesielt mykje jern. Dette vatnet vart rekna for å vera svært helsebringande, og staden var svært populær frå 1500-talet og frametter. Peter den store var her  i 1717 og bygde eit flott byggverk rundt denne kjelda.Le Poudhon de Pierre le Grand står det dersom eg hugsar rett.
Men det var ein haug med andre folk også: Casanova, Gustaf III , Kristina av Sverige, fleire Leopoldar av Belgia, Victor Hugo, målaren Turner, filosofen Descartes  - også oss då, har smakt på vatnet eg.
Det er malt eit fabelaktig bilete av gjestene, det heiter Le livre d'or som betyr gjestebok. Biletet er 9 meter breidt og her er det 92 historiske personar som har besøkt Spa.De finn meir om det her: 
http://www.sparealites.com/pa079301.html
Spa har også ein mineralvassfabrikk, du får kjøpt både raud og blå Spa og nokre nymotens variantar med fruktsaft

Vi prøvde å koma inn på kasinoet, men ein av oss var for ung, så vi droppa det. Det skal vera Belgias eldste, og er ein flott bygning. Har aldri vore på kasino eg, men ikkje hadde vi tuxedo heller nokon av oss så det hadde vel ikkje passa.
Elva i Namur
Spa er ein fin liten by og naturen i kring er vakker. Då vi var der var det så vått ute, at det var heilt greitt å vera våte inne, men ved tørrare ver må det vera fint å gå tur i terrenget der.

På heimvegen var vi innom Namur, nydeleg by med elv og fort. Dei hadde til og med ein  anstendig garnbutikk, og det har eg ikkje sett før her i Belgia.