| Badet - Spa bilde frå Pinterest.com |
Vi hadde ikkje tenkt på at det var haustferie her, Toussaints, og at alle andre også ville masserast i ferien, så vi fekk ingen massasje.
Toussaints tyder rett og slett allehelgenar - i eitt ord- svært flaut at eg faktisk ikkje kom på tydinga av ordet før ei natt eg låg og tenkte på franske verb. Eg gjer ofte det, tenkjer på franske verb.
Bada altså - det gjorde vi. Bildet til høgre er frå badet som ligg oppi åsen ovanfor hotellet vi budde på. Vi tok på badedrakt, og blå hotellmorgonkåpe, blå tøfler og blått handkle og tassa ut til den ubetjente funicularen som gjekk borti gangen frå rommet vårt og oppi åsen. Og så bada vi, og les bok, og sumde ut heilt ut under open himmel, og sumde inn att, og sat i boblebad, og sumde litt att og fram og les bok og såg på folk. Litt tilfeldig rekkefølgje her og veldig deilig.
| . |
| Casino Spa - Pinterest.com |
Men det var ein haug med andre folk også: Casanova, Gustaf III , Kristina av Sverige, fleire Leopoldar av Belgia, Victor Hugo, målaren Turner, filosofen Descartes - også oss då, har smakt på vatnet eg.
Det er malt eit fabelaktig bilete av gjestene, det heiter Le livre d'or som betyr gjestebok. Biletet er 9 meter breidt og her er det 92 historiske personar som har besøkt Spa.De finn meir om det her:
http://www.sparealites.com/pa079301.html
Spa har også ein mineralvassfabrikk, du får kjøpt både raud og blå Spa og nokre nymotens variantar med fruktsaft
| Elva i Namur |
På heimvegen var vi innom Namur, nydeleg by med elv og fort. Dei hadde til og med ein anstendig garnbutikk, og det har eg ikkje sett før her i Belgia.