onsdag 11. desember 2013

Haust? Snart jul jo!

Vi har gjort mykje i haust.

Slagmarka

Faktisk ganske sleipt å sykle også , i alle fall på stiane her.
Vi  har sklidd rundt i leira på champ de bataille i Waterloo. Vi har fått kart over området, ser de. Så nå har vi vore der Napoleon stod med troppene sine. Og sett for oss korleis den prøyssiske generalen Blücher kom skliande inn frå venstre, vi veit  kor Wellington stod med sine tropper. Han hadde plassert seg på eit høgdedrag og hadde full oversikt då dei franske soldatane kom oppover i leira. For det hadde regna heile natta før slaget,  og det var strålande sol og varmt den 18. juni då dei barka i hop. 
Men var eigentleg marechal Ney ein feiging? Og var det naudsynt å byggje ein slik diger pyramide for prinsen av Oranien?
Sjølve slagmarka er bare 3 kvadratkilometer, så det blei fort fullt når dei skaut ned nokre hestar og slikt.
Butte de Lion
 Det er blitt funne eit nesten intakt skjelett av ein engelsk soldat  då dei dreiv og laga ny parkeringsplass ved Butte de Lion i fjor. Han hadde litt pengar på seg, og ei skei til å eta med og slikt. Vanlegvis blei dei falne soldatane robba for alle verdisaker av bøndene i kring slagmarka, det var vel deira måte å få litt att på for øydelagt avling. Etterpå blei soldatane lagde i massegraver på staden. Denne soldaten var 5 fot 1 tomme, nok som tilsvarer ca 1 m og 55, altså mykje mindre enn Napoleon som faktisk var i kring 1,70 m fordi den franske foten var lenger enn den engelske på den tida.
Kan vi då etterkvart få slutt på den ufyselege baktalinga og ryktespreidinga om Napoleon? At han var så liten? Det er desse engelskmennene som står bak, vi veit det nok!


 Det vert skikkeleg jubileum her i 2015, då vil vi gjerne vera der.
Tenk på at diktet "Terje Vigen " (Ibsen - der bode en underlig graasprengt en...) hentar handlinga frå kornblokaden under napoleonskrigane. Noreg var ei del av verda den gongen også, og då var det vi som svalt.


Kastanjer

Heime har vi også kastanjer, hestekastanjer. Dei blomstrar regelmessig mellom anna i Bygdø allé, og då kan
Ordentlege kastanjer med dusk.
som kjent,  "mangt et under skje". 
Hestekastanjar kan ein ikkje bruka til så mykje. Dei er veldig gode å ha i lommen og kjenna på, også kan ein lima dei på sånne runde greier og laga nydelege dørkransar.
Ordentlege kastanjer Castanea sativa, blomstrar også her nede. Når det vert haust, kan ein henta dei, steikje dei i omnen og eta dei.
Skalet rundt er ikkje bare piggete som på hestekastanjane, men dei er så jysla mykje meir piggete, beint fram fiendtlege vil eg seia. Når dei kjem ut av skalet har dei ein liten dusk i enden.


Steikte og skrelte kastanjer.


Vi henta og steikte i omnen, alltid spennande å prøva noko nytt og å læra noko nytt. Ikkje veldig spennande smak, tykte eg, men ein kan sikkert gjera mykje med dei. Vi åt dei med smør og salt.











Mons eller Bergen

-ligg sør i Wallonia. Der hadde vi ikkje vore før vi drog der ein søndag for å gå på Warhol-utstilling og
Warhol i Mons
Norsk skulptur - spennande
norsk-belgisk kunstutstilling. Morsomt og ganske forvirrande med denne språkdelinga, Byen Mons heiter altså Bergen på neerlandais, det er ei direkte  omsetjing av det franske namnet. Brain l'Alleud heiter Eigenbrakel og det skjønar ikkje eingong mannen min som lærer seg neerlandais.  Ein må vita kor ein skal hen, for å seia det slik. 
Mons er ein sjarmerande by, nydeleg gamleby, Warholutstillinga var fin, kunstutstillinga gjorde inntrykk. Ein flott katedral var det også her.

Haust, snart jul.

Hausten har gått fort, den plar gjerne det? Vi har hatt mange vakre dagar med flotte haustfargar, men sjølvsagt mykje regn også. Eg er godt i gang (halvvegs) med årseining i fransk på école superieure d'Østfold. I tillegg til fransk på "skulen" ein sykkeltur unna, vert det fransk fire og ein halv gong i veka.
Ved La Hulpe
Tenåringen går på svensk gymnas og jobber heftig med leksene, og mannen gjer mykje spennade og interessant på sin jobb.
 Gutane kjem ned om ei dryg veke, og eg skal prøve å få skrive nokre julekort snart.
 Pinnekjøtet er sikra, kjøt og kårabi er komen par avion frå Mega på Kleppe. Dersom kålrabien  ikkje held seg til jul skal eg seia frå. 
Har elles kjøpt frø og satsar på storproduksjon av kålrabi til våren. Vi har absolutt ein marknad her!

torsdag 10. oktober 2013

Frå Cava til Champagne - ei kassereise

Endeleg tok vi den, studieturen til Champagne, 
Vinmark - vignoble
hadde fått gode råd av kolleger og vener både
her og der om kor det var lurt å dra, og kva det var lurt å sjå.
Er ikkje langt til Champagne, det er i grannelaget det også, nokre timar med den store, fine bilen og så er vi der.

Épernay 

Vi drog til den vesle byen Épernay sør for Reims (Reims skal uttalast Ræ:s - med nasal og uttalt s, det er eit unntak). Her hadde vi bestilt både hotell og middag på restaurant. Nydeleg liten by som altså har ei gate som heiter Avenue du Champagne. Dette er nok den dyraste gata i verda vert det sagt. For her - under gata - ligg det kjellar på kjellar i i mange etasjar langs heile vegen - med millionvis flasker champagne. Så Kirkegaten og Rådhusplassen i Monopol vert bare for eit usle smug å rekna i forhold til dette.
Meir vinmark
Som ein lekk i vaksenopplæringa blei vi
Vinkjellaren hos Moët &Chandon
med på omvisning i kjellaren til Moët & Chandon - skal uttalast Moett tydeleg t) og Sjangdong (nasal over vokalane) - og ja, uttalen av Moët  er også eit unntak.

Mange kilometer kjellar i fleire etasjar her.


Prosessen

Det tar tid å laga champagne. Druene må pressast forsiktig, slik at fargestoffa frå skalet ikkje kjem med i safta. Så vert det laga vin - vanleg kvit vin (eventuelt rosé for avvikarar som vil ha pink champagne...). Vinen vert tappa  på flasker etterkvart , og SÅ tilset dei ekstra gjær og sukker for å laga boblene. Flaskene vert kapsla med vanlege bruskapslar. Sidan tilsetjinga av gjær og sukker skapar grums og botnfall i champagnen, må flaskene vendast. Det er ein lang
Skilt frå Hautvilliers som syner heile prosessen
prosess det! Du må snu dei litt og litt og litt om gongen - til flaskene står på hovudet og  botnfallet ligg rett over kapselen. Det dei då gjer i Moett og Sjangdong (for at de skal hugsa uttalen!) er at dei frys flaskehalsen  med kapsel nokre centimeter opp. Når dei då fjerner kapselen vert botnfallet med, og så må dei vera jysla kjappe å få på skikkeleg kork med ståltråd før boblene fyk avgarde. Kvaliteten på boblene, korleis dei oppfører seg, seier noko om kvaliteten på champagnen. Akkurat det skjønar eg ikkje heilt, eg er mest oppteken av smaken, og det er heilt klart forskjell på gode og ikkje så gode champagnar. Slik som det er på vin.



Hautvilliers

Gate i Hautvilliers
-er ein vakker liten landsby som ligg på ein bakketopp nord for Épernay. Her er grava til Dom Perignon, han munken som visstnok oppfann champagnemetoden. Moët & Chandon har lånt namnet hans til sin årgangschampagne - den dei bare lagar av og til når kvaliteten på druene er spesielt god. Den siste er frå 2004 -det tar så mange år før champagnen er drikkeferdig.
Gamle nydelege hus, smale krokete gater, mange champagneprodusentar, og bølgjande vinmarker ikring. Innhaustinga - les vendanges - var i gang, og folk hadde det travelt, men vi fekk besøka eit lite champagnehus som bare lagar 30 000 flasker i året. Dei hadde ei gammaldags trepresse til druene sine og
Trepresse til druer
god champagne, og her blei ei kasse med oss heim.



Reims 

har også mange champagnehus, men sjølv tenkjer eg helst på katedralen når eg tenkjer på Reims (Ræ:s), også Jeanne D'Arc sjølvsagt. I denne praktfulle katedralen fekk ho kront
Den smilande
engelen - kvifor smiler
han?
dauphinen i 1429, og dermed kveikt folket til kamp mot dei engelske okkupantane -  vi snakkar hundreårskrig her, England hadde okkupert halve Frankrike.


Seinare var ho med på å føra den franske hæren i fleire vellukka slag mot engelskmennene.  Det var hundreårskrigen dette.
Ho vart seinare selt  for 10 000 livres (gammal fransk mynteining) til dei engelske okkupantane som fekk henne dømt for kjetteri og  brent levande på torget i Rouen. Ho vart helgen i 1920. På grunn av alle rettspapira frå saka mot henne, og at kyrkja rehabilterte henne alt i  1456 (saksbehandlingsfeil!),  veit vi mykje om korleis livet var i mellomalderen.
 Det var messe og korsong då vi var der, vi er heldige sånn, ein praktful katedral.





Frå cava til champagne og tilbake igjen

Katedralen i Reims
Elles er det foire du vin, vinmesse på nærbutikken, og dei har tilbud på ein god cava - tre for to. Den er grei når ein skal feira litt i det små. Noko av det vi lærte på vaksenopplæringa til Moët & Chandon er at det er viktig å feira og å gleda seg. Ein god champagne  kan gjerne lagrast  nokre år, men det viktigaste er  å ta vare på gleda og feira når ein kan, og då gjer gjerne ein cava same nytten.

fredag 27. september 2013

Utanlandsk!


Mykje utanlandsk i heimen nå. Mannen lærer nederlandsk, tenåringen går på svensk gymnas og puggar svenske gloser, eg lærer fransk. Skule i Rhode st Genese (Sint Genesius Rode) to gonger i veka, og så har eg førelesing på nett to til tre gonger i veka. Dei på nett er i regi av ´Ecole superieur d'Ostfold. Skulen i Rhode gir puggelekser, frå Høgskolen i Østfold er det fonetikk som gjeld  for tida, attaque, noyau, coda, liquide, obstruant og slikt - høyrest ut som skumle sjukdommar alt saman, av dei vi helst ikkje vil vita finst og slett ikkje vil ha.




Bilete frå Prenzlauer Berg lånt frå Pinterest.com

Deutsch bitte!

I helga var eg i Berlin. Byen er ikkje heilt i grannelaget, måtte ta fly. Rare små flyplassar der,  eg kom frå Brussel og er van med å gå milevis. På Tegel var eg ikkje før av flyet før eg hadde kofferten i handa, Schönefeld er ikkje mykje større.

Også var det språket då, tysk. Eg meiner ein SKAL prøva seg på språket der ein kjem. Engelsk er feigt,  bortsett frå i England  (og USA og eit par andre stader eg ikkje har vore, og sikkert ikkje kjem).

Tysk hadde vi på ungdomsskulen og på gymnaset. Eg kan alle preposisjonane som styrer akkusativ og dativ,(spør meg når som helst!) og alle versa på die Lorelei og litt av Erlkönig.
 Eg håpte jo sjølvsagt det kunne hjelpa dersom det kneip:" Ich weiss nicht was soll es bedeute  (Die Lorelei) = nå skjønar eg ingenting, "Mein Vater, mein Vater und hörest du nicht?"(Der Erlkönig)= Men fader heller, høyrer du ingen ting? 

Men nederlandsken..

Brandenburger Tor
Men nederlandsken grev seg opp til overflata og øydelegg. Eg lærte nederlandsk då vi budde der på slutten av nitti-talet, og det er såpass likt tysk at eg blandat språka. Können Sie mir hilfen? blir til  Kunnt U mij helpen? Bitte  blir til  Alstublieft, og kva heiter Mijnheer og Mevrouw på tysk? Ein vil jo gjerne vera høfleg.
Eg fekk i oppdrag å bestilla bord på restaurant, fordi eg var stor i kjeften, tenkjer eg. Eg kom gjennom det med hjartebank og til applaus frå reisefølgjet. Bomma på bord - bestilte tafel der eg skulle bestilt tisch. Tisch?(tafel høyrest då mykje betre ut..) Vi fekk bord.

Berlin

Potsdamer Platz
Berlin er ein spesiell by tykkjer eg. Alle bydelane er på eit vis eigne sentrum, ein går stadig rundt og lurer på kor alle folk er.  Det er lange avstander, så det er lurt med U-bahn og S-bahn,  U-bahn systemet er effektivt og presist. Vi kjøpte Visit Berlinkort, og fekk kjøre gratis U-bahm og  i tillegg rabattar på  tur med turistbuss og fleire  museum og restaurantar.
Drosje er  heller ikkje så dyrt. Eg blei kjørt til Tegel då eg skulle heim for 20€, av ein triveleg sjåfør som som eg diskuterte  politikk med på min seine og klønete nederlandsktysk. Det var snart val, og han heldt på die Känslerin Merkel,  han også. Noko han gjorde rett i, ho gjorde eit brakval nokre dagar seinare.

Museum og ting ein bør sjå

Historia kviler tungt over byen . Vi budde rett ved murmuseet som er verdt å sjå, veldige mengder informasjon. DDR-museet er eit relativt nytt, interaktivt museum som gav spennande innsikt i livet før muren fall. Minnesmerket for holocaust med alle dei rektangulære steinblokkene er gripande,  heile Museumsinsel med mellom anna dei egyptiske samlingane, er noko ein bør sjå.
Riksdagen kan du besøke om du bestiller billett lenge nok på førehand, vi var for seint ute. Potsdamer Platz har flott arkitektur, og lyssettinga er fantastisk om kvelden. 

Tysk mat

Maten er vel ikkje heilt det ein reiser dit for. Currywürst tykte eg ikkje var noko særleg godt, vi har mykje betre pølser i Belgia. Eisbein mit sauerkraut er godt, men det er liksom ikkje noko du et kvar dag. Mykje vegetarisk og sunn mat rundt omkring, og sjølvsagt mykje etnisk.
Godt øl har dei, det skal dei ha, og vi fann ein svært anstendig tørr (brut) sekt, som det absolutt gjekk an å drikka, namnet?  Noko med Rotkäpp???
Vi åt lunsj i fjernsynstårnet som du ser bilete av under her. Restauranten gjekk rundt så det var skummelt å sjå ut. Det var mi første og einaste Currywürst.
Elles bør ein unna seg ein tur på ein brun kafé og eta tysk mat, bør vera svolten då,
Fjernsynstårnet
bilde: Siv Rydén

rettane på menyen har slike namn at du skjønar det ikkje er for pingler: hoppel-poppel, rippenspeer, eisbein, for ikkje å snakka om sauerbrauten. Ein vert nesten mett av å lesa menyen.

Kjøpe?

Du finn det meste i Berlin. Eksklusive saker vest på Kurfürstendamm,
kjedebutikkane litt nærmare byen. I Häckische Höfe finn du design og kunsthandverk, i Prenzlauer Berg mange små butikkar,  brukt og antikk.
Prenzlauer Berg var veldig sjarmerande, ikkje veldig dyrt.


Kviss eller spørjeleik

Vi begynner litt forsiktig sidan det er lenge sidan sist.

1. Kven sang om ein koffert i Berlin, og når gjorde ho/han det?
(namn og omtrentleg årstal)

2. Kven hevda (på norsk) at han stod på Brandenburger Tor  ,
når song han det (årstal) og i kva samanheng? Vil gjerne ha første verset.

3. Film. Kjent, tysk filmskapar, har ordet Berlin i den tyske tittelen. Kva heiter filmen? Årstal? Namnet på filmskapar?

4. Kven har skrive dikta eg refererer til i teksten?

5. Når blei muren som delte Berlin bygd? Og når fall han?

Svaret legg du inn i kommentarfeltet her. Det vankar mykje ære og stor fagnad.


søndag 22. september 2013

Brussel utan bilar, kongen og reven


Ein søndag i september er Brussel bilfri. Då må alle bilar stå mellom klokka ni om morgonen og sju om
Avenue Louisa
kvelden. Ved innkjørselsvegane står politiet og du må ha løyve for å kjøra inn med bil .

Mannen og eg sykla inn til byen. Rart å ha dei
breie avenyane for seg sjølv,  saman med alle dei andre som er på to hjul og tre hjul, rullebrett og sparkesyklar, og på beina sjølvsagt. Ca 2 mil er det frå oss inn til Brussel.
 I desse gatene står vanlegvis trafikken.






Nede ved St Catherinekyrkja
o














Hadde oss ein nydeleg lunsj på ein fiskerestaurant nede i St. Catherine-området. Og så sykla vi vidare rundt i strok vi aldri hadde vore før.
Kongen er han med rustraud bukse
og grått hår midt i biletet.
 På veg ned frå den store basilikaen møtte vi kongen. Sjølvaste roi Philippe med ein son og ein livvakt Eg har eit bilete her, men eg er ikkje den som trenger meg på, og har dessutan ikkje så mykje til linse, derfor er ikkje biletet akkurat noko scoop. Kongen er han med rustraud bukse. Vi sykla omtrent ved sida av han, men eg tykkjer det er udanna å dra opp kamera sånn i hytt og ver - har ikkje lang nok linse, og ikkje nok sjølvtillit til det. Kongen var blid han.




Reven er han med rustraud pels.









Men reven gav blaffen. Rustraud den også, sat på  på ein portstolpe midt i tjukkaste byen, brydde seg ikkje så mykje om alt oppstyret.
Det skal vera mykje rev i Brussel, men å sjå den så nær? C'est pas normale, var det ein som sa til meg, og det er eg samd i.
 Den forsvann då folk blei for innpåslitne.

Vi har sykla  ca seks mil i dag trur eg, og har trøytte bein, men har hatt ein fin dag.
Svært kjekt å koma seg i kring på sykkel i Brussel. Det er slik ein sjarmerande by, spesielt når ein slepp all trafikken. Vi har vore i andre strok enn der vi plar vera, og opplevd byen på ein annan måte.
Også ein konge og ein rev same dagen då? Flott vel?




onsdag 18. september 2013

La rentrée - på 'an igjen

Nå begynner dei belgiske skulane, EU rister på hamsen, Carrefour har tebud på kjeks og blyantar,  vi er i gang! La rentrée heiter det  - og ifølgje ordboka tyder det mellom anna: action de reprendre ses fonctions, ses activités après des vacances - omtrent det eg sa ovanfor her altså.
Køane er også i  gang. I Waterloo har dei venta med asfaltering og steinlegging til dei er sikre på at alle er på hjul - det vert mykje finare og lengre køar då. Men bevares - fint med ny asfalt.

Mange "nye" er komne hit til det skandinaviske miljøet, men så  reiste mange heim att i sommar også. Det er det som er så trist. Du blir kjent med folk, og glad i dei, og så flytter dei frå deg.


Vi har vore her eit år, det er skummelt kor fort tida, det er så mykje vi skal sjå og gjera. Vi har vore litt omkring i grannebygdene, både Paris, London og Amsterdam. Men vi har framleis ikkje vore i Ardennene eller vore på den heilt grunnleggjande seriøse studieturen til Champagne, vi har heller ikkje besøkt slottet til Godtfred av Bouillon (han med buljongen veit de), slottet hans ligg nedi hjørnet med Luxembourg og skal vera veldig flott.

Ferien har vore fin, veldig mykje fransk og ei lita hektisk veke i Noreg på slutten. Tenåringen og eg var først på språkkurs i to veker i La Rochelle, som er ein nydeleg by nord for Bordeaux på Atlanterhavskysten. Her finn du etter mi meining ALT, i alle fall det som er viktig.
 Så kom mannen og yngstesonen ned og vi var saman ei veke.
 Vi kjørte til Paris og leverte ein son på Orly og henta ein annan på Charles de Gaulle. Ei veke i saman i Paris før vi drog til Waterloo, og så til Noreg, sørvestlandet og Oslo. Bileta er frå La Rochelle, Paris og Versailles
Hamna i La Rochelle Tour de Chaîne og Tour Saint-Nicolas
Hamna frå litt annan vinkel


Kafé i La Rochelle (ja det var her vi venta så innmari lenge på maten...)
Sykkeltur på Ile de Ré
Paris med eldsteguten



Versailles - jysla mykje informasjon, mykje dekorasjonar og prakt,
mange rom...Må jo bli revolusjon av slikt
 











søndag 26. mai 2013

Paris er romantisk i regn

Dei seier så, også i den der Woody Allen filmen de veit.
Det vert aldri nok Paris for oss, så 18. mai om morgonen var vi på plass på Thalys att mot Paris.

Montmartre

Vi kom inn på Gare du Nord tidleg på morgonen, sette frå oss kofferten og vandra oppover mot
Sacre Coeur
Sacre Coeur og Montmartre i solskinet.

Vakkert var det, og haugar med turistar på alle kantar. Utsikten er ogå storslegen.
Vi sette oss på ein kafé, drakk kaffi  og såg på folk. Tusla vidare rundt og såg på kunstnarane som arbeidde.
Utsikta frå Sacre Coeur












Frå ein koseleg kafe på baksida av Sacre Coeur

La Defense 

 til La Defense med La Grande Arche
bilete frå Pinterest
Smarte som vi var, hadde vi kjøpt billettar til Louvre  på førehand på nettet. Eg har vore mange gonger  i Paris, men aldri vore i Louvre fordi museet er så digert, og eg aldri har sett av tid til det, men nå skulle vi gå.
 Er van med å få billettar på e-post med strekkodar som eg kan skrive ut sjølv på skrivaren, men slik var det ikkje her. Denne kunne bare hentast i obskure varehus utanfor by'n synte det seg, pluss Virgin Mega store på Champs Elysées. Resepsjonistdama på hotellet var veldig hjelpsam med å finna ut kor vi kunne henta desse billettane. Då vi kom til Champs Elysees og fann Virgin Mega store, synte det seg at dei skulle leggjast ned, og slett ikkje kunne gi oss billettane våre, men vi kunne jo bare ta metroen til La Defense, sa Virgin-dama, rett borti høgget her (ho sa det på  fransk då). 
Vi vurderte litt fram og tilbake, men drog opp - det var eit godt stykke med metroen.....

La Defense er hypermoderne arkitektur, glas og stål og fantastiske, storslegne linjer. Dei kliner til desse franskmennene, det skal dei ha. Vi er eigentleg glade for at vi drog, det var så annleis og imponerande. Europas største kjøpesenter på 80-talet,  les Quatre Temps, var der, vi tykte det var ganske stort nå også. La Grande Arche de la Fraternité - brorskapsbogen, kan vi kalla den, var imponerande. Det er ein slik akse frå La Defense der du ser Trumfbogen og vidare mot obelisken på Place de Concorde.
Blomstermarknad
Tenåringen fann sminkebutikken ho var ute etter med ein gong, eg fann butikken der eg kunne henta billettane til Louvre etterkvart. 


 

 

 

 

 

 

 

Louvre

Louvre sett gjennom pyramiden
Då vi kom dit, var vi jo for så vidt glade for at vi hadde desse billettane då.
 Det var kø langt rundt hjørnet, og vi sklei rett forbi. Ja, vi såg  La Joconde, saman med alle dei andre. Og då det var gjort var det nok av annan kunst å sjå. Mykje vakkert, men ein bør setja av mykje  tid der.
Kontrasten mellom den moderne glaspyramiden der inngangen er, og dei gamle bygningane ikring er også spennande.




Le Marais

- er eit dønn sjarmerande strok i Paris med små butikkar, små kafear, spennande klede, vintagebutikkar og allslags.
Veldig kult då - er det hipster det heiter?
Her kom paraplyane fram, for vel aldri å bli slått heilt saman att. 



Notre Dame

Rett ved Notre Dame er det fuglemarknad og blomstermarknad om søndagen. Fuglar i ale slags fargar som kvitra og song, og så blomstene då.
 Det var også kjempekø av besøkande framfor Notre  Dame, men vi bestemte ganske raskt at vi ville på på pinsemesse, og  sidan vi skulle på messe var det slett ingen kø og vi fekk koma rett inn.
Veldig fin korsong, og ein sopran som vekselsong med kor og kyrkjelyd, ho hadde ein fantastisk stemme. Vi fekk tekst og liturgi utdelt på fransk og engelsk, og det var moro å samanlikna med den norske bibelteksten tykte eg.



Le Train Bleu


er ein restaurant som ligg på Gare de Lyon med eit  overdådig interiør. Her var det vi bestemte oss for å feira 24-års bryllaupsdagen vår. Vi har vore her før for ca 15 år sidan
Champagnemeny valde vi med ein haug med små og store rettar og champagne til.  Jysla godt, det tykte tenåringen også, (ho fekk eit halvt glas i høve dagen).




Litt interiør fra Le Train Bleu

Etterpå regna det endå meir. Det var vel romantikken som slo inn for fullt, tenkte vi, men vi kunne kanskje greidd oss med litt mindre vatn.

Veldig fin tur, og vi kjem att til sommaren!













Kviss- eller spørjekonkurranse

1. Woody Allen har laga ein film om Paris? Tittel? Kven -tidlegare fotomodell nå frue til (kven?) - spelar ein viktig birolle her?

2. Woody Allen har laga minst to filmar til der byar er viktige "medspelarar",om dei ikkje alltid er nemnde i tittelen. Namn på to av dei?

3. Meir film. Ein fransk film frå nyare tid (2001) utspelar seg på Montmartre. Kva heiter hovudpersonen i filmen (vil ha førenamn og etternamn)? Arbeidsplassen til hovudpersonen er også viktig i filmen. Namnet på den?

4. Kven sa i si tid "Paris er vel ei messe verdt"? Når og  kvifor i all verda sa vedkomande det?

5. Verset 
"På en gris  på en gris 
vil jeg ride til Paris.
Det vil ta noen år
men jeg tror nok at det går"


er del av  ei samling rim og songar for barn.  Norsk tittel? Det er gjendikta frå eit anna språk, kva for eitt? Kven har gjendikta desse versa til norsk?

6. Gastronomisk. Kva kallar ein på fransk slike smårettar som ikkje vert rekna som forrettar, men er ennå mindre? Morosamt namn.

Svar kan de leggje inn i kommentarfeltet.

torsdag 23. mai 2013

Har dei 17. mai i utlandet då?

Vestfold- og Gudbrandsdalsbunad
Nei, dei har vel eigentleg ikkje det. Vanleg dag og sånn. Eg tok permisjon frå fransken min på fredag for å feira 17. mai med den norske kolonien i og omkring Waterloo og Brussel.

Frukost på sjømannskyrkja

Skikkeleg herleg frukost og fin gudsteneste på sjømannskyrkja  i Waterloo.
 Mykje godtfolk i gilde stasklede - så mange fine bunader! Og glade barn som fauk omkring. Slik  17. mai skal vera.
Her har vi i alle fall ein sunnmørsbunad i midten,
Ser de kor staseleg og rett i ryggen ein vert med bunad?






Tog og talar på SSB 

 

 


Spreke russ,  Nora Menous-Moland og Christina Coldevin
Leikar og talar og tog på den skandinaviske skulen, SSB der tenåringen går i 1. gym.
Regnet hølja ned og det var kaldt. Slik sett var det heimsleg, sjølv om alle i Waterloo tykte det var kjekt at det var fint ver i Noreg. Vi unner dykk det, snøen låg vel framleis i ei og anna nordhelling den dagen?

Musikken var ved det belgiske tollvesenet sitt musikkorps. Dei spelte framifrå - Heel moi! skrytte eg (Flamsk dette korpset då) . 

Det var veldig kjekt for ein korsongar som saknar koret sitt voldsomt, å få ta heile 17. mai-repertoaret to gonger. Først på sjømannskyrkja med orgel og så på SSB med korps.
 Det belgiske korpset hadde til og med truffe toneleiet på "Ja vi elsker" så det blei heilt greitt for ein middels sopran. "Norge i rødt, hvitt og blått" bør  kanskje nokon vurdera teksten på, den var nok veldig grei i 1945, men nå er eg jammen ikkje heilt sikker lenger.


 To-tre russ hadde vi også med oss, dei såg friske, opplagde og spreke ut, litt uvanleg i forhold til mesteparten av russen heime tenkjer eg.


Toget går..

 17. mai i utlandet


 er kjekt.Vi har jo gjort det nokre gonger før, og tykkjer det er  fint. Vi opplever at vi blir sveisa saman, og at alle er med. 

For ein del år sidan då vi budde i Nederland fekk vi rett nok nokre rare blikk då vi gjekk i 17-mai tog ein søndag i parken i Rotterdam. Då var det sol og 26 grader og folk var på kafé. 






..og går i plaskregnet
Dei lurte vel på om det var eit karnevalsopptog som passerte, denne rare gjengen i merkelege, gammaldagse  ullklede.



Men denne 17. mai dagen var varm ull pluss rikeleg med regntøy verkeleg nødvendig. Men det var ei fin feiring.
 



Og den 18. tok vi toget til Paris!

mandag 13. mai 2013

Mauvaise herbes - ugras!

De hugsar


La pelouse -cherie?

for at  la pelouse skal vera ein pryd i bygda må han vera tett, grøn  og fin utan ugras og mose.
Iallefall  nokså einsfarga grøn..

Dette - gode vener - er ikkje så lett. Noko som trivst veldig godt i leira vår er løvetann. Gul og fin står han der og struttar midt på plenen. Når mannen kjem med grasklypparen dukkar han og legg seg flat. Når så mannen er ferdig  med å klyppa plenen reiser han  stolt og uovervinneleg det gule bustehovudet sitt.


Kill kill

Dei ler av meg - de ser det?
tenkjer eg. Ut med løvetannstikka og reinskar heile forhagen for gule blomar. Den eine naboen sprøyter med gift, men eg meiner vi må passe på biene våre, og bruker heller nokre timar med stikka. 
Han der fyren i gresk mytologi som rulla stein opp på ein haug hadde vel for så vidt ein grei jobb i forhold til meg.
 Ein halvtime etter at eg  meiner forhagen er grei, har dritvondt i ryggen og knapt kan reisa meg, står dei der igjen. Gule og frekke - dei gliiiiser av meg.



Fransk då

På fransk heiter løvetann rett og slett "Pissenlit" - de kan kanskje gissa dykk til tydinga av dette ordet sjølv om de ikkje har hatt fransk på skulen?  Det  tyder rett og slett "tisse i senga".
Då viser det til korleis planten virker medisinsk, nemleg urindrivande eller diuretisk.


Løvetann - rart namn då.

 På latin heiter planten Taraxacum officinale, på engelsk dandelion. I følgje min engelske dictionary viser namnet til gammal engelsk innlån frå fransk dent -de-lion,  frå latin dens leonis - som tyder løvetenner. Dette skulle visa til dei taggete løvetannblada. Mitt franske leksikon frå 1930-talet nemner også eit slikt namn: dent-de-lion, men det er lite brukt trur eg.

If you can't beat it  - eat it?

Nye, spede blad kan brukast i salat. Litt bitter smak, men den kan kanskje erstatta ruccola.
Blada inneheld vitamin A og C, niacin og ei rekkje mineral. Dei lange pælerøtene kan tørkast og malast til kaffierstatning, det er røtene som verkar urindrivande.
 I følgje urteboka mi skal dei  også stimulera galleproduksjonen og vera bra  ved revmatiske plager, mot urinsyregikt, eksem, forstoppelse og svevnløyse. Tørka løvetannrot "Radix Taraxicum" får du kjøpt på apotek som har slikt.
Elller de kan koma hit til meg og dra dei opp sjølv!
Bustehovene kan de leggja vin av.
 Løvetannvin har eg ganske god, for ikkje å seia inngåande erfaring med frå ungdommen.

Pent ugras 

Pent ugras
Finst sjølvsagt også. Og hadde hagen min vore full av desse blå,  vakre blomane  her ville eg ikkje løfta ein finger.





Kviss - spørjekonkurranse

1. Kva heiter løvetann på jærsk? I alle fall då eg var liten. Nokon forklaring på dette namnet?

2. Han mannen i gresk mytologi som dytta ein diger stein opp ein bakke, og så rulla steinen ned att, kva heitte han? Og kvifor i all verda gjorde han dette?

3.Kva heiter  den pene blå ugraset på biletet til venstre? Er det ein nyttevekst, kan det brukast til noko?



4. Namn på anna forhatt ugras som det er svært vanskeleg å bli kvitt, men som også kan etast. Planten blei sannsynlegvis innført til landet som medisinplante i middelalderen, men blir svært lite bruk i urtemedisin nå. Gjerne namn både på norsk og latin, planten har mange namn på norsk.

5. Namn på anna vanleg ugras som kan etast, brukast til gjødsel og som du også kan laga tråd av?

Svara legg de inn i kommentarfeltet.








 

tirsdag 7. mai 2013

Alt som er fint og kjekt

I dag vil eg syna fram bare slikt eg tykkjer er fint og kjekt, slik som


Dei kongelege drivhusa

som høyrer til slottet i Laeken som ligg ved Atomium nordaust i Brussel. Desse drivhusa held ope for oss vanlege folk to veker i året. Der var vi ein søndag, fint ver og mykje folk.
Rett ved Atomium. Atomium er bygd i 1958 - tøff då?
Eit rart monument over einkvan mannen. Det stod ein statue av ein mann inni, men ikkje om vi kunne lesa oss til kven det kunne vera
Viktorianske drivhus er så fine.
Fredsliljer dette ?  Zantedeschia?
Også inne frå drivhuset - jysla mykje folk bare ikkje akkurat her

Sosietetsnytt, kjendisar, glamour

Mange lurer på korleis det er å gå på mottakingar og sånn. Nokre gonger kan det  vera slik:
Rett opp og ned over ein time, tre likelydande talar på fransk og litt nederlandsk


 Presangar

er alltid gildt og koseleg, bursdagspresangar ikkje minst. Her er den eg fekk frå mannen. Han tok gravearbeidet sjølv denne gongen . Ønska meg eit tre, og fekk ein røsleg rhododendron. Den har nett begynt å opna knoppane, rosa mot kremfarga - store blomar.
Håper den blomstrar godt og gler oss resten av tida vi skal vera her.