Viser innlegg med etiketten Plen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Plen. Vis alle innlegg

mandag 13. mai 2013

Mauvaise herbes - ugras!

De hugsar


La pelouse -cherie?

for at  la pelouse skal vera ein pryd i bygda må han vera tett, grøn  og fin utan ugras og mose.
Iallefall  nokså einsfarga grøn..

Dette - gode vener - er ikkje så lett. Noko som trivst veldig godt i leira vår er løvetann. Gul og fin står han der og struttar midt på plenen. Når mannen kjem med grasklypparen dukkar han og legg seg flat. Når så mannen er ferdig  med å klyppa plenen reiser han  stolt og uovervinneleg det gule bustehovudet sitt.


Kill kill

Dei ler av meg - de ser det?
tenkjer eg. Ut med løvetannstikka og reinskar heile forhagen for gule blomar. Den eine naboen sprøyter med gift, men eg meiner vi må passe på biene våre, og bruker heller nokre timar med stikka. 
Han der fyren i gresk mytologi som rulla stein opp på ein haug hadde vel for så vidt ein grei jobb i forhold til meg.
 Ein halvtime etter at eg  meiner forhagen er grei, har dritvondt i ryggen og knapt kan reisa meg, står dei der igjen. Gule og frekke - dei gliiiiser av meg.



Fransk då

På fransk heiter løvetann rett og slett "Pissenlit" - de kan kanskje gissa dykk til tydinga av dette ordet sjølv om de ikkje har hatt fransk på skulen?  Det  tyder rett og slett "tisse i senga".
Då viser det til korleis planten virker medisinsk, nemleg urindrivande eller diuretisk.


Løvetann - rart namn då.

 På latin heiter planten Taraxacum officinale, på engelsk dandelion. I følgje min engelske dictionary viser namnet til gammal engelsk innlån frå fransk dent -de-lion,  frå latin dens leonis - som tyder løvetenner. Dette skulle visa til dei taggete løvetannblada. Mitt franske leksikon frå 1930-talet nemner også eit slikt namn: dent-de-lion, men det er lite brukt trur eg.

If you can't beat it  - eat it?

Nye, spede blad kan brukast i salat. Litt bitter smak, men den kan kanskje erstatta ruccola.
Blada inneheld vitamin A og C, niacin og ei rekkje mineral. Dei lange pælerøtene kan tørkast og malast til kaffierstatning, det er røtene som verkar urindrivande.
 I følgje urteboka mi skal dei  også stimulera galleproduksjonen og vera bra  ved revmatiske plager, mot urinsyregikt, eksem, forstoppelse og svevnløyse. Tørka løvetannrot "Radix Taraxicum" får du kjøpt på apotek som har slikt.
Elller de kan koma hit til meg og dra dei opp sjølv!
Bustehovene kan de leggja vin av.
 Løvetannvin har eg ganske god, for ikkje å seia inngåande erfaring med frå ungdommen.

Pent ugras 

Pent ugras
Finst sjølvsagt også. Og hadde hagen min vore full av desse blå,  vakre blomane  her ville eg ikkje løfta ein finger.





Kviss - spørjekonkurranse

1. Kva heiter løvetann på jærsk? I alle fall då eg var liten. Nokon forklaring på dette namnet?

2. Han mannen i gresk mytologi som dytta ein diger stein opp ein bakke, og så rulla steinen ned att, kva heitte han? Og kvifor i all verda gjorde han dette?

3.Kva heiter  den pene blå ugraset på biletet til venstre? Er det ein nyttevekst, kan det brukast til noko?



4. Namn på anna forhatt ugras som det er svært vanskeleg å bli kvitt, men som også kan etast. Planten blei sannsynlegvis innført til landet som medisinplante i middelalderen, men blir svært lite bruk i urtemedisin nå. Gjerne namn både på norsk og latin, planten har mange namn på norsk.

5. Namn på anna vanleg ugras som kan etast, brukast til gjødsel og som du også kan laga tråd av?

Svara legg de inn i kommentarfeltet.








 

tirsdag 7. mai 2013

Alt som er fint og kjekt

I dag vil eg syna fram bare slikt eg tykkjer er fint og kjekt, slik som


Dei kongelege drivhusa

som høyrer til slottet i Laeken som ligg ved Atomium nordaust i Brussel. Desse drivhusa held ope for oss vanlege folk to veker i året. Der var vi ein søndag, fint ver og mykje folk.
Rett ved Atomium. Atomium er bygd i 1958 - tøff då?
Eit rart monument over einkvan mannen. Det stod ein statue av ein mann inni, men ikkje om vi kunne lesa oss til kven det kunne vera
Viktorianske drivhus er så fine.
Fredsliljer dette ?  Zantedeschia?
Også inne frå drivhuset - jysla mykje folk bare ikkje akkurat her

Sosietetsnytt, kjendisar, glamour

Mange lurer på korleis det er å gå på mottakingar og sånn. Nokre gonger kan det  vera slik:
Rett opp og ned over ein time, tre likelydande talar på fransk og litt nederlandsk


 Presangar

er alltid gildt og koseleg, bursdagspresangar ikkje minst. Her er den eg fekk frå mannen. Han tok gravearbeidet sjølv denne gongen . Ønska meg eit tre, og fekk ein røsleg rhododendron. Den har nett begynt å opna knoppane, rosa mot kremfarga - store blomar.
Håper den blomstrar godt og gler oss resten av tida vi skal vera her.


lørdag 27. oktober 2012

Bare pélouse chérie?

Tønnes klypper
Første gong eg såg all den plenen tenkte eg 
 - blomsterbed,
 - kva med drivhus?
 - skikkeleg kjøkkenhage,
 - alle rosene eg ikkje har klima til å dyrka heime,
 - ferskentre,
 - druer, 
eg skulle rulla meg i blomar, velta meg i planter, i fargar og smak og lukt..Eg kom frå snaue 200 kvm tørr jord, grus og steinknaus i kalde Noreg ,  til 800 kvm jomfrueleg flat plen i milde Belgia.

plen, og klypper
Men det var før eg bokstaveleg talt stakk fingeren i jorda og skjøna kor eg var hen. Eg sit meir eller mindre i skyttergravene, vi snakkar tett leire her, tett GUL leire, heilt utan næring, utan luft. Vatnet vert liggjande  i små dammar på plenen når det har regna mykje, leira vert sleip, tung og kan sannsynlegvis slengjast rett  på dreieskiva og bli koppar og kar. (Hos vanlege folk renn vatnet etterpå inn i kjellaren, men vi er  svært heldige med huset).

plen, og
Jorda kan sjølvsagt bli betre. Då må det tilførast grus og torv og godt med gjødsel. Dette må spavendast ned  i leira minst 30-50 cm der eg vil planta noko, men først må eg sjølvsagt få hol på plenen og spa - jysla tungt.

Så kva gjer vi nå?
klypper plen.
 Eg bestemte meg for at eg ikkje orkar ein vår heilt utan  blomar, og samstundes makter eg ikkje jobba nok/tilstrekkeleg med jorda. Dermed brette eg opp det eg kunne, sette i gang med spada, fjerna litt pélouse, og grov opp to bed.
Der det altså nå planta eit utval av 160-70 forskjellige lauk, varierande frå muscari (perleblomst) via iris og narsisser til tulipanar. Vanlege påskeliljer pluss scilla er dei einaste som overlever i særleg grad i denne type jord, derfor var dei sjølvsagt utselde  for dei på hagesenteret då eg omsider kom for å kjøpa. Har spadd ned litt illeluktande kompost, (utruleg kor ringt det graset luktar når det rotnar,) pluss medbrakt Helgjødsel frå Sele som luktar ærleghønselort.

Planten på biletet er ein hortensia eg har fått
Det eine bedet, skal blomstra i blått, kvitt og litt raud
 i gåve, og sett ned i det eine bedet. Hortensia eller hydrangea på latin, trivst godt her og er vakre lenge, også nå blomane er visne.

Som de ser klypperTønnes framleis plenen, men bare ein gong i veka nå, og aldri på ein søndag, tullar ikkje med sånt, men det  haustar nå.


Det er forresten nesten  ikkje brunsniglar her, dei har sjølvsagt lite å leva av  på plenen vår, men vi kunne jo  invitert på litt løvetann?


.

mandag 1. oktober 2012

Waterloo Wives - the wines

Vin på tebud på nærbutikken
Det er vintilbod på butikken for tida, og her er det ikkje bare kjøp fire få fem. 
Det er endå betre:  kjøp fire få to gratuite.
Jysla billeg  i forhold til norske prisar også.  Her ser de litt av utvalet. Det er mest fransk vin, vi saknar kanskje litt italiensk og spansk, men har funne nokre greie økologiske.

På veg ut av butikken  kom eg forbi ein sånn prøvedisk de veit, der de får smaka ein ny type pastasaus, eller iskrem eller juice.

Prøvesmaking

Her var det spansk brandy av eitkvart slaget, 43  heitte det .

Eg sykla så eg kunne vel prøvd meg, men flesteparten elles kjører bil så ikkje veit eg kor lurt dette er.

Eg bad pent om å få ta eit bilete og sa at eg laga blogg for "mes amis en Norvège", og at slikt var svært uvanleg i Noreg. 
Då smilte han breidt og eg kunne bare knipsa.

Carrefour er ein stor kjede. Dei har ei mengd aksjonar, tilbud, klistremerke å samla på, 
klistre inn i bøker og spare til eitkvart. 
Eg HAR skaffa meg Carrefour-kort, eg har det, men er noko usikker på kva eg skal gjera med alle poenga ein får. Men "on verra" (og det er futurum).


Butikken er open til kl. 20.00 på kvardagar. Nokre butikkar har ope nokre timar søndag føremiddag så du får kjøpt ferske croissantar til frokost.Men har du gløymt å kjøpe mjølk klokka 20.05 kan du bare gløyme å stikke ned på Shell'en eller Statoil'en eller 7-11 og kjøpe. Slikt finst ikkje her i Waterloo, bensinstasjonen sel bensin. (punktum).

Bare for å ha det  helt klart: Eg stod altså over den prøvesmakinga, vi går ikkje heilt i hundane her nede, vi klypper plenen slik vi skal og kan føra oss så langt.

tirsdag 18. september 2012

Til Paris med Thalys

går fykande fort. Det som går jammerleg seint er å koma frå Waterloo til Bruxelles Midi for å nå Thalys. Denne gongen skulle vi ta bussen fann eg ut, sidan det har vore så mange forseinkingar med toget (pga språkstriden?), og bussen kjem jo alltid fram? En halvtime skulle vi ha til å slentra i kring på stasjonen, møta Tønnes og kosa oss. Det var ikkje heilt sånn.
Elin og Tønnes på bussen i Paris
Trafikken i Belgia er tett. Dette er det fleire grunnar til: Belgia er eit billand, dei lagar bilar sjølv og tykkjer alle burde ha ein. I gamle dagar fekk du sertifikat når du kjøpte bil (altså utan førarprøve). Det er mange gratis parkeringsplassar, det er ikkje alltid heilt lett å sykla fordi det står bilar på sykkelstien, bussen har ikkje eiga bussfil.
 Dette er ein ekstrem kontrast til sykkellandet Nederland, der dei har tatt konsekvensen av at dei er mange.
 Men det  fører  til at det er tett trafikk heile tida, nesten alltid. Folk er ofte høflige og greie, men dei kjefter og tuter også mykje meir enn eg trivst med, men så er eg også nokså sart. og kjenslevar på det området - eg veit det.

Men vi nådde Thalys,  kom til Paris om kvelden, og starta dagen etterpå med frokost og ny triveleg busstur for å få oversyn over byen.

Det var strålande vakkert ver, køar til alle kjende stader. Og de har jo vore der sjølv?
Notre Dame, Eiffeltårnet, Triumfbuen, Louvre, Sacre Coeur, Montmartre?
Det finst  mange fine bilete av dette, eg tenkte eg skulle ha med litt andre ting her.
Som de ser har Tønnes fått gulerot
Mat for eksempel - vi hadde noko veldig dyrt og forseggjort på den moderne og  elegante restauranten på operaen.Operaen var forresten fantastisk vakker, der har de kanskje ikkje vore? Gå dit.
(Og gå seint ned trappa i den fantastiske hallen og lat som du har på deg ein lang kjole med fem meter slep, upraktiske sko og pudderparykk).
Pelouse au repos
 Vi fann også litt plen som trengte kvile ein stad bortanfor Eiffeltårnet. Tønnes følte sjølvsagt omsorg for den.
Har de forresten reflektert over at det franske ordet tondeuse som tyder grasklyppar også kan tyda barbermaskin?

Det er litt å tenkje på det der.
 Vi er sjølvsagt ikkje ferdige med Paris, det kjem meir seinare

mandag 17. september 2012

Huset vårt i Waterloo

Huset i muhlegrenda
Huset vårt er større enn det vi har heime, og heilt annleis. Det er eit nytt hus, bygd i 2003, og har vorteplast/fukthindring på grunnmuren. Då vi skulle sjå på hus i Waterloo fekk vi høyra at mange hadde problem med fukt i huset. Grunnvatnet står høgt her, og jordsmonnet er tett leire der vatnet vert liggjande, evt. renn ned langs grunnmuren. 
Vi fann då ut at ein fuktmålar måtte vera tingen å ha med ned hit, og vi forhøyrte oss omkring om kor ein kunne få tak i slikt, og svaret blei Claes Ohlson (eller Gubbdagis om du vil).  Takk til Lisbeth! Hugsar vi testa den heime i huset i Muhlegrenda, der måtte vi ha vatn på veggen i dusjen for å få utslag, så vi lurte litt på om den virka.
Då vi kom trekkjande med denne vesle dingsen og målte fukt rundt i veggene på husa dei synte oss,  blei eigedomsmeklarane ganske imponerte. Vi såg på åtte-ni hus, og dette pluss eitt til var OK fuktmessig, prismessig og elles. Eg brukte nasen for alt var god for, har god luktesans, men eitt av dei verkeleg fine husa vi såg på var nymalt og kaldt og lukta bare maling. Der sprengde fuktmålaren skalaen.
Det er ganske spesielt dette med fuktsperre på grunnmuren, det er rett og slett ikkje vanleg her. Det er eit nytt hus under bygging i nabolaget, og der er det ikkje brukt. Det som då kan skje er at vatn renn inn i fugemassen, kjellaren vert fuktig, det oppstår muggsopp, folk kan få problem med hoste/"forkjølelse"  og andre luftvegsinfeksjonar. Sannsynlegvis er det mykje gikt her, eg veit det var eit problem i Nederland.
Huset sett frå hagen og frå vegen, nye fine bilen også, og ltt av la pelouse sjølvsagt


Dette er eit større hus enn heime om ein tenkjer kvadratmeter. Vi har fire soverom, det er eit poeng sidan gutane våre framleis bur på hybel i Bergen og Trondheim , og må kunne vera hos oss på besøk. I tillegg vil vi sjølvsagt gjerne ta i mot besøk - av vener og annan familie.
Stor kjellar har vi også, og diger garasje. I garasjen står alt anna enn bil, meir om dette seinare.
Hagebilde frå muhlehuset
 I kjellaren står det framleis nokre kassar med bøker vi ikkje har pakka opp. Også hadde vi for mykje sofaer fann vi ut - fordi huset heime på ein måte hadde fleire stover.. skjønar det ikkje heilt, men det er noko der. Vi hadde i det heile alt for mykje jordisk gods, sjølv om vi farta opp og ned til Isi (Bærums søppelplass), til fretex med klede,  og ga bort leiker og sportsutstyr til naboar med mindre barn. Dessutan hadde vi flytta frå eit hus med null lagringsplass. Kor kjem det frå alt saman?
Sjølve flyttinga var ikkje noko kjekk, men det er vel slik det er. Nokre skader fekk vi på ting som var på lasset, og dette oppgjeret er vi ikkje heilt ferdige med ennå, men det nærmar seg.
Det å koma på plass her er også ein prosess som tek tid. Det å skaffa, telefon, fjernsyn og først og fremst INTERNETT, var og er  ei langdryg affære som fortener  eit eige kapittel her.
Hagebildet frå muhlehuset er med som ein kontrast til la pelouse. Også blei det litt få bilete her, Tønnes har teke ein liten video med aifounen  (I-phone) sin, men den lar seg sjølvsagt ikkje lesa eller leggjast inn, (nei eg er ikkje applefæn).

torsdag 13. september 2012

La pelouse chéri, la pelouse...

 .. eller plenen kjære plenen! Plen er ein alvorleg sak, kanskje spesielt her i nabolaget, ikkje veit eg. Det durer og går plenklypparar seint og tidleg. Og det er MENN som klypper, bare MENN. 

(Unntaket er naboen vår som er skilt og ikkje har nokon mann, og klypper med elektrisk grasklyppar, men ho bråker ikkje, så henne reknar vi ikkje med.)

Det var vel stort sett menn som klypte plen heime i muhlegrenda også når eg tenkjer meg om, men det var liksom ikkje hovudfunksjonen deira. Her er det det dei gjer og dei gjer det fleire gonger i veka. Vi har ein bensingrasklyppar - la tondeuse - som brukar meir diesel enn bilen vår, men slik er det og a man's gotta do what a man's gotta do.
Her er eit bilete av plenen:

Plenen, vi har 800 kvm av den

Den må vi visst klyppa snart seier Tønnes.

Til Paris til Paris 

vil jeg ride på en gris
Det vil ta noen år,
 men jeg tror nok at det går.

Hugsar de barnerimet i Gåsemorvers?
Vi skal ta toget til Paris i morgon kveld, Tønnes, Elin og eg, det tar ein time og tjue minutt.

Eg har laga ein variant av verset:

Til Paris til Paris
skal vi reisa med Thalys,
det går kjapt det går fort
på ein time er det gjort.

Også på fransk - passeleg stolt nå:

À Paris àParis
nous irons avec Thalys
c'est vite, mais c'est chèr
avec le chemin de fer

Sikkert nokre feil her, men det får gå. Var ute og kjøpte guide til Paris i bokhandelen. Vi ha ein liten frå før, vi var der for 13-14 år sidan,  men den ligg i ei øskje einkvan staden - kjellaren?
Vi gler oss.