Elin og Tønnes på bussen i Paris |
Dette er ein ekstrem kontrast til sykkellandet Nederland, der dei har tatt konsekvensen av at dei er mange.
Men det fører til at det er tett trafikk heile tida, nesten alltid. Folk er ofte høflige og greie, men dei kjefter og tuter også mykje meir enn eg trivst med, men så er eg også nokså sart. og kjenslevar på det området - eg veit det.
Men vi nådde Thalys, kom til Paris om kvelden, og starta dagen etterpå med frokost og ny triveleg busstur for å få oversyn over byen.
Det var strålande vakkert ver, køar til alle kjende stader. Og de har jo vore der sjølv?
Notre Dame, Eiffeltårnet, Triumfbuen, Louvre, Sacre Coeur, Montmartre?
Det finst mange fine bilete av dette, eg tenkte eg skulle ha med litt andre ting her.
Som de ser har Tønnes fått gulerot |
(Og gå seint ned trappa i den fantastiske hallen og lat som du har på deg ein lang kjole med fem meter slep, upraktiske sko og pudderparykk).
Pelouse au repos |
Har de forresten reflektert over at det franske ordet tondeuse som tyder grasklyppar også kan tyda barbermaskin?
Det er litt å tenkje på det der.
Vi er sjølvsagt ikkje ferdige med Paris, det kjem meir seinare
Morsomt å lese for meg også! Foresten må jeg klippe plenen snart for den begynner å bli vel høg etter belgisk standad,men imorgen har jeg ikke tid for da skal jeg spille boccia i det norske mesterskapet her i Waterloo. Petter og Alf, da skal jeg slå dere i Kragerømesterskapet i boccia til sommeren. Ha det bra! Tønnes
SvarSlettHei igjen. Fin stemning og fine bilde. Det hadde ikkje vore dumt med ein tur til Paris igjen....
SvarSlettDet var det Tone som skreiv
SlettDet er sannsynlegvis aldri dumt med ein tur til Paris, byen er så innmari stor. Det kjem meir tekst og bilete seinare, eg held meg til litt ukurante ting tenkjer eg.
Slett