mandag 3. september 2012

Slagmarkene i Flandern


I helga kring 1. september var vi i Flandern. Besøkte krigsmuseet i Paaschendale, Tyne Cot cemetary og seinare Ypres med det fantastiske In Flanders Fields museet. www.inflandersfields.be Gripande og rystande oppleving. Alle desse unge mennene som døydde til inga nytte.
Tyne Cot cemetary har også eit museum der dei syner soldatane sine brev heim, personlege eigedelar. Ei stemme les opp namn og alder på dei drepne, mange av dei yngre enn mine eigne søner. Bileta før og etter er talande. I Ypres stod berre ytterveggane att av kyrkja. Resten av byen låg fullstendig i grus.

Men det er mange gravstader i Flandern. På vegen mellom Passchendaleog Ypres kjørte vi forbi marker med kvite trekors i endelause rekkjer. Nesten endå tristare enn her på Tyne Cot Cemetary, her er det i alle fall blomar.

3 kommentarer:

  1. Må en tur på biblioteket etter Remarque sin bok tror jeg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ken Follett som tidlegare skreiv thrillerar, har nå skrive nokre verkeleg gode historiske romanar. Han har ein trilogi der den første boka heiter Fall of giants og handla om innleiinga til første verdskrifgen . Den følgjer nokre personar i England Russland, Tyskland og USA. Eg ventar på at Tønnes skal bli ferdig med bind to som er om andre verdskrigen så eg kan få lese den. Spennande og lærerike bøker.

      Slett
    2. Aiaia, flere bøker på ønskelista. Tror Mutter'n har Fall of Giants, så jeg prøver der først.

      Slett

Har du noko å leggje til? Gjer det her.