søndag 26. mai 2013

Paris er romantisk i regn

Dei seier så, også i den der Woody Allen filmen de veit.
Det vert aldri nok Paris for oss, så 18. mai om morgonen var vi på plass på Thalys att mot Paris.

Montmartre

Vi kom inn på Gare du Nord tidleg på morgonen, sette frå oss kofferten og vandra oppover mot
Sacre Coeur
Sacre Coeur og Montmartre i solskinet.

Vakkert var det, og haugar med turistar på alle kantar. Utsikten er ogå storslegen.
Vi sette oss på ein kafé, drakk kaffi  og såg på folk. Tusla vidare rundt og såg på kunstnarane som arbeidde.
Utsikta frå Sacre Coeur












Frå ein koseleg kafe på baksida av Sacre Coeur

La Defense 

 til La Defense med La Grande Arche
bilete frå Pinterest
Smarte som vi var, hadde vi kjøpt billettar til Louvre  på førehand på nettet. Eg har vore mange gonger  i Paris, men aldri vore i Louvre fordi museet er så digert, og eg aldri har sett av tid til det, men nå skulle vi gå.
 Er van med å få billettar på e-post med strekkodar som eg kan skrive ut sjølv på skrivaren, men slik var det ikkje her. Denne kunne bare hentast i obskure varehus utanfor by'n synte det seg, pluss Virgin Mega store på Champs Elysées. Resepsjonistdama på hotellet var veldig hjelpsam med å finna ut kor vi kunne henta desse billettane. Då vi kom til Champs Elysees og fann Virgin Mega store, synte det seg at dei skulle leggjast ned, og slett ikkje kunne gi oss billettane våre, men vi kunne jo bare ta metroen til La Defense, sa Virgin-dama, rett borti høgget her (ho sa det på  fransk då). 
Vi vurderte litt fram og tilbake, men drog opp - det var eit godt stykke med metroen.....

La Defense er hypermoderne arkitektur, glas og stål og fantastiske, storslegne linjer. Dei kliner til desse franskmennene, det skal dei ha. Vi er eigentleg glade for at vi drog, det var så annleis og imponerande. Europas største kjøpesenter på 80-talet,  les Quatre Temps, var der, vi tykte det var ganske stort nå også. La Grande Arche de la Fraternité - brorskapsbogen, kan vi kalla den, var imponerande. Det er ein slik akse frå La Defense der du ser Trumfbogen og vidare mot obelisken på Place de Concorde.
Blomstermarknad
Tenåringen fann sminkebutikken ho var ute etter med ein gong, eg fann butikken der eg kunne henta billettane til Louvre etterkvart. 


 

 

 

 

 

 

 

Louvre

Louvre sett gjennom pyramiden
Då vi kom dit, var vi jo for så vidt glade for at vi hadde desse billettane då.
 Det var kø langt rundt hjørnet, og vi sklei rett forbi. Ja, vi såg  La Joconde, saman med alle dei andre. Og då det var gjort var det nok av annan kunst å sjå. Mykje vakkert, men ein bør setja av mykje  tid der.
Kontrasten mellom den moderne glaspyramiden der inngangen er, og dei gamle bygningane ikring er også spennande.




Le Marais

- er eit dønn sjarmerande strok i Paris med små butikkar, små kafear, spennande klede, vintagebutikkar og allslags.
Veldig kult då - er det hipster det heiter?
Her kom paraplyane fram, for vel aldri å bli slått heilt saman att. 



Notre Dame

Rett ved Notre Dame er det fuglemarknad og blomstermarknad om søndagen. Fuglar i ale slags fargar som kvitra og song, og så blomstene då.
 Det var også kjempekø av besøkande framfor Notre  Dame, men vi bestemte ganske raskt at vi ville på på pinsemesse, og  sidan vi skulle på messe var det slett ingen kø og vi fekk koma rett inn.
Veldig fin korsong, og ein sopran som vekselsong med kor og kyrkjelyd, ho hadde ein fantastisk stemme. Vi fekk tekst og liturgi utdelt på fransk og engelsk, og det var moro å samanlikna med den norske bibelteksten tykte eg.



Le Train Bleu


er ein restaurant som ligg på Gare de Lyon med eit  overdådig interiør. Her var det vi bestemte oss for å feira 24-års bryllaupsdagen vår. Vi har vore her før for ca 15 år sidan
Champagnemeny valde vi med ein haug med små og store rettar og champagne til.  Jysla godt, det tykte tenåringen også, (ho fekk eit halvt glas i høve dagen).




Litt interiør fra Le Train Bleu

Etterpå regna det endå meir. Det var vel romantikken som slo inn for fullt, tenkte vi, men vi kunne kanskje greidd oss med litt mindre vatn.

Veldig fin tur, og vi kjem att til sommaren!













Kviss- eller spørjekonkurranse

1. Woody Allen har laga ein film om Paris? Tittel? Kven -tidlegare fotomodell nå frue til (kven?) - spelar ein viktig birolle her?

2. Woody Allen har laga minst to filmar til der byar er viktige "medspelarar",om dei ikkje alltid er nemnde i tittelen. Namn på to av dei?

3. Meir film. Ein fransk film frå nyare tid (2001) utspelar seg på Montmartre. Kva heiter hovudpersonen i filmen (vil ha førenamn og etternamn)? Arbeidsplassen til hovudpersonen er også viktig i filmen. Namnet på den?

4. Kven sa i si tid "Paris er vel ei messe verdt"? Når og  kvifor i all verda sa vedkomande det?

5. Verset 
"På en gris  på en gris 
vil jeg ride til Paris.
Det vil ta noen år
men jeg tror nok at det går"


er del av  ei samling rim og songar for barn.  Norsk tittel? Det er gjendikta frå eit anna språk, kva for eitt? Kven har gjendikta desse versa til norsk?

6. Gastronomisk. Kva kallar ein på fransk slike smårettar som ikkje vert rekna som forrettar, men er ennå mindre? Morosamt namn.

Svar kan de leggje inn i kommentarfeltet.

torsdag 23. mai 2013

Har dei 17. mai i utlandet då?

Vestfold- og Gudbrandsdalsbunad
Nei, dei har vel eigentleg ikkje det. Vanleg dag og sånn. Eg tok permisjon frå fransken min på fredag for å feira 17. mai med den norske kolonien i og omkring Waterloo og Brussel.

Frukost på sjømannskyrkja

Skikkeleg herleg frukost og fin gudsteneste på sjømannskyrkja  i Waterloo.
 Mykje godtfolk i gilde stasklede - så mange fine bunader! Og glade barn som fauk omkring. Slik  17. mai skal vera.
Her har vi i alle fall ein sunnmørsbunad i midten,
Ser de kor staseleg og rett i ryggen ein vert med bunad?






Tog og talar på SSB 

 

 


Spreke russ,  Nora Menous-Moland og Christina Coldevin
Leikar og talar og tog på den skandinaviske skulen, SSB der tenåringen går i 1. gym.
Regnet hølja ned og det var kaldt. Slik sett var det heimsleg, sjølv om alle i Waterloo tykte det var kjekt at det var fint ver i Noreg. Vi unner dykk det, snøen låg vel framleis i ei og anna nordhelling den dagen?

Musikken var ved det belgiske tollvesenet sitt musikkorps. Dei spelte framifrå - Heel moi! skrytte eg (Flamsk dette korpset då) . 

Det var veldig kjekt for ein korsongar som saknar koret sitt voldsomt, å få ta heile 17. mai-repertoaret to gonger. Først på sjømannskyrkja med orgel og så på SSB med korps.
 Det belgiske korpset hadde til og med truffe toneleiet på "Ja vi elsker" så det blei heilt greitt for ein middels sopran. "Norge i rødt, hvitt og blått" bør  kanskje nokon vurdera teksten på, den var nok veldig grei i 1945, men nå er eg jammen ikkje heilt sikker lenger.


 To-tre russ hadde vi også med oss, dei såg friske, opplagde og spreke ut, litt uvanleg i forhold til mesteparten av russen heime tenkjer eg.


Toget går..

 17. mai i utlandet


 er kjekt.Vi har jo gjort det nokre gonger før, og tykkjer det er  fint. Vi opplever at vi blir sveisa saman, og at alle er med. 

For ein del år sidan då vi budde i Nederland fekk vi rett nok nokre rare blikk då vi gjekk i 17-mai tog ein søndag i parken i Rotterdam. Då var det sol og 26 grader og folk var på kafé. 






..og går i plaskregnet
Dei lurte vel på om det var eit karnevalsopptog som passerte, denne rare gjengen i merkelege, gammaldagse  ullklede.



Men denne 17. mai dagen var varm ull pluss rikeleg med regntøy verkeleg nødvendig. Men det var ei fin feiring.
 



Og den 18. tok vi toget til Paris!

mandag 13. mai 2013

Mauvaise herbes - ugras!

De hugsar


La pelouse -cherie?

for at  la pelouse skal vera ein pryd i bygda må han vera tett, grøn  og fin utan ugras og mose.
Iallefall  nokså einsfarga grøn..

Dette - gode vener - er ikkje så lett. Noko som trivst veldig godt i leira vår er løvetann. Gul og fin står han der og struttar midt på plenen. Når mannen kjem med grasklypparen dukkar han og legg seg flat. Når så mannen er ferdig  med å klyppa plenen reiser han  stolt og uovervinneleg det gule bustehovudet sitt.


Kill kill

Dei ler av meg - de ser det?
tenkjer eg. Ut med løvetannstikka og reinskar heile forhagen for gule blomar. Den eine naboen sprøyter med gift, men eg meiner vi må passe på biene våre, og bruker heller nokre timar med stikka. 
Han der fyren i gresk mytologi som rulla stein opp på ein haug hadde vel for så vidt ein grei jobb i forhold til meg.
 Ein halvtime etter at eg  meiner forhagen er grei, har dritvondt i ryggen og knapt kan reisa meg, står dei der igjen. Gule og frekke - dei gliiiiser av meg.



Fransk då

På fransk heiter løvetann rett og slett "Pissenlit" - de kan kanskje gissa dykk til tydinga av dette ordet sjølv om de ikkje har hatt fransk på skulen?  Det  tyder rett og slett "tisse i senga".
Då viser det til korleis planten virker medisinsk, nemleg urindrivande eller diuretisk.


Løvetann - rart namn då.

 På latin heiter planten Taraxacum officinale, på engelsk dandelion. I følgje min engelske dictionary viser namnet til gammal engelsk innlån frå fransk dent -de-lion,  frå latin dens leonis - som tyder løvetenner. Dette skulle visa til dei taggete løvetannblada. Mitt franske leksikon frå 1930-talet nemner også eit slikt namn: dent-de-lion, men det er lite brukt trur eg.

If you can't beat it  - eat it?

Nye, spede blad kan brukast i salat. Litt bitter smak, men den kan kanskje erstatta ruccola.
Blada inneheld vitamin A og C, niacin og ei rekkje mineral. Dei lange pælerøtene kan tørkast og malast til kaffierstatning, det er røtene som verkar urindrivande.
 I følgje urteboka mi skal dei  også stimulera galleproduksjonen og vera bra  ved revmatiske plager, mot urinsyregikt, eksem, forstoppelse og svevnløyse. Tørka løvetannrot "Radix Taraxicum" får du kjøpt på apotek som har slikt.
Elller de kan koma hit til meg og dra dei opp sjølv!
Bustehovene kan de leggja vin av.
 Løvetannvin har eg ganske god, for ikkje å seia inngåande erfaring med frå ungdommen.

Pent ugras 

Pent ugras
Finst sjølvsagt også. Og hadde hagen min vore full av desse blå,  vakre blomane  her ville eg ikkje løfta ein finger.





Kviss - spørjekonkurranse

1. Kva heiter løvetann på jærsk? I alle fall då eg var liten. Nokon forklaring på dette namnet?

2. Han mannen i gresk mytologi som dytta ein diger stein opp ein bakke, og så rulla steinen ned att, kva heitte han? Og kvifor i all verda gjorde han dette?

3.Kva heiter  den pene blå ugraset på biletet til venstre? Er det ein nyttevekst, kan det brukast til noko?



4. Namn på anna forhatt ugras som det er svært vanskeleg å bli kvitt, men som også kan etast. Planten blei sannsynlegvis innført til landet som medisinplante i middelalderen, men blir svært lite bruk i urtemedisin nå. Gjerne namn både på norsk og latin, planten har mange namn på norsk.

5. Namn på anna vanleg ugras som kan etast, brukast til gjødsel og som du også kan laga tråd av?

Svara legg de inn i kommentarfeltet.








 

tirsdag 7. mai 2013

Alt som er fint og kjekt

I dag vil eg syna fram bare slikt eg tykkjer er fint og kjekt, slik som


Dei kongelege drivhusa

som høyrer til slottet i Laeken som ligg ved Atomium nordaust i Brussel. Desse drivhusa held ope for oss vanlege folk to veker i året. Der var vi ein søndag, fint ver og mykje folk.
Rett ved Atomium. Atomium er bygd i 1958 - tøff då?
Eit rart monument over einkvan mannen. Det stod ein statue av ein mann inni, men ikkje om vi kunne lesa oss til kven det kunne vera
Viktorianske drivhus er så fine.
Fredsliljer dette ?  Zantedeschia?
Også inne frå drivhuset - jysla mykje folk bare ikkje akkurat her

Sosietetsnytt, kjendisar, glamour

Mange lurer på korleis det er å gå på mottakingar og sånn. Nokre gonger kan det  vera slik:
Rett opp og ned over ein time, tre likelydande talar på fransk og litt nederlandsk


 Presangar

er alltid gildt og koseleg, bursdagspresangar ikkje minst. Her er den eg fekk frå mannen. Han tok gravearbeidet sjølv denne gongen . Ønska meg eit tre, og fekk ein røsleg rhododendron. Den har nett begynt å opna knoppane, rosa mot kremfarga - store blomar.
Håper den blomstrar godt og gler oss resten av tida vi skal vera her.