fredag 28. september 2012

Livet i garasjen

Garasjen
- er annleis enn heime. Her har vi syklar og søppelkassarvaskemaskinar og vaskebøtter. Det einaste vi ikkje har der er bilen, den står utafor.
Vi kan også få plass til svært mykje rot her, det ser eg klart.

Den grøne søppelkassa framme til høgre heiter "une poubelle". Eg trudde lenge det rett og slett betydde søppelkasse der ein har "les ordures" og sånn. Men  les og lær:
 I 1884 påla Eugen Poubelle som var prefekt for Seinen, folk i Paris å skaffa seg søppelkassar til å ha søpla i, dette  for å få kontroll med hygienen.  Seinare har alle søppelkassar i alle fall i Frankrike og Belgia heitt poubelle.  Veit'kje kva det heiter i fransk Canada.

Sykkeltur for eit par veker sidan
Tørketrommelen de ser  i bakgrunnen har vi venta lenge på. Den vi hadde med heimanfrå kræsja dei på vegen, og så var det lange diskusjonar om det var flyttebyrået som hadde kræsja eller Elkjøp. Vi bruker ikkje tørketrommel så mykje nå, men reknar med at det vert naudsynt når haust/vinterregnet begynner for fullt og det vert fuktig i huset og vanskeleg å tørka tøy. Til nå har veret vore fint.

Syklane ser de? Elin og eg har fått rasande, råfine, raske syklar som suser avgarde når det skal vera. Elin sykler på skulen kvar morgon, eg sykler på franskkurs to gonger i veka, vert litt over ei mil det,  kvar gong. Har tenkt å gjera dette så langt utover vinteren eg kan. Når det vert glatt er eg tryggare enn bilistane, finst ikkje vinterdekk, eller kompetanse på glattkjøring her. 
Søndagstur på sykkel
 Livet som syklist er heilt klart tøffare enn i Nederland. Her er det bilen som gjeld, Tønnes har gitt opp å sykle til stasjonen, der er det for smalt og for mange sinte bilistar. Dei parkerer ofte på sykkelstien. Mykje tuting i trafikken her.

Vi har hatt nokre fantastiske turar i området . Mykje fine kulturlandskap i kring, og denne nyslådde kornåkeren tykte eg var så jærsk.
Biletet er frå ein sykkeltur sist søndag

onsdag 26. september 2012

Waterloo Wives - shopping

Tittelen er meint å virka litt sånn pirrande - minner litt om Hollywod wives - hæ? Var meininga det.

Femme de maison heiter det på fransk det som tilsvarer husmor på norsk . Må ikkje blandast saman med femme de chambre som er det same som stuepike. 

Kvar dag skal mann og barn ha variert,  rett samansett og helst heimelaga mat (her kjører vi stort sett mat laga frå botnen, med unntak for bruk av buljong) . 
Eg handlar på Carrefour. Dette er ein kjempediger burikk med fantastisk utval av frukt, grønsaker, kjøt og fisk. Fisk er litt smådyrt her, men elles er resten mykje billegare enn heime, og då meiner eg verkeleg mykje billegare
.
Men alt er jo annleis då. Kjøpa mjøl for eksempel: det er mjøl som er tilsett hevemiddel, og mjøl som bare skal brukast i sausar, og så er det vanleg sikta kveitemjøl (men det heiter jo ikkje det då). Mjølk fins i alle variantar. Det mest vanlege er kokt, hermetisert mjølk som vi ikkje tykkjer er så god å drikke, men den kan brukast i matlaging. Du finn også vanleg frisk mjølk demi ecrémé eller half voll (sjå språkstriden),  surmjølk, og hundrevis (?- har ikkje telt) forskjellige yoghurt og kvarktypar. Hylle opp og hylle ned med kjeks og frokostblandingar, dyrefor, og hermetikk, ein vegg med pasta. 
Eg tenkjer vel av og til at ingen kan då ha bruk for slikt utval?
Min Carrefour er nokså normalstor sånn to gonger Ultra - det er eit digert hypermarked borti høgget også , men der vert eg redd...

Også vin då, alle slag, billeg også i forhold til heime- god vin for 40-50 kr. Reolar med vin, nå er det ein slags aksjon på gong også "Kjøp fire få den femte gratis" og så vidare.  Chablis på tilbud også i går, ein anstendig enkel chablis nedsett til 6 euro og noko. 

Den hadde nok passa fint til fiskemiddagen vår:

På ei seng av lettsurra frisk spinat  (surra i ein wok med olivenolje til den fell saman), legg du  torskefilet presser sitron over og salt og pepar, inn i omnen 200 grader. Du har kokt  poteter i bitar, så det er lett å laga potetstappe av dei med smør og mjølk, ei teskei fransk sennep er alltid godt i potetstappe, puttar oppi litt riven ost som du har i kjøleskåpet Eit par gulerøter i stavar vert kokt i lettsalta vatn. Tar ut forma frå omnen danderer gulrotstavar over og potetmos med ost på toppen. Inn i omnen att, og det vert servert når far kjem frå arbeid. Pass på tida, det kan fort bli litt tørt.  Bruk gjerne andre fiskeslag, med sei t.d. kan du kjøra på med meir krydder.
Ei av ølhyllene på butikken, det er mange fleire

Men  ein  bør ikkje drikka vin så ofte, så det blei vatn i går.


Belgiarane er glade i øl også, og lagar mykje godt øl og mykje rart øl.  Mange øltypar har mykje høgare alkoholprosent enn vi er vane med.
Her er eit bilete frå ei ølhylle på butikken:

  I tillegg til "vanleg" øl som liknar på vanleg pilsnerøl, og mørkt øl heime,  har dei ei mengd øltypar med tilsette frukt og bærsmakar.

Mort subite og ferskenøl
Eg har fått sans for Bellevue som er kirsbærøl, det smaker godt og har ein nydeleg farge.
Kva seier det om ferskenøl? Eller kva med Mort Subite? Namnet tyder plutsleg og brå død, og eg trur eg held meg unna det.


mandag 24. september 2012

Paris - troisième partie - parfums

Parfymeflasker porselen, gull, sølv og edelsteinar
De må bare få sjå nokre bilete frå parfymemuseet vi var på før vi vender heim att til Waterloo.
Parfymemuseet Fragonard er gratis, og det ligg i nærleiken av operaen Palais Garnier i Rue Scribe 9

Korleis vi oppfatter lukter eller dufter  - (kvifor tykkjer eg det er vanskeleg å seia lukt om parfyme? ) - er grunnleggjande hos oss menneskje, tidlege barndomsminne minner oss om forskjellige lukter. Parfyme også, hugsar far min nybarbert med Old Spice, og så var det sånn 4711 Eau de cologne? Fårikållukt (duft?)ner eit definitivt haustteikn.

I tider med dårlegare tilgang på dusj og varmt vatn var også godlukt naudsynt.
Her ovanfor ser de eit utval vakre parfymeflasker frå gamle dager . Fragonard museet  er eit lite museum, men ein lærer då litt om korleis ein får ut luktelementa av forskjellige blomar og planter. Det var kjekt å prøva å bestemma forskjellige lukter i forhold til bileta av planten.

Litt kosmetikk var det også plass til, her ser de messingformer til leppestift,  nokre fine hylser og leppestift så klart
Former til leppestift og ferdige leppestifter
 Reklameplakaten er fin tykkjer eg. Kan de sjå namna på leppestiftane? Cancan, Caresse, Charme ? Eg kom i frå det med ei flaska Violette - fiolparfyme, litt frisk sitrus i den så eg trur den passar på meg.


Elin ved Seinen
Men vi var altså mest ute i det herlege veret, vi var over store delar av byen: Montmartre, Eiffeltårnet, Champs Elysées, Trocadero, Rive Gauche. Vi var også inne på ein nydeleg konsert i den nydelege kyrkja Sainte Chappelle som ligg i nærleiken av Notre Dame og hadde ein hyggeleg middag saman med ein kollega av Tønnes laurdagskvelden.


Vi avslutter med Elin ved Seinen. Vi hadde ei fantastisk helg i Paris, og vi skal veldig snart tilbake dit,  Elin og eg.



onsdag 19. september 2012

Paris med Thalys deuxième partie

Grand escalier Palais Garnier
Denne trappa er det du skal du vandre langsamt ned medan du drøymer deg inn i førnemnde kjole med fem meter slep, dei upraktiske skoa og pudderparykken. Vi kan gjerne ha litt bakgrunnsmusikk td. Saint Saëns Svanen (frå dyras karneval - den går ikkje så fort). Nedst i trappa kan det  stå ein kjekk mann i pent tøy og venta på deg - dersom du ikkje har nokon sjølv kan det til dømes vera George Clooney, Gahr Støre eller einkvan annan du tykkjer er staseleg. ( Han MÅ ikkje ha pudderparykk.).


Taket i ein del av Galeries Lafayette


Dette er den gamle operaen i Paris i Palais Garnier, den nye ved Bastillen besøkte vi ikkje denne gongen.
http://www.operadeparis.fr/en/L_Opera/Palais_Garnier/
Det er elles her han der fantomet heldt på i den musikalen de sikkert har høyrt/sett.

Galeries Lafayette er eit av dei enorme grands magazins i Paris. Vi var så vidt innom (alt for kort tid tykte Elin), for å snusa litt på parfymar og tafsa på grisedyre moteklede. Det opna i 1893 i ein fantastisk Art Noveau bygning. Det er verdt å gå der for å sjå taket.

Den kule baren på Pompidousenteret

 Pompidousenteret besøkte eg i 1974, det er veldig fint endå. Det var ope hus der denne helga , og vi fann ein veldig tøff bar heilt øvst som vi måtte henga litt i for å få tatt dette  bilete. Nå er det ikkje slik at vi  tar med døtre på 16 år på bar, men her var det det reint arkitektoniske vi var interesserte i, og det var heller ikkje servering her.

Ikkje heilt ferdige med Paris, meir seinare.

tirsdag 18. september 2012

Til Paris med Thalys

går fykande fort. Det som går jammerleg seint er å koma frå Waterloo til Bruxelles Midi for å nå Thalys. Denne gongen skulle vi ta bussen fann eg ut, sidan det har vore så mange forseinkingar med toget (pga språkstriden?), og bussen kjem jo alltid fram? En halvtime skulle vi ha til å slentra i kring på stasjonen, møta Tønnes og kosa oss. Det var ikkje heilt sånn.
Elin og Tønnes på bussen i Paris
Trafikken i Belgia er tett. Dette er det fleire grunnar til: Belgia er eit billand, dei lagar bilar sjølv og tykkjer alle burde ha ein. I gamle dagar fekk du sertifikat når du kjøpte bil (altså utan førarprøve). Det er mange gratis parkeringsplassar, det er ikkje alltid heilt lett å sykla fordi det står bilar på sykkelstien, bussen har ikkje eiga bussfil.
 Dette er ein ekstrem kontrast til sykkellandet Nederland, der dei har tatt konsekvensen av at dei er mange.
 Men det  fører  til at det er tett trafikk heile tida, nesten alltid. Folk er ofte høflige og greie, men dei kjefter og tuter også mykje meir enn eg trivst med, men så er eg også nokså sart. og kjenslevar på det området - eg veit det.

Men vi nådde Thalys,  kom til Paris om kvelden, og starta dagen etterpå med frokost og ny triveleg busstur for å få oversyn over byen.

Det var strålande vakkert ver, køar til alle kjende stader. Og de har jo vore der sjølv?
Notre Dame, Eiffeltårnet, Triumfbuen, Louvre, Sacre Coeur, Montmartre?
Det finst  mange fine bilete av dette, eg tenkte eg skulle ha med litt andre ting her.
Som de ser har Tønnes fått gulerot
Mat for eksempel - vi hadde noko veldig dyrt og forseggjort på den moderne og  elegante restauranten på operaen.Operaen var forresten fantastisk vakker, der har de kanskje ikkje vore? Gå dit.
(Og gå seint ned trappa i den fantastiske hallen og lat som du har på deg ein lang kjole med fem meter slep, upraktiske sko og pudderparykk).
Pelouse au repos
 Vi fann også litt plen som trengte kvile ein stad bortanfor Eiffeltårnet. Tønnes følte sjølvsagt omsorg for den.
Har de forresten reflektert over at det franske ordet tondeuse som tyder grasklyppar også kan tyda barbermaskin?

Det er litt å tenkje på det der.
 Vi er sjølvsagt ikkje ferdige med Paris, det kjem meir seinare

mandag 17. september 2012

Huset vårt i Waterloo

Huset i muhlegrenda
Huset vårt er større enn det vi har heime, og heilt annleis. Det er eit nytt hus, bygd i 2003, og har vorteplast/fukthindring på grunnmuren. Då vi skulle sjå på hus i Waterloo fekk vi høyra at mange hadde problem med fukt i huset. Grunnvatnet står høgt her, og jordsmonnet er tett leire der vatnet vert liggjande, evt. renn ned langs grunnmuren. 
Vi fann då ut at ein fuktmålar måtte vera tingen å ha med ned hit, og vi forhøyrte oss omkring om kor ein kunne få tak i slikt, og svaret blei Claes Ohlson (eller Gubbdagis om du vil).  Takk til Lisbeth! Hugsar vi testa den heime i huset i Muhlegrenda, der måtte vi ha vatn på veggen i dusjen for å få utslag, så vi lurte litt på om den virka.
Då vi kom trekkjande med denne vesle dingsen og målte fukt rundt i veggene på husa dei synte oss,  blei eigedomsmeklarane ganske imponerte. Vi såg på åtte-ni hus, og dette pluss eitt til var OK fuktmessig, prismessig og elles. Eg brukte nasen for alt var god for, har god luktesans, men eitt av dei verkeleg fine husa vi såg på var nymalt og kaldt og lukta bare maling. Der sprengde fuktmålaren skalaen.
Det er ganske spesielt dette med fuktsperre på grunnmuren, det er rett og slett ikkje vanleg her. Det er eit nytt hus under bygging i nabolaget, og der er det ikkje brukt. Det som då kan skje er at vatn renn inn i fugemassen, kjellaren vert fuktig, det oppstår muggsopp, folk kan få problem med hoste/"forkjølelse"  og andre luftvegsinfeksjonar. Sannsynlegvis er det mykje gikt her, eg veit det var eit problem i Nederland.
Huset sett frå hagen og frå vegen, nye fine bilen også, og ltt av la pelouse sjølvsagt


Dette er eit større hus enn heime om ein tenkjer kvadratmeter. Vi har fire soverom, det er eit poeng sidan gutane våre framleis bur på hybel i Bergen og Trondheim , og må kunne vera hos oss på besøk. I tillegg vil vi sjølvsagt gjerne ta i mot besøk - av vener og annan familie.
Stor kjellar har vi også, og diger garasje. I garasjen står alt anna enn bil, meir om dette seinare.
Hagebilde frå muhlehuset
 I kjellaren står det framleis nokre kassar med bøker vi ikkje har pakka opp. Også hadde vi for mykje sofaer fann vi ut - fordi huset heime på ein måte hadde fleire stover.. skjønar det ikkje heilt, men det er noko der. Vi hadde i det heile alt for mykje jordisk gods, sjølv om vi farta opp og ned til Isi (Bærums søppelplass), til fretex med klede,  og ga bort leiker og sportsutstyr til naboar med mindre barn. Dessutan hadde vi flytta frå eit hus med null lagringsplass. Kor kjem det frå alt saman?
Sjølve flyttinga var ikkje noko kjekk, men det er vel slik det er. Nokre skader fekk vi på ting som var på lasset, og dette oppgjeret er vi ikkje heilt ferdige med ennå, men det nærmar seg.
Det å koma på plass her er også ein prosess som tek tid. Det å skaffa, telefon, fjernsyn og først og fremst INTERNETT, var og er  ei langdryg affære som fortener  eit eige kapittel her.
Hagebildet frå muhlehuset er med som ein kontrast til la pelouse. Også blei det litt få bilete her, Tønnes har teke ein liten video med aifounen  (I-phone) sin, men den lar seg sjølvsagt ikkje lesa eller leggjast inn, (nei eg er ikkje applefæn).

torsdag 13. september 2012

La pelouse chéri, la pelouse...

 .. eller plenen kjære plenen! Plen er ein alvorleg sak, kanskje spesielt her i nabolaget, ikkje veit eg. Det durer og går plenklypparar seint og tidleg. Og det er MENN som klypper, bare MENN. 

(Unntaket er naboen vår som er skilt og ikkje har nokon mann, og klypper med elektrisk grasklyppar, men ho bråker ikkje, så henne reknar vi ikkje med.)

Det var vel stort sett menn som klypte plen heime i muhlegrenda også når eg tenkjer meg om, men det var liksom ikkje hovudfunksjonen deira. Her er det det dei gjer og dei gjer det fleire gonger i veka. Vi har ein bensingrasklyppar - la tondeuse - som brukar meir diesel enn bilen vår, men slik er det og a man's gotta do what a man's gotta do.
Her er eit bilete av plenen:

Plenen, vi har 800 kvm av den

Den må vi visst klyppa snart seier Tønnes.

Til Paris til Paris 

vil jeg ride på en gris
Det vil ta noen år,
 men jeg tror nok at det går.

Hugsar de barnerimet i Gåsemorvers?
Vi skal ta toget til Paris i morgon kveld, Tønnes, Elin og eg, det tar ein time og tjue minutt.

Eg har laga ein variant av verset:

Til Paris til Paris
skal vi reisa med Thalys,
det går kjapt det går fort
på ein time er det gjort.

Også på fransk - passeleg stolt nå:

À Paris àParis
nous irons avec Thalys
c'est vite, mais c'est chèr
avec le chemin de fer

Sikkert nokre feil her, men det får gå. Var ute og kjøpte guide til Paris i bokhandelen. Vi ha ein liten frå før, vi var der for 13-14 år sidan,  men den ligg i ei øskje einkvan staden - kjellaren?
Vi gler oss.

onsdag 12. september 2012

Kaker derimot og Bruges


Ei kake til kvar


Fantastisk sjokolade på ein rar liten kafe.
Bruges er ein vakker middelalderby. 



.


 I Bruges (eller Brügge) er det ein liten kafe der du får Nord-Europas beste sjokolade - der var vi. (Elin med lapp på auget, ho hadde ein augeinfeksjon). Her fekk vi ein diger kopp kokande mjølk, og sjokolade til å vispa ut i mjølka med ein liten visp, Tønnes drakk bare kaffi, men den var god den også.
Bruges heiter byen på fransk, og Brügge på flamsk, eller neerlandais.Språkstriden grip djupt inn i familien her, men det kjem vi tilbake til.


Bruges(eller Brügge) var framangsrik på 1500-talet.  Flottaste byen i Europa , veveria her var blant dei fremste. Dessverre vart elva som går opp til byen, slamma igjen etterkvart, og dermed blei det slutt på handelen. Derfor har det ikkje skjedd noko her sidan 1500-1600-talet, og det er vel derfor byen er så vakker. Altså omtrent som Lillesand.
Bruges er vakker om natta.

mandag 3. september 2012

Slagmarkene i Flandern


I helga kring 1. september var vi i Flandern. Besøkte krigsmuseet i Paaschendale, Tyne Cot cemetary og seinare Ypres med det fantastiske In Flanders Fields museet. www.inflandersfields.be Gripande og rystande oppleving. Alle desse unge mennene som døydde til inga nytte.
Tyne Cot cemetary har også eit museum der dei syner soldatane sine brev heim, personlege eigedelar. Ei stemme les opp namn og alder på dei drepne, mange av dei yngre enn mine eigne søner. Bileta før og etter er talande. I Ypres stod berre ytterveggane att av kyrkja. Resten av byen låg fullstendig i grus.

Men det er mange gravstader i Flandern. På vegen mellom Passchendaleog Ypres kjørte vi forbi marker med kvite trekors i endelause rekkjer. Nesten endå tristare enn her på Tyne Cot Cemetary, her er det i alle fall blomar.