Viser innlegg med etiketten kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kaker. Vis alle innlegg

søndag 21. oktober 2012

Waterloo Wives - the parties

Arbeider med borddekorasjonane
Fårikålfesten med naboane  i muhlegrenda var noko vi gledde oss til kvar haust. Det var alltid kjekt!  Kva er vel betre enn godt lag og  god mat og drikke?  Vi har vore inviterte på fest til fleire i Waterloo og hadde lyst til å invitera nye vener på eit ekte fårikållag hos oss.
Øl til maten er det lettaste, så mykje godt øl å velja i mellom til det vesle lammet, alkoholfritt også sjølvsagt. 
Akevitten blei Løitens linie sjølv om vi er svorne tilhengjarar av Gammel Opland - den er litt rundare og mildare, men vanskeleg å få tak i. Sidan  vi ikkje kjenner fårikålvanane til gjestene våre,  fann vi ut at vi burde ha eit vinalternativ til fårikål.

Eg forska  i materien - og her slåst dei lærde  - nokon seier raud kraftig: Côtes du Rhône, andre seier raud lett: Valpolicella. Atter andre seier kvit - og då tysk kvit: Riesling eller Grüne Veltliner. Dei hadde ingen av dei anbefalte merka på butikken så eg kjøpte nokre flasker tørr riesling og valpolicella.
Vi droppa sitron og tok dill i staden
Kål var det greitt å få tak i. Chou blanc heiter vinterkålet på fransk, digre kålhovud kjøpte vi. Eg hugsar vi hadde problem med å få tak i vanleg kvit kål i Nederland, der var det dyrefor.
Kjøtet var ikkje det enklaste. Til fårikål skal ein ha skikkelege kjøtstykke som toler to-tre timars kok. Det dei kalla ragout-kjøt var for smått og feil skore opp. Vi bestilte fem kilo kjøt blanding av  ragout, størrelse plus gros, og epaule - epaule tyder skulder på fransk og på det vesla lammet vårt  er det bogen.
 Og ja - det er greitt å både  kunna litt fransk og elles bruka kroppsspråk når ein skal forklara kor på lammet ein er og korleis stykka skal vera skorne. Vi fann ut av det.


Slik blei dei - hadde 24 stykke,
nydeleg blomsterbukett ikkje sant?
Vi skal ha litt å bita i før middagen så vi serverer litt lodderogn eller røykelaks i sånne små butterdeigsskjell, med rømme, finhakka sjalottlauk og litt dill. Desse kan eg ikkje fylla før rett før gjestene kjem, og til denne får dei eit glass champagne - ( som var på tebud på butikken!)
Eplekake  og litt god sjokolade til kaffien etterpå. Fann ei ny oppskrift på detsoteliv.no som er yndlingsnettstaden min når det kjem til kaker, denne var det nellik, kardemomme og ingefær i - jysla god blei ho.
Blomar på bordet må vi ha. Eg kjøpte Calla, noko astersaktig og ein rar tilstelaktig blom til i haustfargar hos ein blomsterhandlar og henta eføy i hagen. og laga tre små dekorasjonar som blei sett etter kvarandre på bordet.Slikt tykkjer eg er kjekt.
Vi hadde tenkt å fortelja gjestene om det nydelege vesle lammet som gjekk på beite heile sommaren blant lyngtuene på høgjæren, og dei staselege hovudkåla som vaks i den næringsrike jorda i Lyngdal. Eg skulle simultanoversetje til fransk, ein av gjestene våre er fransktalande, og så skulle Tønnes mima der fransken min ikkje strekte til. Men Tønnes trekte seg - feigingen!

Ferdige borddekorasjonar

Det blei eit hyggeleg fårikållag likevel, vi får gjera det omatt til neste år..

onsdag 12. september 2012

Kaker derimot og Bruges


Ei kake til kvar


Fantastisk sjokolade på ein rar liten kafe.
Bruges er ein vakker middelalderby. 



.


 I Bruges (eller Brügge) er det ein liten kafe der du får Nord-Europas beste sjokolade - der var vi. (Elin med lapp på auget, ho hadde ein augeinfeksjon). Her fekk vi ein diger kopp kokande mjølk, og sjokolade til å vispa ut i mjølka med ein liten visp, Tønnes drakk bare kaffi, men den var god den også.
Bruges heiter byen på fransk, og Brügge på flamsk, eller neerlandais.Språkstriden grip djupt inn i familien her, men det kjem vi tilbake til.


Bruges(eller Brügge) var framangsrik på 1500-talet.  Flottaste byen i Europa , veveria her var blant dei fremste. Dessverre vart elva som går opp til byen, slamma igjen etterkvart, og dermed blei det slutt på handelen. Derfor har det ikkje skjedd noko her sidan 1500-1600-talet, og det er vel derfor byen er så vakker. Altså omtrent som Lillesand.
Bruges er vakker om natta.