La pelouse -cherie?
for at la pelouse skal vera ein pryd i bygda må han vera tett, grøn og fin utan ugras og mose.
| Iallefall nokså einsfarga grøn.. |
Dette - gode vener - er ikkje så lett. Noko som trivst veldig godt i leira vår er løvetann. Gul og fin står han der og struttar midt på plenen. Når mannen kjem med grasklypparen dukkar han og legg seg flat. Når så mannen er ferdig med å klyppa plenen reiser han stolt og uovervinneleg det gule bustehovudet sitt.
Kill kill
| Dei ler av meg - de ser det? |
Han der fyren i gresk mytologi som rulla stein opp på ein haug hadde vel for så vidt ein grei jobb i forhold til meg.
Ein halvtime etter at eg meiner forhagen er grei, har dritvondt i ryggen og knapt kan reisa meg, står dei der igjen. Gule og frekke - dei gliiiiser av meg.
Fransk då
På fransk heiter løvetann rett og slett "Pissenlit" - de kan kanskje gissa dykk til tydinga av dette ordet sjølv om de ikkje har hatt fransk på skulen? Det tyder rett og slett "tisse i senga".Då viser det til korleis planten virker medisinsk, nemleg urindrivande eller diuretisk.
Løvetann - rart namn då.
På latin heiter planten Taraxacum officinale, på engelsk dandelion. I følgje min engelske dictionary viser namnet til gammal engelsk innlån frå fransk dent -de-lion, frå latin dens leonis - som tyder løvetenner. Dette skulle visa til dei taggete løvetannblada. Mitt franske leksikon frå 1930-talet nemner også eit slikt namn: dent-de-lion, men det er lite brukt trur eg.If you can't beat it - eat it?
Nye, spede blad kan brukast i salat. Litt bitter smak, men den kan kanskje erstatta ruccola.Blada inneheld vitamin A og C, niacin og ei rekkje mineral. Dei lange pælerøtene kan tørkast og malast til kaffierstatning, det er røtene som verkar urindrivande.
I følgje urteboka mi skal dei også stimulera galleproduksjonen og vera bra ved revmatiske plager, mot urinsyregikt, eksem, forstoppelse og svevnløyse. Tørka løvetannrot "Radix Taraxicum" får du kjøpt på apotek som har slikt.
Elller de kan koma hit til meg og dra dei opp sjølv!
Bustehovene kan de leggja vin av.
Løvetannvin har eg ganske god, for ikkje å seia inngåande erfaring med frå ungdommen.
Pent ugras
| Pent ugras |
Kviss - spørjekonkurranse
1. Kva heiter løvetann på jærsk? I alle fall då eg var liten. Nokon forklaring på dette namnet?2. Han mannen i gresk mytologi som dytta ein diger stein opp ein bakke, og så rulla steinen ned att, kva heitte han? Og kvifor i all verda gjorde han dette?
3.Kva heiter den pene blå ugraset på biletet til venstre? Er det ein nyttevekst, kan det brukast til noko?
4. Namn på anna forhatt ugras som det er svært vanskeleg å bli kvitt, men som også kan etast. Planten blei sannsynlegvis innført til landet som medisinplante i middelalderen, men blir svært lite bruk i urtemedisin nå. Gjerne namn både på norsk og latin, planten har mange namn på norsk.
5. Namn på anna vanleg ugras som kan etast, brukast til gjødsel og som du også kan laga tråd av?
Svara legg de inn i kommentarfeltet.
