På slagmarka- men kor?
![]() |
| Hatten under armenbilete frå investerarcitat.se |
Men kor stod han? Han stod aldeles ikkje i Waterloo - jordet der slaget stod ligg i Braine l'Alleud (skal uttalast Bræn Lalød). Der stod han og nynna på slageren :
Braine l'Alleud
je suis defaite,vous gagnez le guerre
Braine l'Alleud
Finalement je trouve mon Braine l'Alleud
oh oh oh oh
Men det svingte ikkje heilt.
Språkmektig var han jo. Og Braine l'Alleud heiter Eigenbrakel på néerlandais - sjølvsagt så totalt forskjellig at du må vita om det for å vita at det er same staden.
Eigenbrakel
Ik ben geslagen U wint het oorlog
(gjekk ikkje i det heile på flamsk.)
Han kikka rundt seg og såg skiltet til nabobygda Waterloo i nord.
"Waterloo" tenkte Napoleon , "her har vi noko! Kanskje engelsk funkar?"
Og resten er historie:
Waterloo
I was defeated .- you won the war
Waterloo
finally facing my Waterloo
oh oh oh
Wellington derimot
Han med gummistøvlane - sikkert naudsynte i denne leirete gjørma - han overnatta på gjestegiveriet her i Waterloo. Det er museum nå, vi har ikkje vore der ennå, men vi skal.Rykter og baksnakking
Napoleon var ikkje spesielt liten av vekst- dette er sleip baksnakking frå engelskmennene si side - han var middels høg for si tid. Han laga sannsynlegvis ikkje napoleonskaker heller, men han må ha vore ein fantastisk karismatisk mann, med usedvanlege talegåver for å greia å koma tilbake og å samla ein hær på den måten han gjorde.Spørjekonkurranse eller kviss.
1. I juni i 1815 hadde Napoleon kome hit til dette jordet frå ei øy der han var i eksil.Kva heitte denne øya?
2. Kva slags dessert er det som rimer på namnet på denne øya? Kan det gje meg oppskrifta eller i det minste nemna hovudingrediensane.
3. Popbandet Abba vann Melodi Grand prix med låta Waterloo eit år. Kva for eit år?
| Butte de Lion |
4. I 1815 fanst ikkje Belgia som stat. Kven var det som herska over dette området då? Kva var nåverande Belgia ein del av?
5. For Noreg er jo 1814 eit viktig årstal, og det var det jammen for Napoleon også. Kva slags stort slag var det han tapte då - som sendte han eksil på øya vi vil ha namnet på i første spørsmål? ( Dette slaget hadde større politisk betydning, men er ikkje blitt noko symbol for nederlag på same måte som slaget ved Braine l'Alleud. Ikkje ein einaste song om dette slaget heller.)
6. Kjent dikt/song inneheld denne strofa: ...han dør dog ensom på.... Kor døydde Napoleon Bonaparte. Kva for dikt er strofa henta frå (namn på diktet)? Forfattar ?
Svar i kommentarfeltet nedanfor.
