Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg

onsdag 6. mars 2013

Å velja

Det er mange slags val, og  alle er ikkje like lette. Nokre kan synast vanskelege akkurat der og då, men resultatet får kanskje ikkje så alvorlege konsekvensar. 

Bollar for eksempel. Eg lagar som nokre av dykk veit,  gjerne Iduns beste bollar. Oppskrifta er ei blanding av ei bolleoppskrift eg fekk av ein kollega på biblioteket på Statens arbeidsmiljøinstitutt for lenge, lenge sidan, og nokre tips frå Ingrid Espelid Hovig.
I går laga eg dei med sjokolade og då går det sånn:

Under arbeid

Iduns beste bollar med sjokolade

500 g sikta kveitemjøl
3 dl mjølk 
100 g smør
1 dl sukker
1 snau ts hjortetakksalt
1 ts kardemomme (støyt kardemommefrø fint i ein liten mortar - det gir ein frisk kryddersmak - gjer nå det!)
50 g gjær eller 1 pose tørrgjær

100 g sjokolade mørk eller mjølke-
eventuelt samanvispa egg til pensling

Ta mesteparten av mjølet i ein bolle og bland inn sukker , krydder, hjortetakksalt og tørrgjær dersom du bruker det.
Smelt smøret i ei lita gryte, ha oppi mjølka, dersom du bruker tørrgjær kan du la denne væska få ein høgare temperatur enn dersom du bruker vanleg gjær. Ved vanleg fersk gjær rører du ut gjæren i noko av væska når den er fingervarm. Ved tørrgjær heller du væska oppi mjølblandinga når den er litt varmare  enn fingervarm.
Elt og knø - eg har'kje sånn stor kjøkenmaskin så eg bruker nevane. Du treng ikkje elta  like lenge som når du bakar grovbrød, men bruk gjerne litt tid. La heva til deigen har laga seg gassbobler og er blitt mykje større.
Ta deigen ut på bakebordet  og hiv på meir mjøl. Sjokoladen har du hatt liggjande i kjøleskapet så den er kald og lett å hakka opp med kniv, og blandar den i . Du kan også bruke matmølle/foodprocessor dersom du har slikt, men det er jo meir å vaska då.
Ferdig!
Av ein slik porsjon får du opp imot 20 bollar dersom du lagar dei små. Eg likar best små bollar for då orkar eg fleire. Pensle gjerne med samanvispa egg dersom du vil ha fin overflate og ikkje har eggeallergikarar i huset.
La etterheve ca 20minutt før du set dei inni midten på ein forvarma steikjeomn - ca 200-210 i 10-12-15 minutt.


Det vanskelege valet her er sjølvsagt om du skal ha mjølkesjokolade eller mørk sjokolade. Det kan bli for søtt med mjølkesjokolade og då tykkjest mørk sjokolade å vera eit godt alternativ. 
Det luraste er sjølvsagt å laga dobbel porsjon og la halvparten få mørk og den andre halvparten få mjølkesjokolade, eg plar gjera det.



Omsetjing  til fransk

Leksa mi til fredag er forresten å omsetja ei oppskrift til fransk og eg jobber hardt med bolleoppskrifta mi nå - utan sjokolade, men med rosiner - meir klassisk det. Første tenkte eg på å omsetje ei kransekakeoppskrift til fransk, men droppa det. Det finst faktisk fleire oppskrifter på kransekake eller kransekage på fransk på nettet, men dei manglar den der med å varme opp deigen til du svir knokane og eg anar ikkje korleis eg skal uttrykkje noko slikt på fransk..
Eg er nesten ferdig med oppskrifta mi, men finn ikkje hjortetakksalt i butikken og har tenkt å droppa det. Dei har ikkje noko heilt tilsvarande bollar her i Belgia så her snakkar vi eksport av matkultur.



Fargar, blomar og slikt

Tulipanar
Tulipanar også, velja farge på tulipanar kan vera skrekkeleg vanskeleg inn i mellom. I helga blei dei slik som på bildet sjølv om eg ikkje er kjempebegeistra for raudt og gult saman.






Dei vanskelege vala

-for oss nå handlar mykje om tenåringen og skuleval. Vi håper at anken til Utdanningsdirektoratet/Kunnskapsdepartementet skal gå gjennom slik at ho kan fortsetje på SSB på norsk vidaregåande skule.
  Alternativa vi har elles er vidaregåande skule i Noreg, internasjonal skule her (high school med nokre IB-fag) eller svensk gymnas, med svensk som framandspråk på SSB.

Vi veit ikkje heilt ennå, vi undersøkjer alternativa og må prøva å bestemma oss om ikkje så lenge.




mandag 11. februar 2013

Dei vil leggje ned skulen vår!

Château d'Argenteuil - skulen vår frå framsida
Utdanningsdirektoratet har vedteke å leggje ned skulen vår. Eg har skrive om den før, skulen vår som er i eit slott, og eg seier det ein gong til: 

 Er det nokon betre måte å bruka eit slott på enn å gjera skule av det?


 SSB tyder Scandinavian school of Brussels. Skulen var opprinneleg svensk, den heiter også École Reine Astrid og fyller 40 år i år. Vi fekk opp ei norsk line der etterkvart, og så blei skulen skandinavisk. Det er også danske, finske og inn i mellom islandske barn som går der.
SSB er den einaste skandinaviske skulen som finst, andre skular i utlandet er norske. Privatskuleloven i Sverige og Noreg er totalt forskjellige og står ofte i opposisjon til kvarandre. I følgje svensk privatskulelov er det mellom anna greitt og heilt ønskjeleg  å tena pengar på skule, norsk privatskulelov seier at skulen skal vera non-profit.
Som om ikkje dette er vanskeleg nok skal skulen, i tillegg til å følgje det einskilde landet sin privatskulelov ,  sjølvsagt følgje belgisk lovverk når det gjeld tilsettingar og arbeidstilhøve og slikt.

Både den svenske og den norske staten har gitt tilskot til skulen. Den svenske skulen trekte sitt tilskot tilbake då dei fann ut at rekneskap og økonomistyring ikkje var tilfredstillande for ei tid sidan. Og det har verkeleg vore mykje økonomisk rot tidlegare. Det norske utdanningsdirektoratet hadde tilsyn med skulen hausten 2012 og i rapporten var  dei  svært misnøgde sjølv om mykje var gjort av rektor og det nye styret for å retta opp att gamle feil.
Skulen har etter dette retta opp mange av punkta som blei påpeikte, dei har mellom anna delt opp skulen i ein norsk skule, ein svensk skule og ein global skule for å kunne styra etter dei forskjellige nasjonale lovverka. Styret har også lagt ein detaljert og fullstendig tidsplan for å retta opp resten av feila punkt for punkt, mellom anna skal for mykje statstilskot betalast tilbake.
Etter det har den svenske skuleinspeksjonen sagt seg nøgde med endringane.
Så kva kan skulen gjera meir då? Dei retter då opp alle punkta dei er blitt kritiserte for?

 Utdanningsdirektoratet er nådelaust.

Det er også viktig å merka seg at ikkje ein kjeft har hatt noko  å utsetje på undervisninga, på det faglege pedagogiske innhaldet og på resultata til elevane her på skulen. Dotter vår har aldri hatt så gode lærarar seier ho,  og har vakse svært mykje fagleg.
Men Utdanningsdirektoratet er nådelaust. Dei har nå vedteke at den norske delen av skulen skal leggjast ned. Og då er det jo ikkje slik at vi kan  ta bussen til nabobygda og gå på skule der.
 Grunnen til at vi drog ned var at det var ein skandinavisk skule her som tilbaud norsk vidaregåande skule, elles hadde vi halde oss heime. Internasjonal skule høver ikkje for alle, IB  (International Baccalaureat) høver heller ikkje for alle. Vi tykkjer norsk skule er god, og vil gjerne ha barnet vårt innanfor det norske systemet.

Frå sida - slottet er også internat

Dramatisk forverra situasjon for familiar med barn i skulepliktig alder.

Dette går ut over 73 barn og familiane deira. Dei mindre barna kan fortsetje i den svenske skulen på SSB, for der det ikkje finst norsk skule gir staten tilskot slik at norske barn kan få gå på svensk skule(!). For eldre barn er det meir kronglete med skriftleg svensk, og vi ser ikkje det som eit alternativ for tenåringen.
Det kjem ganske mange norske ned her nå til hausten, mange er statstenestemenn og -kvinner. Dei skulle i alle fall koma - mange av dei har sjølvsagt trudd at dei hadde eit norsk skuletilbod her. Slik det er nå kan det bli vanskeleg for staten å rekruttera folk til Brussel.  
Anke på vedtaket er sjølvsagt sendt Kunnskapsdepartementet.

onsdag 10. oktober 2012

Slottet

Elin går på skule på eit slott. Det er mange slott her  ikring, så  det er fint at dei kan brukast til skule tykkjer eg.
Elevane samla framfor slottet
På slottet er det internat for dei elevane som bur heimanfrå, det er kantine, møterom og formingsrom, andre klasserom er i ei anna bygning ved sida av. 
Elevane på skulen er frå Sverige (majoriteten), frå Noreg (nestflest), Danmark og Finland. I år er det ingen frå Island her.
Det er 72 norske elevar på skulen, frå 1. klasse og ut vidaregåande. Dette er den einaste skandinaviske skulen i verda, og det er her mykje av problemet oppstår, trur eg.
Den norske og den svenske staten gir begge økonomiske tilskot til skulen.

Utdanningsdirektoratet har skrive ein førebels tilsynsrapport om skulen, den er offentleggjort og publisert,  og  den inneheld alvorleg kritikk av administrative tilhøve, økonomi og rekneskap.
Det tilsvarande tilsynet i Sverige har også hatt tilsyn med skulen og har også mykje å utsetje.
Begge tilsyna ser på skulen som anten ein norsk skule eller ein svensk skule. Den norske og den svenske privatskulelova er i konflikt på fleire punkt.  
Mykje av rotet er gammal moro, frå avgått rektor og avgått styre.Mange av dei kritiske punkta er alt retta opp, eller det er lagt ein plan for korleis dette skal gjerast.  Styringsform/rekneskap må endrast slik at tilskotskronene kan følgjast til den einskilde eleven.
Dette er det einaste skuletilbodet norske barn har i Belgia. EU-barn (!) har Europa-skulen.

Det pedagogiske tilbodet er godt. Elin seier ho aldri har hatt så gode lærarar. Elevane får ein framifrå kompetanse i å skjøna andre nordiske språk, trur til og med nokre av svenskane skjønar norsk eg.. Dei har undervisning på engelsk i tillegg til dei nordiske språka, og høyrer fransk omkring seg, pluss at gymlæraren snakkar fransk.
Eg håper verkeleg styret på skulen greier å rette opp det som er gale slik at SSB kan fortsetje, eg har tru på denne skulen.