Dotter mi har det bra på skulen, mannen min har det bra på jobben, vi bur i eit tett hus.
Eg har det bra på franskkurset mitt, skal ha eksamen i modul 6 den 8. januar. Så går eg rett på modul 7 og 8. Fransken min er sånn passe instrumentell nå, eg greier meg, og skjønar kva folk vil. Likevel er det langt att - målet mitt er å meistra fransk på same nivå som eg meistrer engelsk.
Nyttårsforsett?
Vi snakka litt om nyttårsforsetta våre vi tre, og vi vil alle gjerne bli betre i språk.| Juleduken |
Eg bør sikkert leggje til noko om meir trening, men eg tykkjer vi er passe flinke alle saman.
Jula
| Butte de Lion - eit minnesmerke ved slagmarkene ved Waterloo |
God mat og presangar, jula har vart litt kort tykkjer eg, kanskje fordi det er så pass roleg i butikkane, og 2.juledag er vanleg arbeidsdag her.
Juletreet står (!) framleis, det ryk ut til helga.
Vi har vore på slagmarkene ved Waterloo med gjestene, rundt i kring i butikkar i Waterloo og sight seeing i Brussel og mellom anna helst på Manneken Pis - første gongen for min del, ein liten tass på alle måtar...
Framover
Folk spør meg ofte korleis det er å "gjera ingen ting" om det er keisamt? Eg har jo alltid jobba, og eg saknar sjølvsagt kollegaene mine frå jobben, i tillegg til vener og familie. .Eg tykkjer det har gått bra hittil, lite lediggang og få røter til alt vondt. Eg får lese mykje - har så mange bøker eg skal lesa, laga ordentleg og morosam mat - belgiske oppskrifter, jobba med fransken, strikka, skrive blogg.
Eg har til nå altså korkje gått i hundane eller i frø, så de kan så langt ta det med ro. Vi får ta hundane og frøa når dei kjem.
Ønskjer dykk alle eit godt nytt år.
| Tur i skogen med alle barna |
