Dotter mi har det bra på skulen, mannen min har det bra på jobben, vi bur i eit tett hus.
Eg har det bra på franskkurset mitt, skal ha eksamen i modul 6 den 8. januar. Så går eg rett på modul 7 og 8. Fransken min er sånn passe instrumentell nå, eg greier meg, og skjønar kva folk vil. Likevel er det langt att - målet mitt er å meistra fransk på same nivå som eg meistrer engelsk.
Nyttårsforsett?
Vi snakka litt om nyttårsforsetta våre vi tre, og vi vil alle gjerne bli betre i språk.Juleduken |
Eg bør sikkert leggje til noko om meir trening, men eg tykkjer vi er passe flinke alle saman.
Jula
Butte de Lion - eit minnesmerke ved slagmarkene ved Waterloo |
God mat og presangar, jula har vart litt kort tykkjer eg, kanskje fordi det er så pass roleg i butikkane, og 2.juledag er vanleg arbeidsdag her.
Juletreet står (!) framleis, det ryk ut til helga.
Vi har vore på slagmarkene ved Waterloo med gjestene, rundt i kring i butikkar i Waterloo og sight seeing i Brussel og mellom anna helst på Manneken Pis - første gongen for min del, ein liten tass på alle måtar...
Framover
Folk spør meg ofte korleis det er å "gjera ingen ting" om det er keisamt? Eg har jo alltid jobba, og eg saknar sjølvsagt kollegaene mine frå jobben, i tillegg til vener og familie. .Eg tykkjer det har gått bra hittil, lite lediggang og få røter til alt vondt. Eg får lese mykje - har så mange bøker eg skal lesa, laga ordentleg og morosam mat - belgiske oppskrifter, jobba med fransken, strikka, skrive blogg.
Eg har til nå altså korkje gått i hundane eller i frø, så de kan så langt ta det med ro. Vi får ta hundane og frøa når dei kjem.
Ønskjer dykk alle eit godt nytt år.
Tur i skogen med alle barna |
Godt Nytt År til Dykk og!!!!!
SvarSlettMarvin
Og til deg Marvin!
SlettGodt nytt år til dere alle sammen :) Juleduken ble veldig fin!
SvarSlettJa, du ser du er sitert - det er sjølvsagt ingen annan som er mi kunnskapsrike veninne?
SlettDuken blei kjempefin tykte eg. Nå er duk og band vaska, skal strykast og så skal skråbandet syast på, mogleg det tar litt tid, for nå treng eg jo ikkje juleduk før til neste jul! Det hadde vore veldig fint med raude linserviettar til, dei på biletet er damaskvovne og halvsyntetiske, men lin hadde vore fint.
Og veldgi godt nytt år til deg også Reidun!
SlettHallo Idun. Godt nyttår til deg og dine. Fine bilder og fin juleduk. Du er flink til å sy. Lykke til med eksamen. Takk for presanger. Hilsen Marit
SvarSlettTakk for presangen sjølv! Den du fekk var kjøpt i museumsbutikken ved Villiers -La ville - klosterruinen eg har skrive om her før, veldig fin plass.
SlettFlott juleduk. Føler meg faktisk litt fornærma og forbigått når det gjelder kommentarer om håndarbeid, bare så du vett det. Eg som har 3 bunader på cv'en!
SvarSlettGodt nytt år til alle dokke og :)
Jammen du har jo'kje reklamert for dei på internett.! Eg kjem aldri til tre bunader. ( kan eg rekna med den 4- 12 versjonen eg laga til Elin?
SvarSlettEg ser den. Du har ett forsprang der. Me jærbuar er litt forsiktige og blyge, og du har jo vore så mange på austøve. Hehe..
SvarSlett;-)
Slett